fredag 8. desember 2017

Konrad Olsen kjente leia - ut og inn

Matros Konrad Olsen kjenter kvar stein
i leia. Foto: Leif Berge.


- Kom styrbord, kommanderte kaptein Stokka på "Sauda" ein gong då båten gjekk gjennom det trange Engøysundet i innseilinga til Stavanger. - Kan ikkje vera mykje det, svara rormannen, matros Konrad Olsen, som nettopp hadde kvitta seg med fiskebåten "Trygg" etter mange år på kryss og tvers i fjordane langs kysten. Han kjente omtrent kvar stein i leia og visste kor det var trygt å gå.

Fire matrosar var det om bord i "Fjordsol" i glanstida i 1950-åra. Då den gjekk sine siste turar i 1977, var det berre to igjen på vakt: Trygve Marvik og Konrad Olsen.

Sjøl om passasjerane stort sett var vekke i 1977, var heile akterdekket fullt av last. Dette måtte dei to matrosane lossa med handamakt på kaiane innover i fjordane.  Ei jekketralle og litt hjelp av styrmann Johannes Yrke var det dei hadde til rådvelde.

Konrad kan ein kalla yngstemann om bord i "Fjordsol" i 1977.  Han hadde "berre" 15 år bak seg i Stavangerske. Skipper Nikolai Døskeland hadde vore på båten omtrent sidan den var ny. Dei andre karane var også veteranar.



Matrosane Trygve Marvik og Konrad Olsen, styrmann Johannes Yrke og ei jekketralle fekk lasta i land frå
"Fjordsol". Foto: Leif Berge. 

Men på sjøen hadde han vore meir enn nok. 1. april 1946 kjøpte Konrad Olsen fiskeskøyta "Trygg" av Lars Bredal på Utstein kloster. Den var 32,7 fot lang og bygd i Hardanger. Han dreiv fiske året rundt. På sildefiske om våren, seifiske på hausten og makrellfiske om sommaren.

På 1950-talet førte Konrad mjølka frå Kloster og Voll til meieriet på Vikevåg med "Trygg" kvar søndagsmorgon. Det gjekk ikkje rutebåt på den tida på søndagen.

I 13 år dreiv Konrad Olsen fiske med fiskeskøyta "Trygg". Bildet er
henta frå Rennesøy fartøyhistorie.
 
Kaptein Erling Olsen på "Rennesøy"
var bror til Konrad Olsen.
                                I 1959 selde Konrad Olsen "Trygg" til Gunnar Nordbø, Fiskå. Då gjekk han om bord i Stavangerske-båtane og blei der til han gjekk av med pensjon i 1986. Konrad Olsen var gift og hadde fire ungar, to jenter og to guttar. Sonen Arne jobba på kontoret i Stavangerske i ein god del år. Der var han så heldig å få arva den gamle, tunge, tyske skrivemaskinen etter den legendariske mannskapssjefen i selskapet, Rasmus Kyvik.

Alle opplysningane om "Trygg" og bildet av båten har eg henta frå den nyss utkomne boka "Rennesøy fartøyhistorie". Konrad Olsen var frå Mosterøy, som så mange andre av folka som seilte på lokalbåtane til Stavangerske. Han var ein eldre bror av Erling Olsen som var styrmann og kaptein på fjordabåtar og ferjer i mange år. Brørne seilte saman i fleire år på ferja "Rennesøy".

Eg tek mot tips og andre innspel til bloggen vidare fram mot jul. Svært interessert i "Fjordsol"-bilde frå glanstida. Gjerne med mange passasjerar om bord. Eit bilde av restauratør Kaj Nilsen skulle eg også gjerne hatt tak i.

Mailadressa mi: hjelmelandsfjord@gmail.com.









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar