torsdag 14. desember 2017

"Fjordsol"-Nilsen overlevde to krigsforlis

"Austri" i brann utanfor Stord i februar 1945. Foto frå Bergens Tidende.



Då det small på havna i Bergen 20. april 1944, låg Kaj Bigum Nilsen og sov i kokkelugaren om bord i kystruteskipet "Rogaland". Trykket frå eksplosjonen var så kraftig at skipsventilen fauk inn i lugaren og knuste vasken. Hadde køya stått slik som den gjorde i dei fleste andre lugarane om bord, ville ventilen knust hovudet hans.
Kaj Bigum Nilsen



Av alle som var om bord i "Rogaland", var det berre ei kvinne som omkom. I alt var det 96 sivile som blei drepne  i den svære sprengningsulukka i Bergen pluss 50 tyske soldatar. "Rogaland" sokk ved kai i Vågen. Kystskipet var så kraftig skada at det blei kondemnert etterpå.

Nå gjekk kokk Nilsen om bord i nattruteskipet "Austri".  21. februar 1945 gjekk britiske fly  til angrep på skipet som var på veg frå Haugesund til Leirvik på Stord. "Austri" blei sett i brann og så senka av flya utanfor Eldøyane rett sør for Leirvik.


Kokken som ikkje kunne symja, heldt seg flytande ved hjelp av eit livbelte og ei åre mellom beina. Då kom dei britiske flya tilbake og skaut på overlevande låg i sjøen, 
Ni norske passasjerar, ni av mannskapet om bord, 17 russiske kvinner og eit ukjent antal tyske soldatar mista livet i dette flyangrepet som ikkje var godkjent av dei norske styrkane i Skotttland. 
- At dei skaut mot oss som låg i sjøen, var det verste av alt, sa Kaj Nilsen ein av dei få gongene han snakka om det som skjedde under krigen.
Han prøvde seg å leggja krigsopplevingane bak seg så godt han kunne. 






Kystruteskipet "Rogaland" blei kondemnert etter eksplosjonsulykka i Bergen i 1944.


- Ein lunefull type denne Nilsen i kiosken i øvre salong på "Fjordsol". Spøkefull og i godt humør eine dagen. Sur og gretten neste dag. Slik blir han skildra av tidlegare passasjerar i dag. Som ungdommar opplevde dei den mykje eldre restauratøren som ein spesiell mann då dei reiste med båten mellom Sauda, Sand og Stavanger.

Ingen av dei reisande og få DSD-folk visste kva han hadde opplevd før han gjekk om bord i den nye "Fjordsol" som restauratør i 1948.

Restauratøren dreiv sin eigen forretning om bord. I dei beste åra hadde han fire tilsette i restaurasjonen.

- Far var nesten aldri heime i Stavanger om kveldane og i helgene. Om føremiddagen kom han heim og åt middag før han gjekk ned på "Fjordsol" igjen og drog til Sauda. Han hadde som oftast fri frå tysdag til onsdag, fortel sonen Harald som var nr. 2 av tre søsken.

Ungane måtte også vera med og jobba på "Fjordsol".


- Eg sto for det meste i oppvasken, kokte kaffi eller styrte med den handdrivne heisen mellom kiosken og byssa  under dekk, fortel Harald.   

 Familien Nilsen budde i Østre Ring og seinare i Jelsagata i Stavanger.

"Fjordsol" på veg til kai i Sauda. Ukjent fotograf. 



Kaj Bigum Nilsen blei fødd i Randers i Danmark i 1910. Som fem-åring kom han til Stavanger saman med mora. Ho døde i 1921. Sjøl om han hadde mykje slekt i Danmark, blei guttungen buande i Norge. Som ungdom kom han i kokkelære. Frå 1925 var han om bord i Stavangerske sine kystskip. Då nyskapningen "Fjorddrott kom i 1939, jobba Nilsen der ei tid før krigen.


Då me reiste med gamle "Fjordsol" på reportasjetur til Sauda i september 1977 var det ingen restauratør å sjå. Den siste  var gått i land fleire år tidlegare.  - Brus fås kjøpt av mannskapet, sto det lenge på ein lapp som var stifta fast på den stengte kiosken i salongen. I 1977 var også denne lappen borte. Ingen forfriskningar til salgs på "Fjordsol" lenger.

Kaj Bigum Nilsen hadde forlengst skifta båt. Frå 1969 var han på Tau-ferja. På den tida var eg sommarmatros på Tau-ferjene og hugsar godt Nilsen og dottera Anne Marie. I 1972 gjekk han av med pensjon, men det gjekk ikkje mange dagar før han var nede på Stavangerske og fekk seg ny jobb som kontorbud mellom avdelingane til selskapet. Pensjonistbudet var godt likt av kontorfolka.


- Far var alltid aktivitet. Dermed greidde han i stor grad å halda dei traumatiske opplevingane frå krigstida på avstand. Men eg hugsar han hadde eit par nedturar i min oppvekst. Då han kom på aldershjem i sine siste år, sleit han også med hendingane frå krigstida, seier Harald Nilsen.

Den tidlegare restauratøren blei 95 år gammal.

I 1968 fekk Kaj Bigum Nilsen Rederforbundets gullmedalje etter å ha vore over 40 år i Stavangerske. Då kom det bilde av han i Aftenbladet. Det er dette eg har bruka her i bloggen. Viss nokon har eit bedre bilde som eg kunne fått låna, ville det vore kjekt.

Kaj Bigum Nilsen var ein spesiell og skikkelig mann. Han hadde fortjent eit skikelig bilde også!

Kommentarer frå Facebook:

Ståle Julius Olsen Der kom ´an. Mannen som stod i luka bak glassdisken på Fjordsol. Han har levd i hovudet mitt i alle år som sjølve sinnbiletet på ein distingvert herremann som kunne trylla fram dei høgaste rekesmørbrøda ein kunne drøyma om. Eg har aldri kjent namnet hans. Men framtoninga står for meg som essensen av det service innan fjordafart ein gong kunne vera. Kva har du i dag: halvlunken kaffi i plastikkbeger - i beste fall isoporbeger.

 Restauratøren på gamle Fjordsol hadde ekte vitroporselen-koppar frå Stavanger Flint eller Figgjo og kaffien kom i plankpussa stålkanner med plass til minst to koppar og meir for "påtår". Men at det var ein vareheis ned til pantyen var ikkje kjent for meg. Eg trudde han sprang ned leideren for kvar bestilling og smørte på bestilling. Smørbrøda var i alle fall blodferske! Er så utruleg takknemleg for at Jone sette namn på helten og i tillegg gav oss ei livshistorie. Det låg ikkje utan på han at han hadde hatt slike opplevingar under krigen som du fortel om. Ein helt.

 Ein det kan skrivast ein romantrilogi om.

Astrid Rohde Han husker jeg godt. Vi fikk alltid låne lugaren til en av mannskapet som far kjente (nede i båten). Jeg stod mye i døra til byssa og så på når han arbeidet). Det som var mest spennende var når en kjøkkenheis ble sent opp med varer og kom ned med andre ting. 

Ottar Vandvik Takk for flott adventskalender om den andre båten i oppveksten min. Sunnhordland var den andre. Nilsen kan eg sjå levande for meg i den kvite jakka. Eg opplevde han som blid. Unntaket var når nokon laug på alderen for å kjøpa røyk og drikke.

Berit Fatnes Valskår Då eg var lita, var eg litt redd Nilsen. Etter kvart som eg vaks til, og etter mange turar med Fjordsol, oppdaga eg at han hadde eit "hjarte av gull" Ein herleg og hjelpsom mann!!!!














Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar