tirsdag 27. oktober 2015

Eg hatar å gå til tannlegen!



Livet passerer revy når eg går opp trappa til tannlegen.
 (Teikning: Åsne Håland Laugaland)

- Heile mitt liv passerer i revy kvar gong er går opp trappa til tannlegen. Akkurat der og då føler eg at det er dette  livet mitt har dreia seg rundt: Dei siste minutta før du går inn for å setja deg i tannlegestolen. Eg hatar dette like mykje som å reisa med fly.

Mandag var eg hjå fastlegen. Neste dag gjekk eg til tannlegen. Reparasjonsalderen kallar ein det stadiet av livet der eg held til nå. Livskvelden som dei kalla det heime på bedehuset då eg var guttunge.

Fire år gammal velta eg med trihjul-sykkelen i krossen heime på Laugaland. Ei framståande mjølketann blei slegen laus og ille medfaren. Ein rask rikstelefon til Hjelmelandsvågen og dermed kom doktor Røe kjørande i sin grøne bil med ei svær, blank tang i kofferten. Du kan seia at eg har hatt tannlege-skrekk heilt sidan distriktslege Knut Røe trakk tanna mi for 65 år sidan. Han var ikkje tannlege ein gong, stakkars mann.

Tannlege Nessler i Stavanger var skuletannlege for ungane frå Hjelmeland då eg var i småskule-alder. Han hadde kontor i Kannikgata med flotte bilde av seilbåtar på veggene i venterommet. Kan godt vera at eg hugsar feil, men i minne står han ikkje for meg som ein mann som var spesielt glad i landsens ungar med fulle kjeften av ei blanding av mjølketenner og meir permanente framtenner og 12 års-jeksler også vidare. Du må hotta på at dette var på 1950-talet. Tannkosten var berre i liten grad introdusert i dei usentrale deler av Ryfylke. Gebiss var det ikkje uvanleg å få til konfirmasjonen.

Opp gjennom tenåra blei det mykje boring og herjing. Den eine tannlege-mannen etter den andre tok seg til rette. - Gap opp, spytt ut. Betal her. Takk for i dag. Neste gong skal me bora meir.

 Eg har trukke visdomstennene også. Du hendelse!

Mitt forhold til mannlege tannlegar opphøyrte i 1981. Denne siste tannlegen i kvit frakk hadde sett på ein debatt mellom Gro Harlem Brundtland og Kåre Willoch kvelden før. Han hadde stappa kjeften min full av bomull og allslags marakkel og deiv på med boren inne i tanngarden min medan han opphissa preika intenst om kor dum Gro var og smart Willoch var. Eg var heilt ute av stand til å snakka. Før han avslutta jobben i munnen min, kikka han over tilstanden. - Her er det mange gamle fyllingar som bør skiftast ut, sa han.

- Du skal ikkje få tjena ei krona meir på meg. Din tulling! Det sa eg inni meg i det eg gjekk ut dørene hans.

Etter det har det berre vore kvinnelege tannlegar for meg. Eg hadde eit langvarig forhold til ei som stort sett snakka om Italia. Ho hadde lese ein djupsindig Italia-reportasje eg laga ein sommar. Der slo eg fast at gatene i Venezia var fulle av vatn. Det hadde gjort inntrykk. Kvinnelege tannlegar er akkurat som andre damer. Dei likar godt å snakka og syns det er meir enn godt nok med eit grynt frå meg med jamne mellomrom.

Dei siste åra har eg sjangla mellom tannlegar, tannpleiarar og opptil fleire spesialistar. Bare damer.

I motsetning til legane som eg har møtt, høyrer tannlegane på radio. Fram til dei siste åra var det jo sjølsagt at radioen sto på NRK. For meg med tannlegeskrekk var det eit sjokk å komma på eit tannlegekontor der radioen sto på P4. Det gjorde ikkje godt på mine tannlege-nerver.

 Eg trudde det berre var taxisjåførar som høyrde på slikt.







mandag 26. oktober 2015

Fastlegen er for friske folk!

Fastlege er for folk som har helsa til å stå
 i kø og venta på tur.

Folk som er sjuke, bør ringa 113 og bli henta av ambulanse eller legehelikopter. Fastlegen er ingenting for slike tilfelle. Dei sjuke bør ikkje sitja og sukka på eit venterom. Dette er veldig ubehagelig for oss friske som sit på stolen ved sida av.

Eg kjem akkurat frå fastlegen. Der sat eg rett overfor ei kvinne som var så pass slakke at ho måtte kvila hovudet på skulderen til mannen sin. Eg måtte høyra på at han trøysta henne. For meg som har eit følsomt sinn, er ikke slikt bra.

Eit gammaldags fastlege-kontor gir deg eit gufs frå 1960-talet. Slike kontor skrik etter litt styling og kvikkas-dekor.

Mi manglande konsentrasjonsevne førte meg til legekontoret i dag. Det er ikkje meir enn eit par veker sidan eg var der sist. Då gløymde eg å be om å få rekvisjon til fysioterapeut. Etter at eg fekk slag tidlegare i år, har eg fått fysikalsk behandling. Rekvisisjonen eg fekk med frå sjukehuset, er i ferd med å gå ut. Eg gløymde å spørja legen om å få ny.

I sist veke var eg innom på legekontoret og spurte om betjeningen bak glass og skranke kunne be legen om å skriva ut ein rekvisjon til meg.

- Nei, svara dama bak skranken. - Legen er borte. Du må komma igjen mandag morgon halv åtte og stilla deg i kø. Då får du kontakt med legen når det blir din tur.

I dag sto eg opp halv sju og var på legekontoret halv åtta. Det vil seia at eg sto i trappa utanfor døra til legekontoret i 20 minutt først. Forresten: Det aller først eg måtte ordna med, var ein kølapp. Alle i trappa pinnheldt på ein kølapp fram til kontoret blei åpna.

Deretter sto me i kø for å få melda våre behov til folka bak glass og skranke. Det var raskt gjort. Klokka var akkurat åtte då eg var vel registrert og kunne starta med å venta på legen.

Eg var ikkje fyrst i køen. Og som nevnt tidlegare. Fleire av dei som sat rundt meg, virka rett og slett sjuke. Dei fleste av dei slapp inn til legen før meg unntatt ho dama som såg dårlegast ut.  Det varte og rakk før eg endeleg kom inn til legen og fekk rekvisjonen.

Frykteleg kjedeleg å sitja å venta. Til slutt greidde eg ikkje å la vera å ta for meg av den kulørte vekepressa på bordet i venterommet.

 82 år gamle Kuppern er blitt oldefar.

Der les eg i eit blad med navnet Her og Nå at Knut Kuppern Johannessen var blitt oldefar. Velskapte tvillingar. Kupperen er fødd i 1933. Gammal mann i dag.

Gufs av 1960-talet skreiv eg her tidlegare. Kuppern blei verdensmeister på skøyter første gong i 1957 i Østersund. Han såg godt ut på bildet.

God bedring til alle andre!










lørdag 24. oktober 2015

Her er det bensin-krig!

Har Tasta billegaste bensinen i byen akkurat nå?


- Hei! Se den bensin-prisen. Den var lav, gitt!

To kjekke austlendingar mista nesten munn og mæle då dei såg koss billeg bensinen var på Løkkeveien i Stavanger i går føremiddag. Eg hadde dei med på flybussen frå Sola og inn til byen. Dei var pratsomme og hyggelege. Dei skvatt til då dei såg at bensinprisen var under 12 kroner på Hydro-stasjonen tvers over Frimurarlosjen.

Sant å seia hadde eg kjørt forbi bensinstasjonen fleire gonger utan å merka koss rasande billeg det var blitt.

Problemet mitt er at eg kjører altfor lite bil. Det blir maksimalt ein tank i veka for meg. Eg fyller kanskje 25 liter ein gong i veka. Nå skal eg skjerpa meg. Viss bensinprisen plutseleg blir slått ned med to kroner ein søndagskveld, ville eg med mitt forbruk spara 50 kroner. Tenk på det. 50 kroner spart 50 gonger i året ville utgjera 2500 kroner. Eg kunne reist til Syden for pengane.

I den bydelen der eg bur er det tydelegvis priskrig på bensin akkurat nå. Viss du kjører forbi bensinstasjonen på Løkkeveien og heller fyller på Tanken i Tanke Svilands gate, får du bensinen minst 10 øre billegare. Og på XY-stasjonen på Randabergveien på Tasta er prisen endå litt lågare. På dei to sist-nevnte stasjonane var det fullt opp av priskyndige bilistar som tanka opp.

På Madlaveien er det hola tapet å kjøpa bensin nå. Derfor må alle som snur på kronene, komma til oss. Her kan du gjera eit kupp for tida.

Men koss billig blir bensinen her hjå oss i morgon kveld. Det blir kanskje ei krone meir å spara. For det er jo på søndagskveldane det pleier å vera aller billegast. Spennande greier.

Rett før det lønner seg å trø på gassen.






tirsdag 20. oktober 2015

Du skal ottast og elska Gud - leksa




Å læra store deler av denne boka utanåt var obligatorisk
lekse då eg gjekk på skulen.


Opprivade nytt i dag. Ein foreldre-aksjon i Rogaland vil setja ein stoppar for heimelekser. Elevane skal læra det dei treng på skulen. Ikkje sitja å streva heime og plaga travle foreldre med mas om hjelp. Eg veit ikkje kor dette skal enda, men har mimra ein del om alle mine lekseplager for over 50 år sidan.

Det har vore større skulelys enn meg. Sjøl i dei meir grisgrendte deler av Hjelmeland var dei som presterte langt betre enn meg. Men eg hadde vel mine lyse stunder eg også sjølv om det er lettare å hugsa dei meir trasige dagane på Vormedalen skule.

To-delt skule, annankvar dag i sju år, blei me pålagde av  styresmaktene og Hjelmeland kommune. I småskulen var tysdag, torsdag og laurdag våre skuledagar. I storskulen gjekk me måndag, onsdag og fredag.

Utanåt-leksa var ein pest og ei plage. Alt frå andre klasse måtte me sitja heime og pugga bibelsoge på rams. Mor mi og eg dreiv på heile dagen med Jesus og læresveinane. Om morgonen før eg gjekk på skullen kunne eg alt på rams. Det var jo viktig å hugsa på vendingar som "Jesus svara" og "Jesus sa". Eg var redd for eg skulle seia "Jesus svara" viss det sto "Jesus sa" i boka.

Då Grete Østerhus høyrde oss i leksa, gjekk det heilt i stå. Du ser me hadde Grete Østerhus då eg gjekk andre året. Ho var dotter til læraren me hadde året før. Men han døydde i sommarferien. Dermed blei det dottera som nyss var ferdig med gymnaset som tok jobben med å skula oss vidare. Eg veit ikkje kvifor eg fekk jernteppe av Grete Østerhus. For ho var jo kjekk. Eg trefte henne igjen i Hulen då eg begynte å studera i Bergen mange år seinare. Trudde eg så syner då eg drog kjensel på lærarinna frå andre klasse på folkeskulen i Hulen, festplassen for studentane i Bergen. Men det var Grete Østerhus, ho studerte hovedfag.

Dette med leksepugging er jo litt rutine det også. I storskulen hadde me kristenlæra.  Då var eg blitt betre i utanåtlekser, heldigvis. Det var ikkje nok å kunna dei ti boda, viste det seg. For kvart einaste eit av boda var det laga ei forklaring som kom i tillegg til det som Moses fekk på direkten på steintavler på Sinai.

Forklaringane måtte me kunna på rams. Dei starta alltid med: Me skal ottast og elska Gud. Det fjerde hugsar eg slik: Du skal heidra din far og di mor så det må gå deg godt og då får leva lengje i landet. Forklaringa var slik:  Me skal ottast og elska Gud så vi ikkje vanvyrder eller sårar foreldra våre eller andre som Gud har sett over oss, men tenar og lyder dei, elsker og vyrder dei.

Bestefar min på Laugaland var riksmålsmann. Han ville ikkje ha nokon bibel på landsmål. Jesus og læresveinane snakka gammaldags norsk-dansk i hans hovud. For meg blei det omvendt etter å ha herja med bibelsoge, kyrkjesoge og kristenlæra i sju år på folkeskulen. Alt anna enn gammaldags nynorsk i kristne samanhangar er eg svært skeptisk til. Når me kjem til salmevers, finst det ein del unntak.

Eit spørsmål: Er desse antilekse-foreldra mot at ein skal pugga salmevers også?

Eg for min del likar svært godt: Himmelske Fader, herleg utan like. Til alle stader når ditt store rike.

Den likte mor mi også.
















torsdag 1. oktober 2015

Han sa det med ein tulipan-bukett frå Sjernarøy

Kaptein Tormod Gjøse på "Sjernarøy" ble
 møtt av barn, blomar og norske flagg. 
 


Den flunkande nye fjordabåten "Sjernarøy" kom på presentasjonstur til øyane båten hadde fått navnet sitt frå den 20 april 1959. Då kom Sjernarøy-ordførar Ola Hauge med blomar til Stavangerske-direktør Erling Aanensen. Dette var kortreiste tulipaner. Ikkje frå Amsterdam, nei. Dei kom frå Nord-Hidle, ei av Sjernarøyane.

Akkurat desse tulipanene frå Nord-Hidle er også gjort til hovedpoenget i overskrifta på Aftenbladet sin reportasje frå turen. Den sto på trykk dagen etterpå.

Ola Hauge var ikkje berre ordførar i Sjernarøy kommune. Han var også handelsmann på Eik på Kyrkjøy. Eg trur at han var litt av ein spøkefugl. Då den sjølvlærte elektrikeren Arne Høyvik reiste rundt på Sjernarøyane og la inn elektriske anlegg i husa til folk, blei han utsett for skøyaren på Eik.
Ola Hauge ringte til dei som skulle husa elektrikaren og gjorde dei merksame på at Arne Høyvik hadde ein ømfintlege mage. Han tålte ikkje allslags middagsmat. Det resulterte i at Arne Høyvik fekk fiskeboller i kvit saus til middag 14 dagar i trekk. Dette har Arne Høyvik sjølv fortalt meg i si tid. Herr Høyvik var full av påhitt og marakkel sjølv også. Ola Hauge hadde sikkert noko å ta igjen.

Prominensar på "Sjernarøy": Finnøy-ordførar Kaspar Mjølsnes,
 Sjernarøy-ordførar Ola Hauge, kystfartssjef Aage Marthinsen
 og DSD-direktør Erling Aanensen.


I sin tale til prominensane om bord i "Sjernarøy" beklaga ordførar Hauge at vêret var så fint denne dagen at folk inne på øyane ikkje såg seg tid til vera med på presentasjonsturen. Dette var midt i vårvinna, må vita.

På presentasjonsturen var "Sjernarøy" innom Sjernarøy (Ramsvik), Eik, Helgøysund, Judaberg, Reilstad, Talgje og Sør-Hidle for å visa seg fram.

Som den lokalkjende ser, var kkje den nye, gromme båten innom Nord-Hidle. For Stavangerske-båtane gjekk ikkje til denne øya. Dette var Jøsenfjord Rutelag si øy. Kan tru dei på Nord-Hidle var avindsjuke på dei som fekk ny rutebåt medan dei måtte slita med gamle "Erfjord". Den var dei ikkje glad i lenger.

 Aftenbladet sitt kommunestyrereferat frå¨ 6. juni 1963.


Misnøya med "Erfjord" kom klart til uttrykk i Sjernarøy kommunestyre i juni 1963. Eg siterer frå Aftenbladet sitt referat frå møtet:

Det var framsett dette forslaget: Då her har vore mykje klager frå folk på rutebåten "Erfjord" vil heradstyret i Sjernarøy be om at denne båten vert teken ut av ruta snarast. Vi meiner at denne rutebåten ikkje stettar dei krav ein lyt setja til ein rutebåt i dag, den er og i mange tilhøve for liten. Samferdselsnemnda i heradet har tidlegare oppmoda til å setja inn ein annan båt, men utan noko resultat. Dersom rutelaget ikkje vil vera med på dette, ser kommunestyret det turvande å gå andre vegar med saka. Dette vart vedteke. 

Eg føler meg heilt sikker på at Aftenblad-lesarane på Nord-Hidle merka seg at Sjernarøy-ordføraren helsa den nye rutebåten med tulipaner frå øya deira. Ola Hauge fekk nok høyra dette etterpå.