torsdag 21. desember 2017

Hestahandlaren fekk "Fjordlast"-sjokk!


«Fjordlast» fekk ein kort historie i Ryfylke. Foto: Georg Hoff. 


Litt av ein båt! Den nye «Fjordlast» kan ikkje frakta levande dyr. Eg kom på kaien og skulle senda ein hest til Finnøy med den nye båten. Hadde du høyrt det verre før?

Ein hissig hestahandlar, Ola Djuv, kom eins ærend på Sauda-kontoret til Aftenbladet for å klaga si naud. Ein trufast Stavangerske-kunde gjennom mange år, var plutseleg skjersett.

Hissig hestahandlar i Aftenbladet.


Me er komne til desember 1978. Den nye «Fjordlast» var sett i drift nokre veker tidlegare. Ein ny epoke i fjordabåttrafikken var nå starta i Ryfylke. Folk skulle reisa med hurtigbåt. Lasta skulle gå med ein ny, moderne lastebåt. 

 Den gamle, gode innleigde «Stordøy» blei avløyst i lasteruta til Sauda av «Fjordlast». Samtidig blei det slutt med at det gjekk gammaldags rutebåt til Sauda. Gamle «Fjordsol»  gjekk sin siste tur i 1977. Den konvensjoneller rutebåten "Hidle" gjekk i Sauda-rutå frå hausten 1977 og fram til den nye «Fjordlast» blei sett i drift i desember 1978.

I løpet av vinteren blei problemet med dyratransport løyst. Ein oransje-malt container blei plassert på akterdekket. Der blei levande dyr plassert.

Men den nye lastebåten «Fjordlast» blei ein økonomisk fiasko. Altfor mykje av godtransporten til Sand og Sauda var borte frå båtane. Lastebilane hadde teke over tyngden. Sand handelslag som låg like på kaikanten, fekk aldri eit kolli med «Fjordlast» så lenge båten gjekk. Sanninga var at «Fjordlast» kom mange år for seint i trafikk i Ryfylke.

Dei gamle båtane hadde gått smikkfulle med last til Sauda. På «Fjordlast» var det nesten alltid god plass. Einaste gongene båten var lasta ned til lastemerket, var når dei fekk med mangan frå smelteverket.

 
«Stordøy» i Sauda i 1978.
Alt for mykje av lasta var overteken av bilgodsruter. Det var ikkje rekningssvarande med ein så dyr båt. «Fjordlast» gjekk i opplag og blei erstatta med den gamle rutebåten «Hidle» i lasteruta til Sauda.

I 1985 selde Stavangerske «Fjordlast» til Nord-Norge.  Der gjekk den vidare under same navnet med ulike eigarar fram til 2001. Så bar det til Hellas der båten fekk  nytt navn og gresk flagg. Seinare etter nok eit navneskifte og Panama-flagg, blei båten stoppa av eit fransk marinefartøy, fullasta med kokain. Nå var navnet «Junior»,

Etter det blei båten liggjande i fleire år i arrest i Brest. Men båten var ikkje gløymt i Nord-Norge. Den blei kjøpt tilbake til Norge av Finn Olsen Rederi i Bodø.
Sommaren for tre år sidan var me på ferie i Nord-Norge. Då oppdaga eg ein båt med kjente linjer. Eg stussa litt på navnet «Fjordlast II», men det var same båten, viste det seg. Nå gjekk den tidlegare Stavangerske-båten i lasterute mellom Bodø og Nesna på oppdrag frå Nordland fylkeskommune. Om båten går i same farten ennå, har eg ikkje fått sjekka nå.
Det mangla ikkje på last då «Fjordsol» gjekk i Sauda-rutå. 

Kommentarer på Facebook;


Oddvar Kleivvik Går i Bodø den dag i dag....Bodø-Helgeland....to turer for uka...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar