onsdag 31. mai 2023

Flunkande nytt kommunehus med Norges største dør!

 

Kommunehuset under bygging sommaren 1961. Foto: Georg Vika.

Med Norges største dør på plass og dei blankaste bord du kunne tenkja deg sto kommunehuset i Hjelmelandsvågen fiks ferdig i 1963. Ja, hjelmelandsbuane var redde for at ordføraren ikkje ville våga å bruka klubba si på så fine bord i kommunestyresalen, sto det i Aftenbladet.


Kommunehuset i Hjelmelandsvågen i dag.


Det meste av huset var teke i bruk i løpet av 1962, men finpussen i og rundt det nye huset skjedde i løpet av 1963. Åpningsfesten gjekk av stabelen 12. desember 1963 med alle vikige aktørar på plass. Til og med Astrid Tuntland, ordførar Georg Vika sin livslange kjærast, var mellom gjestene.


Oppslaget i Aftenbladet 3. desember 1962.


Nå var det endeleg slutt på det kummerlege tilværet for dei kommunale kontora i forkjellige stover kring i privathus i Vågen. Det nye kommunepalasset husa trygdekasse, folkeboksamling, post, telefon, festsal, formannsskapssekretær-kontor, likningskontor, formannskapssal og kommunestyresal. Og Hjelmeland Sparebank i tillegg. Banken var ein viktig partner ved finansieringa av bygget. Det var forresten også eit venterom for tilreisande i kommunehuset. Rommet hadde utgangsdør mot moloen.


Formannskapssekretær Kristoffer Torsen har flytta kontoret frå besta-stova
heime hjå mora si til eit flott kontor i kommunehuset. Med på flyttelasset kone
 og kontordame Annemor. Aftenbladet 3. desember 1962.


I Aftenbladet sto det at det nye huset slett ikkje sto tilbake for korkje Sola eller Høyland sine, utan at hjelmelandsbuane ville bresa seg med rådhus-navnet for det.


Heilt sidan den fæle flaumen for med kommunehuset på Hjelmeland i 1940, hadde dei levd med provisoriene. Men nå sto det nye huset klart. Det blei dyrt. 850 000 kroner var kalkylen i februar før arbeidet starta. 820 000 kroner hadde formannskapssekretær Kristoffer Torsen betalt ut i desember 1962, men då gjensto det golvbelegg for 30 000 kroner, litt elektrisk installasjon og arbeidet med å laga eit høveleg rådhustun.


Byggjesummen høyres ikkje stor ut i dag, men skatte-inntekta var ikkje på meir enn 670.000 kroner, netto. Pluss dette skulle ein også byggja ny Solvang skule som skulle bli nesten like dyr: 800.000 kroner rekna dei med til skulebygget som var ferdig hausten 1963. Den er for lengst riven for å gi plass til hotell.


Det var AS Betong som fekk arbeidet med råbygget på kommunehuset. Dei skulle ha 318.975 kroner for oppdraget. Endre Aarreberg var arkitekt.


Det har skjedd store endringar sidan 1963. I dag blir kommunehuset brukt til kontorer for ordførar, komuneadministrasjon og prosjekt-avdeling for økonomi og it. I tillegg er det kantine der post og telefon held til. Hjelmeland Sparebank har fått eige bygg på Prestagarden. Formannskaps- og kommunestyresal er stadig på plass, men Norges største dør er borte.


Hjelmeland kommune overtok seinare handelslaget sitt bygg på andre sida av vegen og sette opp eit nytt bygg der. Der er det plass til kulturavdeling, bibliotek, planleggingsavdeling, frivilligsentral, vaksenopplæring og så vidare.


fredag 26. mai 2023

Nikolai var både moped-sjarmør og omsorgsfull bror

 

Nikolai Aarthun og systera Ingeborg Vika fotografert av Georg Vika. Nikolai var på sin årlege
sommartur frå Hellandsbygd til systera på Hjelmeland på 1970-talet.


Han var både sjarmerande og fotogen, Nikolai Aarthun frå Hellandsbygd. Ikkje rart at han fekk tilbod frå Oslo om ein rolle i ein reklamefilm. Men han takka kontant nei.


For han reiste ingen plass. Einaste unntaket var ein årleg tur til Hjelmeland for å besøka systera Ingeborg. Då gjorde han klar den flotte, blanke Temo Lett-mopeden dagen før. Den blei berre bruka på turar til Slettedalen og den årlege turen til Vika i Hjelmeland.


- Klokka fire om morgonen starta han på sommarturen. Onkel Nikolai ville komma seg av garde før det blei trafikk på vegane. Dessutan hadde han sikra seg med både hjelm og briller. Ikkje ein motorsykkelhjelm, men ein hjelm for anleggsarbeidarar og vernebriller, fortel Ingebjørg Aarthun som hugsar den gamle ungkaren med glede.


Så Nikolai suste gjennom Sauda sentrum lenge før "morgonrushet" og reiste over Sandsfjorden med Ropeid-ferja før saudabuane begynte å vakna til liv.


Sommarferiane på Hjelmeland varte ei vekes tid. Han hadde eit nært forhold til systera og sonen hennar, Georg Vika som var ein ivrig amatørfotograf. Det var han som fotograferte syskenparet og mopeden framfor huset hennar i Vika ein gong på 1970-talet.


Kompisane Nikolai Aarthun, til venstre, og Karl Handeland hadde alltid mykje å 
snakka om. Foto: Georg Vika. 


Vel heime i Hellandsbygd igjen parkerte han mopeden og brukte den stort sette berre når han skulle opp til Slettedalen for å sjå om sauene sine. Nikolai dreiv småbruket Ekrå i Hellandsbygd. Dette er fyrste garden på høgre sida når du kjem kjørande frå Sauda. Men han budde i eit hus ved kapellet i bygda.


Nikolai var alltid i godt humør og det var alltid lått og løye der han var. Ein sjarmerande mann.


- Kan du begripe at denne sjarmøren ikke er gift, var det ei dame som skal ha sagt.


Nei, han levde ungkarens glade dagar. Om morgonen sykla han av garde for å stella sauene. På vegen heim igjen stoppa han alltid hjå nabo og kamerat Karl Handeland. Dei drakk kaffi og løyste verdensproblem.


Frå reportasje i lokalavisa Ryfylke i 2004.


Ein dag i 1989 mens dei sat der og prata, kom den unge Bjørn Eivind Aarthun innom og tok bilde av mannfolka. Han var i ferd med å etablera seg som fotograf i Oslo og tok bilde av likt og ulikt i heimbygda. Bildet av dei to kompisane blei arkivert og kunne brukast til ulike føremål. Slik enda det med at dei karane havna i ein heilsides Gilde-reklame i vekebladet ”Se og Hør” i 2004. Dei to kompisane opplevde ikkje dette. Karl døde i 1992 og Nikolai i 1996.


Grunnen til at eg skriv om dette? Eg fekk tilgang til ein del av bildesamlinga etter Georg Vika. Der fann eg bildet av Nikolai og Ingeborg saman med mopeden. Bildet var så spesielt at eg måtte finna ut meir om dei to syskena og mopeden.


Ingeborg var fødd i Hellandsbygd i 1896. Ho blei gift med den kjende gjætaren og heiamannen, Syvert Vika frå Hjelmeland. Saman gjætte dei svære sauedrifter i Saudaheiane i 50 år. Mannen døde i 1962. Ingeborg blei 95 år gammal.


Kor blei så mopeden av? Dette var ein Tempo Lett frå 1966 med registeringsnummer L 36591.


Nikolai gav mopeden til Tor Egil Aarthun då han var 16 år i 1985. Han brukte mopeden på ein heilt annan måte. Den enda som dele-moped og er for lengst ute av soga.


Nikolai Aarthun sin Atlantic-aksje.


Mangfoldige Nikolai Aarthun kjøpte ikkje berre moped. Av alle ting hadde han også kjøpt seg ein aksje i Hotel Atlantic i Stavanger i 1950. Den gav han på sine eldre dagar til nevøen Torstein Vika. Aksjen kosta 500 kroner i si tid. Torstein fekk 17 000 for aksjen mange år seinare då han selde den.


(Bildesamlinga etter Georg Vika tilhøyrer Jostein Vika. Terje Bråtveit har skanna dei som eg har brukt.) 


Kommentar på Facebook: 


Knut Georg Nilsen

Nikkull heitte han i Hellandsbygd. Han åtte ein av dei tre mopedane i bygdå i 1970. Onklane mine hadde di to andre.
Nikkull og onkel johannes var fleire gonger på mopedtur heilt til Dyrskuen i Seljord. Det er i september og ein gong kom det snø på Haukeli. Den turen har eg høyrt mykje om fleire gonger. Fortelja kunne dei.

mandag 22. mai 2023

Ertersuppe-sambandet over Jøsenfjorden

 

Odit Hetlelid var suppekokk på "Jøsenfjord-ferjen" i 1981. Foto; Kjell Geithus.

Den fantastiska ertersuppa er det viktigaste minnet folk har om «Jøsenfjord-ferjen». På facebook la eg ut eit uskuldig bilde tatt i det ferja gjekk frå Tøtlandsvik ein gong rundt 1980. Det utløyste eit hav av likes og ein flaum av ertersuppe-meldingar. Folk lovpriste suppa som blei servert på den 13 minutt lange turen over Jøsenfjorden frå Tøtlandsvik til Vindsvik.


Kanskje ikkje så rart at det kunne smaka godt med litt varmt i livet etter å ha venta i sju lange og sju breie i ferjekø i Tøtlandsvik på ein fredag ettermiddag for å komma seg vidare til forjetta hytteland litt lenger inne i Ryfylke.


Erfjord-jenter i kvardagsbunad var i kiosken på "Jøsenfjord-ferjen" i 1966. Her er
Bjørg Erøy ein tur på brua med ferjeførar Bjarne Lilledal og billettør Reidar Eiane.
Lilledal og Eiane var begge ferievikarar.  Foto: Olav R. Hauge.

Både «Jøsenfjord-ferjen» og ferjesambandet Tøtlandsvik – Vindsvik er forlengst ute av soga. Ferjesambandet eksisterte frå 1965 til 1990. «Jøsenfjord-ferjen» blei for liten etterkvart og blei flytta frå Jøsenfjorden i 1986. Eg trur at den unike ertersuppa forsvann med den trufaste ferja. Men dei mange ertersuppe-minna kjem til å leva i mange år ennå.


- Vi har våre suppeknep, er overskrifta på eit heilsides oppslag i Rogalands Avis frå 29. august 1981. Her er Odith Hetlelid avbilda og presentert som suppekokk på ferja. Mange hugsar den blide Odith som kiosk-dame i Tøtlandsvik, men denne kiosken blei nedlagt og dermed havna ho som kokk på ferja.


I denne avis-artikkelen står det at den innarbeidde suppe-tradisjonen var i ferd med å avgå med døden. Men eit opprør frå dei reisande redda dette tilbodet. Odith tok seg av suppe-kokinga i kiosken i salongen under bildekket.


I 1981 kosta suppa servert i ein papptallerk og slurpa opp med plastskei fem kroner og femti øre.


Ferietrafikk i Tøtlandsvik ein gong etter 1976. "Jøsenfjord-ferjen" fekk DSD-skorstein
dette året. Fotograf ukjent.

- Det ville vera feil å påstå alt alle ferjereisande kjøpte suppa til Odith, men mange av dei kasta seg over denne delikatessen, sto det i RA.


Eg hugsar for min eigen del at dei fyrst somrane var det smilande Erfjord-jenter i kvardagsbunad i kiosken på «Jøsenfjord-ferjen». Dei reiste av garde og skulte seg på vintrane. Då var det trauste mannfolk som Øystein Øye og Gulleiv Norheim som tok seg av kiosk-salget på overfarten. Om dei serverte suppa, hugsar eg ikkje.


I ein sommarreportasje i Aftenbladet 4. juli 1979 har reporter-teamet reist gjennom Ryfylke. Dei snakka med Marta Erfjord som var i kiosken den sommaren.


- Passasjerane er hyggelege og mannskapet er som ein stor familie. Det kan vera mykje å gjera og lange dagar, men etter to dagar på jobb er det to dagar fri, fortalte Marta Erfjord til Aftenbladet som ikke spanderte bilde av Erfjord-jenta i avisa.


Dette var det eg fann i gamle aviser om ertersuppa og livet i kiosken på «Jøsenfjord-ferjen».


Avgang Tøtlandsvik i 1980. 


torsdag 18. mai 2023

Festen for ferja med bastard-navnet

 



Den nye ferja i ferd med å sleppa i land dei inviterte gjestene på Hjelmelandskaien. Gjestene
har vore med på overleveringa i Jøsenfjorden og skulle på middag i kommunehuset. 
Foto: Georg Vika.


Ein fylkesmann med tversover-sløyfa og andre storkarar med slips og frakke tok seg fram mellom melkespanna på rutebåt-kaien i Hjelmelandsvågen. Dei gjekk i land frå den flunkande nye «Jøsenfjord-Ferjen» som nettopp var overlevert til Jøsenfjord Rutelag frå Gravdal skipsbyggeri i Sunnhordland. Festdagen skulle nå avsluttast med middag på Hjelmeland kommunehus.


Ein storarta dag, 13. juli 1965. Det blei flagga over heile Hjelmeland. Neste dag skulle ferja setjast inn i ordinær drift over Jøsenfjorden mellom Tøtlandsvik og Vindsvik. Ryfylkevegen kunne endeleg åpnast for trafikk etter 30 år med planar, draumar, lengting, krav og krangling.


Det gjekk seint då den flunkande nye ferja skulle inntil rutebåt-kaien
i Hjelmelandsvågen. Foto: Georg Vika.


Ikkje rart at alle vanlege hjelmelandsbuar som hadde tid, tok seg ein rask tur nedom kaien for å sjå på det nye vidunderet som låg ved rutebåtkaien i Vågen. Ikkje sikkert at alle var like imponerte av den nye ferja som det hadde vore så mykje snakk om. Den kunne ikkje måla seg med Tau-ferja verken i fart eller fasong.


Og så dette bastard-navnet! Det var nynorsk-hovdingen Johan Veka frå Suldal som lanserte dette omgrepet. Jøsenfjord Rutelag hadde søkt Suldal kommunestyre om garanti for eit lån for å finansiera ferja. Navnet var så fælt, meinte Veka, at Suldal burde avslå søknaden. Han blei nedstemt, men fekk fyldig avis-omtale for utblåsinga si.


Det var jo ei lukka at Georg Vika hadde teke foto-apparatet med seg. Han var på den tida heradsagronom i Hjelmeland og hadde vore ordførar i kommunen i opptil fleire periodar. Georg Vika dokumenterte festdagen på ein måte som me stadig kan gleda oss over.


«Jøsenfjord-Ferjen» var ikkje bygd for å frakta storkarar med frakke og lakkskor til og frå Hjelmelandskaien. Derfor var det ein heile sjau å få dei i land etter at dei hadde vore inne i Jøsenfjorden og prøvd dei nye ferjekaiane. Ferja sette baugen opp mot kaien slik at folk greidde å hoppa i land mellom dei tome melkespanna som skulle fraktast til Skiftun med rutebåten i kveldinga.


Med ny kvit uniformshua står Gulleiv Norheim frå Erfjord og passar på at ferja ligg trygt til kai. Norheim hadde fått jobb som billettør på ferja etter å ha seilt som matros på «Hjelmelandsfjord» i aldri så mange år. Maskingpassar Øystein Øye kjenner me også igjen. Han står ved rekka klar til å gripa inn.


Aftenbladet sin utsende, Per Surnevik, er eit håve høgare enn dei fleste av frakka-karane. Far hans var styrmann og skipper på fjordabåtane i mange år, ikkje rart at han står i fyrste rekke og studerer tilhøva.


Flotte folk i frakkar og vanlege hjelmelandsbuar på kaien då den nye ferja kom.
Foto: Georg Vika.



NRK sin betrudde mann i Stavanger, Ivar Holm, var også på Hjelmeland denne dagen for å dela det glade ferje-budskapet med resten av landet. På bildet ser du han i samtale med tidlegare fylkesmann John Norem. Mannen med lydband-opptakaren er NRK-tekniker Leif Larsen.To år seinare overtok Leif Larsen som Stavanger-ordførar etter Arne Rettedal. Arbeidarpartiet gjorde eit brakval i byen og Rettedal måtte gi frå seg ordførar-kjedet.


Men det var ikkje berre storkarar som var på kaien for å sjå den nye ferja. Heilt ekta innfødde er å sjå på bilda til Georg Vika. Eg kjenner igjen to av ungdommane litt lenger ute på kaien. Det er jamaldringane mine, Terje Pundsnes, til venstre, og Øyvind Gauthun.


Ein fagmann med rennesøyhua sit på varesykkelen heilt inntil sjøhusveggen og studerer ferja. Det er Harald Børve, matros på «Fjordbris». Han er tydelegvis heime på Hjelmeland på fri og passar på å studera den nye ferja.


Dei andre folka på bildet skal eg ikkje prøva å identifisera, men eg er glad for innspel frå lesarane.


Ivar Holm frå NRK, med ryggen til, intervjuar tidlegare fylkesmann John Norem, 
fylkesmann Paul Ingebretsen og vegsjef Trygve Gimnes.


Mens storkarane åt middag på kommunehuset, blei køane av ventande bilar lengre og lengre både i Tøtlandsvik og på Vindsvik. Turistane måtte berre roa seg. Fyrst neste dag, 14. juli 1965, begynte «Jøsenfjord-Ferjen» å gå i vanleg rute. Der gjekk den i mange år.


Bastard-navnet forsvann i 1999. Då blei navnet «Jøsenfjord». Stavangerske overtok heile flåten til Jøsenfjord rutelag i 1976. Selskapet hadde ferja til 1999.


Bilda til Georg Vika (1918 - 2013) tilhøyrer nevøen, Jostein Vika. Dette er dias som Terje Bråtveit har skanna slik at dei kunne presenterast i denne bloggen.


tirsdag 9. mai 2023

Politi-ulv i Zephyr-forkledning

Bilsjef Osmund Johannesen viser fram "Zephyr-ulven". Foto: Oddvar Lavold. 

 


Stavanger-politiet har ein "ulv i fåreklær". Ein Ford Zephyr som er spesialbygd ved Ford-fabrikken i England. Den har større fart og akselerasjon enn ein vanleg standard-modell. Slikt trudde me det bare var amerikansk politi som hadde på sine high-ways.


Slik var avsløringa i Aftenbladet 20. august 1965. Journalist Oddvar Lavold arbeidde på den tida på avisa sitt Sandnes-kontor. Men han fekk også tid til å dyrka si interesse for bilar og trafikk ved å ha ansvaret for bil-sida i avisa.


Denne augustdagen var heile sida via til politiet sin jobb med å overvaka trafikken. Journalisten hadde vore på besøk hos bilsjef Osmund Johannesen på Stavanger politikammer.


Ein del av Stavanger-politiet sin bilpark i 1965. 


Dei to motorsyklistane til politiet kunne kjøra 200 kilometer i timen viss det var nødvendig, står det avisa. Toppfarten til den spesialbygde Zephyren står det ingenting om. Bilen hadde ein Zodiac-motor og ein vekselsstraum-dynamo som gav nok straum til alt radio-utstyret sjøl på tomgang og i bytrafikk. Dessutan hadde bilen ekstra stor batteri-kapasitet og mykje anna ekstra-utstyr.


 Politibetjent Einar Mehus på motorsykkelen med ein toppfart på over 200 kiometer i timen. Medhus var opprinnelig fra Rennesøy og gikk av som politioverbetjent ved ordensavdelingen tidlig på  80-tallet.  Motorsykkelen er en engelsk BSA 650 ccm.  Disse ble forbudt å selge i Norge fordi de hadde gear-hendelen på høyre foten og bremsen på venstre. Foto: Oddvar Lavold. 



I 1965 hadde Stavanger-politiet 16 vogner og to motorsyklar i garasjen. Dei fleste av bilane var sivile og brukt i oppdrag der det ikkje var nødvendig med sirener og roterande lys.


Stavanger politikammer var eit av dei få politikamra i landet som sjølv kjøpte inn bilane sine. På eine langsida av garasjen sto det sju prikklike småbilar. Både desse bilane og utrykningskjøretøya var stort sett av same bilmerke, står det i artikkelen. At bilmerket var Ford, blei ikkje avslørt i artikkelen.


Esklusiv Anglia-presentasjon i Stavanger i 1959.



Det var tydelegvis god kontakt mellom Ford-forhandlaren Brødrene Kverneland og Stavanger-politiet. Ikkje rart at bilsjef Johannessen var mellom dei inviterte gjestene då Ford-konsernet, ifølge Aftenbladet, hadde ein eksklusiv presentasjon av sin nye Ford Anglia-modell på KNA-hotellet i Stavanger i september 1959. Dette skulle vera fyrste plassen i heile verda der det nye vidunderet med den heilt spesielle bakruta blei vist fram. Berre ein utvald flokk fekk sjå modellen i London samtidig med Stavanger-folka.


Bilen blei kjørt opp trappene til spisesalen i sjette etasje der den blei presentert på dansegolvet. Ein dørkarm måtte fjernast for få å bilen inn på hotellet og ei glassrute blei knust på siste etappe opp mot spisesalen. Ellers gjekk alt strålande på showet for bilen med 41 hestars motor og eit bensinforbruk på 0,7 liter pr. mil.


Bilsjef Johannessen var ikkje bare ein flink bilmann. Han fant i tillegg opp ei båre som blei brukt til livredning. Dessutan fekk han patent på ei dypvannslykt som blei brukt ved søk etter personar som hadde havna i vatnet. Denne lykta blei brukt ved leiteaksjonar av politiet over heile landet.

lørdag 6. mai 2023

Hardbarka karar freste snø til langt ut i juni!

 


Dei to "snøfresarane", Per Skårland og Odd Mehus, blei små ved sida av brøytekantane. 
Foto: Oddvar Lavold.


Dei freste snø langt ut i juni. Målet var å åpna vegen over fjellet mellom Sauda og Røldal til jonsok etter den fæle snøvinteren 1962. Dei høgaste brøytekantene var 10 meter.


Aftenblad-journalist Oddvar Lavold drog til fjells og møtte vegarbeidarane Per Skårland og Odd Mehus på høgfjellet. Ikkje nokon jobb for amatørar dette. Mehus gjekk oppå den hardpakka snøen og stakk lange aluminiumsstenger ned i snøskavlane for å finna føringskanten og vegen. Per Skårland kom etter med fresaren som hadde meir enn nok med å blåsa snøen over dei høge brøytekantane.


Ikkje mykje klaring for vegvesenet sin store lastebil.


Vegen blei akkurat brei nok til at den store diesel-lastebilen til Vegvesenet kunne komma fram.


Brøytemannskapet hadde vore i sving sidan veka før 17. mai og rekna med å vera ferdige 20. juni.


Snøfresaren var ikkje sterk nok. Den streika rett som det var. Vegarbeidarane hadde eit svært fang med verktøy liggjande inne i styrehuset. Dei måtte vera sine eigne mekanikarar. "De er meget dyktige i så måte, og det er nødvendig for det er svært meget trøbbel med freseren", sto det i reportasjen.


Snøfresaren blei svak mot den harde snøen og trong stadig reparasjon. Dei to
arbeidskarane måtte reparera sjølv. Per Skårland, til venstre og Odd Mehus. 


Veka før journalisten var på fjellet, hadde fresaren hatt stopp frå laurdag til onsdag. Tre gonger hadde det vore større reparasjonar medan arbeidet pågjekk på fjellet. Det var kardangen som brakk. Viss det ikkje hadde vore så mykje trøbbel med maskinen, ville vegen vore åpna for lenge sidan.


Per Skårland blei utropt til folkehelte i Sauda då han kom med snøfresaren etter det voldsomme snøfallet vinteren 1962. Han åpna raskt Dollarvegen mellom Sauda og Ropeid. Den lause nysnøen langs fjorden var null problem for maskineriet. Den hardpakka snøen i høgfjellet var andre boller.


Per Skårland frå Brusand jobba med snø ti månader i året. 


Skårland frå Brusand på flate Jæren, var fast inventar på snøfresarane i Rogaland. Han veksla mellom Sauda, Giljajuvet og Hunnedalen. - Men det er gildt med snø, sa snøfresar Skårland til journalist Lavold.


 Odd Mehus var fast vegvesen-mann i indre Ryfylke og hadde opplevd verste snøvinteren i manns minne. Dei to karane var herda, dei var brunbarka og gjekk med åpne skjortebryst sjølv om det var både skodde og regn.


Brakka hadde dei ikkje med seg. Dei hadde eit gassapparat ståande bak på lastebilen slik at dei kunne koka kaffi til nista som besto av brødskiver med gaffelbitar.


Ein engelsk bil kom kjørande innover fjellet ein dag. Turistane var forbausa då dei blei vinka ned frå fjellet igjen. Nede i Hellandsbygd sto det eit svært skilt med ordet STENGD på, men slikt var ikkje å skjøna for engelskmenn. Ein svenske hadde også prøvd seg. Danskane, derimot, som hadde vore på besøk, dei visste at vegen var stengt.


