mandag 11. desember 2017

"Fjordsol"-fyllikar havna i lensmannsløa på Jelsa

Stor sett var det sol og flotte folk om bord i "Fjordsol". Men det hende også at fulle passasjerar blei lempa på land
på Jelsa. "Fjordsol"-kapteinen ville ikkje ha noko tull om bord. Bildet frå kaien på Sand. Fotograf ukjent.


På den feiande flotte "Fjordsol" var det stail, som sjøfolka sa. Der fann dei seg ikkje at negative element mellom passasjerane dreiv med fyll og spetakkel. Kongen på brua, kaptein Alfred Risanger, styrte med hard hand når han fann det nødvendig. Tullebukkar som drakk seg fulle på veg frå byen, fann ingen nåde hjå folka om bord viss dei ikkje innordna seg etter å ha fått tilsnakk.

Eventuelt medbrakt fludium blei inndrege og tømt på havet. Men ikkje nok med det. På Jelsa blei desse dumme, utagerande mannfolka lempa på land av hardhendte matrosar.

For ei straff. Kan du tenkja deg Jelsa i 1950-åra. Ei øy på den tida sjølv om det  var fastland. Det var ingen veg å gå eller drosjebil å få. Du sto der som fortapt. Ein full, forvirra tosk var ikkje høg i hatten lenger etter han hadde sjangla seg innover den lange piren av ein rutebåt-kai av tre og fått fast jelsagrunn under beina.


Einar Thorsen var lensmann frå 1945 til 1978.
Foto. Christian Ræstad-1972
Men lensmannen, Einar Thorsen, var nesten like fortvila som fyllefantane. Kor skulle han gjera av dei. Thorsen hadde vore lensmann i Jelsa og Erfjord sidan 1945.  Men han hadde ingen fyllearrest til rådvelde.

Likevel blei det hans ansvar å ta seg av dei forviste båtpassasjerane som kunne vera ein fare for både seg sjølv og omgivelsane på Jelsa.

Du kan berre tenkja koss slike dramatiske episodar på kaien virka inn på følsomme barnesinn som oppsøkte rutebåtkaien når "Fjordsol" kom frå byen for å få eit pust av den store verda. Då kjem det ramlande sterkt berusa mannfolk ut av båten. Slike ungar sto i fare for å få eit heilt forkvakla syn på både Sauda og saudabuar. Normale saudabuar var jo ikkje slik. Det visste vaksne jelsabuar som hadde vore ute i verda. Forresten var det jo ikkje sikkert at fyllefantane var frå Sauda, ein gong.

Lensmannen prøvde å hjelpa karane som blei nokså stakkarslege når det leid på kvelden. Fyrstikker og røykesaker blei inndregne før dei fekk overnatta i løa hjå lensmannen. Ein kunne ikkje ta sjansen på at den berusa begynte å røyka inne i høyet. Det gjekk godt. Både løa og gjestene overlevde.

Men lensmannen fann seg ikkje i denne "Fjordsol"-praksisen.

- Far min tok kontakt med Stavangerske og fekk sett ein stoppar for denne praksisen, fortel Fridtjof Thorsen, son til Jelsa-lensmannen.

Jelsa-presten har alle høyrt om, men det var noko med lensmennene på denne plassen også. Alle hadde Thorsen til etternamn.

Lensmann Einar Thorsen overtok som lensmann på Jelsa i 1945. Faren, Tore, var bonde og lensmann på Jelsa i mange år frå 1913 fram til 1943. Då slutta han i protest og blei erstatta av ein nazi-lensmann.

Einar Thorsen var fødd i 1908 tok politiskulen og var lensmannsbetjent både i Torvastad og Sveio før han blei konstituert lensmann i Finnøy. Så det var ikkje nokon heimføding som overtok etter faren som lensmann i Jelsa og Erfjord. Det var ikkje vanleg med ordensforstyrrelsar i desse bygdene. - Eg var 18 år fyrste gong eg såg lensmannen, sa ein erfjordbu til meg ein gong.

I 1965 overtok Einar Thorsen som lensmann for den nye storkommunen Suldal. Han leverte garden sin på Jelsa til sonen Edvard og flytta til Sand. I 1978 blei han pensjonist og flytta snart attende tilbake til Jelsa.

Berre så det er klart: Etter gammaldagse Ryfylke-oppfatningar er eg i nær familie med Thorsane frå Jelsa. Faster til lensmannen blei gift med morbror til faren min. Petra Thorsen frå Jelsa og
Andres Svadberg frå Årdal busette seg i Oslo og blei der.

Eg levde uvitande om dette fram til eg var godt vaksen og begynte i Aftenbladet. Då møtte eg Torger Hauge frå Sand. Han forklarte meg dette. Han var også Thorsen-avkom. - God dag, slektning, sa eg til han kvar gong eg møtte han etter dette.

Ha ein strålande dag!




1 kommentar:

  1. Ja, Jelsa er Jelsa. To ting eg fekk med meg før veien kom til resten av Suldal. Det var " skriv det på jelsapresten" og "jelsahua".

    SvarSlett