mandag 4. desember 2017

"Fjordsol"-kapteinen - ein konge på fjorden

"Fjordsol" før avgang frå Sauda onsdag 28. september 1977.
Foto: Leif Berge.


"Fjordsol"-kapteinen låg og sov søtt i lugaren sin om morgonen når den kvite, elegante fjordabåten gjekk frå Sauda kvar morgon. Det var styrmannen og rormannen som var på vakt på brua og sørga for at båten gjekk til sine faste kaiar utover: Saudasjøen, Sand, Marvik, Jelsa.

I dag er det omtrent uforståleg å forstå kor stor prestisje det var knytta til det å vera kapteinar på dei finaste og nyaste fjordabåtane. Det var ei anna tid. Aftenbladet meldte frå om alle ny-tilsette kapteinar. Det er lett å finna stoff om dei ved å søka i arkivet.

I mi tid som sommarmatros på båtane fortalde dei om kaptein Risanger som sov seg utover fjorden om morgonen. Hausten 2005 var eg på Sand og kåserte om fjordabåtane. Då sa eg at kaptein Risanger ikkje sto opp før "Fjordsol" kom til Sand. - Jelsa, kom det kontant frå tilhøyrar Carstein Mortensen. Han visste kva han snakk om. I årevis var han og broren Anton motormenn på "Fjordsol".

At kaptein Risanger låg og sov i lugaren viss det var tjukk skodd eller fullt av is i fjorden, har eg inga tru på. Han var ein påpasseleg og pliktoppfyllande skipper med eit langt liv bak seg om Stavangerske-mann.

I Suldal sogelag sitt årlege tidsskrift "Gamalt frå Suldal" frå 1915 står det om Ropeid-ferja. Her fortel Årstein Bustad at som motormann om bord i gamle "Ropeidferjen" (1938 - 1946) fekk han ofte besøk av kaptein Risanger, då på "Fjorddrott". Medan båten låg på Sand og lasta og lossa, kom kaptein Risanger ned leideren og sette seg på ein benk i maskinrommet. Han sette seg og beundra Wichmann-motoren. Han blei aldri lei av det. Denne maskinen skal ha vore så blankpussa og fin at ein kunne slikka den.


Alfred Risanger var fødd i Skjold i 1895. Sjølivet frista og som 16-åring reiste han ut på kvalfangst.  I 1916 begynte Risanger som matros på fjordabåtane til Stavangerske. To år seinare rykka han opp til styrmann og var om bord i mange av dei gamle dampbåtane til selskapet: "Fjordbuen", "Austri", "Bergen", "Sand" og "Saude".

1. april 1938 blei han utnevnt til kaptein i DSD og førte "Saude" til han i mai 1939 overtok kommandoen på den topp moderne sjøbussen "Fjorddrott".

Etter at "Fjorddrott" blei rekvirert av tyskarane i 1941 gjekk Risanger tilbake til "Saude". Der var han kaptein 13. november 1944 då "Saude" blei pårent at av ein tysk ubåt i Vatlestraumen sør for Bergen. "Saude" gjekk ned, men alle om bord blei redda. Alfred Risanger gjorde ein strålande innsats under bergingsarbeidet.

Etter krigen gjekk Risanger tilbake til "Fjorddrott". Der blei han verande fram til han overtok den nye "Fjordsol" i mai 1948. I 12 år sto han om bord i båten som gjekk trufast i Sauda-ruta. 1. september 1960 gjekk han av og blei pensjonist. Han døde i 1983, 87 år gammal.

Alfred Risanger var kaptein på "Saude" i fleire år. Båten gjekk ned i Vatlestraumen sør for Bergen i 1944. Her er båten fotografert på Jørpeland. Bildet står i Stavangerske si jubileumsbok frå 2005.

Eg siterer siste avsnittt i nekrologen: "Kaptein Risanger var en hedersmann i all sin ferd. Han var en meget dyktig sjømann som i alle år nøt rederiets fulle tillit. Han var meget avholdt og respektert av kolleger og underordnede, og vant mange venner blant de utallige passasjerer han kom i kontakt med i sin lange tjeneste. "

Det skulle absolutt vore ein skikkeleg bilde av kaptein Risanger her. Tek gjerne i mot eit med takk. Portrettet har eg avfotografet frå Stavangerske si jubileumsbok frå 1955.

Viss du har innspel, "Fjordsol"-bilde eller andre opplysningar, er eg interessert i det. Mailadressa mi: hjelmelandsfjord@gmail.com.



,

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar