søndag 10. desember 2017

Jelsa - Brystnåla på Ryfylke?

"Fjordsol" klappar til kai på Jelsa.  Poståpnar Tomas Kristensen har tatt mot trossa.  Foto: Leif Berge.


"Fjordsol" legg til kai på Jelsa. Me er klar til å studera staden som patriotane kallar "Brystnåla på Ryfylke". Men hallo? Dette må vera baksida på brystnåla. Dette er ingen Ryfylke-idyll. På ein sjellaus ferjekai står tidlegare  handelsmann og skipsekspeditør, nå poståpnar Tomas Kristensen og tek mot trossa. "Fjordsol" svingar seg inn i ferjestøa. Lossinga kan starta.

Her ser du den gamle rutebåtkaien på Jelsa i glanstida.  Damp-
båtane "Sand" og "Stavanger" på bildet.
Den gamle, karakteristiske rutebåtkaien frå 1904 låg midt i smøraua i Jelsasjøen. Men privatbilismen førte til nye og mindre vakre løysingar. Den nye ferjekaien blei plassert i Jelsavågen  sør for Jelsasjøen. Den blei teken i bruk i 1974. Den tidlegare Ropeid-ferja blei nå sett inn i rute Jelsa - Foldøy - Hebnes - Nedstrand. Tverrsambandet blei dette kalla.

Men ikkje nok med at ferja gjekk til den nye kaien. Nå brukte rutebåtane og hurtigbåtane også den nye kaien. Den gamle rutebåtkaien låg ubrukt og blei grovt forsømd i årevis.

Eg ser på bildet. Volvoen på kaien vil eg tru tilhøyrer poståpnaren som er på kaien for å ta henta posten som kjem med båten. Båtekspeditør var vel ikkje Kristensen lenger i 1977.  Stavangerske hadde vel ikkje bruk for slike tjenester lenger, vil eg tru. Landhandelen var bortleigd til andre.

Tomas Kristensen er forresten gammal fjordabåt-mann. Då "Hjelmelandsfjord" var ny i 1949, var Kristensen styrmann om bord der. Mange hugsar Tomas Kristensen som eigar og skipper på mjølkeskøyta "Varnes" som gjekk i rute frå Foldøy langs Marvik-sida av fjorden til Sand i aldri så mange år. Seinare var han handelsmann på Jelsa. Bror hans var landhandlar på Foreneset.

Ventar rutebussen på kaien på "Fjordsol"? Kanskje. Den er kjørt på det neste bildet når lasta skal på land.  Reiste Anders Romsbotn heim til Økstrafjorden med den?

Motormann John Samuelsen tek seg ein røyk mens matrosane Trygve Marvik og Konrad Olsen skuvar lasta på land
på Jelsa med litt assistanse av styrmann Johannes Yrke. Foto: Leif Berge.


Jelsa-lasta blir skubba på jekketralla over ferjelemmen av matrosane og styrmannen hjelper til med dei tyngste taka. To turar går dei på land med forsyningar til krambua på Jelsa. Lastebilen og ein traktor  på dekket skal vidare innover i fjorden.

Me skal reisa lenger innover i fjorden i tida fram mot jul. Men eg er ikkje heilt ferdig med Jelsa. Det kjem meir dei neste dagane.

Flott med tips. Eg har mailadresse: hjelmelandsfjord@gmail.com.

"Fjordsol" i Jelsafjorden. Foto: Helge Askildsen.









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar