lørdag 9. desember 2017

Jelsabuane tok "Fjordsol" til sjåførskulen

Anders Romsbotn og Bjørg Nygård i øvre salong på "Fjordsol". Dei reiste frå Jelsa til byen for å ta kjøretimar.
Foto: Leif Berge.


"Fjordsol" kunne ta 399 passasjerar. Men berre fire passasjerar var med då båten gjekk frå Stavanger tysdag 27. september 1977 den dagen Aftenbladet skulle laga reportasje på sjøbussens siste dagar i Saudarutå. For dei fleste var det ikkje nokon stas lenger å reisa med "Fjordsol" til Jelsa, Sand og Sauda.  Westamaranen "Fjorddrott" gjekk dobbelt så fort og halverte reisetida.

To trufaste sjeler hadde likevel benka seg i øvre salong. Jelsabuane Bjørg Nygård (38) og Anders Romsbotn (50) var på veg heim i frå byen. "Fjordsol" var ein gild båt å reisa med. Den ville bli sakneleg. Dei måtte likevel innrømma at dei hadde teke westamaranen då dei reiste frå Jelsa til byen på føremiddagen. - Om morgonen er det sytesamt å reisa med "Fjordsol". Då er det knappare med tid, sa Bjørg Nygård.

- Kva ærend hadde så dei i byen? Dei journalistane veit å spørja.
Bjørg Nygård kjører Toyota Yaris
nå for tida. 

Jo, begge dei to jelsabuane heldt på å ta førarkort. Dei var i byen for å ha kjøretimar, står det i den 40 år gamle avisartikkelen.

- Eg hugsar godt at me kom i avisa, seier Bjørg Nygård som er den einaste som lever i dag av dei som det var bilde av i den gamle laurdagsartikkelen.

- Fekk du førarkort?

- Ja. I løpet av oktober hadde eg kjørt opp og fått lappen. Eg var så oppgira då eg kom heim frå byen at eg tok bilen vår, ein Mazda 929. og kjørte på den smale vegen inn til Romsbotn, heilt i botn av Økstrafjorden, og besøkte "klassekameraten" min frå trafikkskulen. Det gjekk heldigvis bra både med meg og bilen.

Grunnen til at dei og fleire andre, godt vaksne, jelsabuar tok førarkort akkurat då, var at Haugland Trafikkskule i Stavanger arrangerte teorikurs på Jelsa for dei som var interesserte. Etter avslutta teorikurs, var det kjøretimar i byen.

- Då dette tilbodet dukka opp, bestemte eg meg for å slå til. Eg måtte læra meg å kjøra bil før eg blei for gammal, seier Bjørg Nygård.

Mange gonger seinare har ho prisa seg lukkeleg for den avgjerda. For i 1984 blei mannen, Olav Nygård, alvorleg skada i ei fallulukke. Han blei pleiepasient resten av si tid. Dermed måtte Bjørg vera sjåføren i familien.

Bjørg er stadig ute og kjører. For tida har ho ein Toyota Yaris.

Sidan denne bloggen jo er litt personleg prega, må eg ta med at eg har visst kven Bjørn Nygård er, så lenge eg kan hugsa. Ho er frå Kvame i Hjelmeland og syster til tidlegare skulesjef Jone Kvame. Ho har to yngre systrer, Sigrunn og Tordis, som stadig bur på Hjelmeland.

- Far min brukte litt tid på å få førarkortet. Eg trur ikkje han kjørte bil før utpå neste vår, fortel Brit Romsbotn,  dottera til Anders.

Anders Romsbotn dreiv gard innerst i Økstrafjorden. Skogen var hans store interesse. Han var lite interessert i bil.

- Far kjørte lenge med hest. Han fekk seint traktor. Romsbotn fekk veg i 1970. men det tok tid før bilen kom til gards. Eg hugsar godt at me sat på traktortilhengaren då me skulle på 17. mai-feiring på Jelsa fleire år.

Til slutt kjøpte han  "Sølvpilen", ein Toyota.  Han fann seg godt til rette bak rattet. Det var aldri nei i hans munn når nokon trong skyss til Jelsa. Han kjørte kona, Gunvor, på jobb i barnehagen på Jelsa og han henta og leverte ungane på kaien når dei kom eller reiste med båten.

Anders Romsbotn døde 2007.

Brit Romsbotn er journalist i Jærbladet og busett i Time.












Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar