torsdag 2. februar 2017

Då "Ragnhild" sat bom fast i fjord-isen



Båtbyggjarane på Erøy fekk problem då dei skulle sjøsetja "Ragnhild".
Skøyta sat bommande fast i isen. Dei prøvde forgjeves å sprenga råk med
dynamitt. Skøyta måtte ut for den skulle på sildefisket. Bildet tilhøyrer Torkel
Severin Erfjord.   

Skulle tjukk is på Erøyvika setja bom for unge og optimistiske båtbyggjarar i Erfjord?

Stressnivået var nok høgt og prestisjen sto på spel då det nystarta Erøyvik båtbyggeri skulle sjøsetja sitt første prosjekt vinteren 1947. Fiskeskøyta "Ragnhild" var forlengd, frå 40 til 47 fot og hadde fått nytt styrehus. Alt såg påkosta og flott ut. "Ragnhild" skulle på vintersildfisket og håva inn sild nok til at skøyte-eigarane, Bård og Ånen Fyljesvoll, kunne begynna å betala ned på sluttrekninga på den fornya skøyta si.

Erfjordbuane Trygve Erfjord og Åsvald Erøy  hadde vore i Hardanger året før og lært seg å byggja båtar. I 1946 starta dei eige firma og tok på seg arbeidet med å fornya "Ragnhild". Det hadde blitt ein strek i rekninga viss tjukk is skulle stoppa planane med å sluttføra arbeidet og gjera "Ragnhild" sjøklar til sildafisket i 1947.

Ingen problem med å få skøyta ut av slippen. Men det var ikkje råd å rikka fartyet ut gjennom isen. Dei prøvde fyrst å sprenga råk i isen med dynamitt. Det small og spruta både is og sjøvatn, Men råk blei det ikkje.

Mannen midt på bildet står med tømmersaga som blei brukt til å skjera isen opp i stykke. I bakgrunnen ser du
hesten som drog isblokkene vekk under isen. Bildet tilhøyrer Torkel Severin Erfjord.

"Ragnhild" sat bom fast i isen. 

Heile Erfjord var levande opptekne av dette. Valborg Høivik, kona til Trygve på Israelsneset, gjekk på framhaldsskule i det gamle bedehuset på Erøy, vegg i vegg med Varven. - Guttane i klassen min var mykje meir opptekne av dramaet ut på isen enn av dei boklege fag. Dei gleid på skeisene sine rundt "Ragnhild" og følgde nøye med i det som skjedde, seier Valborg.

Dei ferske båtbyggjarane kom seg ut av isklemma ved hjelp av gammeldagse tømmersager og ein hest. Fjordisen blei skoren opp i forholdsvis små isblokker. Desse drog hesten under isen slik at dei var or vegen. Sakte, men sikkert greidde dei å skjera "Ragnhild" laus frå isen. Deretter blei skøyta buksert   til Hauasundet, omtrent ved rutebåtkaien på Erøy. Der blei "Ragnhild" rigga for sildefisket.

Paul Sverre Fyljesvoll, son av Bård som åtte "Ragnhild" samen med broren Ånen, meiner at skøyta blei taua vidare til Bjørnevik på Hundvåg der den gamle Skandia-motoren på 25 hestar blei skifta ut med ein 40 hestars Union. Den hadde Bård Fyljesvoll kjøpt i Ålesund under krigen.

Dermed kom ei fornya og forlengd "Ragnhild" på sildefisket utpå vinteren i 1947.

"Ragnhild" kom til Erfjord i 1934. Den blei kondemnert og senka ytterst i
Bogsfjorden i 1966. Bildet tilhøyrer Paul Sverre Fyljesvoll. 

"Ragnhild" blei kjøpt på Sjernarøy i 1934 av Sigvald Fyljesvoll, bror av Bård og Ånen. Han lånte 4000 kroner for å få råd til å kjøpa skøyta. Det var fem Fyljesvoll-brør i alt.

I fleire år var Erfjord-skøyta på storsildfisket med garn. Seinare deltok dei i sildefisket som hjelparar for større båtar. Dei var på bommen, som det blei sagt mellom fiskarar på den tida. Då silda blei borte på 1960-talet, blei "Ragnhild" arbeidslaus. Fyljesvoll-skøyta blei kondemnert og senka ytterst i Bogsfjorden i Erfjord i 1966.

Viss nokon sit på meir opplysningar om "Ragnhild", er eg interessert i det. Eg skal lima det inn i bloggen dersom det passar inn.


Kommentarer:
 

På Facebook har det komme desse kommentarane. Tek dei med slik at dei ikkje druknar i Fb-havet:

Tor Olav Følgesvold Eg var der då dette hende, sat på sparken saman med Kjell bror min, og mor skudde. Det var ein litt ubehageleg tur, for sparken støytte borti alle isbitane som hadde fåkje ut over isen og frose fast. Dei brukta båtshakar til å skua isflaka under isen, og så var der ei sirkelsag som dei hadde snudd opp-ned som dei skar med var det snakk om. Var det den hesten drog på tru?
Det siste biletet viser kor skøyta låg til vanleg når ho kvilte - ved Neset i Vik. Oppå haugen i bakgrunne pla Ola og Olga og stundom Nils sitja med langkikkerten og sjå bortpå kaien kven som kom med båten (rutebåten, "dampen") om kveldane.


1951 trur eg det var, at me lasta huset vårt (to etasjar) bit for bit ombord på denne skøyta og frakta det til Høyland i Sandnes. Eg hugsar det som ein forferdeleg lang tur, det gjekk sikkert ikkje fort, tungt lasta som ho var.

Bjorn Nessa Det samme skjedde med skøyta til morfar en krigsvinter på Fister. " Kometen" ble skåret ut av isen fra Fistervågen til Barnevik. Som takk til bygdefolket fikk de dele en fullasta skøyte med sild da han kom hjem etter at fisket var slutt










Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar