fredag 1. desember 2017

Siste tur med "Fjordsol"

"Fjordsol" på veg frå Sauda onsdag 28. september 1977. Saudasjøen i bakgrunnen. Foto: Leif Berge


Fredag 30. september 1977 kom "Fjordsol" til Stavanger frå Sauda for siste gong. Den trufaste sjøbussen hadde då gått i 29 år mellom Sauda og byen.

Ein strålande rutebåt då den blei sett i fart våren 1948. Innhenta av nye tider og utgått på dato  gjekk "Fjordsol" i opplag på Klasaskjæret, Stavangerske sitt verksted midt i havnebassenget i Stavanger hausten 1977.

"Fjordsol" var ein spesiell båt på mange måtar. Den blei bygd i Stavanger og sett inn i fjordafarten i mai 1948. Dette var glanstida til Stavangerske. Dei gamle dampbåtane blei utrangerte og erstatta av nye kvitmalte fjordabåtar med gule skorsteinar. "Den hvite flåte" blei dei kalla og dei blei kjende over heile landet og vel så det.  Systera til "Fjordsol", "Fjordbris" kom rett etterpå. I juni gjekk den også i fjordane. Dei to fjordbussane var prikklike. Det var ikkje mange som kunne skilja dei frå kvarandre utan å sjå navna på skutesida.

Ein annan spesialitet med "Fjordsol": Dei fleste rutebåtane til Stavangerske blei brukt i allslags ruter. Dei gjekk i heile distriktet etterkvart. "Fjordsol" gjekk i Sauda-ruta i all si tid. Derfor blei dette rutebåten i mange saudabuar sitt liv. Det var den som skulle hatt navnet "Sauda", kan du skjøna.

"Fjordsol" hadde følgjande stoppestader i si glanstid: Sauda, Saudasjøen, Sand, Marvik, Jelsa, Stavanger. Avgang Sauda klokka 7. Framme i byen klokka 11.10. Marsjfarten var 14 knop.

Eg fortapte mi sjel til fjordabåtane tidleg i min barndom. Det meste av det eg høyrde om bådane, hugsa eg. Seinare fekk eg jobb som sommarmatros og fekk dermed ekstra mykje kunnskap om denne historia.

"Fjorjdsol"-reportasjen sto i Aftenbladet 1. okotber 1977.

I januar 1977 begynte eg som journalist i Aftenbladet. På denne tida skjedde det store endringar i fjordafarten. Dette var glanstida for westamarane. Flaggskipa frå etterkrigstida song på siste verset.

"Fjordsol" hadde siste sommaren i rutefart. Syster "Fjordbris" låg i opplag på Skjæret. "Fjorddrott" låg og rusta på Jørpeland.

I september masa eg meg til å laga ein laurdagsreportasje om "Fjordsol" sine siste dagar. Saman med fotograf Leif Berge reiste eg ein siste tur med båten. Dette blei halvanna side i avisa 1. oktober 1977.

Planen min nå er å laga adventsbloggar med utgangspunkt i bilda og minna frå denne siste turen med "Fjordsol". Det kan bli ein adventskalender for oss gamle gubbar.

Viss du har innspel, "Fjordsol"-bilde eller andre opplysningar, er eg interessert i det. Mailadressa mi: hjelmelandsfjord@gmail.com.

Kommentarer frå Facebook:

Kolbein Bakka Hugsar Fjordsol, kan du vita ! Ein bytur til året i heile oppveksten, og då me såg by'n langt der framme, var det som å vera på veg inn i eventyret. I gymnastida på Hetland, 1965-68, reiste me kanskje innover laurdag ettermiddag i 14-15-tida, kom til Osen i 19-tida, gjekk "ut på livet" om kvelden, sov neste morgon til langt på dag og reiste att i 15-16-tida. Annige tider, og mykje Fjordsol. Ein og annan gongen mot slutten, vart det Ekspressen på halve tida, men dyrare. Fekk ikkje nytte av "skulemoderasjonskortet" der. Elles minnest eg vėl at reisetida frå by'n var nok til at mange var komne litt i "gleden" før dei gjekk i land på Sand, og gjerne vidare på bussen opp til Osen. Når karane kom att frå Haustmarken i Hillevåg eller når påskatrafikken stod på, var somme jamnt ventande litt " i glansen" slik. Var stoda meir enn tydeleg, sa me ungane at me hadde sett "fudlebassar". Litt Fjordsol-soga dette òg 

Albert Moe Ja, å reisa med Fjordsol var som oftast ei gild reise. Og så den artige mannen i kiosken, Eg meiner han heitte Nilsen. Hugsar han som ein lunefull kar. Spøkefull og i godt humør eine dagen, men sur og gretten andre dagen.

Kolbein Bakka Nilsen heitte han, og humørsvingingar som du seier, Albert Moe. Hugsar du den handdrivne heisen han hadde inne i kiosken ? Kaffien kunne og verta rimeleg beisk utetter dagen, kokt som han var på stor kjel før avgang frå Sauda orle morgon.


Toralf Stuvik På 50talet hadde eg sauer samen med Syvert Nyvoll og David Hagen på beite i Svanndalen ,to sauer blei igjenn då me skulle henta dei.Utpå hausten kom dei med Fjordsol frå Saudasjøen til Jelsa!

Jørund Vandvik Etter eg blei fødd i Sauda 10. november 1955 tok mor og eg Fjordsol heim mot Sand. Men båten grunnstøytte i Saudasjøen, i tjukk tåke. Me måtte i livbåtane for å bli rodd til lands, for deretter å fortsetja med buss til Ropeid/Sand. Kanskje du har tilgang til SA arkiv om hendinga, slik omlag 15. november 55?

Kjell Løvås "Fjordsol" var reservebåt for "Haugesund" på 50 tallet. En kveld på den tiden da de skulle gå fra Kopervik fikk hun trossa i propellen. Hun drev utover. Det lyktes en båt å få sleper ombord slik at hun ikke drev på land.









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar