onsdag 6. desember 2017

Døskeland -brothers på "Fjordlast"-brua

Døskelandsbrørne Sigurd og Nikolai var kapteinar på kvar sitt skift på lastebåten "Fjordlast" som blei sett inn i
Sauda-ruta i 1978. Foto: Harald Sem.


"Fjordsol" var ferdig i fjordane i 1977, men kaptein Nikolai Døskeland kunne ikkje gå i opplag for det. Han var trufast mot Sauda-rutå. Nå blei han kaptein på "Hidle" og han avslutta karrieren på "Fjordlast" som kom i 1978. På denne nye, spesialbygde lastebåten var han og den yngre broren Sigurd kapteinar på kvar sitt skift.

Døskeland-familien leverte mykje arbeidskraft til Stavangerske-båtane. Faren til Nikolai og Sigurd var i sine unge dagar matros på dei gamle dampbåtane som gjekk i fjordafarten. Fire av sønnene hans seilte i Stavangerske i kortare eller lengre tid.  Brørne Oddvin og Vilhelm var matrosar på båtane i tillegg til Nikolai og Sigurd som blei styrmenn og seinare kapteinar. Dei var åtte sysken i alt.

Lastebåten " Fjordlast" blei sett inn i Saudaruta i 1978. Den blei ingen suksess. I 1982 blei den tatt ut av fart.
Foto: Georg Hoff.


Broder Oddvin  var matros på rutebåtane i mange år. Han var ein spesiell type som det er mange hermer etter. Ein gong var han så lei av jobben at han blei bekymra. Då spurte han skipperen om ein kunne døy av "leielse".  Det blir også påstått at han ein gong bar på land ein kasse med dynamitt frå "Snøgg", tidlegare "Ekspress". Då skal han ha mumla: Eg håpar det smedle.

Nikolai Døskeland var ein av superveteranane i selskapet då han takka for seg i desember 1979. Då blei han 60 år og gjekk av med pensjon etter 37 år i DSD.

I sine unge dagar var han med på fiske, men i begynte i Stavangerske i 1942. Fyrst var han matros på "Askøy" som gjekk i Kvitsøy-ruta på den tida. Seinare blei det dampbåten "Fjordbuen" som blei fyrt både med kål og ved under krigen. Etterkvart fekk han med seg alle dei gamle båtane i lokalfarten.

Kystskipperskulen av fyrste klasse tok han i 1943. Han begynte som styrmann i 1946. På "Fjordsol" var han styrmann frå 1949 og begynte som kaptein-avløysar i 1953.

- Eg har liksom høyrt til i Sauda-ruta og er blitt godt kjend der, sa Nikolai Døskeland i eit avskjedsintervju med Aftenbladet i 1979.

Intervju i Aftenbladet 13. desember 1979.

Som ung styrmann blei Nikolai Døskeland kjent med mange av dei reisande. Men etterkvart fekk han fast plass i styrehuset og hadde lite med ferdafolk å gjera.

- Eg kjenner ikkje mange saudabuar lenger, sa han til meg i 1977.

Kona til Nikolai Døskeland, Malena, var syster til Martin Hodnefjell som også var DSD-kaptein i mange år. Han var i mange år kaptein på ferja "Bokn", også kalt "Gullhønå".

Nikolai Døskeland døde i 1993, 73 år gammal.

Mange hugsar med stadig den gamle "Fjordsol"-kapteinen med glede. Det har eg merka godt dei dagane eg har drive med desse bloggane.

Viss du har innspel, "Fjordsol"-bilde eller andre opplysningar, er eg interessert i det. Mailadressa mi: hjelmelandsfjord@gmail.com.

1 kommentar: