tirsdag 7. mai 2019

Ikkje meir «Carnival» for gamle «Lysefjord»

Dei sørgelege restene av den tidlegare rutebåten «Lysefjord» er nå heva
i Oslofjord. Foto: Drøbak Marineservice.



 Dei sørgelege restene av det som ein gong var den stolte rutebåten «Lysefjord», dukka i går opp på ei facebook-side for folk med stor interesse for gamle fjordabåtar. Båten som nå for tida har vore kjent som charterbåten «Carnival», sokk ved øya Killingen ved Bygdøy langt inne i Oslofjorden i vinter. Nå er vraket heva. Det er Drøbak Marineservice og Kambo marina som har teke seg av hevinga. Dermed kan me truleg setja punktum for soga om denne båten.

«Lysefjord» i Lysebotn som Stavangerske-båt i august 1979. Foto: Geir Sveen.


 Frå 1946 til 1982 gjekk «Lysefjord» som rutebåt på Høgsfjorden og Lysefjorden og hadde fast liggeplass på Steinkarkaien i Stavanger i mange år saman med dei andre båtane til Høgsfjord Rutelag. Den fekk med seg sju år som Stavangerske-skip før den endeleg blei utrangert i 1982 og seld året etterpå. 

Heilt sidan 1990 har den tidlegare «Lysefjord» nå vore blå og kvit og hatt navnet «Carnival».  Vippetangen i Oslo var lenge fast liggeplass.

Kven hugsar ikkje dei harde trebenkene i dei to salongane på  «Lysefjord». Her sat bønder og byfolk og reiste på den svært spesielle grøne og kvite fjordabåten med eit lite styrehus og eit halvtak på dekket over aktersalongen der lasta blei plassert.

«Lysefjord» blei bygd i 1933 i Odense i Danmark for eit svensk rederi og fekk navnet «Gefion». Systerskipet fekk navnet «Gylfe». Dei to båtane gjekk i rute mellom Malmø og København fram til andre verdenskrig. Då blei dei liggjande i opplag fram til 1946.

Etter krigen var Jøsenfjord Rutelag og Høgsfjord Rutelag på jakt etter ny tonnasje og gjekk saman og kjøpte dei to skipa. Det var mangel på passande båtmateriell etter krigen og dermed enda selskapa opp med båtar som ikkje akkurat var spesialbygde for fjordafart i Ryfylke. 

Jøsenfjord Rutelag kalla sin båt for «Årdalsfjord».  Den blei brukt i turistruta til Jøsenfjorden første sommaren. Seinare gjekk den mest som reservebåt. Men Jøsenfjord-sjefane tykte ikkje den egna seg særleg godt for fjordafart i ruter der det var etter måten mykje last. I 1951 kvitta selskapet seg med båten. Den havna på bergenskanten og fekk først navnet «Askøy» og seinare «Kvarven». Den forsvann endeleg ut av soga på 1970-talet.

«Lysefjord» tok  bilane på «ryggen» når det var nødvendig.



«Lysefjord» derimot heldt det gåande i alle år i ruta på Høgsfjorden og Lysefjorden. På 1960-talet blei den påkosta mange pengar. Den blei forlenga og utstyrt med bildekk med plass til fire-fem bilar. Det gamle styrehuset blei skifta ut med ein meir moderne installasjon. Dette styrehuset egna seg best for kapteinar på over to meter. Skipsførarar av meir normal høgde måtte stå på tærne når dei skulle leggja til kai.

Frå 1. januar 1976 overtok Stavangerske alle båtane til Høgsfjord Rutelag og Jøsenfjord Rutelag. Båten blei seldt i 1983 og skifta eigar fleire gonger før den fekk navnet «Carnival» og Drammen som heimehavn i 1990. Nå blei den brukt til chartertrafikk på sommarstid.

Då «Lysefjord» var nybygd og hadde navnet «Gefion», sto det ein Tuxham hovudmotor om bord. Den hadde fast propell og omkast. I 1965 blei denne maskinen erstatta med ein Wichmann på 300 hk og vribar propell. Marsjfarten blei nå 10-11 knop.



«Lysefjord» hadde fast liggeplass på Steinkarkaien i Stavanger. Her ligg den mellom «Høgsfjord» som tilhøyrte same
rederi og «Idsal».  Den siste båten er stadig å sjå ved båthavna på Tau. Bildet er frå 1950-åra.



1 kommentar:

  1. Godt skrevet Jone!
    Det var her den skulle ha vært:
    www.veteranbathavn.no

    SvarSlett