| Eg trur ikkje det har vore større bilde av meg på fyrste sida i Aftenbla enn dette. Askeavkoket gjorde underverk. |
Plutseleg var eg topp-oppslag på Aftenbla! Med skoen planta på ein trestubbe på Bersagel. Det er grusomt lenge sidan. 4. april 1978. To gamle ærverdige asketre var fjerna frå ei hytte-tomt. På denne tida gjekk det ein askeavkok-feber over landet.
Mange trudde fullt og fast på at askeavkok kunne helbreda allslags alvorlege sjukdommar og kjøpte stoffet i dyre dommar. Desse trea var rett og slett stolne av folk som skulle bruka dei til å laga avkok og tjena pengar i massevis.
Ein bonde som budde i nabolaget, trudde det var eigarane av den ubebygde hytte-eigedomen som var i sving med å fella trea med motorsag. Men dei stilte seg heilt uforståande til dette. Då eigarane kom til Bersagel, sto berre trestubbane igjen.
Dette var beviset på at trua på askeavkoket som vidundermedisin hadde teke heilt av. Folk gjorde seg til forbrytarar for å skaffa seg råstoff for å laga denne "medisinen".
Bonden meinte dette tjuveriet var heilt unødvendig. Der var massevis med ask i dette området. Han hadde sjøl hatt besøk av folk som spurte om dei kunne ta askegreiner og ta med heim. Det hadde dei fått og reiste glade og fornøgde heim.
Han undra seg også over at dei hadde stole gamle, svære tre. Dei andre ville ha unge, friske greiner. Forresten trong fleire av dei hjelp for å finna rette tresorten, fortalde bonden som ikkje ville ha navnet sitt i avisa. Han frykta at det kunne bli for mange aske-tiggarar viss dei visste navnet og kor han budde.
Fotografen kommanderte då meg til å stå med foten oppå trestammen då bonden trekte seg unna. Eg var jo ganske fersk i jobben på den tida og følte meg nøydd til å bli fotografert.
Eg fekk jo eit lite sjokk då avisa kom neste dag. Der sto eg på trestubben på toppen på fyrste sida. Inne i avisa var sjølv reportasjen meir moderat plassert. Dei som laga fyrstesida den dagen må ha hatt lite utval i bilder, då dette bildet fekk så god plass.
Mine kvinnelege kolleger mobba meg og ropte "coverboy" når dei såg meg. Men eg blei ikkje akkurat nokon kjendis på saka. Ikkje sto det navn i bildeteksten og heller ikkje på reportasjen inne i avisa. Eg trur det var Knut S. Vindfallet som tok bildet. På den tida var det mykje mindre bruk av journalist- og fotograf-navn på vanlege daglegdagse saker.
Men saka om asketjuveriet havna både i Oslo-avisene og NRK etterpå.