tirsdag 1. september 2015

Med moltemyr i himmelen

Moltene mine venta trufast på meg.

- Nå har han Martin vore i heia og hatt andakt for moltene. Sjå koss tungt han ber. Nå er det ingenting igjen når me andre skal opp å sjå etter litt molta på myrane. Me kan like godt halda oss hima.

Slik har folk snakka bak ryggen på molte-elskarane til alle tider. I alle fall i Hjelmeland der eg har mine røter.

 Du hadde dei som elska molta og gjekk og leita etter heiagullet kvart einaste år, både når det var lite og når det var eit av dei sjeldne kronåra. Men så hadde du dei som berre snakka. - I år finst det ikkje molta, kunne dei seia eit år. Andre gonger var det eit eller anna menneske som blei skulda for å ha henta heiane snaue.

Martin Skogen var emissær om vinteren og moltehentar om sommaren. Ein kjekk og smilande mann som ikkje gjorde ein katt fortred. Han hadde berre den eine feilen at han likte å henta molta. Kvar sommar rusta han seg ut og tok ut til heis saman med kona  og svigerinna. Dei skulle på moltå. Når dei kom heim igjen nokre dagar seinare gjekk dei tungt bortover vegen på Laugaland. Eg hugsar eg såg dei ein gong i høljande regn koss dei subba på og var glade for å vera heime igjen, våte og knemøyre.

Det er slett ikkje sikkert at dei hadde funne så mykje av dei ettertrakta, gule bæra. Dei var ikkje tenåringar der dei gjekk. Så det kan vera heiavegen og det sure regnet som hadde teke piffen frå dei. Ingen såg ei molta, men trudde sitt.

Martin Skogen var ikkje nokon moltegribb som snøydde myrane for alt som var gult, bløtt og søtt. Men hadde du interesse for å gå etter molta, var det lett å få eit slikt stempel på seg. Slik var det i Hjelmeland og slik var det nok i dei andre bygdene også.

Sanninga var at det ikkje var så mange som hadde gidda og tid til å streva seg opp over liane til dei rette myrane der molta vaks. Då var det mykje lettare å sitja hima og klaga: - Nei. Det er ikkje nokon vits i å gå i år. Han Martin har vore der alt. Blaute molta og blinning (moltekart). Han sopar med seg det der er.

Som gutunge var eg med far min på moltå. Han likte også å subba rundt på myra og sjå etter dei ettertrakta bera. Men han klaga kvar einaste sommar. Det såg mørkt ut med moltehausten.

 Problemet med molta er at den ofte slår feil på våre kantar. Viss våren er fin og varm, blømer molta tidleg i heiane. Både i mai og juni er risikoen ganske
stor for nattefrost. Ei frostnatt eller to kan øydeleggja heile moltehausten. Om bløminga går godt, kan det bli for turt eller for vått. Som oftast går det gale.

Me som vaks opp under så usikre forhold, blei prega av det. Kva tid har me tatt noko for gitt?


Sist vinter snøa det så bort i veggene mykje i fjella våre. Dei fleste som gjekk til heis for å sjå etter hyttene sine var heldige viss dei fann ei pipa som stakk opp av snøen. I timavis kunne dei grava for å komma ned til den koselege, vesle fjellhytta som streva med å stå oppreist under trykket av snøen.

Våren? Det blei knapt nok nokon vår i heiane våre. Snøen låg til langt utpå denne sommaren som vel har vore den ringaste på mange år. Frukthausten er totalt mislukka. Og det andre som skal haustast, er visst heller ikkje så rart.

Ein heiatur midt i juli gav ingen grunn til å tru på mykje molta i år. Bløminga var ein månad for sein. Ville desse vekstene kunna knyta seg til blinning og veksa seg vaksen og bli gul, mjuk molta. Eg er fødd pessimist og følte ingen grunn til å gå i meg sjølv og omvenda meg til lettliva optimisme.

Nå sist helg skjedde det store ting. Sønnene mine hadde vore i heia og kom heim igjen med 24 molter i eit plastikkbeger. Det var molta, fortalde dei.

- Kåna. I morgon tidleg skal me fara til heis og fara over molta. Sønnene våre er så ringe å plukka bêr at me finn 12 kilo viss dei har funne 12 molter.

I grunnen ikkje så rart at eg blei andektige der eg kava rundt i lyngen på søndag føremiddag midt i kyrkjetida. Eg tenkte på han Martin Skogen som var så glad i å henta molta. Kan tru han gleda seg heile vintrane når han reiste rundt for halda gløden oppe mellom dei faste vennene på bedehusa i misjonskrinsen sin. - Til sommaren treng eg ikkje leita i skrifta etter orda for dagen. Då skal eg henta molta som kan nøra oss til vinteren, tenkte han sikkert.

Nyss les eg Edvard Hoem si bok om han som blei slåttekar i himmelen. Eg trur du finn Martin Skogen i moltemyra på fjellet over slåtteteigen. Kan henda far min er i same myra viss han er i himmelen.

Moltene mine sto der i lyngen og venta på meg. - Du var seine i år, sa dei til meg. - Det var jammen dokke og, svara eg.

I fjor henta folk blaut molta i slutten av juli.

Sjelden har me henta så mykje molta på så lite område.

























Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar