![]() |
Meg som fyrsteklassing til høgre. Så kjem Magne, Tore og min to år yngre bror, Dag, til venstre. Foto: Faster Tulla. |
Viss du ikkje har skrapt ein turre pennasplitt i eit bånnfrose blekkhus på ein iskalde januardag, gjekk du ikkje med meg på den to-delte folkeskulen i Vormedalen på slutten av 1950-talet.
Den gamle skulebygningen hadde stått tom heile juleferien. Den eine halvdelen var lærarbustad, men der var det ingen som budde då. Dermed var det ikkje rare temperaturen då me kom på skulen etter nyttår.
Om det var fyrt i løpet av julehelga veit ikkje eg, men det kan ha vore ein minimumstemperatur nede ved den svære vedaomnen, men oppe ved kateteret med omliggjande herligheter var det nok minusgrader då me kom på skulen.
![]() |
Min barndoms skulehus. |
Og blekk måtte me ha til skrivetimane. Kulepennar var någe nymotens herk på den tida. Det blekket var ikkje til å rekna med. Det kunne bleikna bort etter kort tid. Blekket som me fekk opp av blekkhusa kunne stå på dokumenter i hundrevis av år.
Viss eg hugsar rett, brukte me eigne penneskaft. Pennasplitt og blekk fekk me på skulen.
I dag er det fest når dei små startar på skulen. Mor og ofte far er med den håpefulle på den store dagen.
Denne halvdelen av skulehuset var lærarbustad. Her står lærar Arne Muri og systera Johanna. |
Eg møtte ikkje den fyrste dagen. Me på Laugaland hadde ikkje fått beskjed om skulestarten. Viss småskulen begynte på ein tysdag og storskulen på onsdag, kom Magne, Tore og eg fyrst på plass på torsdag. Eg hadde lag med rutinerte skule-elevar, Magne begynte i tredje og Tore i andre.
Forklaringa på dårleg informasjon om skulestart, trur eg hang saman med at læraren vår, Olav Østerhus, hadde vore på sjukehus. Då han kom heim og skulen skulle i gang, gjekk det litt fort i svingane og me fekk aldri beskjed før den fyrste dagen var forbi.
Ungane måtte sitja roleg og tia stilt på småskulen i den tida. Halda sjau høyrte til i friminutta. Kvar dag starta med salmesong og bønn. Deretter bibelsoga i fyrste time. Både andre- og tredjeklassingar måtte kunne leksa utanåt. Fyrsteklassingane slapp. Dei måtte fyrst læra å lesa.
Kva eg lærte? Jødeland besto av tre deler. Judea, Samaria og Gallilea. Samaritanane var någen fæle karar. Men det var jo ein barmhjertige der også.
Og lærar Østerhus vrengte av seg trøya og dramatiserte koss han som seinare blei apostelen Paulus fyrst var med på å forfølgja og steina dei kristne før han blei omvende og slo seg saman med dei rett-truande.
Eg streva med penn og blekk og skjønnskrift denne fyrste skulevinteren. Og lærte vel å lesa litt også. Slik var det då. Me gjekk jo berre annankvar dag på skulen. Tysdag, torsdag og lordag.