Den store reportasjen med tittelen "Bare tre mils vei" sto i Aftenbladet 15. juni 1962. Her eit avsnitt til slutt:


"Det var denne veien mellom Hellandsbygd i Sauda og Horda i Røldal staten fikk i presang av Aktieselskabet Saudefaldene. Den går først i korketrekkersvinger opp fra Hellandsbygd til Breiborg, fortsetter innover høgheia forbi Svartevatn til Ekkjeskaret i Røldal. En stor del av veien ligger nær 1000 meter over havet i et fjellparti som er noe av det mest snørike på Vestlandet. Her vest faller det mange ganger så meget snø som lenger øst."


Utsyn frå Ekkjeskaret mot Røldal. Dette bildet er nok teke litt seinare på sommaren. 


tirsdag 2. mai 2023

Gutten som kom i avisa før han fekk navn!

 

Marta Johanne Høllesli med den udøypte gutten på fanget.


Sjå denne gutten! Ka hette han? Kjenner du igjen mora?


Eg fann dette flotte bildet av gutten og mora då me fekk digitalisert filmane etter Aftenblad-journalist Oddvar Lavold. Det kunne jo vera eit privat familie-bilde, men ingen i Lavold-familien kunne svara.


Så fann eg eit koseleg bilde av ein eldre fiskar som ordna opp i garna sine. Det la eg ut på facebook og spurte om nokon kjente han. - Ragnvald Høllesli, var svaret som kom raskt. Etter eit kjapt søk i Aftenblad-arkivet fann eg også svaret på spørsmålet om mora med gutten på fanget. 


Ragnvald Høllesli bøter garn om bord i fiskeskøyta "Lindøy"



"Stakkars folk i veiløse Høllesli" var tittelen på den store artikkelen som sto i Aftenbladet laurdag 26. november 1966. Høllesli-grenda hadde i 30 år levd i håpet om Ryfylkevegen skulle gå gjennom bygda. Det var til og med bygd eit par korte stubbar på vegen i etterkrigstida, men seinare blei det vald ei billegare løysing.


Då vegen blei åpna i 1965, gjekk vegen ut langs Høgsfjorden forbi Meling og Kvalvåg til Botne. Ikkje rett frå Oanes til Botne. Dermed blei Høllesli liggjande igjen i bakevja utan veg.


Marta Johanne Høllesli var navnet på mora med gutten på fanget. Og gutten? Han var fødd 25. juli 1966, men var ikkje døypt då bildet sto i avisa. Navnet blei Alv Sigve. Nå er han snart 57 år og bur i Høllesli. Han er bygningsarbeidar og jobbar for det meste på Jørpeland. Mora, Marta Johanne bur i nabohuset. Ho er frisk og rask og blir 85 år i august.


Ragnvald Høllesli bøtte på garna sine på dekket på fiskeskøyta "Lindøy". Saman med brørne sine, Bernhard, Rolf og Reinert dreiv han fisket. Ein annan ung fiskar dukka også opp på eit bilde som ikkje kom i avisa.Dette var Ommund Høllesli, nevøen til Ragnvald. Han står ved lukekarmen og ser på fangsten, småfisk som skulle brukast til minkafor.



17-årige Ommund Høllesli ved lukekarmen på "Lindøy".


17-åringen Ommund blei ikkje fiskar. Han var butikkbetjent på Madla og seinare bankmann på Forsand i mange år, før han avslutta yrkeslivet som matros på ferja over Høgsfjorden. Han er busett på Forsand. Då eg snakka med han var 74-åringen med som mannskap på "Elieser" som seilte langs Finnmarkskysten.

Den gamle Aftenblad-reportasjen var heller pessimistisk i tonen. Men det har gått godt med Høllesli-grenda. Dei fekk kjørande veg på 1980-talet og den lenge planlagde vegen Oanes – Botne blei endeleg åpna 1994. Dessutan kom det bru over Lysefjorden i 1997.

Høllesli høyrer til Strand kommune i dag.


Det er folk i alle hus og sju ungar som går på skule. Dermed skulle alt vera såre vel.


Aftenbladet 26. november 1966.