tirsdag 5. mai 2020

Her er familien som fall for Fossane!

Her er heile familien på plass på Fossane framføre eit av dei gamle husa som blir utleigde til turistar. Frå venstre: Janneke
 Wijgergangs. Juul, Noor og Martijn Bellemakers.



Dei nye eigarane på Fossane-garden i Vormedalen, er nå på plass. Dei overtok garden frå 1. mai og har alt hatt dei fyrste gjestene på besøk og kraftstasjonen sviv som før på den spesielle garden i dei indre deler av Hjelmeland.

Det nederlandske ekteparet kom til Norge for ti år sidan. Etter ti år i Suldal, har dei seldt huset på Sand og teke med seg dei to døtrene Juul (23) og Noor (19) og flytta til Vormedalen.

Sjukdom og alder førte til at Kari og Sven Egil Sørensen måtte selja garden. Ingen av dei tre ungane deira ville driva gard. Dermed blei denne spesielle garden lagt ut for sal. Ikkje rart at det blei ein snakkis i bygdene at Fossane-garden med tilleggsaktiviteter som kraftstasjon, utleige-hytter var ute på marknaden.

Ekteparet Sørensen kjøpte seg leilighet på Hjelmeland og ville levera garden. Dei rakk ikkje å flytta frå Fossane før Sven Egil Sørensen døydde i mars månad.

Fosane-garden slik den tok seg ut på eit flyfoto frå 1960-åra.


På Fossane er det eigen kraftstasjon som leverer straum nok for 50 – 60 husstandar og i tillegg tre eldre, moderniserte hus som blir utleigde til turistar. Dei siste åra har jorda på garden vore utleigd til andre bønder i bygda og driftsbygningen er for tida ikkje i bruk. Men her var det med andre ord nok å kasta seg over og driva med for folk som ville satsa.

Det tok ikkje mange dagane frå dei nederlandske suldølene oppdaga Fossane-garden til dei bestemte seg for å kjøpa garden. Martijn var veldig fascinert av tanken på at dei kunne produsera sin eigen straum. Dei fekk tilslaget, og nå har dei seldt huset sitt på Sand og held på å installera seg i det store, moderniserte gardshuset på Fossane.

Er desse nederlenderane bønder? Nei, men Janneke Wijgergangs kjem frå ein gard i Nederland der dei dreiv med mjølkeproduksjon. Så livet på ein gard er ikkje ukjent for henne. Nå håpar ho inderleg at reiserestriksjonane blir oppheva i løpet av sommaren slik at faren kan få komma og sjå Fossane-garden slik planen var før denne korona-elendigheta la ei klam hand over verda.

Både Janneke Wijgergangs og Martijn Bellemakers er utdanna biologar, men har etterkvar drive med heilt andre yrke enn det utdanninga skulle tilseia.

Dei siste åra før dei drog frå Nederland jobba Janneke i reisebyrå og hadde kundar som ville ut i naturen til spesielle reisemål. Ho og mannen besøkte mange ulike stader der Janneke sende folk, og det var slik dei oppdaga Suldal.

Martijn var forskar i Nederland. Metodar for å redusera skaden av sur nedbør i naturen, var målet for forskinga hans.

For ti år sidan kom den nederlandske familien til Suldal og blei vertskap på Vikane hyttetun ved Suldalsosen. Martijn fekk seg fyrst jobb som skulebuss-sjåfør i Suldal billag. Seinare blei han tilsett som lektor ved Sauda vidaregåande skule. Nå er biologen "outsoursa" til Nettskolen Rogaland der han underviser i IT-teknologi. Han skal ha heimekontor på Fossane. Han reknar med å halda fram med denne jobben i fleire år framover.

Janneke, derimot, har sagt opp stillinga si som formidlingskoordinator ved Ryfylkemuseet på Sand, og vil nå sjå om ho finn ein jobb litt nærare Fossane etterkvart.

Om dei to døtrene blir vormedalsbuar er vel meir usikkert. Juul har studert fleire år i Nederland. Ho er ferdig utdanna lærar neste år. Kor ho blir av etterpå, er ho usikker på.

- Då eg budde i Suldal, følte eg at eg var mest nederlandsk. Men i den seinare tid har eg begynt å kjenna meg meir norsk, seier Juul som ikkje ser det som utenkeleg at ho endar opp som lærar i Norge.

For ordens skuld: Bloggaren gjorde det klar for Juul at viss foreldra sitt med Fossane-garden i dei kommande ti åra, vil ho ha odelsretten der!

Noor var ferdig med vidaregåande skule i fjor og har hatt eit fri-år. Ho var på reise i Asia då korona-krisa slo til. Dermed enda ho opp i Ryfylke litt raskare enn ho hadde planlagt.

- Til hausten skal eg til Nederland for å studera filosofi, samfunn og politikk. Kva slags jobb det vil føra til, får me sjå etterkvart.

Så til hausten er Janneke Wijgergangs og Martijn Bellemakers åleine igjen på Fossane når jentene er reist til Nederland og hytteturist-sesongen er ferdig.

Spennande tider ligg føre. Koss vil dei finna seg til rette på ein ny stad?

(NB: Vil du vita meir om Fossane, kan du lesa ein blogg med tittelen: Her kan du leva av å selja straum og husa turistar! Den skreiv eg i november i fjor.)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar