onsdag 20. desember 2017

Hestehandlar Ola Djuv var ein trufast "Fjordsol"-brukar


Hestehandlar Ola Djuv og styrmann Johannes Yrke med følet som
skulle til Marvik. Foto: Leif Berge.

Syrgjeleg at "Fjordsol" skal vekk. Den har vore uvanleg god å senda dyr med. Dei har fått stå så godt og turt her på akterdekket. God passasjerbåt også. Eg har hatt mange gilde turar ut og inn fjorden. Nei, dette var trist. Eg kjem til å sakna båten.

Plutseleg sto den kjende hestehandlaren om bord i "Fjordsol". Heile Ryfylke og halve Rogaland hadde høyrt om Ola Djuv frå Svandalen i Sauda og mange hadde handla hest med han.

Du trur kanskje at dette var avtalt spel. At me hadde ringt til Djuven og bede han om å komma ned på kaien med ein hest. Eit hestebilde ville jo gjera seg godt i ein heilsides laurdagsreportasje.

Nei. Dette var heilt tilfeldig. Før me gjekk om bord i westarmaranen om morgonen for å reisa i full fart til byen, gjekk fotograf Leif Berge og eg bort om "Fjordsol" for å seia takk for i går til folka om bord. Me hadde jo reist med dei i timavis dagen før. Den gamle fjordabåten og den nesten heilt nye "Fjorddrott" låg ved same kaien og skulle gå klokka sju, begge to.

Der var Ola Djuv på plass på "Fjordsol" med eit føl som han skulle senda til Marvik. På den tida hadde han handla hest i 40 år og var i full aktivitet i september 1977. - Nå er det ikkje lenge til det skal vera Marken i Stavanger. Der er eg som alltid på plass, sa han.

- Skriv i bildeteksten at hesten står i midten, ropte fotograf Leif Berge. Då fekk dei lattedøra på vid vegg. Hestehandlar
Ola Djuv og styrmann Johannes Yrke.

Fotografen var rask med å få opp apparatet for å ta bilde av hestehandlaren og styrmann Johannes Yrke. Han tok fleire bilde. Pressefotografar har alltid trykt i veg utan å tenkja på koss mykje film dei brukar. Dei to karane som sto og heldt i følet, var kanskje litt reserverte. Fotografar har alltid småtriks for å få liv i folk dei skal ta bilde av.

- I bildeteksten må du skriva at hesten står i midten, ropte Leif Berge til meg.

Då lo karane godt. Dermed var det beste bildet i boks. 

Ola Djuv på Marken i 1953.
Du får mange treff viss du søkjer på Ola Djuv i Aftenblad-arkivet. Ein allsidig hestamann. Han handla hest og bruka hest til alle slags føremål. På garden i Svandalen nytta han hesten. Med kløvhest frakta han utstyr til kraftanlegg i Saudafjella og leverte proviant til byfolk på hytteferie i påskehelgene. Kanefart i Sauda sentrum var han også med på.

Laurdag 29. mai 1965 var det ein stor reportasje om Ola Djuv i avisa. - Trass i at han ikkje har runda dei 50 ennå, er han mellom dei best kjende hestehandlarane i fylket, med om lag 30 års røynsle i faget, står det i reportasjen som er laga av Fredrik Koch som var Aftenbladet sin mann i Sauda på den tida.

Interessa for hest hadde han hatt så lenge han kunne minnast. Bestefaren, Ola Aarthun Djuv, som kom frå Hellandsbygd og kjøpte garden i Svandalen, var ein kjend hestehandlar som hadde mykje å fortelja.

I 1965 hadde Ola Djuv åtte-ni mjølkekyr på båsen, 15 slaktegriser og ein del sauer. Ikkje nok med hestehandel og gardsdriften. Fabrikkarbeidar var han også.

Ola Djuv skrytte av "Fjordsol" og folka om bord. Han kom til å sakna dei sårt nokre år seinare. Bloggen i morgon handlar om det. Du må ikkje gløyma å skrua på datamaskinen i morgon. Det blir sterkt!

Kommentarar på Facebook:

Erling Hoftun Ola hadde utruleg godt lag med hestane, og han hadde ein fantastisk teknikk i å få dei ombord i båten hvis dei slo seg litt vrange fram mot langgangen. Ein runde eller to på i god fart på kaien og så rett ombord før hesten fekk sukk for seg

Jan Skaar Styrmann Johs Yrke....Ein støvanes gjille kar var han.....Avslutta sin karriere på Hidle,etter Fjordlast var tatt ut or lasteruta til Sauda.

Erik Falkeid Asbjørnsen Husker Johannes Yrke som styrmann da han var på "Bokn" som gikk til Steinnesvåg på Finnøy.
Foreldrene mine var omgangsvenner med familien, så jeg kjente han godt og fikk meg noen turer opp i styrehuset på Bokn..fine barndomsminner!


Harry Breiland Siste hesten i Gåsdalen kom frå Ola Djuv, ca 1960. Ei gilde merr som eg kjørte mykje med






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar