tirsdag 27. oktober 2015

Eg hatar å gå til tannlegen!



Livet passerer revy når eg går opp trappa til tannlegen.
 (Teikning: Åsne Håland Laugaland)

- Heile mitt liv passerer i revy kvar gong er går opp trappa til tannlegen. Akkurat der og då føler eg at det er dette  livet mitt har dreia seg rundt: Dei siste minutta før du går inn for å setja deg i tannlegestolen. Eg hatar dette like mykje som å reisa med fly.

Mandag var eg hjå fastlegen. Neste dag gjekk eg til tannlegen. Reparasjonsalderen kallar ein det stadiet av livet der eg held til nå. Livskvelden som dei kalla det heime på bedehuset då eg var guttunge.

Fire år gammal velta eg med trihjul-sykkelen i krossen heime på Laugaland. Ei framståande mjølketann blei slegen laus og ille medfaren. Ein rask rikstelefon til Hjelmelandsvågen og dermed kom doktor Røe kjørande i sin grøne bil med ei svær, blank tang i kofferten. Du kan seia at eg har hatt tannlege-skrekk heilt sidan distriktslege Knut Røe trakk tanna mi for 65 år sidan. Han var ikkje tannlege ein gong, stakkars mann.

Tannlege Nessler i Stavanger var skuletannlege for ungane frå Hjelmeland då eg var i småskule-alder. Han hadde kontor i Kannikgata med flotte bilde av seilbåtar på veggene i venterommet. Kan godt vera at eg hugsar feil, men i minne står han ikkje for meg som ein mann som var spesielt glad i landsens ungar med fulle kjeften av ei blanding av mjølketenner og meir permanente framtenner og 12 års-jeksler også vidare. Du må hotta på at dette var på 1950-talet. Tannkosten var berre i liten grad introdusert i dei usentrale deler av Ryfylke. Gebiss var det ikkje uvanleg å få til konfirmasjonen.

Opp gjennom tenåra blei det mykje boring og herjing. Den eine tannlege-mannen etter den andre tok seg til rette. - Gap opp, spytt ut. Betal her. Takk for i dag. Neste gong skal me bora meir.

 Eg har trukke visdomstennene også. Du hendelse!

Mitt forhold til mannlege tannlegar opphøyrte i 1981. Denne siste tannlegen i kvit frakk hadde sett på ein debatt mellom Gro Harlem Brundtland og Kåre Willoch kvelden før. Han hadde stappa kjeften min full av bomull og allslags marakkel og deiv på med boren inne i tanngarden min medan han opphissa preika intenst om kor dum Gro var og smart Willoch var. Eg var heilt ute av stand til å snakka. Før han avslutta jobben i munnen min, kikka han over tilstanden. - Her er det mange gamle fyllingar som bør skiftast ut, sa han.

- Du skal ikkje få tjena ei krona meir på meg. Din tulling! Det sa eg inni meg i det eg gjekk ut dørene hans.

Etter det har det berre vore kvinnelege tannlegar for meg. Eg hadde eit langvarig forhold til ei som stort sett snakka om Italia. Ho hadde lese ein djupsindig Italia-reportasje eg laga ein sommar. Der slo eg fast at gatene i Venezia var fulle av vatn. Det hadde gjort inntrykk. Kvinnelege tannlegar er akkurat som andre damer. Dei likar godt å snakka og syns det er meir enn godt nok med eit grynt frå meg med jamne mellomrom.

Dei siste åra har eg sjangla mellom tannlegar, tannpleiarar og opptil fleire spesialistar. Bare damer.

I motsetning til legane som eg har møtt, høyrer tannlegane på radio. Fram til dei siste åra var det jo sjølsagt at radioen sto på NRK. For meg med tannlegeskrekk var det eit sjokk å komma på eit tannlegekontor der radioen sto på P4. Det gjorde ikkje godt på mine tannlege-nerver.

 Eg trudde det berre var taxisjåførar som høyrde på slikt.







mandag 26. oktober 2015

Fastlegen er for friske folk!

Fastlege er for folk som har helsa til å stå
 i kø og venta på tur.

Folk som er sjuke, bør ringa 113 og bli henta av ambulanse eller legehelikopter. Fastlegen er ingenting for slike tilfelle. Dei sjuke bør ikkje sitja og sukka på eit venterom. Dette er veldig ubehagelig for oss friske som sit på stolen ved sida av.

Eg kjem akkurat frå fastlegen. Der sat eg rett overfor ei kvinne som var så pass slakke at ho måtte kvila hovudet på skulderen til mannen sin. Eg måtte høyra på at han trøysta henne. For meg som har eit følsomt sinn, er ikke slikt bra.

Eit gammaldags fastlege-kontor gir deg eit gufs frå 1960-talet. Slike kontor skrik etter litt styling og kvikkas-dekor.

Mi manglande konsentrasjonsevne førte meg til legekontoret i dag. Det er ikkje meir enn eit par veker sidan eg var der sist. Då gløymde eg å be om å få rekvisjon til fysioterapeut. Etter at eg fekk slag tidlegare i år, har eg fått fysikalsk behandling. Rekvisisjonen eg fekk med frå sjukehuset, er i ferd med å gå ut. Eg gløymde å spørja legen om å få ny.

I sist veke var eg innom på legekontoret og spurte om betjeningen bak glass og skranke kunne be legen om å skriva ut ein rekvisjon til meg.

- Nei, svara dama bak skranken. - Legen er borte. Du må komma igjen mandag morgon halv åtte og stilla deg i kø. Då får du kontakt med legen når det blir din tur.

I dag sto eg opp halv sju og var på legekontoret halv åtta. Det vil seia at eg sto i trappa utanfor døra til legekontoret i 20 minutt først. Forresten: Det aller først eg måtte ordna med, var ein kølapp. Alle i trappa pinnheldt på ein kølapp fram til kontoret blei åpna.

Deretter sto me i kø for å få melda våre behov til folka bak glass og skranke. Det var raskt gjort. Klokka var akkurat åtte då eg var vel registrert og kunne starta med å venta på legen.

Eg var ikkje fyrst i køen. Og som nevnt tidlegare. Fleire av dei som sat rundt meg, virka rett og slett sjuke. Dei fleste av dei slapp inn til legen før meg unntatt ho dama som såg dårlegast ut.  Det varte og rakk før eg endeleg kom inn til legen og fekk rekvisjonen.

Frykteleg kjedeleg å sitja å venta. Til slutt greidde eg ikkje å la vera å ta for meg av den kulørte vekepressa på bordet i venterommet.

 82 år gamle Kuppern er blitt oldefar.

Der les eg i eit blad med navnet Her og Nå at Knut Kuppern Johannessen var blitt oldefar. Velskapte tvillingar. Kupperen er fødd i 1933. Gammal mann i dag.

Gufs av 1960-talet skreiv eg her tidlegare. Kuppern blei verdensmeister på skøyter første gong i 1957 i Østersund. Han såg godt ut på bildet.

God bedring til alle andre!










lørdag 24. oktober 2015

Her er det bensin-krig!

Har Tasta billegaste bensinen i byen akkurat nå?


- Hei! Se den bensin-prisen. Den var lav, gitt!

To kjekke austlendingar mista nesten munn og mæle då dei såg koss billeg bensinen var på Løkkeveien i Stavanger i går føremiddag. Eg hadde dei med på flybussen frå Sola og inn til byen. Dei var pratsomme og hyggelege. Dei skvatt til då dei såg at bensinprisen var under 12 kroner på Hydro-stasjonen tvers over Frimurarlosjen.

Sant å seia hadde eg kjørt forbi bensinstasjonen fleire gonger utan å merka koss rasande billeg det var blitt.

Problemet mitt er at eg kjører altfor lite bil. Det blir maksimalt ein tank i veka for meg. Eg fyller kanskje 25 liter ein gong i veka. Nå skal eg skjerpa meg. Viss bensinprisen plutseleg blir slått ned med to kroner ein søndagskveld, ville eg med mitt forbruk spara 50 kroner. Tenk på det. 50 kroner spart 50 gonger i året ville utgjera 2500 kroner. Eg kunne reist til Syden for pengane.

I den bydelen der eg bur er det tydelegvis priskrig på bensin akkurat nå. Viss du kjører forbi bensinstasjonen på Løkkeveien og heller fyller på Tanken i Tanke Svilands gate, får du bensinen minst 10 øre billegare. Og på XY-stasjonen på Randabergveien på Tasta er prisen endå litt lågare. På dei to sist-nevnte stasjonane var det fullt opp av priskyndige bilistar som tanka opp.

På Madlaveien er det hola tapet å kjøpa bensin nå. Derfor må alle som snur på kronene, komma til oss. Her kan du gjera eit kupp for tida.

Men koss billig blir bensinen her hjå oss i morgon kveld. Det blir kanskje ei krone meir å spara. For det er jo på søndagskveldane det pleier å vera aller billegast. Spennande greier.

Rett før det lønner seg å trø på gassen.






tirsdag 20. oktober 2015

Du skal ottast og elska Gud - leksa




Å læra store deler av denne boka utanåt var obligatorisk
lekse då eg gjekk på skulen.


Opprivade nytt i dag. Ein foreldre-aksjon i Rogaland vil setja ein stoppar for heimelekser. Elevane skal læra det dei treng på skulen. Ikkje sitja å streva heime og plaga travle foreldre med mas om hjelp. Eg veit ikkje kor dette skal enda, men har mimra ein del om alle mine lekseplager for over 50 år sidan.

Det har vore større skulelys enn meg. Sjøl i dei meir grisgrendte deler av Hjelmeland var dei som presterte langt betre enn meg. Men eg hadde vel mine lyse stunder eg også sjølv om det er lettare å hugsa dei meir trasige dagane på Vormedalen skule.

To-delt skule, annankvar dag i sju år, blei me pålagde av  styresmaktene og Hjelmeland kommune. I småskulen var tysdag, torsdag og laurdag våre skuledagar. I storskulen gjekk me måndag, onsdag og fredag.

Utanåt-leksa var ein pest og ei plage. Alt frå andre klasse måtte me sitja heime og pugga bibelsoge på rams. Mor mi og eg dreiv på heile dagen med Jesus og læresveinane. Om morgonen før eg gjekk på skullen kunne eg alt på rams. Det var jo viktig å hugsa på vendingar som "Jesus svara" og "Jesus sa". Eg var redd for eg skulle seia "Jesus svara" viss det sto "Jesus sa" i boka.

Då Grete Østerhus høyrde oss i leksa, gjekk det heilt i stå. Du ser me hadde Grete Østerhus då eg gjekk andre året. Ho var dotter til læraren me hadde året før. Men han døydde i sommarferien. Dermed blei det dottera som nyss var ferdig med gymnaset som tok jobben med å skula oss vidare. Eg veit ikkje kvifor eg fekk jernteppe av Grete Østerhus. For ho var jo kjekk. Eg trefte henne igjen i Hulen då eg begynte å studera i Bergen mange år seinare. Trudde eg så syner då eg drog kjensel på lærarinna frå andre klasse på folkeskulen i Hulen, festplassen for studentane i Bergen. Men det var Grete Østerhus, ho studerte hovedfag.

Dette med leksepugging er jo litt rutine det også. I storskulen hadde me kristenlæra.  Då var eg blitt betre i utanåtlekser, heldigvis. Det var ikkje nok å kunna dei ti boda, viste det seg. For kvart einaste eit av boda var det laga ei forklaring som kom i tillegg til det som Moses fekk på direkten på steintavler på Sinai.

Forklaringane måtte me kunna på rams. Dei starta alltid med: Me skal ottast og elska Gud. Det fjerde hugsar eg slik: Du skal heidra din far og di mor så det må gå deg godt og då får leva lengje i landet. Forklaringa var slik:  Me skal ottast og elska Gud så vi ikkje vanvyrder eller sårar foreldra våre eller andre som Gud har sett over oss, men tenar og lyder dei, elsker og vyrder dei.

Bestefar min på Laugaland var riksmålsmann. Han ville ikkje ha nokon bibel på landsmål. Jesus og læresveinane snakka gammaldags norsk-dansk i hans hovud. For meg blei det omvendt etter å ha herja med bibelsoge, kyrkjesoge og kristenlæra i sju år på folkeskulen. Alt anna enn gammaldags nynorsk i kristne samanhangar er eg svært skeptisk til. Når me kjem til salmevers, finst det ein del unntak.

Eit spørsmål: Er desse antilekse-foreldra mot at ein skal pugga salmevers også?

Eg for min del likar svært godt: Himmelske Fader, herleg utan like. Til alle stader når ditt store rike.

Den likte mor mi også.
















torsdag 1. oktober 2015

Han sa det med ein tulipan-bukett frå Sjernarøy

Kaptein Tormod Gjøse på "Sjernarøy" ble
 møtt av barn, blomar og norske flagg. 
 


Den flunkande nye fjordabåten "Sjernarøy" kom på presentasjonstur til øyane båten hadde fått navnet sitt frå den 20 april 1959. Då kom Sjernarøy-ordførar Ola Hauge med blomar til Stavangerske-direktør Erling Aanensen. Dette var kortreiste tulipaner. Ikkje frå Amsterdam, nei. Dei kom frå Nord-Hidle, ei av Sjernarøyane.

Akkurat desse tulipanene frå Nord-Hidle er også gjort til hovedpoenget i overskrifta på Aftenbladet sin reportasje frå turen. Den sto på trykk dagen etterpå.

Ola Hauge var ikkje berre ordførar i Sjernarøy kommune. Han var også handelsmann på Eik på Kyrkjøy. Eg trur at han var litt av ein spøkefugl. Då den sjølvlærte elektrikeren Arne Høyvik reiste rundt på Sjernarøyane og la inn elektriske anlegg i husa til folk, blei han utsett for skøyaren på Eik.
Ola Hauge ringte til dei som skulle husa elektrikaren og gjorde dei merksame på at Arne Høyvik hadde ein ømfintlege mage. Han tålte ikkje allslags middagsmat. Det resulterte i at Arne Høyvik fekk fiskeboller i kvit saus til middag 14 dagar i trekk. Dette har Arne Høyvik sjølv fortalt meg i si tid. Herr Høyvik var full av påhitt og marakkel sjølv også. Ola Hauge hadde sikkert noko å ta igjen.

Prominensar på "Sjernarøy": Finnøy-ordførar Kaspar Mjølsnes,
 Sjernarøy-ordførar Ola Hauge, kystfartssjef Aage Marthinsen
 og DSD-direktør Erling Aanensen.


I sin tale til prominensane om bord i "Sjernarøy" beklaga ordførar Hauge at vêret var så fint denne dagen at folk inne på øyane ikkje såg seg tid til vera med på presentasjonsturen. Dette var midt i vårvinna, må vita.

På presentasjonsturen var "Sjernarøy" innom Sjernarøy (Ramsvik), Eik, Helgøysund, Judaberg, Reilstad, Talgje og Sør-Hidle for å visa seg fram.

Som den lokalkjende ser, var kkje den nye, gromme båten innom Nord-Hidle. For Stavangerske-båtane gjekk ikkje til denne øya. Dette var Jøsenfjord Rutelag si øy. Kan tru dei på Nord-Hidle var avindsjuke på dei som fekk ny rutebåt medan dei måtte slita med gamle "Erfjord". Den var dei ikkje glad i lenger.

 Aftenbladet sitt kommunestyrereferat frå¨ 6. juni 1963.


Misnøya med "Erfjord" kom klart til uttrykk i Sjernarøy kommunestyre i juni 1963. Eg siterer frå Aftenbladet sitt referat frå møtet:

Det var framsett dette forslaget: Då her har vore mykje klager frå folk på rutebåten "Erfjord" vil heradstyret i Sjernarøy be om at denne båten vert teken ut av ruta snarast. Vi meiner at denne rutebåten ikkje stettar dei krav ein lyt setja til ein rutebåt i dag, den er og i mange tilhøve for liten. Samferdselsnemnda i heradet har tidlegare oppmoda til å setja inn ein annan båt, men utan noko resultat. Dersom rutelaget ikkje vil vera med på dette, ser kommunestyret det turvande å gå andre vegar med saka. Dette vart vedteke. 

Eg føler meg heilt sikker på at Aftenblad-lesarane på Nord-Hidle merka seg at Sjernarøy-ordføraren helsa den nye rutebåten med tulipaner frå øya deira. Ola Hauge fekk nok høyra dette etterpå.






























søndag 27. september 2015

Kvitsøy-ungar med notisbøker og fjordabåtar fulle av bilar


Sommardagane var både hektiske og stressande for Kvitsøy-ungane som hadde som hobby å samla bilnummer i 1960-åra. Det var ikkje mange bilar på øya. Dei som ville skaffe seg mange eksotiske nummer, måtte vera på plass når rutebåten "Sjernarøy" var innom Ydstebøhavn og Leiasundet eit par-tre gonger til dagen  i ruta mellom Stavanger og Skudeneshavn.

 Eit stress av ei anna verd, kan du skjøna, å stå på tå hev for å få med seg nummera på bilane på akterdekket før båten gjekk vidare.

Lørdag 21. juli 1962 dokumenterte Aftenbladet den vanskelege arbeidssituasjonen for bilnummer-noterande  ungar på Kvitsøy.

Førsteside-sak sommaren 1962.

Alle som har levd ei stund, hugsar ungar som sat i vegkanten og noterte bilnummer. Eit svært utbreidd, men totalt meiningslaust tidsfordriv. Trur ikkje at eg nokon gong let meg smitta av denne feberen. Eg samla derimot på tomme fyrsikk-øskjer og klippte ut bilde i avisa av staute idrettsmenn. Desse bilda limte eg inn i ein gammal telefon-katalog. Like meiningslaust dette og, sjølvsagt.

I timavis har eg nå stirt inn i PC-en på leiting etter ein spesiell sommar-reportasje i Aftenbladet. Eg ser for meg ei heilside om rutebåten "Sjernarøy" som gjekk i ruta Stavanger - Kvitsøy - Skudeneshavn ein del somrar på 1960-talet.

"Sjernarøy" blei bygd i 1959. Den gjekk i sommarruta mellom
 Skudenes og Stavanger i fleire år. 

Rutebåten "Skudenes" som var ny i 1957 og spesialbygd for ruta over den tøffe Skudefjorden, blei raskt for liten i sommartrafikken. Her var det berre plass for fem bilar. Alt for lite etter at talet på bilar eksploderte utover på 1960-talet. Dermed kom "Sjernarøy" inn som vikar i sommarruta. Den hadde plass til 14 personbilar. Dette blei ei populær rute for bilturistane når vêret var godt.

I denne lørdagsavisa frå 1962 sto det ein reportasje som liknar på den eg er på jakt etter. Aftenblad-journalisten med signaturen Peik (Svend Eilif Peersen) og fotograf Leif Berge reiste med "Sjernarøy" frå Stavanger til Skudeneshavn. "I Ydstebøhavn har ungene det travelt - bare fem-seks minutter å skrive opp bilnummer på", står i det i bildeteksten.

Reportasjen er grei nok, men det er ikkje den eg er på jakt etter. Men det var likevel ikkje forgjeves å gå gjennom denne avisa. For her er det meir av interesse:

Aftenblad-teamet har tydelegvis kjørt frå Skudenes til Kopervik. Der var det eit slags bilkaos. Stavangerske sitt flaggskip, rutebåten "Haugesund", greidde ikkje å ta unna biltrafikken lenger i 1962. Ferjene "Tre Måker" (1964) og "Tungenes" (1966) var ikkje bygde på denne tida.

Bilturismen eksploderte på 1960-talet. "Haugesund" fekk
 hjelp  av "Tau" rett som det var.

Men "Tau" var jo ei kjempeferje på den tida. Med plass til 30 personbilar tok den eit år gamle ferja godt unna. Den tok turar over Boknafjorden på kveldstid når det var tid til det mellom Tau-turane.

Bildet frå Kopervik fortel mykje. Bildeteksten resten: Kopervik er blitt rene transitthavnen for biler nå i sommertravelheten og hver dag går flere ekstrabåter med billass til byen ved Karmsundet. Andre skal sørover til Stavanger, så det er litt av et kjør for dem ombord.

Som om ikkje alt dette var nok. I same avis er det også ei skildring av ein tur med rutebåten "Snøgg", Den hadde navnet "Ekspress" i mange år, men mista det til Ryfylke-hydrofoilen "Ekspressen" i 1961. Signaturen Fabian (kjenner ikkje navnet hans) slår fast at folk er trygge med kaptein Arne Aske i styrehuset. Han kjenner hver holme i leia.

Livet på rutebåten "Snøgg" blei også dokumentert
i Aftenbladet laurdag 21. juli 1962.

Alt dette fann eg i ei og same avis frå juli 1962.

Eg er stadig på leit etter den rette "Sjernarøy"-reportasjen. Berre vent!































søndag 13. september 2015

Komle-sugen siddis på flybussen

Alle dei kjekke passasjerane gjer det til ein fest å kjøra flybuss.


- Kjører du forbi Madla? Då vil gå av der og kjøpa komla på handelslaget. Eg bur i Skåne i Sverige. Der er det ikkje komler å oppdriva.

Ein smørblid 80 år gammal utflytta siddis kom om bord i flybussen på Sola i går føremiddag. Sprek og ytterst talefør. Han hadde Stavanger-tonen blanda godt opp med svenske ord. Nå var han på veg til sin barndoms by og skulle ta inn på hotell, men han begynte brått å snakka om komla og Madla handelslag.

- Du får ikkje komla på Madla på ein lørdag. Det må jo du vita som er gammale siddis, sa eg.

- Eg skal kjøpa Fjordland-komler. Har du ikkje prøvd dei?

- Jo, bevare oss. Men du kan kjøpa alt du Fjordland-komla du vil ha inne i byen, innvende eg.

- Nei, det finst ikkje slike butikkar inne i sentrum lenger. Forresten skal eg kjøpa potetkaker også og lappar. Klarer ikkje å halda meg lenger enn til Madla.

Mannen hadde bestemt seg. Han gjekk av i Madlakrossen for å kjøpa komla og potetkaker. Koss han innretta seg etter å ha proviantert, veit eg ingenting om. Kanskje fekk han hotell-betjeningen til å varma opp Fjordland-komlene for seg eller så skulle han ta dei med seg tilbake til Sverige. Kven veit. Men nå veit me at viss komla, potetkaker og lappar er ein viktig del av livet, er det ikkje lurt å flytta til Sverige.

Alle dei kjekke folka som eg møter, gjer det til ein fest å kjøra flybuss. Så sant eg har tid, snakkar eg med passasjerane. Eg har ikkje tal på koss mange kinesiske ungdommar eg har drøst med i sommar. Halve Kina har snart vore på Preikestolen og tatt selfie og lagt ut på nettet.

- Eg var på Preikestolen både i går og i dag. Det var skodd i går, men eg hadde tid til gå opp igjen i dag, smilte ein ung kineser som hadde gangsperr då han kom på bussen på Fiskepiren.

Eit amerikansk ektepar reiste med meg frå Sola til sentrum i går. Dei var komne med direkte-flyet frå Houston,Texas og hadde teke inn på hotellet som ligg vegg i vegg med flyplass-bygget. I dag skulle dei reisa vidare til Tyskland og så vidare til Italia.

- Me har aldri vore i Norge før. Her er det så vakkert. Reint og fint. Neste sommar kjem me tilbake og skal ta for oss heile landet, sa mannen frå Texas som takka meg for å ha hjelpt dei med litt bussruter og holdeplasser i sentrum og dessutan vist dei varemagasina in the main street.

- I'm paid for it, sa eg.