torsdag 26. august 2021

Laugaland – frekkaste ordføraren Hjelmeland har hatt!

 




Johannes Laugaland (1874 - 1962) var ordførar i 
Hjelmeland frå 1916 til 1931.


Hr. Laugaland er den frekkaste ordføraren Hjelmeland har hatt! Han skyttar ingen midler for å nå sine mål. Heilt sidan han kom med i offentleg styre har han vore ein svoren fiende av skule og lærar.


For ordens skuld: Dette handlar ikkje om nåverande ordførar i Hjelmeland, Bjørn Laugaland. Den frekkasen som er skildra slik av lærar Jone Eiane for snart 100 år sidan, var Johannes Laugaland, og han var bestefaren min. Dei utsegnene om bestefar min som blir referert, er påstandar frå denne  Jone Eiane. Det er mange i Hjelmeland som ville vore svært uenige i hans syn på mannen. 


Johannes Laugaland var ordførar i Hjelmeland frå 1917 til 1931. Det var tronge tider, ikkje minst i deler av 1920-åra. Dette fekk dei merka i skulen med kutt i veketalet med undervisning og lærarane måtte gå ned i lønn.


Læraren i Askvik skulekrins, Jone Eiane, fekk merka dette på kroppen. Når han skriv i skuleprotokollen om ordføraren er nok synet på han farga av koss skulen blei behandla i desse åra. I tillegg var dei på kollisjonskurs både når det gjaldt målstrid og kristendom. Bestefar min var riksmålsmann og høyrde til dei konservative i kristenflokken. Jone Eiane var ihuga nynorsk-forkjempar og Kinamisjon-tilhengar.


Ordføraren blir omtala som ein hovding som skjønar seg på å få fram sine åndsfrendar. Mange som er negative til skulen vil gjerne vera med på hans lag.


- Men dei beste tropper har han sjølvsagt i Vormedalen. Derifrå kjem også slike som ikkje vågar å ha andre meiningar enn dei som er sensurert av hr. Johannes. Difor ser med både Tore Laugaland (bestefar til nåverande ordførar) og Hans Mæland er komne med. Ein skulle tru ein var i Italia under Mussolini, skriv Jone Eiane.


Hans Mæland var skulestyreformann det meste av tida medan Johannes Laugaland var ordførar. Dei to var ein farleg duo, meinte han.


Jone Eiane skriv om ei oppleving: Onsdag 3. november 1926 kom eg til kommunekasserar O. P. Fjælberg for å få lønna for oktober. Då fortalde kasseraren at han hadde fått munnleg beskjed frå ordførar og skulestyreformann om å halda tilbake siste kvartal av lærarlønna for alle lærarar. Grunnen var at ein lærar var for seint ute med halvårsmeldinga. Dette førte til at statstilskotet vart seinka og heradet fekk rentetap. Hr.Fjælberg fekk ikkje vita kven læraren var. Han bad om å få påbodet skriftleg, men ennå var det ikkje kome noko skriv.


Notata til Jone Eiane er prega av både forarging og indignasjon. Det manglar ikkje på kritikk mot ordføraren. Men til hans store forarging greidde han ikkje å samla nok meiningsfeller til å kasta ordførar Laugaland. Han blei gjenvald kvart tredje år, fem gonger på rad.


I 1928 hadde ordførar Laugaland sagt frå seg gjenval. Det var tre offisielle lister til valet. Ordførarens navn var ikkje å sjå. Så folk spekulerte kven som ville overta etter Laugaland. Skrekken tok venene til hr. Laugaland, så dei fekk han til å stilla seg til val på ein vill (handskriven) stemmeseddel. På den kom han inn.


?Me har han vonleg som ordførar også neste valbolk, skriv Jone Eiane i sitt hjertesukk i skuleprotokollen.


Johne Mæland blei ordførar i 
Hjelmeland frå 1931.



I 1931 kan Jone Eiane dra eit lettelsens sukk. Då er Johannes Laugaland ute av ordførarstolen. Johne Mæland, handelsmannen på Jøsneset, blei ny ordførar. Eg tvilar på at han sto så langt frå forgjengaren politisk. Han var frå Vormedalen og bror av Hans Mæland,


Men tenk det store skjedde i 1934. Læraren på Jøsneset, Andreas Hauge, vart ny formann i skulestyret. Hauge var nok ein meir diplomatisk lærar enn kollega Eiane.


- Dette er eit tidarteikn truleg. Det er nokre og tjuge år sidan nokon lærar hev vore tiltrudd noko kommunalt verv, jublar Jone Eiane i skuleprotokollen for Askvik skulekrins.


Ordførarvervet i ein enkel landsens kommune som Hjelmeland var ikkje nokon dans på roser for 100 år sidan. Eg tek med det om forfattaren av bygdeboka for Hjelmeland skriv om ordføraren sine arbeidsoppgaver for 100 år sidan.


Frå bygdeboka:


For oss som opplever den talrike kommuneadministrasjonen i Hjelmelandsvågen i vår tid gir det noko å tenkja på kor lite kommunale apparatet var for hundre år sidan. Ja, ikkje berre då, men faktisk så seint som på byrjinga av 1960-åra var talet på tilsette folk minimalt.


For hundre år sidan var det ordføraren som tok seg av storparten av det arbeidet som vi i dag har ein stor administrasjon med rådmannen i spissen til å ta seg av. I tillegg utførte soknepresten mykje administrativt arbeid, t.d. innan skule- og fattigstellet. Presten hadde si løn som embetsmann, men ordføraren måtte gjera arbeidet heime hjå seg sjølv på fritida. Oftast fekk han ikkje anna godtgjering enn for skrivesaker og for ei og anna reis som var så nødvendig at kommunepolitikarane fann å kunna bruka nokre kroner av kommunekassa til ho.


Ordføraren førte møteprotokollen, stod for brevveksling med høgare styresmakter og andre, skreiv avskrift av utgåande brev inn i kopiboka og førte ankomne brev inn i brevjournalen. Difor var det viktig at ein ordførar var både flink og god til å skriva. Meistringa av det skrivne ordet spelte nok ofte ei rolle for kven som vart vald til ordførar. Mange av dei var også dugande skrivarar som førte ein lett penn og hadde ei elegant handskrift.


Kommunekasseraren var den einaste som var kommunalt tilsett og fekk løn som kommunefunksjonær. Dette var ein deltidspost som folk kunne søkja på, og det var kommunestyret som tilsette. Dei valde gjerne den som kravde minst betaling.


onsdag 25. august 2021

Den kampglade læraren var republikaner, nynorsk-forkjempar og "kineser"

 

Hadde lærar Jone Eiane bestemt i 1905, hadde me aldri fått nokon kong Haakon. Han stemte 
for republikk. 


Jone Eiane var ikkje nokon fredsæl lærar. Det blei konfrontasjonar rundt han både her og der. Han hadde meiningar som han ikkje la skjul på og som han kjempa for.


Då han blei tilsett som lærar i Askvik skulekrins i Hjelmeland i 1904, reiste han ikkje glad og  fornøgd til heimkommunen sin for å vera klar til skulestart til hausten. Nei. Han reiste til Sverige for å vera med på eit kurs for sløydlærarar. Der blei han innlosjert saman med åtte svenske kolleger.


Dette var året før unionsoppløysinga. Han gav straks melding om at hans respekt for svenskekongen ikkje var spesielt stor. - Dersom kongen ikkje respekterer norsk lov og rett. trør me han både på nasen og andre stader, svara den trassige hjelmelandsbuen som lova å slå godt frå seg viss dei ville jula han opp.


Den unge Jone Eiane heime på Eiane på besøk saman med fargar Ole Halvorsen, biskop Johan 
Lunde, svigermora Johanne Selvåg, Annbjørg Hoffgård og Å. Stensland. Faren, gamle Jone
Eiane står bakerst med vest og kvit skjorte. Foto: Ryfylkemuseet.




Jone Eiane var sikker på at Norge og Sverige havna i krig då han høyrde at unionen var oppløyst i 1905. Han var på Øye skule på Randøy då han fekk høyra at unionen var oppløyst. Då reiste han rett heim til Eiane i Jøsenfjorden og bad faren  gå til byen med båten og kjøpa mat. Faren kom heim med fiskebåten full-lasta med mat. Dei var klar til krig på Eiane!


Læraren var heilt sikkert glad for at det ikkje blei krig mot svenskane, men hans negative syn på svenske-kongen utvikla han vidare. Han var mellom dei få i Hjelmeland som stemte nei til kongedømme. Han var for republikk med hud og hår, som han sa i eit intervju med Alfred Hauge i Aftenbladet 3. juli 1956.


Nynorsk-forkjempar var han også i denne tida då opplæringsspråket også i Hjelmeland var gammaldags riksmål eller dansk-norsk som nynorskfolket kalla det. Sjølvaste skuledirektør Skard gav han råd i denne saka:


- Eg har høyrt du er ein strid målmann, men tak det med ro, ver ikkje fus – med råd og lempe kjem eit kryp like langt som ei kjempe, meinte han vel. For dette er eg taksam mot hr. Skard den dag i dag, skriv Jone Eiane i skuleprotokollen for Askvik skule.


På denne tida kriga han mot lus og ureinslege elevar og foreldre. Dette tok mest tid. Men han lærte elevane sine nynorsk utan å snakka for høgt om det. Dei fekk læra salmer på nynorsk og hadde diktatar på nynorsk utan at foreldra var orientert. Dette pågjekk i ein god del år utan at det blei uro mellom foreldra av den grunn.


I 1909 kom spørsmålet om "Målbyte i skulen" opp i Hjelmeland kommune. Før avrøystinga i Askvik skulekrins, var det krinsmøte med læraren som ordstyrar. Riksmålsfolka var før møtet i klart fleirtal.


Men så tok ordstyraren ordet og sa følgjande: I dag skal denne samling gjera av kva mål me skal bruka i skriftleg på skulen. Kom då i hug borni: Set meg utanfor. Eg er og blir målmann kva de segjer og gjer. Eg har drive undervisning ulovlegt på norsk i 3 år. Dette hev de visst alle saman og ikkje ein mann i krinsen hev teke til motmæle. Ikkje ein gong i dag hev nokon lete ille for det. Skal me no til med riksmål att, so er skulen øydelagt og skulen vil lida i lenger tid. Med å røysta inn riksmålet i dag, set de fotklamp på borni dykkar.


Lærarens tale gjorde inntrykk på forsamlinga. Ein av riksmålsmennene, hr. G. Vika, tok ordet og bad so om å få seia eit par ord og dei lydde så: Eg kan ikkje etter det eg no har høyrt vera med på å øydeleggja skulen for lenger tid. Endå eg er riksmålsmann vil eg i dag røysta for landsmålet og bed alle gjera det same. Under dette ordskiftet var det stilt som i gravi endå skulestova var stappa med folk, står det i referatet.


Så kom røystingsframlegget. Dei som røystar for landsmålet, vert sitjande, dei som er i mot reiser seg. Kittel Føre, Knut Lerstøl og Jone Mjølhus reiste seg, alt det andre sat.


Dermed var det avgjort. Askvik skulekrins fekk nynorsk som opplæringsmål. Men i resten av kommunen gjekk det dårleg. Berre Ombo valde nynorsk.


Det var ikkje berre utanforståande som kalla medlemmene i Kinamisjonen for kineserar.

I tillegg førte lærar Eiane ein religiøs kamp med seg sjølv. Her kjem det fleire avsnitt med rein avskrift frå skuleprotokollen for Askvik skule:


I denne tid hadde eg vunne fram til personlegt kristenliv. Mange år hadde eg gjenge vaken og kjent lov og dom over mitt liv, og i den tidi gjorde eg freistnader med å træla meg til fred med Gud. Det gjekk kleint, for Guds ånd var etter meg og varskua kvar gong eg fall i unåde med lovi, og det var ofte, og gjorde eg ikkje det minna han meg um gamle synder. Eg leid åndeleg vondt i denne tid, og mang ei natt gret eg hovudputa våt for freden eg ikkje åtte.


Dei kristne våga eg meg ikkje inåt. Dei sto skilde med kvar sine møte um sundagane. Eg freista gå i møti, snart her, snart der. Var eg millom dei gamle vart eg beden um å lesa or preikeboki og dei fekk meg jamvel til å halda bøn. Dei heldt meg for ein kristen, men eg kjende i røyndi dei tok feil. I dei andre (kinafolki) sine samlingar vart eg ikkje beden um noko, og privat sa dei meg like ut at eg måtte umvenda meg. Dette kjende eg var ei evig sanning. Eg tok nå til å granska i bibelen ogso, og såg at det dei gamle lasta kinafolki for ikkje gav gamlingane støtta i skrifta. Meir og meir blei eg til flokken dei hædande kalla "Kinesarane". (Slik står det i skuleprotokollen.)


Lærar Jone Eiane gjekk inn i Kinamisjonen (i dag Misjonssaambandet) og blei ein ihuga støttespelar for "Ryfylkebispen" Sven Foldøen. Eiane sto i spissen for Kinamisjonen sitt arbeid i Hjelmeland i mange år. Som 79-åring let han yngre krefter ta over i 1956.


Han skilde seg ut mellom lærarane også på dette området. Dei fleste andre lærarane hadde ikkje leiarverv innanfor det lokale kristenlivet.

søndag 22. august 2021

Gudlause elevar og eit ungdomslag med dans og drykk

 

Askvik ungdomshus blei bygd i 1927. Det sto like ved riksveg 13. På folkemunne blei det 
kalla "Tyrki". Det blei rive for ein del år sidan. Foto: Andreas Ropeid, Norsk Folkemuseum.




- At så mange av mine eldre elevar er så gudlause, er ei stor sorg for meg, skriv lærar Jone Eiane i skuleprotokollen for Askvik skule.


Det er det nye ungdomslaget som blei stifta i 1922, som er sentrum for dette syndige ungdomslivet, etter det som står lesa i her.


- Dei driv med drykk og dans so eg vert mest sjuk ved å sjå og skjøna dette, skriv læraren.


Då den nye læraren kom til bygda i 1904, var det også eit ungdomslag. Der blei han med, men etter eit par år gjekk han ut. Han hadde då forgjeves prøvd å få dei andre medlemmene i laget med på å bannlysa dans og drykk.


Seinare døydde laget ut slik alle slike låge lag gjer, slår han fast.


Men det nye ungdomslaget frå 1922 viste seg å vera meir seigliva. sjølv om både læraren og andre i bygda prøvde å gjera livet vanskeleg for laget som søkte å få bruka skulehuset til sine møte.


Annonse i Aftenbladet 20-4-1956. 



I 1923 blei skulen stengt for ungdomslaget. Ungdommane tok dette ille opp. Dermed blei saka teken opp i skulestyret. Ola Espeland tala til fordel for laget. Skulestyret gav ungdomslaget lov å bruka huset likevel.


- Men det gledar meg at dette vekte ein storm mellom foreldra i krinsen, skreiv læraren i protokollen.


Religiøst fann læraren eit skarpt skilje i Askvik skulekrins mellom den indre delen, den gamle Kleppa-krinsen og den ytre delen, den gamle Mjølhus-krinsen.


- Storparten av folka i Kleppa-krinsen er mykje religiøse. Men i Mjølhus-krinsen er det motsett. Av dei eldre folka er det ved år 1926 berre to mann som lever ved Gud og av yngre er det tri, ein gut, ei ung kona og ei jente. Resten av folket er anten heilt utan interesse for åndelege ting, eller held sin "lønlige hjertegråt" for seg sjølv.


Ungdomen er lite dydig ved dette leite. Etter utsegn frå særleg innvigde mellom dei gjeng det diverre for seg ting som ein syter med å nemna, står det å lesa i skuleprotokollen.


Inntrykket av ungdomslaget "Heimly" frå Askvik blir eit heilt anna ved å lesa bygdeboka for Hjelmeland med Trygve Brandal som forfattar. Det var 16 ungdommar som kom saman og stifta laget 29.januar 1922. Selmer Hausken blei formann. Knut Vika, Bertine og Mikal Viga og Kristina Førre vart med i det første styret.


Dei hadde diskusjonskveldar med tema som "Kva er best å ha av kjærleik og pengar" etter innleiing av Gudmund Byrkja.


I 1927 bygde laget sitt eige hus etter å ha fått fri grunn av Mikal Viga. Sjølve huset vart kjøpt som ferdighus og frakta til Hjelmeland med skøyte. 18. juni 1927 var det innviingsfest der lærarane Johannes Vadla, Ånund Ramsfjell og Erling Larsson alle heldt talar. Til slutt var det leik og dans med musikk frå eit fire manns orkester.


Godt vaksne folk hugsar ungdomshuset som sto ved riksveg 13 eit par steinkast lenger ute enn der samfunnshuset står i dag. I 1985 blei huset rive av Ragnvald Øye. Han betalte 500 kroner til ungdomslaget for huset.



Jone Eiane har skrive mykje meir om både kristenliv, skulepolitikk og kommune-politikarar i Hjelmeland. Neste blogg kjem om om eit par-tre dagar. 




lørdag 21. august 2021

Ein Ryfylke-lærar i kamp mot lus, lærarhat og vankunna


Jone Eiane var lærar i Hjelmeland i over 30 år. Ein engasjert mann 
som ikkje var redd for å seia kva han meinte.



Mange av skule-elevane kom uvaska på skulen og fulle av lus. Eg fekk lusa på meg same koss mykje eg prøvde å unngå det. Tre gonger i veka bytte eg underklede for å halde lusa unna. Den fyrste vinteren var det eit voldsomt arbeid. Eg hadde døydd eller blitt galen skulle det fortsett slik. Verst av alt var motstanden frå ein del av foreldra. Borna hadde ikkje vore under disiplin på mange år.


Jone Eiane (1877 - 1959) starta som lærar i Askvik skulekrins i Hjelmeland i 1904. Der blei han verande i 33 år. Bak i skuleprotokollen har han skrive 19 fulle A3-sider der han skildrar både lærarlivet og mange andre sider ved bygda i den tida. Jone Eiane var ein mann som engasjerte seg og gav uttrykk for sine meiningar. Dette kjem også fram i det han skriv. Det er på ingen måte eit objektivt bilde av bygda og bygdalivet, men det er både interessant og lærerikt å lesa.


Det var over-produksjon av lærarar i landet på den tida. Den ny-utdanna læraren frå Hjelmeland måtte nøya seg med vikar-jobbar dei fyrst åra etter at han gjekk ut frå lærarskulen. Han søkte lærarpostar både her og der utan hell. Ein måtte anten ha særs gode eksamenspapirer eller "gode forbindelser". - Det hadde ikkje eg, skriv han.

Det gamle skulehuset i Askvik framme til høgre blei bygd i Jone Eiane si tid. Før dette låg 
skulehuset på Hundsnes i bakgrunnen. På Randøy på andre sida av fjorden var Eiane lærar
 i Øye skulekrins.



Etter fleire år som vikar i Stavanger-skulane fekk han brev frå Hjelmeland med tilbod om fast stilling som lærar i Askvik. Då viste det seg at han hadde "gode forbindelser" likevel. Pastor Aafoss på Hjelmeland hadde kjennskap til Eiane-slekta og det hadde vore avgjerande då han fekk tilbod om lærarposten.


Han skulle arbeida 24 veker i Askvik og 12 veker i Øye-krinsen som var den delen av Randøy som tilhøyrte gamle Hjelmeland kommune. Askvik skulekrins låg sør for Hjemeland sentrum. I 1904 sto skulehuset på Hundsnes.


Jone Eiane kasta seg inn i kampen mot skit og lus. Han ville ikkje sjå uvaska barn på skulen.


- Den siste skit-ringen rundt halsen og handledda forsvann etter at eg ein dag alvorleg og bestemt sa frå at neste dag ville eg henta grønnsåpe og vatn og vaska dei som ikkje var reine så langt som skinnet synte. Det hjelpte. Ein fiende var overvunnen.


Men kampen mot lusa tok fleire år. Born blei ofte sende heim frå skulen med melding om at håret deira måtte reinskast for lus og kneta (lus-egg).


- Det var ein seig og lang kamp, men nå er det mange år sidan eg har sett uty på borna, skriv Jone Eiane.


 I 1924 braut det ut skarlagensfeber i bygda. Då blei Askvik skule stengt frå 23. april til 30. mai.


- Elles hev ikkje hinder havt i alle desse åri, står det å lesa i Jone Eiane sine notater frå lærartida si i Askvik frå 1904 til 1937.

 

Men det var mykje kamp og konflikt som venta på Jone Eiane både i skulekrinsen, kommunen og kristenlivet. Det kjem fleire bloggar framover med utdrag frå desse handskrivne notatene i den gamle skuleprotokollen frå Askvik. 

fredag 30. juli 2021

Damebildet utløyste telefonstorm i Sauda!

 

Oppslaget i Aftenbladet 14. junin1979.


Rabalderet kom heilt uventa på meg. Og då sjauen var over, var eg ribba for sjølvtillit og låg søvnlaus neste natt.


Koss kunne eg halda fram som journalist ved Aftenbladet sitt Sauda-kontor etter ein slik tabbe? Ein bråte Sauda-damer og familiane deira var rasande på meg.


Alt starta heilt fredeleg den 13. juni 1979. Aftenbladet, lokalavisa Ryfylke, Haugesunds Avis sin meldar og NRK sin kontaktmann i Sauda var alle inviterte til Saudasjøen der det var ein festleg tilstelling for 15 ny-utdanna hjelpepleiarar frå Sauda vidaregåande skule. Dette føregjekk på Sauda Fjordhotell. Alle dei ny-utdanna damene og lærarane deira blei stilt opp og fotograferte etter alle kunstens regler.


Eg var stor i kjeften og beordra alle damene til å smila fint då eg fotograferte og eg ba dei stå heilt roleg til eg hadde noterte navna og heimstaden deira. Dette blei gjort grundig. Før eg sende manuset og filmen med westamaranen til byen, ringde eg ekstra ut til skulen og sjekka skrivemåtar og diverse detaljer. Alt var såre vel då konvolutten min til hovedredaksjonen i Stavanger var trygt plassert på billettkontoret på westamaranen "Fjordrott".


Bildet slik det skulle ha blitt stått i avisa.


Her er bildeteksten.


Neste dag var det stille og roleg. Dagsavisa kom ikkje fram til Sauda før i kveldinga. Men då begynta elendigheta i telefonen. Eg følte at halve Sauda hadde tatt seg bryet med å rota seg fram i den tjukke telefonkatalogen og finna nummeret til bustaden til Aftenblad-journalisten i Kalhagen. Telefonstormen var i gang. ( I den moderne tabloid-pressa er det telefonstorm viss meir enn fem lesarar ringjer og kjeftar om ei sak.)


?Kaslags rør er dette her? Er du tunghøyrde eller blind. Du har jo feil navn på alle dei nye hjelpepleiarane, blei det sagt.


Alle saudabuar som abonnerte på Aftelbladet og kunne lesa og skriva, var overbeviste om at dette kunne dei ha gjort betre enn meg. Eg skal vera kjempeglad for at kommentar-felta ikkje var oppfunne på den tida.


Det blei ein tung kveld. Fyrst neste dag begynte eg å undersøka kva som var feil. Feilen var sjølvsagt ikkje min. I så tilfelle ville eg har fortrengt dette for mange år sidan.


Grunnen var at me brukte gammaldags film då me fotograferte i den tida. Bildet mitt blei behandla på mørkerommet i hovedredaksjonen i Aftenbladet. Då foto-assistenten skulle laga bildet, hadde han snudd filmen opp ned, Bildet som såg heilt flott ut, var speilvendt.


Dette var forklaringa. Spetakkelet roa seg ned etterkvart, men det blei ei påminning om at det alltid var eit eller anna som gjekk gale når ein skulle laga dagsavis i full fart. Dei feila der det var meg som kludra til andre sitt arbeid, har eg forlengst fortrengt.


Den beste trøsta fekk eg av Sigvart Løland, Aftenbladet sin eigen kontormann i Sauda. ?Dei fleste avislesarane er mest opptekne av å finna feil. Det er som er rett, bryr deg seg mindre om, sa han.


Eg legg ved avisbildet som eg nå har snudd tilbake til korrekt versjon. Viss det ennå er nokon som finn feil, kan dei ringja meg. På førehand takk!

tirsdag 27. juli 2021

Soga om det "Det Store Bankrøveriet" på Sjernarøy

 

Det var Olaug Nedrebø som slo alarm om det store bankrøveriet på
Sjernarøy. Her fotografert som revyartist i Stavanger.
Foto: Aftenbladet.


Det var den galne søndagen då hardkokte forbrytarar frå byen braut seg inn i banken på Sjernarøy midt i kyrkjetida. Då dei kom ut or banklokalet, stakk villmennene av med bilen til banksjef Ebba Breivik. Det blei eit oppstyr utan like på Sjernarøyane!


- Me snakkar tidt og ofte om 5. september 1999 og det som skjedde den dagen, seier Ebba Breivik og ler godt då eg ringjer for å friska opp gamle hendingar. Tenk det, nå blir det 22 år sidan dette hende.



- Me mimrar ofte om det store bankrøveriet, seier Ebba Breivik som var banksjef på Sjernarøy
då dette skjedde. Foto: Øyposten.


Spetakkelet starta då ein av naboane til banklokalet på Aubø oppdaga tre menn som kasta ein svær stein inn gjennom eit vindu på banken. Han varsla den eine av dei to tilsette i banken, Olaug Synnøve Nedrebø, om det som skjedde. Ho reagerte lynraskt. Mannen, Inge Nedrebø, blei send ut på forbrytarjakt med traktoren og banksjef Ebba blei straks varsla. Deretter kasta Olaug Nedrebø seg på sykkelen. Ho ville også på forbrytarjakt.


Banksjefen hadde gjester då dramaet utspant seg. Ho sat og la ut om koss fredeleg det var på Sjernarøy då ho fekk den dramatiske meldinga på telefon.


Ho heiv seg i den raude Opelen sin saman med mannen Osmund og ein av gjestene og kjørte til banken. Der var bandittane på veg ut av då banksjefen og hennar følge var på veg inn. I ståheien gjekk det ikkje betre enn at bankrøvarane stakk av med den raude Opelen som var parkert ulåst med nøklane på plass. Bandittane kjørte i ein fart som ein sjeldan hadde sett på ein blank søndags føremiddag på Sjernarøyane.


Oppslag i Aftenbladet 5. oktober 1999.


Det var ikkje så mange bilar på Sjernarøyane på den tida og alle øybuane kjende den raude Opelen til banksjefen. Dei fekk sjokk: Kva har stukke Ebba i dag? Tenk å kjøra så grassat på dei smale vegane her på øyane, mumla dei med seg sjøl. Ingen kunne drøymt om at bilen var stolen.


Nå var dramaet i full gang. Ektefellene til dei banktilsette var på forbrytarjakt med kvar sin traktor med Olaug Synnøve Nedrebø i vill fart etter på sykkel. Handelsmannen på Eriksholmen, Trond Aartun, var også alarmert. Han sette bilen sin tvers over vegen som sperring for å hindra dei kriminelle frå å ta seg over til Kyrkjøy.


Men tjuvane tok motsett veg. Villmannskjøringa enda på ferjekaien på Nesheim der ugjerningsmennene blei lagde i jern av lensmannsfolk og fastbuane. Då hadde dei brote seg inn i fleire bilar på kaien før dei blei tekne. Ein av bilane tilhøyrde ein av dei tilsette på ferja. Han hadde sett bilen frå seg på Nesheim for han meinte det var tryggare enn å parkera den på ferjekaien på Nedstrand.


Dåverande handelsmann på Nesheim, Sven Foldøy, var totalt uvitande om det som skjedde rett utanfor huset. Han sat ute å verandaen og kosa seg då det plutseleg kom eit skrujern susande rett forbi nasen. Då han kikka over rekkverket og ned på kaien så oppdaga han det som hadde skjedd.


Oppsummeringa dagen etter viste at skadane begrensa seg til ei knust vindusrute og skadene på banksjefen sin bil. I tillegg hadde inntrengjarane stukke av med snaue tusen kroner som blei brukt til frimerke-penger,


- Alle deltakarane i forbrytarjakt var invitert i kaffiselskap i banken på mandagen der dei blei takka for innsatsen og trakterte etter alle kunstens regler.


- Og steinen som blei brukt til innbrotet tok me godt vare på. Den ligg lagra i det tidlegare banklokalet som nå blir brukt som bygdahus med navnet Sjernarøy veksthus, fortel Ebba Breivik som seier at det store bankrøveriet blir omsnakka rett som det er av øybuane.


Dei tre forbrytarane blei seinare på hausten dømde til eit halvt års fengsel kvar for sin herjingar på Sjernarøyane 5. september 1999.

mandag 12. juli 2021

Utkjørte gamlingar på Ombo-toppen

 

Utsyn frå Bandåsen. Sol på Foldøynå.


Så lenge eg har hatt auer, har eg sett Bandåsen på Ombo når eg har vore på Hjelmeland. Nå, endeleg, etter over 72 år her på jordå, har eg vore på toppen av det som i dag er Stavangers høgaste fjell, 513 meter over havet. Det var ikkje ein dag for tidleg. Viss eg hadde venta eit par år til, trur eg ikkje at eg ville greidd å kava meg opp. Det var svintungt for ein gammal mann som meg.


Utsynet frå toppen var spektakulært. Me såg det meste av fjordriket, frå Hagali til Kårstø. For ikkje å snakka om Jelsa, brystnålå på Ryfylke, Nedstrand og Foldøynå.


Eg hadde rådført meg med dei fleste ombobuane som eg kjenner, før kånå mi og eg starta på ekspedisjonen. Rådet om å kjøra til Helgaland og starta der, kunne eg ikkje motstå. Det var visstnok den kortaste vegen. Det var lett å finna fram og finna ein plass å parkera bilen. Turløypa var merka og klar. Det var 0,9 kilometer til toppen, sto det på skilt.


Lett start.

Me gjekk rett inn i ein mørk granskog, men det var lett å gå. Vel ute or granskogen blei det brattare og meir krevande å gå. Det var ein steinete og delvis bratt sti. Eg pusta og peste og lurte litt på kva eg hadde gitt meg ut på. Kvar gong det var ein lysning som åpna for flott utsyn, tok eg meg tid til å studera det eg såg og opplyste kånå om alle stadnavna som eg kom på i farten.


- Veit du at Tore Ørjasærter skreiv songen Å, Vestland, Vestland når eg ser deg slik ....... etter eit besøk på Ombo, spurte eg kånå. Ja, og det er tredje gongen du spør meg om dette i dag, sa ho.


Kånå gjekk mykje lettare enn meg oppover. Eg følte meg stakkarslige.


Ein blå tau som var festa langs fjellsida, snudde opp ned på kven som var tøffast. Tauen skulle ein ta tak i og bruka slik at ein ikkje kom på trilt nedover dei stupbratte bakkane viss ein snofla.


- Uff, nei, me snur. Eg vågar ikkje å gå lenger, sa kånå.


Sjøl om eg pusta og peste og var forkava og blei litt frista til å snu, manna eg meg opp. Tanken på eit bind over auene til kånå for at ho ikkje skulle bli redd av å sjå nedover, slo eg raskt i frå meg. Men eg trøysta og godsnakka med henne. - Heila Ombo vil le av oss viss me snur nå, sa eg.


Etterkvart innsåg ho at me ikkje kunne skjemma oss ut som super-pyser. Kånå mi jobba i si tid i banken på Finnøynå og då hende det at ho kjørte bankbuss på Ombo. Ein gong hadde ho med seg ei tom likkiste i bussen. Så ho hadde eit rykte som tøffe dama å ta vare på.


Ombo-molta.

Me kom oss forbi dei skumle partia. Etter det var det ikkje meir bratt og skummelt. Det var berre bratt. Me fann moltekart då me nærma oss toppen, Til og med ei blaut molte. Den hadde me ikkje hjerta til å plukka med oss.


På toppen av denne bakken, ser me nok toppen, sa me til oss sjøl. Denne livsløgna hjelpte oss vidare over den eine toppen etter den andre til me endeleg såg varden. For ein utsikt. Me pusta ut ei stund før meg begynte å grua oss til nedturen. Stien var så pass krevande at det var grunn til å passa på når me skulle fota oss nedover.


Me var heilt aleina på toppen av Stavangers høgaste fjell. På vegen nedover møtte me min tidligare Aftenblad-kollega Arvid Berentsen og sambuar Marie Rudi på veg opp. Dei såg heilt uberørte ut av motbakkane. Lett for dei som er over 20 år yngre enn oss.


Utpest  gamling på Bandåsen.

To og ein halv time hadde me brukt då me var vel nede ved bilen. Dette var ein time meir enn me trudde ved starten. Endeleg var det tid å eta nista som me hadde lagt igjen i bilen.


Det var god tid til ferja gjekk til Hjelmeland. Me kjørte til Eidssund og slo oss laust med is og brus.


Velkommen etter. Spørst om dokke vil treffa oss på Bandåsen fleire gonger.