tirsdag 19. desember 2017

Rutt var reine "Fjordsol"-rypa

"Fjordsol" ligg på Sand ein sommarkveld. Men dette bildet er teke etter at Rutt Herabakka hadde gifta seg og flytta til
Suldal. Ferja "Ropeid",  delvis gøymt bak greinene, var ny i 1965. Den gamle ferja ligg mellom "Ropeid" og "Fjordsol".
Foto: Ruth Nielsen.


"Fjordsol" var snar i snuen på Jelsa. På Marvik gjekk det også fort unna. Men då båten kom til Sand, gjekk tida. Her kunne det vera mykje folk som skulle på land. Og last i lange banar. Matrosane halte og drog. Tida gjekk. Saudabuane måtte ta det med ro. Lenge til dei var heime.


- Me blei godt kjende med folka om bord. Nesten omgangsvenner med familien. Når far min feira runde tal eller det var andre store dagar i familien, var "Fjordsol"-folka oppe i stova vår og fekk kaffi og kaker. Ser ennå for meg restauratør Kaj Nilsen som åt kake og likte den, fortel Rutt Herabakka som kan navn på dei fleste styrmenn og kapteinar den dag i dag: Nikolai og Sigurd Døskeland, Arnt Søllesvik, Martin Hodnefjell og Enok Dalaker.

- Og du som skreiv i Jonebloggen i går at Søllesviken var sint. Han var jo verdens blidaste mann, slår Rutt fast.

Rutt Sverresdotter Herabakka.
Faren hennar, Sverre Underbakke, dreiv Sand Skipsekspedisjon i mange år. Seinare overtok sonen Fridtjof og kona hans, Solveig, familiebedrifta. Underbakke-familien hadde ekspedisjonen i kjellaretasjen.

Rutt var sju år då "Fjordsol" kom som ny i 1948. Ho vaks opp med båten som kom og gjekk kvar dag, morgon og kveld.

Mens mannfolka i familien tok seg av arbeidet på kaien og i pakkhuset, var det den kvinneleg delen av familien som ordna arbeidet med følgebrev og lastekart og avkryssing av last frå byen som blei henta. Mor Astrid, syster mi, Margreta og meg hadde ansvaret for dette.

Rutt fortel at ho lengta heim då ho gjekk på gymnaset i Sauda frå 1958 til 1961. Rett som det var, haika ho til Ropeid og for å komma seg over fjorden til Sand. Langt utpå kvelden tok ho "Fjordsol" inn til Sauda igjen.  Som regel var ho oppe i styrehuset innover Saudafjorden.

- Eg fekk æra av å sy den tredje stjerna på jakkeslaga til Nikolai Døskeland då han overtok som  kaptein i 1960.

Vinteren 1962 - 1963 var ho lærar på Jelsa. Men ho reiste like ivrig heim til Sand. Kvar helg pluss ei natt midt i veka var ho heime.

Kva var det som drog, Var det mannskapet på "Fjordsol"  eller mora heime på Sand?

Begge deler er feil.

Den fyrste vinteren ho gjekk på gymnaset, møtte ho Johannes frå Suldal. Han var det som drog henne heim til alle tider.

I 1964 gifta ho seg og flytta til Suldal. Ho fekk fire sønner saman med Johannes.

Sonen Sverre overtok garden i 1995. Då flytta "gamlingane" til Sand.

Rutt Herabakka arbeidde i årevis som lærar og lærarvikar. Frå 1987 var ho tilsett ved skulekontoret i Suldal og seinare var ho personalsjef i Suldal kommune. Ho mista Johannes for fem år sidan.

Men Rutt er stadig full av energi og stadig på farten. Berre prøv å få tak i henne. Det er ikkje lett.

Kommentarer på Facebook:

Anne Marie Wetteland Var d noe min far (Kaj Nilsen) var glad i, så var det kake. Særlig fløtekake 

Britt Wiliams Husker godt Rutt Underbakke som var I samme klasse som Gunn Brekke. Jeg var I klassen under, Britt Lunde Johannesen.


Reidar Aanensen Morro å lese "Fjordsol" bloggen. Min mor Eva Aanensen hadde æren av å være gudmor for båten på Rosenberg i 1948. Senere var hun gudmor for "Ryfylke" bygget i Lemwerder ved Bremen i 1953 og den første hydrofoilen "Vingtor" i Messina, Sicilia 1960.





















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar