mandag 27. august 2018

«Fjorddrott» sin sørgelege slutt

Her blir «Fjorddrott» senka i Nedstrandsfjorden Foto: Johs. Østvold.


4. oktober 1985 blei den ein gong så elegante fjordbussen «Fjorddrott» senka i det djupaste hålet  i Nedstrandsfjorden. Nokon entusiastar tykte det var sørgeleg at denne båten skulle få ein så ærelaus ende. Andre var på dette tidspunktet glade for å få den skabbete rustholken vekk.

Det var stor fest, mange talar og salutt då Stavangerske sette den gulmalte «Fjorddrott» inn i rutefart i juni 1939. Den nye fjordbussen snudde opp ned på alle oppfatningar om kva ein rutebåt kunne vinna over på ein dag.


                    «Fjorddrott» i Haugesund før krigen. Her er båten gulmalt og har svart skorstein.


Klokka 7 om morgonen gjekk «Fjorddrott» frå Sauda til Stavanger. Etter ei kort stopp gjekk båten vidare til Haugesund. Samme ettermiddag returnerte den til Stavanger og enda opp i Sauda på kvelden. 164 nautiske mil gjekk «Fjorddrott» på ein dag. Dette tilsvarar avstanden mellom Tungenes og Arendal.

Ikkje løye at «Fjorddrott» vekte oppsikt i inn- og utland. All verdas aviser skreiv om den nye fjordbussen. Konstruktøren, Ludvig Thorsen, hausta stor fagning for  dette. Han blei seinare teknisk direktør i Stavangerske.

«Fjorddrott» slik folk hugsar den i dag Foto: Stavanger
maritime museum. 


Etter krigen gjekk «Fjorddrott» i mange år til Finnøy, Nedstrand og Vindafjorden. Sjølv i dag er det vaksne mannfolk i desse bygdene som blir skjelvande i røysta når dei snakkar om denne båten.

18. februar 1972 kom «Fjorddrott»  for siste gong i rute frå Ryfylke til Stavanger. Dette gjekk relativt roleg for seg, men blei omtalt både i Aftenbladet og Rogalands Avis. Prominensane var ikkje på kaien og tok mot fjordbussen, men den tidlegare kapteinen gjennom åtte år, Anders Elfarvik, var på kaien og tok farvel med båten og siste kaptein Karsten Gilberg og siste chief Magnus K. Strøm.


Siste arbeidsdag på «Fjorddrott». Her er mannskapet avbilda i Rogalands avis. 19. februar 1972. 

Nå blei fjordbussen seldt til Lars Hovland & Co på Jørpeland, «Fjordsveis» blei nytt navn på båten som blei brukt som flytande verkstad og kai. Båten forfall etterkvart som tida gjekk. Hovland bygde nye kai og dermed hadde han ikkje bruk for båten lenger.

Veteranbåt-entusiastar frå Stavanger fekk kjøpa gamle «Fjorddrott» for ei krone. Tanken var å restaurera båten og bruka den som flytande museum og turbåt. Men akk. Det blei ikkje nokon sving på prosjektet.

Den ein gong så flotte båten blei liggjande og forfalla i Hillevåg. Den var ikkje noko vakkert syn. Då den sleit seg i ein storm og kom på rek i Gandsfjorden, fekk havnestyresmaktene nok.  Den gamle holken måtte vekk.

        Den ein gong så flotte salongen på «Fjorddrott»  fotografert i 1985 av Johannes Østvold.


«Fjorddrott» blei taua av ein slepebåt då den kryssa Hidlefjorden for siste gong 4. oktober 1985. Dei siste bilda av båten er eit trist syn.  Fjordbussen legg seg over på sida og søkk i Nedstrandsfjorden. Baugen er det siste som stikk opp over vatnet. Desse bilda har eg fått av Johannes Østvold frå Sandnes. Eg reknar med at han var fotografen.  Han hadde ei svær samling med bilder av gamle fjordabåtar.

Lat oss hugsa både «Fjorddrott»  og Johannes Østvold med glede!

«Fjorddrott» gjekk til bånns i Nedstrandsfjorden i 1985.



søndag 19. august 2018

«Hylsfjord» - frå Vanvik til Drammen

«Hylsfjord» på veg til kai på Suldalseid. Foto: Odd Martin Lundbø.


«Hylsfjord» blei sett inn i  rutefart i juni 1959.  Dette var den siste konvensjonelle rutebåten som blei spesialbygd for å gå i Ryfylke, frå Hylsfjorden til Sand og Sauda. 

20. mai 1959 blei båten døypt i Mandal av Astrid Underbakke frå Sand. Ho var kona til forretningsførar Sverre Underbakke i Hylsfjord Rutelag. Styreformann i rutelaget var direktør Erling Aanensen i Stavangerske. Han var også til stades på dåpen saman med overingeniør Jonas W. Endresen frå same rederiet. Den siste hadde hatt tilsynet med bygginga av det nye skipet ved Westermoen Båtbyggeri. Dette verftet er mest kjend for westamarane som dei begynte å byggja på 1970-talet.



Aftenbladet 21. mai1959
I reportasjen frå dåpen i Aftenbladet 21. mai 1959 står det at «Hylsfjord» var om lag 50 bruttotonn med ein motor på 100 hestekrefter som gav ein fart på ni knop. Skipet var sertifisert for 85 passasjerar. Det var 35 sitjeplassar fordelt på to salongar, ein mindre forut og ein litt større akter. I følge avisa var båten utstyrt på den mest moderne måte og var eit stort framskritt for ruteferdsla mellom Sand og Hylsfjorden.

Hylsfjord Rutelag var eit underbruk av Stavangerske. Båten hadde gul skorstein med tre blå ringar. 

Fjordbuane  kunne reisa med  «Hylsfjord» til Sand og vidare til Stavanger med «Fjordsol». Den gjekk fem dagar til Sand om vinteren og seks om sommaren. Kvar laurdag gjekk båten til Sauda. Dei siste åra blei denne turen flytta til fredag.

«Hylsfjord» hadde mange kaiar på ruta si. Den fyrste tida gjekk den frå Sand til Røyrvik på andre sida av Sandsfjorden, så til Tangen, Drarvik, Vanvik, Suldalseid, Li, Valskår, Øro, Tengesdal, Lingvong og Hylen.

I Aftenbladet sto det at «Hylsfjord» hadde ein maskin på 100 hestekrefter. Den var ikkje meir enn 60 hk. Det var altfor lite i dei hardaste isvintrane. For å halda råka åpen, måtte båten gå omtrent døgnet rundt. 
Aftenbladet 15. mars 1962.



Vintrane på 1960-talet var tøffe i indre deler av Ryfylke. Saudafjorden blei full av is. Snøen sperra Dollarvegen mellom Sauda og Ropeid. Ikkje lett å reisa til og frå.
Fyrstesida på Aftenbladet 15. mars 1962 viser koss det låg an i Sauda. Under bildet står det følgjande tekst: Dette er ikke et bilde fra den siste russiske ekspedisjonen til Antarktis. Det er et morgenbilde fra Sauda havn. Lasteruta «Sauda» ligger klar til å dra til Stavanger, mens «Hylsfjord» kommer baskende inn i isen med passasjerene som i grunnen skulle kommet med bussen hvis det hadde vært åpen vei. «Hylsfjord» gjorde også et forgjeves forsøk på å forsere isen inn til Molla i Saudafjorden. - Nå er det ikke løye lenger, sier folk i Sauda.

Så langt tilbake som i 1956 var det 6024 passasjerar på Sandsruta og 1342 på Saudaruta. I 1980 var det 1715 passasjerar til Sand og 93 til Sauda.

I 1970-åra kom vegane som tok passasjerane frå fjordabåten. Fyrst kom det veg frå Steine i Suldal til Suldalseid og Valskår. Hylen blei knytta til vegnettet i samband med Ulla-Førre-utbygginga. Vegen frå Sauda til Vanvik var ferdig i 1978 og i 1983 kom det veg til Tengesdal. Då var det ikkje bruk for «Hylsfjord» lenger.

Ola Løland var den siste skipperen på «Hylsfjord». Han hadde 15 års fartstid om bord. Seinare seilte han på Ropeid-ferja, men enda opp som bussjåfør mellom Sauda og Vanvik. 


Heilsides laurdagsreportasje i Aftenbladet 26. mars 1983.

Ein heilsides reportasje  i Aftenbladet 26.mars 1983 måtte til for å markera at nå var det klart for bilalderen langs fjorden innanom Sand. Det gjekk veg til kvart einaste fjordahål. Ingen trong båt for å komma seg av stad til Sauda eller Sand. Hadde ein bil og førarkort kunne ein ta av stad. Kjøra ferjefritt til Oslo om ein ville.

«Hylsfjord» forsvann frå Ryfylke for 35 år sidan. 30. juni 1983 meldte Aftenbladet at «Hylsfjord» var seldt til Sigurd Hillestad frå Høylandsbygd. I 1986 kjøpte Sverre Hundsnes båten. Han sette nytt styrehus på båten. Bloms oppmåling kjøpte seinare båten. Då blei det sett inn ny motor: Ein Volvo på 300 hestekrefter. 
«Hylsfjord» i Drammenselva. Manglar navn på fotografen. Kan nokon  hjelpa?

I 1999 blei «Hylsfjord» lystbåt.  Den er stadig fin i pussen og var på tokt langs kysten sør for Drammen så seint som nå i sommar. Den har fast liggeplass i Drammenselva. Viss du har auene med deg kan du sjå den både frå toget eller bilen når du passerer. 

- Neste år har eg hatt «Hylsfjord» i 20 år. Eg har ingen planar om å kvitta meg med båten, seier eigaren, Jan Halle, frå Drammen.