fredag 31. desember 2021

Dinge-ling, maskintelegraf pluss edru maskinist

 

Motormann Ola Øye passar på at kapteinen på brua får det som han ynskjer.
Foto: Stein Erik Gilje. 


Den intense fløytelyden og ei rad med løgne herlege ringelydar varsla at «Hjelmelandsfjord» styrte mot kai. Alle som levde seg inn i alle sider av desse storarta byreisene med denne legendariske fjordabåten, kan hugsa desse lydane.


Som du kanskje forstår, kunne ikkje ein slik båt berre gå rett fram, den måtte bakka også. Eller manøvrera som dei sa om bord. Koss gjorde dei dette? Ganske innvikla, spør du meg.


Maskintelegrafen på brua.

Dei hadde ikkje gir som kunne få propellane til å sviva andre vegen og få båten til å bakka opp. Heller ikkje vribare propellar som kunne senda propell-vatnet andre vegen slik at båten stoppa opp eller gjekk andre vegen.


Omkast blei det kalla, prinsippet som gjaldt på «Hjelmelandsfjord». Når båten skulle bakka opp, måtte maskinen stoppast. Med maskinen heilt stoppa, gleid båten inn mot kaien. Når båten skulle bakka opp, blei maskinen starta opp igjen. Då sveiv den andre vegen. Ein bilmotor sviv berre ein veg. Når bilen bakkar, blir det ordna gjennom girkassen. Her var det sjølve motoren som blei snudd. Veivakslingen sveiv andre vegen.


Det var difor du høyrde dei kraftige blåselydane rett før båten kom til kai og motoren rusa i veg og båten bakka opp. Motoren blei starta ved hjelp av trykkluft. Derfor desse kraftige blåselydane.


Den kraftige fløytelyden som du høyrte kom frå maskinrommet. Det var skipperen på brua som varsla vakthavande i maskinen om at nå var det tid for å manøvrera. Kom deg på plass ved maskinhendlande! Det var ein annan lyd her som du ikkje høyrte. Mannen i maskinen trykte på ein knapp og då ringte det ei klokke på brua. I maskinen var alt klar for manøvrering.


Deretter begynte ringle-konserten. Kapteinen i styrehuset drog i hendlane. Sakte fart. Stopp. Full fart akterover og ein kraftig blåselyd før båten blei bremsa heilt opp inn mot kaien. Slik var det då alt var perfekt. Ved kaien låg båten medan motoren gjekk ganske sakte og hang etter ein tau ved eit kort anløp.


Viss du ikkje skulle av på denne kaien, gjekk det an å sjå maskinisten bala med maskinhendlane nede på dørken. Som passasjer kunne du sjå ned i maskinen og følgja denne forestillinga. Storarta!


Dette var ein gjennomgang av prosedyren viss alt gjekk perfekt for seg. Men det var allslags risiko som lurte i bakgrunnen her!


Her har du ein gjennomgang:


Bomstart! Det kunne inntreffa. Då prøvde mannen i maskinen å bakka opp før motoren var skikkeleg stansa. Den sveiv framover medan maskinisten prøvde å få den til å gå bakover. Då kunne båten gå rett på land fordi den ikkje blei bakka opp. Slikt skjedde viss det var ein ny og nervøs mann i maskinen. Som regel gjekk det godt.


Full mann i maskinen! Viss mannen som skulle styra den svære fjordabåten inn mot kaien var berusa, kunne du aldri vita kva som skjedde. Då kunne det bera rett på land. Heldigvis var dette bortimot  utenkeleg på «Hjelmelandsfjord». Her var det edruelege folk, kanskje til og med personleg kristne, som jobba i maskinen.


Men det finst ein historie om eit fylleslag mellom mannskapet på ein annan av Jøsenfjord-båtane som då gjekk i Årdalsruta. Der var det berre kapteinen på brua som var edru. Då dei kom til Nessa, sa kapteinen stopp. Me legg oss her i natt. Eg tek ikkje sjansen på å gå vidare til Årdal, sa han. Men han blei overtala av ei av festløvene som forsikra at alt skulle gå perfekt ved ankomst Årdal. Det gjorde det ikkje. Mannen i maskinen greidde ikkje å bakka opp ved kaien. Båten enda langt opp i stranda. Du å du for ei greia!


På «Hjelmelandsfjord» skjedde det ein gong at ein maskinist gløymde seg ut innover Jøsenfjorden. Han var ikkje i maskinen då kapteinen på brua trykte på knappen slik at det fløyta i maskinen. Båten var på veg mot kai i Tøtlandsvik med tomt maskinrom. Kapteinen måtte leggja roret hardt over og svinga ut igjen frå Tøtlandsvik. Båten strauk fjellsida så måsadottar og småbjørk flagra på veg ut i romsleg farvatn igjen.


Dette høyres jo ganske komplisert ut. Men det var dobbelt så vanskeleg. «Hjelmelandsfjord» hadde to maskiner som mannen på brua og han i maskinen skulle saman halda styr på. Det var slett ikkje alltid at maskinane skulle gå same vegen når det var snakk om fin-manøvrering.


Her har «Hjelmelandsfjord» snudd akterenden til kaien på Skiftun i 1978. Legg merke til kaptein
 Johan Warland ved maskintelegrafen oppe på båtdekket. Matrosane Børre Lyse, Paul Olav
Skiftun, John Reidar Foss og styrmann Johan Bø på akterdekket.
Ukjent fotograf.

Av og til sette «Hjelmelandsfjord» akterenden mot kaien viss eit større kjørety skulle om bord. Då var det ei manøvrering med ein motor på fart framover og den eine bakover for å vri båten inn til kai. For slike operasjonar hadde «Hjelmelandsfjord» ein eigen maskintelegraf montert bak på båtdekket der kapteinen gav sine ordrar til mannen i maskinen. Det var ikke baugpropell på «Hjelmelandsfjord». Her måtte all vridning av båten skje ved hjelp av dei to hovedmotorane med tilhøyrande propellar. Maskinisten måtte då snu seg og sjå på eit par andre visarar der skipperens ynskje kom fram. Dette blei ekstra komplisert for mannen i maskinen. Som regel gjekk det godt.


Eg håpar at eg har klart å greia ut dette nå. Dei som har blitt klokare har meir teknisk innsikt enn meg. Som aldri greidde å driva det lenger enn til ein simpel skrivemaskinist!


Dette var blogg nummer 22 om livet på «Hjelmelandsfjord» og den siste i 2021. Takk for det gamla og godt nyttår!


Kommentarar på facebook:

Torstein Randa

Kjekt å lesa Jone! Eg fekk lyst te å fortella den om Jøsenfjord, så pløyde godt, men la torvå stygt, men den har vel adle hørt. Så eg vil heller ta den om Høle, så va i ruta inn igjønå Høgsfjorden, hadde vore innom Meling, maskinisten hadde fått full fart, og måtte på do. Nå viste han at neste stopp var Høle, då hadde han tid te å gå akterut. Det han ikkje viste, var et nogen damer hadde vore oppe og spurt skipperen om de kunne gå innom Skeivik med de. Og han var greie, det sko han gjera. "Eg sat der akterut og ante fred og ingen fare" fortalte maskinisten, "då eg hørte ringingå fra telegrafen. Eg måtte bare klyppa av, springa gjønå salongane med selane på slep." Då skipperen ikkje fekk reaksjon nerante måtte han se seg ut ei passande strand å renna opp i, men det gjekk godt!

Torstein Engevik
Joda, husker disse detaljene fra Hjelmelandsfjord. På skoletur til Kvitsøy på 60 tallet var denne barneskoleeleven ikke der klassen var ment å være, men stod med hode og kropp så langt ned i maskincasingen som overhode mulig, kunne der både se og høre maskintelegrafen. Løp så akterut for å studere propellvannet ved den minste endring. Ordet "Slow" samt ulike former for reversering fikk da en praktisk betydning, når vi skulle snike oss rundt diverse grunner og også måtte bremse kraftig på et punkt i innseilingen til Ydstebøhamn...

fredag 24. desember 2021

Med min barndoms buss som julakort i år!

 

Min barndoms buss i julasnøen. 


Jula kunne begynna då an far kom him til Laugaland med Chevrolet-bussen tidleg på ettermiddagen på julafta. Då var dei siste julagjestene frå Hjelmeland og byen framme i Vormedalen og bussen kunne kjørast inn i garasjen. Der skulle den stå til andre juledag. Det var ingen ruter på juledag i 1950-åra.


Ein sigarkasse hadde 'an far med seg him på julafta. Det fekk han kvar jul av an Harald Sæbø på Tomstad-butikken i Hjelmelandsvågen. Far min brukte snus og røykte litt, men sigarar var ikkje hans greia. Det låg mange sigarar igjen og turka i kassen når jula var forbi. Me som tok mål av oss til å bli stor-røykarar, passa på å knabba eit par ut i januar for å prøva sigar-røyking. Det var til å spy av. Resten av sigarane blei kasta. Men sigarkassen tok mor vare på. Den kunne komma vel med ein dag.


Julatre kom på plass og blei pynta. Det var alltid fåra. Gran var någe nymotens tøys som far min ikkje ville høyra snakk om. Barnålene datt av før nyttår, meinte han. Så var det dei vanlege formalitetene med mat og greier og an bestefar som les jula-evangeliet. Endeligt var det tid for presang-utdeling.


Eit år blei det spesielt. Då det var tomt for presangar under julatre og forventningshysteriet var i ferd med å leggja seg, sprang an far ut i vedaskuten og kom inn med to flunkande nye rattkjelkar. Ein til meg og ein til den to år yngre bror min, Dag. Fantastisk.


Og på den tida var det jo alltid flotte vintrar i Vormedalen. Godt brøytte vegar og ofte flott rattkjelke-føre. Av og til var far min skikkeleg i godlage då han skulle kjøra til Hjelmelandsvågen på ettermiddagen. Då heiv han inn rattkjelkane våre i bagasjerommet på bussen. Me fekk vera med til toppen av Laugalandsbrekka. Derifrå rann me heim igjen. Eit flott rennsle som me gjerna sa i den tida då det ikkje var så mange kjørety på vegane.


Eg oppdaga dette bildet i facebook-gruppa Rutebil- og Turbilhistorie i Rogaland. Det var utlagt av Jørn Malde.


Bussen tilhøyrte Ryfylkeveiens billag som var arbeidsgivar til far min. Dette var ein Chevrolet som blei registrert i 1947. Den gjekk mellom Årdal og Tau ein del år før den kom til Laugaland. Dette blei min barndoms buss.


Sidan eg kjem frå ein sjåfør-familie, fann eg ut at dette kunne vera eit passande julakort i år. Far min kjørte buss i alle år. Både eg og kona mi Berit og dei to brørne mine var også innom yrket pluss ein gjeng med søskenbarn. For tida er det sonen vår, Bjørn, som tek seg av sjåfør-tradisjonane i familien.


Barnebarn Åsne hjelpte meg med rød julakort-skrift.


Så dette betyr rektig god jul frå Berit og meg i år.


Berit bak bussrattet i 1977. Eg i 2015.



torsdag 23. desember 2021

«Gullhønå» - Kunne ikkje måla seg med «Hjelmelandsfjord»

 


Mannskapet på «Hjelmelandsfjord» i juni 1976. Frå venstre: Matros Lars Djursvold, motormann
Ola Øye, matros Jan Tednes, skipper Sverre Norheim, matros Leif Fiskå, stuert Jakob Sevland 
og styrmann Nils Sørskår. Foto: Stein Erik Gilje.


Som 19-åring blei den unge fognabuen lokka til å bli matros på gamle «Erfjord» i 1956. Dei trong ein mann raskt då ein av dei faste matrosane om bord, Arne Halsne, skulle i militæret. Dermed var det gjort, Nils Sørskår blei fast mann på fjordabåtane i dei kommande 40 åra. Fyrst matros, seinare styrmann og så skipper etterkvart.


Han var på alle båtane til Jøsenfjord Rutelag. Etter «Erfjord» blei det «Jøsenfjord» og deretter var han eit år på den legendariske «Fisterfjord». Så reiste han til Haugesund for å ta kystskipperskulen. Då han var ferdig med skulen, var han klar til å bli styrmann.


Styrmann NIls Sørskår i samtale med 
Bjarne Østerhus på Ølesund i 1976. Foto:
Stein Erik Gilje.



Mange hugsar framleis Nils Sørskår som ein rask og påliteleg styrmann på «Hjelmelandsfjord». Der kom han om bord som matros og styrmannsavløysar i 1964 og blei verande der i 12 - 13 år.


- Då styrmann Åke Hauge gjekk i land frå «Hjelmelandsfjord» i 1965 for å bli postmann på Tau, fekk eg fast styrmannsjobb om bord. Sjølv om eg likte meg godt om bord i båtane i alle år, var det var aller gildast på «Hjelmelandsfjord», seier Sørskår som nå er 84 år gammal, men frisk og rask.


Det var lange dagar frå dei gjekk innante tidleg på morgonen, anten frå Erfjord eller Jøsenfjorden.


Me hadde morgonsmat før me kom til Skiftun på Jøsneset. Deretter var det frokost etter at me hadde gått frå Fister klokka halv ni. Middagen blei servert mens me låg i byen og deretter var det kaffi klokka tre. Kveldsmaten sto på bordet då me hadde vore innom Skiftun på kvelden. Slik var døgnrytmen på «Hjelmelandsfjord» i den tida.


Nils Sørskår blei erfjordbu. Den unge styrmannen møtte kjærleiken. Han blei gift med Kari. Yngste dottera til Oskar Andreassen som var stuert på «Hjelmelandsfjord» i mange år.


Lesarar med godt syn kan sjå Nils Sørskår i styrehuset på «Hjelmelandsfjord» ved
Skiftun-kaien. Olga Hjorteland tok dette bildet frå altanen sin sommaren 1976. Sørskår overtok som 
andreførar på «Hjelmelandsfjord» etter Sverre Norheim.



Frå årsskiftet 1975/76 overtok Stavangerske alle Jøsenfjord-båtane. Då blei det nye tider for folka om bord også. Sverre Norheim som hadde vore andreførar på «Hjelmelandsfjord» i mange år, blei nå kaptein på «Jøsenfjord-ferjen» som gjekk mellom Tøtlandsvik og Vindsvik. Då rykte Nils Sørskår opp til andreførar på «Hjelmelandsfjord». Sjølv om Nils Sørskår ikkje blei fast som skipsførar, blei han brukt som avløysar som skipper rett som det var. Fyrste gongen var i 1964. Då var han førar på «Jøsenfjord».


Då Stavangerske overtok i 1976, blei det meir skifte mellom ulike båtar og ulike ruter. Det gjekk ikkje så lang tid før han fekk fast jobb som styrmann på hurtigbåten «Fjorddrott» i Sauda-ruta. Resten av si yrkesaktive tid var han mest på hurtigbåtane.


Men rett som han var, blei han brukt til andre oppdrag også. Han var tilbake på «Hjelmelandsfjord» som vikar for kaptein Johan Warland. På ferja over Jøsenfjorden var han også innom og skipra.


Dette er «Gullhønå». Foto: Johannes Østvold.



- Eg var skipper på «Gullhønå» den siste veka den gjekk i ferjeruta mellom Bokn og Føresvik i 1991, fortel Nils Sørskår.


«Gullhønå» var det uoffisielle navnet på ferja «Bokn». Den ferja hadde utspelt sin rolle då Bokn blei knytta til riksvegnettet. Sørskår blei då med den overflødige ferja til eit kortidsopphald i rute på Lysefjorden.


- På hurtigbåtane gjekk tida så mykje raskare. Sjølv om du blei kjend med mange kjekke reisande, hadde du ikkje så god tid lenger. På «Hjelmelandsfjord» hadde du tid til å setja deg ned og snakka med folk.


Nils Sørskår - ein ekta
Jøsenfjord-mann.

Seinhaustes i 1997 gjekk Nils Sørskår av med pensjon som 60-åring. I åra etterpå var han ofte om bord både på hurtigbåtar og ferjer som avløysar.


- Men dei gamle kollegene mine forsvann etterkvart. Når du kom om bord, var det plutseleg ein mengde nytt å setja seg inn i og ingen av mine gamle kjenningar å spørja til råds. Då var det på tide å slutta, seier Nils Sørskår.


Kari og Nils Sørskår flytta frå Erfjord til byen og seinare til Tau. Då kona døde for ti år sidan, flytta han tilbake til Erfjord der to av døtrene bur.


- Sist sommar var eg på biltur langs Vindafjorden og Sandsfjorden. Då opplevde eg for fyrste gongen Finnvik, Vormestrand, Hebnes og Vatlandsvåg frå landsida. Spennande å sjå kor dei budde, alle desse folka som eg berre hadde møtt om bord i båtane, seier Nils Sørskår.


Dette var blogg nummer 21 om livet på «Hjelmelandsfjord». Eg er ikkje ferdig med dette prosjektet, men tek eit par dagars pause. God jul!


tirsdag 21. desember 2021

Tusenvis av gamlingar på tur med «Hjelmelandsfjord»

 

Captain's Dinner sto det i bildeteksten i Aftenbladet 15. juni 1967.  Kaptein Johan 
Warland tok seg tid til å snakka med gjestene som fekk servering på bildekket  på
turen gjennom Sjernarøyane. Bildet tilhøyrer Steinar Warland. 



Kvar einaste sommar blei det arrangert eldreturar i mange kommunane i Rogaland. Fleire av dei større kommunane leigde inn «Hjelmelandsfjord» til slike oppdrag mange år på rad. Stavanger var den største kunden. Dei hyrte inn «Hjelmelandsfjord» for ei heil veke om gongen slik at alle som ville fekk vera med på tur til eksotiske mål som Utstein Kloster, Sjernarøy, Jelsa og Hjelmeland.


15. juni 1967 hadde Aftenbladet ein reportasje som gir god innsikt i opplegget for desse turane. Berre les dette: "Uken til ende er Ms «Hjelmelandsfjord» chartret av Stavanger kommune for å by alderstrygdede og pensjonister en dag ut av byen og asfalten. Vel 300 passasjerer hver dag fra mandag til fredag er påmeldt til turene som har Jelsa som mål, men som blir rene fjord-cruisene slik været den senere tid har artet seg.


Det er nemnda for eldreomsorg som står for arrangementet. I fjor var Hjelmeland målet for utfartene mens Jelsa er valgt i år. Turene går gjennom øyriket ved Finnøy og Sjernarøyane på turen nordover, og tilbake gjennom Fisterøyane.


Dei eldre i Stavanger var også på tur til Utstein Kloster med «Hjelmelandsfjord».
Årstalet er ukjent. Foto: Kjell Førre.



«Hjelmelandsfjord» har både rommelig dekksplass og salonger til dette formålet, og i dette været er det godt belegg på dekket. Medlemmene i eldreomsorgsnemnda skiftes om å lede turen, og det underholdes med allsang, musikk og gode historier.


Under nord-turen blir det servert middag til samtlige, og på tilbakereisen kaffe, pølser og rundstykker. Oppholdet på Jelsa omfatter også en kort andakt, i går var det pastor Eikeland som deltok".


«Hjelmelandsfjord» blei teken ut av si vanlege rute. Dei reisande i ruta mellom Erfjord/Jøsenfjorden og Hjelmeland måtte vansmekta om bord i «Fisterfjord» eller «Jøsenfjord» i dagavis. Her hadde guttungar gått og gleda seg i lang tid til å reisa til byen med «Hjelmelandsfjord» og så kom det ein reservebåt rekande. Uff og uff for eit antiklimaks!


Stuert Berda Meland og byssegutt Roald Hettervik på «Hjelmelandsfjord» skreller
poteter før ein eldretur i 1972. Styrmann Sverre Norheim er tilskuar. 
Foto: Kjell Førre.


For mannskapet var det late dagar. Ikkje mykje krettur eller mjølsekker å bala med. Men for restaurasjonen var det knall-travelt.

Stuerten måtte handla inn i stort for å ha nok forsyningar om bord til å metta alle gamlingane og dei i byssa måtte skrella poteter til langt på kveld for å vera klar til å koka middag neste føremiddag.


Roald Hettervik frå Borgøy i Tysvær fekk som 17-åring oppleva stresset i bysse-avdelinga på «Hjelmelandsfjord» då han var byssegutt om bord i 1972 frå februar til september.


Han kom frå byssa på skuleskipet «Gann». Ein av dei tilsette der lova at han kunne skaffa unge Hettervik jobb. For han kjende kaptein Johan Warland på «Hjelmelandsfjord» og tok kontakt med han. Det gjekk i boks og tysværbuen fekk seila mellom Hjelmeland og byen i eit halvt års tid med stuert Berda Meland som sjef for bysseavdelinga. Seinare drog han på fiske i fleire år med diverse skøyter frå Borgøy. Deretter blei han fabrikkarbeidar på Hydro på Karmøy.


Nå er han pensjonist og har flytta heim til Borgøy igjen. Der er han blitt medeigar i Borgøy sjøhus som er ein populær serveringsstad for båtfolk og hyttefolk i nordfylket. Så du møter han kanskje viss det blir eit normalt sommarliv på Borgøy kommande sommar.


Denne beskjedne bloggaren var matros om bord i «Hjelmelandsfjord» sommaren 1966 og fekk då oppleva eldretur med dei eldre frå Sandnes. Dei drog til Årdal på ein fin junidag. Då sa folka om bord at det heilt sikkert var kaptein Warland som hadde bestemt at det var Årdal som var målet. For han budde der og dermed fekk han besøka kona medan båten låg der inne.


Pasientane på Dale psykiatriske sjukehus var også på dagstur med «Hjelmelandsfjord» sommaren 1966. Men då gjekk båten berre ein rundtur utan å gå til kai nokon plass. Dale-pasientane fekk ikkje gjera strandhogg i Ryfylke.


Tenk at eg skreiv nedlatande om gamlingar på tur. I dag hadde eg som 72-åring vore midt i målgruppa for den slags velferdstilbud.


Dette var blogg nr. 20 om «Hjelmelandsfjord». Eg veit ikkje lenger koss dette skal enda. Uansett. Det kjem meir!


Kommentarar på Facebook:

Aslaug Warland Ur

Då eg var lita fekk eg vera med far på slike turar😀 me gjekk til Sandnes med Hjelmelandsfjord kvelden før og eg låg på «flatseng» i lugaren til far på brua

Aslaug Warland Ur er dotter til kaptein Johan Warland.

Endre Nordbø
Me reiste vel på skuletur og med Hjelmelandsfjord på 60 talet.Eg trur me var i Sandnes,Utstein kloster og Haugesund med Haraldstøtta.

søndag 19. desember 2021

Nakenbilde av «Hjelmelandsfjord»!

 

Med sine 48,2 meter var «Hjelmelandsfjord» lengste båten som var fast gjest på slippen
hjå Brødrene Bjørnevik på Hundvåg. Foto: Kjell Førre.


Kan du tenkja deg alt du skal måtta sjå? Ein gong i året drog dei «Hjelmelandsfjord» på land omtrent som om dette skulle vera ein daud fisk. Ikkje nok med det. Trur du ikkje det var ein randøybu som jobba om bord som tok bilde av båten med «underlivet» blotta.


Dette var jo ingenting å ta bilde av. For den delen av båten som sjøen skjulte til kvardags, var også den delen som alle «Hjelmelandsfjord»-elskarar var minst stolte av.


Baugen på «Hjelmelandsfjord» står heilt i veggen til vinsjhuset på slippen. Nærast 
kamera står «Peder W» frå Rennesøy. Foto: Kjell Førre.


I heilt private, fortrulege samtalar blei det sagt at undervannskroget på båten såg ut som om det var laga på sløyden av ein treneva gutunge. Og dette var årsaka til at dei ikkje fekk skikkeleg fart i båten uansett koss store motorar dei putta oppi.


«Hjelmelandsfjord» drog med seg altfor mykje sjø når den kom opp i fart. Toppfarten kom aldri særleg over 12 knop. Hadde den hatt skrog som på dei nye ferjene som går mellom Hjelmeland og Nesvik i dag, hadde den sikkert gått 15 knop. For dei ferjene slepper sjøen fint.

Mest ikkje ei rukka å sjå på sjøen etter dei.


27. september 1978 gjekk «Hjelmelandsfjord» siste tur
frå Ryfylke til byen. Den drog mykje sjø med seg.
Fotografert frå Randøy-brua av Kjell Førre.


Med sine 48,2 meter var «Hjelmelandsfjord» både den lengste av båtane til Jøsenfjord Rutelag og den lengste båten som var "fast kunde" ein gong i året på slippen til Brødrene Bjørnevik på Hundvåg. Berre «Hjelmelandsfjord» av Jøsenfjord-båtane var så langt at den måtte ha to topplanterner. Det var dei stolte av om bord i båten.


Når baugen på båten var i ferd med å renna inn i veggen på vinsjhuset på slippen, var akterenden knapt nok oppe or sjøen. Derfor måtte dei rigga seg til med flåte og greier når propellakslingane skulle trekkjast.


Så snart båten var oppe på slippen og skikkeleg fortøyd der, gjekk mannskapet laust med spyling og seinare stoffing. Nå skulle også propellar, ror og anoder sjekkast. Tilstanden på skipsplatene blei også sjekka. «Hjelmelandsfjord» hadde to propellar og tre ror.


Legendariske «Peder W» frå Rennesøy står på slippvogna på sida av «Hjelmelandsfjord». Denne skøyta blei bygd på Varven i Erfjord i 1957. Dei fyrste åra var den på dei vanlege sesongfiskeria. Seinare blei den brukt til fiskerioppsyn, men er aller mest kjent som ei av dei faste skøytene i potetfarten mellom Rennesøy og Bergen. I dag har «Peder W» fast kaiplass i Vikevåg på Rennesøy.


Etter to-tre dagar på slippen fôr «Hjelmelandsfjord» på sjøen igjen og gjekk til Jøsenfjord-selskapet sitt verksted like ved ferjekaien på

Buøy der resten av vårpussen blei gjort. I løpet av ei vekes tid var arbeidet unnagjort og båten kunne setjast inn i si faste rute der den sjølvsagt hadde vore sårt sakna.


Desse bilda av «Hjelmelandsfjord» på slipp, er tekne av Kjell Førre som var matros om bord på fyrste halvdel av 1970-talet. Bilda er truleg heilt unike. Eg har aldri sett bilde av båten på tørre land før.


Dette var blogg nr. 19 om livet på «Hjelmelandsfjord». Hald ut. Det kjem meir!


Kommentarar på Facebook: 


Hugo Carl Lütcherath

Jeg har skrevet en lengre artikkel om MS Hjelmelandsfjord som strekker seg fra hun ble bygget som landgangsfartøy LCG (M) 192 i mai 1945 til hun idag ligger som rustent vrak i Crab Cay, Great Exuma Island, Bahamas. I artikkelen forteller jeg nokså inngående hvordan denne typen langsgangsfartøyer ble vurdert av sin samtid. Hva gjelder sjøegenskaper og fart var dommen tydelig og klar: Charles Brown skriver for eksempel:"Fartøyene var flate i bunnen, flate i baugen, langsomme og uhåndterlige...". en annen og helt sikkert flere med ham hevdet kategorisk at de ikke ville gått utenfor havnen engang i et slikt fartøy. Så dine "nakenbilder" avslører kanskje ikke at selskapets verksted ved Pyntesundet har gjort en dårlig jobb, men at utgangspunktet var dramatisk dårlig. Skulle det bli skikkelige båter av dem så måtte de ombygges betydelig. Og siden det meste handler om kostnader idag og dengang; og kanskje spesielt like etter krigen, så var det ikke annet å vente at et lite rederi ikke helt maktet å gjøre den jobben som burde gjøres. Men kanskje også nettopp derfor er det fartøyet har sine elskere. Som en filosof sa så klokt: Skjønnhet ligger ikke i det feilfrie, men det med en liten feil. 


fredag 17. desember 2021

Ikkje berre fest og basar på «Hjelmelandsfjord»

 


Fjernsynskveld på «Hjelmelandsfjord». Frå venstre: Johan Warland, Jan Skaar, Tor Halsne, 
Arnt Selvåg og Kåre Bråtveit. Delvis skjult bak mannfolka: Berda Meland og to 
slektningar av henne som me ikkje har navn på. Foto: Kjell Førre. 



Kvardagane var lange og harde på fjordabåtane. Dei gjekk frå fjordabotnane sju økter før dag og var ikkje tilbake igjen før det var langt på kveld. Underholdningstilbodet var ikkje rart på slike endestasjonar langt inne i fjordane.


Ikkje rart at folka om bord i «Hjelmelandsfjord» benka seg i nedre salong for å sjå «Dagsrevyen» då det endeleg blei montert fjernsyn om bord. Bokn-sendaren hadde vore i sving i åravis før det blei råd å sjå fjernsyn om bord. Viss me skal tippa litt, seier me at det kom TV om bord i 1970. Då har me nøye studert bilde av TV-sjåarane og funne ut litt om kva tid dei tjenestegjorde om bord.


Fotografen er Kjell Førre som var matros om bord i fleire periodar fram til han gjekk i land.


På bildet ser me frå venstre Johan Warland som var kaptein på «Hjelmelandsfjord» frå 1959 til 1978. Den unge mannen i gul skjorte er Jan Skaar som på den tida var matros om bord. Han blei seinare motormann og maskinist på fjordabåtar og hurtigbåtar. Tredjemann er styrmann Tor Halsne som må vera på eit korttidsopphald om bord. Han var stort sett på «Årdalsfjord» og «Jøsenfjord». Deretter kjem maskinist Arnt Selvåg ved vinduet. Maskinist Kåre Bråtveit sit åleine på fremste benken.


Stuert Berda Meland sit delvis skjult bak mannfolka. Dei to andre på denne benken har eg ikkje navn på, men dei er i slekt med Berda Meland. Kjekt viss nokon kan hjelpa oss med navna deira.



Den manglande matros: Jan Tednes. Foto: Stein Erik Gilje.


Men det manglar ein matros på at me har eit komplett mannskap. Truleg er det Jan Tednes. Det kan vera fordi båten ligg i Erfjord og erfjordbuen har nytta høvet til å dra heim til familien på kvelden. Men det er slett ikkje sikkert. Viss båten låg på Vadla er årsaka at Jan Tednes ikkje var så interessert i å sjå fjernsyn.


Fjernsynet var montert på ei hylle på veggen bakerst på styrbord side. På andre sida av veggen var det sjukelugar i mange år. Seinare blei byssa om bord flytta dit. Årstalet for denne flyttinga har eg ikkje fått tak i. Men dette skjedde i samband med eit lengre verksted-opphald som båten hadde i Egersund, ifølge Steinar Warland.


- Fjernsynet ramla ned av hylla ein gong då «Hjelmelandsfjord» gjekk inn i Jorenholmskaien med eit brak. Men det landa på ein skinnbenk og fungerte like godt då det blei sett på plass igjen, fortel Kjell Førre.


Viss nokon av lesarane kan gi utfyllande opplysninga om navn på folka eller årstal som gjer oss i stand til å tidfesta denne kvelden betre, er eg takksam for dette.


Dette var blogg nummer 18 om «Hjelmelandsfjord». Er har ingen planar om å avslutta dette prosjektet ennå.

tirsdag 14. desember 2021

Med ein laksa-kasse, 12 jærstolar og ein postsekk gjekk «Hjelmelandsfjord» til byn

 


Snart ved kai på Hjelmeland. Kva skal sendast med «Hjelmelandsfjord» i dag? Foto:
Stein Erik Gilje. 


Rett før båten klappar til kai. «Hjelmelandsfjord» er i ferd med å bakka opp. Ståltauet som blir kalla "springen" om bord, blir lempa i land. Båten heng etter dette eine tauet ved korte anløp. Motoren går på "ganske sakte forover" mens lossing og lasting blir gjort og eit fåtall passasjerar går av eller på.


Det er ikkje liv og røre som i gamle dagar på Hjelmelandskaien ein kvardagsmorgon i juni 1976. Nå er det landevegen som gjeld som transport-veg. Dei fleste hjelmelandsbuane har fått seg eigne bilar og kjører heller bil til Tau og ferja til byen.


Størsteparten av lasta er også vekke. Lastebilar av alle slags slag er i sving. Tankbilar for mjøl og mjølk, kretturbilar og kjølebilar. Og sjå opp på kaien. Der står godsruta med Sigmund Måland som sjåfør, klar til avgang frå Hjelmeland til byen. Nå går transporten frå dør til dør, må vita.


Men nokon trufaste båt-brukarar held ut. Du ser Trygve Breiland, onkelen til Harry, som bøyer seg inn i bilen og leitar etter følgebrevboka. Han er i ferd med å gjera klar ei sending med jærstolar som skal frå Gåsdalen til byen.


Robåten med påhengsmotoren tilhøyrer Alf Jansen. Han har vore ute og sett om kilanota på Skjertangen, rett utanfor Øglænd-hytta. Der var det laks. Den ligg i kassen oppe på kai-kanten. Nå skal den vidare med båten til byen. Alf, mannen med den lyse jakken, står og snakkar med Arthur Bastlid i døråpningen på kaihuset.


Bastlien er matros på Tau-ferja. Han skal ikkje ta båten, men den kombinerte mjølkebilen som står heilt nede ved kaien og ventar på mjølkespanna frå Jøsneset. Mjølkebilen går til meieriet i Årdal. Den korresponderer med bussen vidare til Tau. Det er målet til ferjematrosen.


Mjølkebilen kjem frå Vormedalen. Arne Hetland er sjåføren som du ser kjem gåande på kaien og snakka til kaimann Johannes Jørmeland som står og bøyer seg heilt til høgre på bildet.


Styrmannen samlar følgebrev og post, Ein bil skal på land.
Foto: Stein Erik Gilje.


Så har båten lagt til kai. Landgangane blir lagt klar slik at taxien frå Jøsenfjorden kan kjøra i land. Styrmann Nils Sørskår tek seg av følgebrev og post som han skal ha med seg om bord. Du ser Alf Jansen, Trygve Breiland, Johannes Jørmeland og postdama Dagrunn Meltveit, syster til Magnhild. Den litt utålmodige mjølkebilsjåføren står og ventar på spanna som står i korgene på dekket. Dei skal heisast i land og setjast på krakkane på kaien. Deretter blir spanna sette på bilen. Passasjeren på mjølkebilen, Arthur Bastlid, har vore inne i bilen lagt frå seg bagasjen. Nå vil han studera livet på kaien mens han ventar.


Eg veit diverre ikkje navnet på mannen som stig om bord i båten med bærepose og ei hånd i lommen.


Tre gubbar på kaien. Frå venstre: Johannes Jørmeland, Alf
Jansen og Arthur Bastlid. Foto: Stein Erik Gilje.


Så skal båten gå. Johannes Jørmeland, Alf Jansn og Arthur Bastlid kan smila og sjå på mens matrosane gjer klar til avgang.


Det var den morgonen for 45 år sidan.


Kommentarar på Facebook:

Jan Gunnar Helmikstøl

Dukka opp et minne då eg såg bilde av Bastliden, så du skriver.
Eg reiste monge gonger te byn te fysioterapaut når eg va i 12 års alderen. Dette foregjekk på dagtid, og ein gong eg va på veg heim va der nesten ingen andre i den øverste salongen. Det var kun to mannfolk te der som sat og røykte og drakk øl. Det va ikkje lov å røyka i denne salongen, og eg blei skikkelig øvegidde då billettøren kom og tok betaling, og han sa ingenting te dei to mannfolkå Eg følte meg litt utrygge der eg såd..
Men brått dukka der opp ein kjempesvære matros ,huske så godt matroshuå hans, i dørå te salongen. Med ein gong dei to såg han i dørå va dei lynraske å pakte vekk røyk og ølflasker. Matrosen sto der å kikkte på dei, ikkje et ord blei sagt..
Har i adle år hatt ein god følelse for den svære, trygge matrosen på Tau ferjå..😊
Veldig kjekt å få et navn på han😊