«Kong Sverre» på grunn på Bokn. |
Ein radarfeil var årsaka til at nattruteskipet «Kong Sverre» rente opp på Lauplandsholmen i Boknasundet seint på kvelden, mandag 25. januar 1960. Dette har det blitt skrive om og om igjen. Men radaren var ikkje i bruk på denne turen, frå Stavanger til skipet enda på fast grunn på Bokn halvannan time seinare.
Ikkje
noko utevêr i dag. Derfor ryddar eg opp i alle bilda som eg har
liggjande på nettbrettet. Der hadde eg fleire avisoppslag frå
Rogalands Avis om grunnstøytinga på Bokn. Eg hadde ein raptus på
Arkivenes hus i vinter. Då fotograferte eg likt og ulikt frå gamle
aviser. «Kong Sverre»-uhellet måtte eg jo ha med meg:
Fyrstesida i Rogalands Avis 26. januar 1960. |
Nattruta
på grunn i Boknasundet i natt. Passasjerene satt på land, ingen
fare for båten, radaren sviktet, sto det på fyrstesida av RA.
Skodda
var så tjukk at det gjekk ei stund før det var klart kva holme
båten hadde truffe. Sjølv om farten var redusert, sette «Kong
Sverre» seg skikkeleg fast. Det gjekk ei tid før det stolte
nattruteskipet var brakt flott, som det heiter på fagspråket.
«Stavanger 1», seinare «Kong Sverre», vakraste skipet som har hatt tre raude ringar i skorsteinen, er det blitt sagt. Foto: Stavanger Maritime Museum. |
«Kong
Sverre» var ikkje kem som helst i heimbyen. Frå den blei sett inn i nattruta
Stavanger – Bergen i 1914, hadde den vore heimbyens favoritt og
flaggskip med navnet «Stavanger 1» fram til 1950. Det vakraste
skipet som nokon gong har hatt tre raude ringar i skorsteinen, er det
blitt sagt.
Bortsett frå eit uhell under krigen, hadde det stolte
dampskipet gått feilfritt i nattruta år etter år utan radar . Med kompass, klokke, vakne
folk på brua der alle vinduer sto på vidt gap og ein ganske
nedkjølt matros på utkikk framme på bakken. «Stavanger 1» kom og
gjekk i rute.
På brua snakka kaptein og los seg i mellom, blir det fortalt - Ka e klokkå. - Elleve. - Hiv trosså, me er i Kopervik,
blei det fortalt.
«Kong Sverre» sto godt på Lauplandsholmen. |
- Vi
hadde ved 24-tida en samtale med kaptein Petterson om bord i «Kong
Sverre» . Skipperen kunne opplyse at det var tett tåke på hele
turen fra Stavanger, hvor båten hadde avgått kl. 21.10. Allerede da
båten passerte Tjuholmen viste det seg at radaren ikke fungerte,
står det i avisa.
Maskinen
ble holdt sakte i gang for at ikke båten skulle gli av igjen, da en
ikke var sikker på om den var tett. Under grunnstøtingen var foruten
kaptein Peterson også losen, E. Bjørnøy, på brua.
- I
går formiddag ble det gjort forsøk på å trekke «Kong Sverre»
av ved høyvann, skriv RA, men båten lot seg ikke rikke. Den sitter
som støpt fast, men likevel har den ikke fått noen skade av
betydning. Når en først får den av, vil den nesten straks kunne
settes i fart igjen, skriv RA torsdag 28. januar 1960.
- Det
er svært sjelden at nattruten ikke kan holde ruten av en eller annen
grunn. Kontorsjef Valde ved Stavangerske opplyser til Rogalands Avis
at så vidt han kan huske, har det hendt bare et par ganger at et
nattruteskip har gått på grunn. «Sandnæs» grunnstøtte i
Boknasundet en gang før krigen, mens «Stavanger 1» («Kong Sverre»
) gikk på grunn under krigen nord for Leirvik. Det var visstnok tåke
ved begge tilfellene, sier kontorsjefen.
RA
har også eit grundig referat frå sjøforklaringa der kaptein
Fredrik Petterson gjorde greie for både navigasjonsutstyret om bord
og seilasen nordover. «Kong Sverre» var utstyrt med væskekompass,
radar, radiopeilar og radiotelefon. På brua var kapteinen, losen og
rormannen. Radaren viste seg å vera i ustand, men hadde vore heilt i
orden dagen før. Den blir nå undersøkt av ekspert.
- Klokken
21.57 ble Fjøløy fyrlykt passert i en kurs som var 6-7 kabellengder
av. Det var stille og ingen sjø over Boknafjorden, og båten kjørte
med full fart. Ved Fjøløy ble kursen lagt om som vanlig. En fulgte
i det hele tatt de vanlige kursene på turen. Klokken 22.14 ble
farten satt ned til ca 5 knop, omkring 22.30 ropte utkikksmannen på
bakken: Det må bakkes! Og så gikk båten på grunn. Tåkeluren på
Aksnes som skulle kunne høres et par nautiske mil vekke, hørte en
ikke noe til før grunnstøtingen, står det ordrett kopiert frå
Rogalands Avis.
Dette
var alt eg har teke med meg frå den gamle avisa. Å kalla dette
uhellet for ein radarfeil, er vel ikkje heilt rett? Radaren var ikkje i bruk
på turen.
Kaptein
Fredrik Petterson var ein dyktig og fargerik mann som seinare var
kaptein på hydrofoilbåtane mellom Stavanger og Bergen. Han avslutta
karrieren som kaptein på Tau-ferja.
«Kong
Sverre» gjekk siste tur frå Bergen i nattruta 22. desember 1962.
Den blei seldt til opphogging i 1963.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar