søndag 30. juli 2023

Vipps – der var bankbussen vekke!

 

Bankbussen på plass i Vormedalen. Olaug Synnøve Soppeland ekspederer bankkunde Nils Hauge.
Kari Midtbø ser etter spennande bibliotek-bøker i november 1988. Aftenblad-fotograf
Knut S. Vindfallet har tatt bildet som også er brukt i jubileumsboka. 


Med bankbuss kunne ein kjøra pengane ut til folket på bygdene. Dei slapp å reisa inn til sentrum og inn i banken for å få ordna opp i pengesakene sine. Eit stort framskritt i forrige århundre. Nå er bankbussen historie. Data-alderen og vippsen overtok og bankbussane har kjørt ut av historia. I Hjelmeland tok denne soga slutt i 2001.


Ola Vormeland si fotosamling og Hjelmeland Sparebank si jubileumsbok er eit godt grunnlag når ein skal mimra om bankbussen si tid i kommunen.


Bankbussen hadde fast stoppeplass i Melandskrossen i Vormedalen. 
Foto: Ola Vormeland.


I 1977 begynte dei å snakka om bankbuss i Hjelmeland Sparebank. Det blei ikkje med snakket. For eit slikt tilbod meinte ein passa godt i kommunen med så spreidd busetnad og dårleg utbygd kollektivtransport. Med dette tilbodet kunne dei også konkurrera betre mot Postsparebanken som gjennom landpostbuda kom heilt fram til folk.


Bankbuss-ideen blei realisert etter at det blei inngått eit samarbeid med kommunen i 1981. Ein etablerte eit heilt nytt tilbod: Ein kombinert bank- og bokbuss. Bussen kom i drift frå 15 juni 1981. Den var utstyrt for å kunna ekspedera bankkunder og hadde hyller med plass til 800 bøker til utlån.


Bankbussen hadde seks stoppestader. Alle desse var plassert i gamle Hjelmeland kommune: Jøsenfjorden, Jøsneset, Vormedalen, Randøy, Askvik og industriområdet på Vikaneset fekk besøk av bussen to gonger i veka. Etter gammalt var dette Hjelmelandsbanken sitt område. Årdal og Fister hadde sine eigne sparebankar.


Johannes Hetlelid hjelper ein ung og interessert vormedalsbu inn i 
bøkenes verden. Kjenner nokon navnet?


Johannes Hetlelid fekk jobben med å kjøra bankbussen. Han var tidlegare lærar ved Hjelmeland skule. I fem år var det han som hadde ansvaret for bussen. I 1986 slutta han og gjekk tilbake til skulen. Då overtok Svanhild Nessa. Det var også andre banktilsette som kjørte bussen i periodar.


Banken fekk med åra fleire kunder både i Årdal og Fister. Dermed kom Årdal, Nessa og Fister med på ruta frå 1987. Frå 1995 fekk også Ombo i Finnøy kommune besøk av bussen.


Kan dette stemma? Johannes Hetlelid sjekkar reknemaskinen. 


Samarbeidsavtalen mellom banken og kommunen tok slutt i 2000 og bankbuss-tilbodet blei borte i 2001. Tele- og nettbank hadde ført til at mykje av kundegrunnlaget blei borte. Bankbussen var historie.


Ola Vormeland var styreformann i banken frå 1967 til1978. Ikkje minst på grunn av sin tilknytning til banken, passa han på å fotografera bussen og bankbuss-sjef Johannes Hetlelid i arbeid ute i bushen eller rettare sagt i Vormedalen. Den faste stoppeplassen var Melandskrossen, der vegen tek av til Kleivaland.

tirsdag 25. juli 2023

Ferjemannskap på fjellgarden Vormeland!

Ferjekarane på besøk på Vormeland. Frå venstre: Gulleiv Norheim, Øystein Øye, Olav Erøy,
Liv og Signe Vormeland.

 

Tenk det du! Heila mannskapet på «Jøsenfjord-Ferjen» i stova på garden Vormeland, 300 meter over Tøtlandsvik der ferja låg med kai. Det er ikkje tvil om at kaptein Olav Erøy, billettør Gulleiv Norheim og maskinpassar Øystein Øye var på jobb. Koss kunne dei ha havna i stova hjå Ola på Vormeland.



Kaptein Olav Erøy til rors på ferja. Han styrer med pinnen han held i høgre hand. Rattet var
stort sett til pynt.


Ola Vormeland, bonde og amatørfotograf, fekk eit godt forhold til ferjefolka på Jøsenfjorden. Han hadde naust i Tøtlandsvik og var ofte ute og fiska. På «Jøsenfjord-Ferjen» var han innom rett som det var. Det går tydeleg fram av bildesamlinga hans.


Om det var Ola som hadde invitert dei på besøk eller om dei kom på eige iniativ er ikkje godt å vita. Dei var heilt sikkert velkomne uansett.


Den nye «Jøsenfjord-Ferjen» blei sett inn i ferjesambandet mellom Tøtlandsvik og Vindsvik som blei åpna i juli 1965. Ei storhending for alle oss innante som budde i desse traktene. Og erfjordbuane som jobba på ferja blei jo reine kjendisane.


Olav Erøy var fyrste kapteinen på «Jøsenfjord-Ferjen». Han hadde tidlegare vore kaptein på «Årdalsfjord». Dei to andre som han hadde med seg, Gulleiv Norheim og Øystein Øye, hadde tidlegare vore på «Hjelmelandsfjord» i mange år.


Frå salongen. Frå venstre: Øystein Øye, Olav Erøy og Sigmund Øye.

Forklaringa på Vormelandsturen? Dei fyrste åra var det ikkje mange avgangar frå Tøtlandsvik i vinterruta. Dei hadde mykje liggetid på kveldane. Ferjekarane var jo ikkje kjende i landskapet på sørsida av Jøsenfjorden. Dermed var det ei "forvedå reis" med ein biltur til Vormeland.


Ein av ferjekarane har nok hatt bilen med seg og så har dei kjørt opp til Vormedalen og så vidare til Vormeland. Dette er ei mils veg frå Tøtlandsvik. Det er ingen grunn til å tru at dei tre erfjordbuane gjekk opp den stupbratte Vormelandsbrekka.


Øystein Øye i maskinrommet. 


Interiørbilde frå ferjer og fjordabåtar er det som oftast skralt med. Ola Vormeland har sørga for viktige bidrag frå «Jøsenfjord-Ferjen» frå styrehus, salong og maskinrom.


Frå fjellknausen Litla Aksla oppe på Vormeland tok han mange bilder (omtrent flyfoto) av ferja på veg til ferjekaien i Tøtlandsvik.


Ferja på veg til kai. Bildet er tatt i andre halvdel av 1960-åra. Den gamle rutebåtkaien ligg
bak ferjekaien. Krambua til Johannes Tytlandsvik er stadig i drift. 


onsdag 19. juli 2023

«Ulla- Førre» - HSD-ferja som blei anleggsarbeidar

 

«Ulla- Førre» ved kai i Hauavika i Jøsenfjorden. Kaptein Odd Viga ermannen med lys skjorte midt i bildet.
Mannen med topphua til venstre, er Peder Kleppa, svigerson til fotografen.  Foto: Ola Vormeland.
 

Ferja «Ulla- Førre» kjem pluseleg seilande når du ser gjennom den mangfoldige foto-samlinga etter Ola Vormeland. Han var ein ivrig amatør-fotograf og tok foto-apparatet med seg når han var ute på farten. Bilda er stort sett av god kvalitet og mange av dei er av lokalhistorisk interesse.


Dei som er skikkeleg interessert i gamle ferjer og fjordabåter vil kjenna igjen den tidlegare HSD-ferja «Huglo» når dei ser dette fartyet. «Huglo» blei bygd ved Stord Verft i 1962. Denne ferja var på 155 bruttotonn og 27 meter lang. Den hadde ein Wichmann dieselmotor på 300 BHK.


«Huglo» som ny i 1962. Teikning: Bård 
Kolltveit.


Ferja blei sett inn i ruta Løfallstrand-Gjermundshamn og Jektavik-Flatråker-Nordhuglo. Frå 1973 gjekk ho i ruta Jondal-Tørvikbygd og somrane 1975, 1976 og 1978 i ruta Hatvik-Venjaneset, står det å lesa på Wikipedia.


«Ulla- Førre» på veg frå Førre til Hauavika.
Fotografert frå Pæralia.


I 1980 kvitta HSD seg med den 18 år gamle ferja. Simon Møkster i Stavanger kjøpte «Huglo», men selde den raskt vidare til Hans Norland på Jørpeland. Ferja skifta nå navn til «Ulla-Førre».


«Ulla-Førre» fotografert frå Førrejuvet.


Med Odd Viga frå Hjelmeland som skipper blei ferja bortleigd til Statkraft som hadde eit større anleggsarbeid gåande i veglause Førre heilt i botnen av Jøsenfjorden. Der blei ferja gåande i årevis mellom Førre og Hauavika og Vadla. Den grove, godslege kommando-røysta til kaptein Viga gav godt ekko mellom dei høga fjella og blei ein del av dagleglivet i fjorden.


Ola Vormeland med raude buksselar om bord i anleggsferja. Dei andre karane er nok 
resten av reisefølgjet. Peder Kleppa heilt til høgre. Kjenner ikkje navna på dei andre. 


Av dei sparsomme notata til Ola Vormeland ser det ut til at han var med i ei gruppe som skulle på oppmålingsarbeid i samband med at dei skulle ha erstatning for Kviånå som var berørt av Ulla-Førre-utbygginga.


Dei spektakulære bilda av ferja i fart er tekne frå fjella på begge sider av fjorden. Ferja blei gåande mellom Førrebotn og Vadla så lenge anleggsarbeidet pågjekk.  I 1987 var Jøsenfjord-farten slutt og «Ulla-Førre» forsvann frå Ryfylke.


Den gamle «Huglo» skal stadig vera i drift. Nå går den i skjergarden utanfor Åbo i Finnland med navnet «Isla».


(Viss du vil dela bloggen med dine venner på facebook, kan du trykka på facebook-logoen rett nedanfor her og dela i vilden sky.)


søndag 16. juli 2023

Den "norske" Nato-generalen fekk Aftenbladet til å gå av skaftet

 

Norstad-feberen toppa seg med besøket på Sola i september 1951. Der møtte han mange
av sine slektningar. Han smilte like naturlig som ein saudabu, sto det i avisa. 


Fyrste-sida blei rydda og skriveglade journalistar blei mobilisert då Aftenbladet i mars 1951 oppdaga at den nye sjefen for alle amerikanske luftstyrkar i Europa, general Laurits Norstad, stamma frå Ryfylke. I Aftenblad-redaksjonen jobba dei på den tid etter følgjande motto: "Me gjer verda mindre og Rogaland større".


Det var berre seks år sidan krigen var slutt. Den kalde krigen var aldri kaldare enn på den tida. Men alle i Norge stolte på at amerikanarane ville berga oss viss russarane kom. Klart det friska opp med ein ombo-bu i all denne krigselendigheta.


"Atlantpaktens nord-kommando får hovedkvarter i Stavanger?" Dette var toppsaka i Aftenbladet 3. mars 1951. Dei hadde jo eit spørsmålstegn til slutt, men likevel. Ei skikkelig sak. Rett under kom nyhet nummer to: "General Laurits Norstad stammer fra Jørstadvåg". Her var det ikkje spørsmålstegn.


Med dette Aftenblad-oppslaget starta Norstad-feberen.


I dag, 72 år seinare, er det lett å sjå at det gjekk litt fort i svingane i Aftenblad-redaksjonen. Dei hadde ikkje mobiltelefonar den gongen. Ikkje elektriske skrivmaskiner ein gong. I avis-bransjen blei denne epoken seinare kalt for bly-tiå.


Aftenbladet snakka med Peder Nårstad på Ombo. Han var 67 år gammal og var ikkje i tvil om at far til generalen, Lars, hadde vokse opp på Nårstad-garden. Han fortalde at Lars kom frå små kår i Erfjord. Forsorgsvesenet måtte ta seg av han og syskena. Dermed kom Lars til Anna og Johannes Nårstad på Ombo. Det barnlause ekteparet blei pleieforeldra hans. Han vaks opp på garden og han gifta seg med tjenestejenta, Ingeborg, som kom frå Sauda. Dei reiste til Amerika i 1873 og levde som farmarar i Iowa.


Lars og Ingeborg hadde vore tilbake i Norge i mellomkrigstida opplyste Peder Nårstad til avisa. Dei hadde med seg ein liten gutt som Peder meinte å hugsa at dei kalla Lauris. Dette var ein oppvakt gutt som Peder godt kunne tenkja seg blei noko stort i livet.


Her ser du både besteforeldra og 
far til generalen på fyrstesids
på Aftenbladet.


Ikkje alt var korrekt i denne artikkelen. Men tenk koss det var i den tida. Aftenbladet var ei middagsavis. Journalistane kom på jobb i åtte-tida på morgonen og skulle laga dagens avis. For å komma i kontakt med ein Ombo-bu, måtte dei bestilla rikstelefon og kobla seg fram via diverse telefonstasjonar til Jørstadvåg. Der fekk journalisten Peder Nårstad i tale. Han hadde ikkje hatt all verdens tid til å førebu det han opplyste om denne Lars som hadde reist til Amerika. Og jounalisten hadde berre en liten time til å skriva Norstad-artikkelen. Deadline var klokka ti. Papiret med artikkelen måtte forvandlast til blysats og så vidare til trykking. I tolv-tida var Aftenbladet på gata.


Artikkelen blei godt stoff og lesen grundig. Det blei ein mengde reaksjonar og grunnlag for mykje meir godt Norstad-stoff i tida etterpå. For det var ikkje faren til generalen som kom frå Ombo. Det var bestefaren. Og sjølv om det ikkje var general-slektningar på Ombo, fanst det slekt i søkk og kav andre stader i Rogaland.


Generalen vil møta ein hær av slektningar i Rogaland, skreiv Aftenbladet neste dag. Besteforeldra og faren, presten Martin, pryda fyrstesida.


Ingeborg, farmora til generalløytnanten, var av den tallrike Løyning-ætta frå Sauda som hadde greiner over heile Rogaland. I 1948 hadde dei hatt eit slektsstevne i Strand og året etterpå eit med 150 deltakara i Sauda.


Det var rett at Ingeborg og Lars hadde vore tilbake i Norge. Men det var ikkje i mellomkrigstida, det var i 1900. Gutten som dei hadde med seg, var den fire år gamle pleiesonen Victor. Han døydde seinare av difterie, sto det vidare i artikkelen.


Trur du Aftenbladet gav seg med denne grundige artikkelen om forfedrar og slektningar av Nato-generalen. Nei, du!!


Aftenbladet hadde utsend medarbeidar på Ombo.



"Eg ska' seia han Lars kunne med tolekniven", står det det på toppen på fyrstesida dagen etterpå. Ein av Aftenbladet sine journalistar har teke turen til Jørstadvåg på Ombo. Han har møtt Peder Nårstad som har vist dei alle dei flotte bokstavane som bestefar Lars har skore inn i treverket inne i kvernhuset som ennå sto på garden.


Journalisten fortel også korleis han kom seg fram til Nårstad i mars 1951: "Nårstad ligg i hjarta av Ombo, kan ein seia. Tek ein båt til Jørstadvågen, på nordvestre luten av øya, går det innetter. Med bil kan ein køyra oppetter, framom Hetletveit og Bjerga til Vatland. Der må ein stiga av og vassa i snøen halvannan kilometer eller så fram til Nårstad-garden. Veg vantar på dette siste stykket".


Norstad-feberen toppa seg då general Laurits Norstad for fyrste gong i sitt liv kom til Sola saman med den norske forsvarsministeren Jens Chr. Hauge. Ein svær flokk med slekningar var på plass for å helsa på den berømte slektningen. "Generalløytnant Norstad smilte naturlig som en saudabu" fastslo Aftenbladet på førstesida.


Nato-generalen opplyste at han ikkje kunne snakka norsk lenger, men han beherska fraser som "God dag" og "Takk for maten". Som guttunge forsto han når preste-faren preika på norsk i kyrkja i Minnesota. Men nå var norsken  borte.


Laurits Norstad var fødd i 1907 i Minneapolis i Minnesota. Han døde i Tucson, Arizona i 1988. Frå 1951 var han sjef for NATO sitt flyvåpen i Europa og 1956 til 1963 var han sjef for NATO sine militære styrkar i Europa.

Ikkje alle Aftenblad-lesarane let seg riva med i den voldsomme dekninga av Rogaland sin eigen NATO-sjef. Dette lesarbrevet viser det:


Denne lesaren meinte tydelegvis at
Norstad-dekninga blei voldsom.


(Viss du vil dela bloggen med dine venner på facebook, kan du trykka på facebook-logoen rett nedanfor her og dela i vilden sky.)












fredag 14. juli 2023

Til Ombo med gratis-ferja på jakt etter spor av Nato-general

 

Fire Nårstad-karar, men ingen var i slekt med generalen. Frå venstre: Per Nårstad pluss tre 
generasjonar: Ailo Soma Nårstad (10), Audun og Lars.

Kvar gong eg kastar eit blikk på Hjelmelandsfjorden, ser eg denne evindelege ferja på veg til Ombo. Ka i all verda skal den der borte til alle tider? Mange ergrar magesår på seg av desse ferjene inne på Hjelmeland. Dei går tomme til Ombo når det står kilometervis med bilar i kø på Nesvik. Det finst ikkje folk på Ombo. Ka skal dei med ferja der?


Du har kanskje høyrt klagesongen du også? Men det løgnaste er at når du då skal ta med deg bilen frå Hjelmeland til Ombo! Kor er ferjå då henne? Då går den att og fram til Nesvik i timavis. Me nådde ikkje den i halv tolvtida her ein føremiddag. To timar måtte me venta på neste avgang til Skipavik på Ombo.


Framme på Skipavik. Minst ti bilar skal andre vegen. 


Det ville vera direkte pinligt å ta ferja frå Hjelmeland til Ombo berre for å reisa gratis. Eg måtte finna eit aktverdig ærend for turen til den nest største øya i Rogaland.


Plutseleg kom eg på det. Mor mi fortalte i min barndom at den ein gong så svære Nato-generalen Laurits Norstad som rett nok var amerikaner, stamma frå Ombo.


Laurits Norstad - Nato-sjef i Europa
frå 1956 til 1963.


Denne "ombobuen" var øverste sjef for Nato-styrkane i Europa frå 1956 til 1963. Han var utnevnt av president Eisenhower og fekk behalda stillinga i Kennedy sin president-periode.


Ein slik svær mann som både ombobuar og andre ryfylkingar var krye av på den tida. Tenkja seg til ka det kunne bli av oss innante. Viss me berre kom oss ut.


Overskrift i Aftenbladet 3. mars 1951.


Lars Nårstad heitte bestefaren til Nato-generalen. Han tok i 1873 med seg kona Ingeborg  og drog til Iowa i USA. Der slo dei seg ned som farmarar. Dei fekk sju barn. Fem av dei vaks opp. Den eldste sonen blei prest i Minnesota. Han blei far til Laurits, den vidgjetne generalen. Nå var etternavnet blitt Norstad. Du vett amerikanarane hadde ikkje bokstaven å.


Då eg kjørte i land på Ombo, gjekk vegen rett til Nårstad. På førehand hadde eg peila meg inn på Nårstad-folk. Brørne Ole Dagfinn og Per Nårstad hadde eg snakka med på telefon. Dei var førebudde på besøk på Nårstad. Her dukka det opp ein tredje broder Nårstad også. Tenk det du! Tri vaksne karar som ville møta meg. Forresten det blei berre to. Ole Dagfinn var i Sauda akkurat denne dagen.


Eg hadde notatboka med. Klar til å skriva ned alt dei visste om fir- og fem-menningar i USA og kven på Ombo som hadde general-blod i årene.


Men akk! Det finst ikkje ein einaste mann på Ombo som kan kalla seg slektning av Nato-general Laurits Norstad. I Erfjord og i Sauda, derimot, kan du sikkert finna rikeleg med "blodspor" etter mannen.


Lars Norstad kom frå husmannsplassen Ormannsvika under garden Sandvik. Foreldra var så fattige at forsorgsvesenet i Jelsa-soknå måtte ta seg av Lars og systera. Dei blei bortauksjonerte til dei som skulle ha minst for å ta seg av dei. Guttungen Lars fekk det godt hjå det barnlause ekteparet på Nårstad og tok deira etternavn. Som vaksen gifta han seg med Ingeborg, tjeneste-jenta på garden, og dei reiste til USA i 1873.


Ikkje i nærheten av slektskap på Nårstad i dag. Ka hadde dei då å slå i bordet med?


Fjøla med Lars Norstad sine bokstavar havna i USA. Foto: Ole Dagfinn Nårstad.


Generalen sin bestefar, Lars, hadde sett spor etter seg før han reiste. Han var flink med tollekniven og skreiv navnet sitt og initialar på ei fjøl i løa. Då løa blei riven, tok Ole Dagfinn Nårstad vare på fjøla. Men trur du han har den i dag? Den fauk til USA i 1999. Då kom det Norstad-etterkommarar til Ombo. Dei fekk fjøla. Men dei hadde eit bilde igjen av fjøla på Ombo.


Slik enda generaljakta vår på Ombo.


Men det var lenge til neste gratis-ferja frå Skipavik. Me kjørte over til det som hjelmelandsbuar kallar vrangsida av Ombo. Her er det vegar i alle retninga.


I sakte fart gjekk turen mot Jørstad og seinare mot Eidssund.


Jarleiv Langvik - min skulekamerat frå Kongsgård.


Plutseleg såg eg ein mann med ugras-sprøyta på ryggen. Hei! Det var noko kjent med han. Min gamle studie-kamerat frå realskulen på Kongsgård frå 1964 til 1966, Jarleiv Langvik. Ikkje berre Alexander Kielland og Arne Garborg har gått på den fine Stavanger-skulen. Me innante-guttar gjekk også der. Den pensjonerte ferjeskipperen på Ombo er jo bonde også. Forresten driv han og skiprar ein del ennå.


Det gjekk ikkje ei krona på Ombo-turen, før me kom til blomstergartneriet til Ragni og Henry
Ådland på Eidssund.


Så langt hadde det ikkje gått med ei einaste krone på Ombo-turen. Det tok den kvinnelege delen av reisefølget seg av då me kom til gartneriet til Ragni og Henry på Eidssund. Før eg fekk sukk for meg var det fullt av blomster i bilen. Slike gratisturar blir lett dyrare enn ein hadde rekna med.


Slik enda general-jakta i fyrste omgang. Men min venn i Aftenblad-arkivet, Leiv Åmund Hoftun, har sendt meg ein mengde med general-stoff frå 1950-talet. Det kjem i neste blogg.


(Viss du vil dela bloggen med dine venner på facebook, kan du trykka på facebook-logoen rett nedanfor her og dela i vilden sky.)


mandag 10. juli 2023

Travelt for Torill då Tomstad åpna ny butikk

 


Travelt for Torill Djønne i kassen då Tomstad åpna ny butikk.
Stor forandring frå krambua i Vågen. 


Halva Hjelmeland sto i kø då Tomstad-butikken åpna sin tipp-topp moderne butikk på den tidlegare Prestagarden. Nå var krambu-epoken slutt i Hjelmelandsvågen.


- Køen strekte seg frå butikkdøra og heilt bort til riksvegen. Oppstusset då handelslaget åpna sin butikk i 1967, var bare småplukk i forhold til den liv og røra det var då me åpna ny butikk, seier Per Kvame (79) som var sjef og eigar i Sigv. Tomstad saman med Harald Sæbø.


Harald Sæbø hjelper Liv Vormeland med å pakka varene sine. 


Ola Vormeland tok ikkje berre med seg kona Liv til butikk-åpninga. Foto-apparatet var også med. Han knipsa travle Torill Djønne, kollegene hennar og kundene som ville benytta seg av alle super-tilbuda på åpningsdagen 12. februar 1980.


- Eg begynte på Tomstad-butikken i Vågen i 1972. Der gjekk all handel over disken. Kundene sa kva dei skulle ha og me henta varene. Først skulle dei ha eit brød som me sprang og henta. Så skulle dei kanskje ha fem boller. Då var det å springa tilbake til bakarvarene på ny, fortel Torill Djønne som hugsar at det var uvant å sitja bak kassa-apparatet.


Ho blei ikkje så lenge i den nye butikken. Ho gifta seg og stifta familie. Men seinare var ho tilbake som ekstrahjelp i helger og feriar.

Tomstad-damene fekk blomster. Frå venstre: Borgny Jørmeland, ekstrahjelp
Ragnhild Kvame og Åshild Kvame. 

Fotografen fekk ikkje med seg Ella Espeland på åpningsdagen. Ho var heilt sikkert travelt oppteken då. Ella starta på Tomstad-butikken som 16-åring i 1959 og jobba der samanhengande i 51 år. Ho pensjonerte seg 30. april 2010. Det var fire kvinner i Tomstad-butikken i 1980: Ella Espeland, Borgny Jørmeland, Åshild Kvame (kona til Per) og Torill Djønne.


Ella Espeland, i midten, jobba på Tomstad-butikken i 51 år. Per Kvame, tilvenstre, og butikksjef
Tonr Kristin Laugaland Munthe til høgre.

- Det meste blei selt i laus vekt og måtte målast og vegast. Eg hugsar godt sildatønnene der me måtte kjøra armar og nevar ned i for å å henta opp fisk, men det verste var når me måtte måla opp sirup. Det var någe kliss, sa Ella i eit avskjedsintervju med Strandbuen.


Gudve og Kristen Hetlelid var mellom dei mange
Tomstad-kundene på åpningsdagen. 

Bakaren hjå Tomstad, Ole B. Haugsland, var også med på flyttelasset frå Vågen til Prestagarden der det var laga eit tipp-topp moderne bakeri. Men tida med lokale bakarar på bygdebutikkane, var i ferd med å ta slutt. Bakeriet blei nedlagt då bakaren gjekk av med pensjon i 1987.


Det nye forretningsbygget var på 500 kvadratmeter. Butikk-arealet var på 285 kvadratmeter mot 140 kvadratmeter i den gamle butikken i Vågen.


Per Kvame og Harald Sæbø unnte seg ein røykepause på den travle åpningsdagen. 


Harald Sæbø og Per Kvame, Tomstad-eigarane, var også super-veteranar. Harald Sæbø starta i butikken i 1930-åra og heldt ut til han blei pensjonist. Per Kvame starta sin karriere på Tomstad-bakeriet som 14-åring i 1958.


Det er over 43 år sidan denne spektakulære butikk-åpninga i februar 1980. Flott at Ola Vormeland tok med seg foto-apparatet til hendinga og etterlet bilda i si store fotosamling. Dermed kan me mimra i dag. Det er Morten Hetland som har digitalisert lysbilde-samlinga til Ola Vormeland.


Spar-butikken, tidlegare Tomstad, slik den ser ut i dag. Foto: Sigve Vatland.


(Viss du vil dela bloggen med dine venner på facebook, kan du trykka på facebook-logoen rett nedanfor her og dela i vilden sky.)



torsdag 6. juli 2023

Østhusvik – gratis tur til eksotisk reisemål!

 


På Sjøberg på Østhusvik kan du eta, drikka og overnatta. 


Gratis buss – dette fabelaktige valgkamp-stuntet i Stavanger – måtte me sjølsagt utnytta. For ein stakkars pensjonist som meg, ville det ha kosta 21 kroner for ein honnørbillet til ein av dei mest eksotiske delene av Rennesøy. Nå kunne me reisa gratis både til og frå.


Det finst tusenvis av byfolk som ikkje er kjende på desse Ryfylke-øyane som har prestert å gå inn i bykommunen Stavanger. Av alle ting er byen som likar å kalla seg oljehovedstaden, største sauakommunen i landet etter å ha slukt både Rennesøy og Finnøy.


Frå Breiavatnets bredder går buss nr.10 til 
Rennesøy. Minst kvar time. 



Bussen til Østhusvik - kor finn du den? Eg måtte inn i Kolumbus-appane for å finna ut avgangstider og ruter. Sist eg bussa til Rennesøy, gjekk den Randabergveien. Men det var på grunn av at Byhaugtunnelen var stengt. Nå går den frå fortauet ved Breiavatnet ut Madlaveien og til høgre i Tjensvollkrysset. Og det går minst ein buss i timen.


U mor og meg fant fram til ein holdeplass på Tasta med navnet Myrveien. Der kom bussen presis etter ruta. Litt av ein sightseeing. Gjennom Randaberg sentrum med både butikkar, apotek og pol. Deretter gjennom desse bratte og mørke Rennfast-tunnelane. Men det gjekk som ein draum. Den kvinnelege sjåføren kjørte like kvast som ein mann. Ho fekk avløysing på bussterminalen på Sokn.


Me reiste vidare til Vikevåg, den tidlegare kommunehovedstaden, på Rennesøy. Der kjørte bussen heilt ned til sentrum og svinga seg rundt.

Folk på Vikevåg har alltid sett ned på Østhusvikingane. Før i tida krangla dei om båtruter og kor ferjekaien skulle liggja. Der gjekk dei frå Vikevåg av med sigeren.


Eg kjenner folk frå Vikevåg som seier dei har vore innakleivs, viss dei har tatt ein tur til Østhusvik. Og innakleivs blir sagt med eit nedlatande tonefall.


Gratis-passasjer nyt sol og utepils på Østhusvik.


Bussen stoppa ikkje lenge før turen gjekk vidare til Østhusvik. Før me visste ordet av det var bussen i full fart på E 39, i retning mot Mortavika. Dette var rett. Den svinga av mot Finnøy og Hanasand og me sat og studerte både landskapet og skjermen inne i bussen som viste navna på dei kommande stoppa.


Me dreit oss litt ut. For eg trudde jo sjølvsagt at Østhusvik var eit endestopp for denne bussen. At den stoppa eit par minutt før den freste av garde mot byen igjen. Men nei! Bussen kjørte ein slags rundtur. Den kjørte rett forbi Østhusvik sidan me ikkje hadde trykt på stopp-knappen. Me slapp ikkje av før me var der ungdomshuset sto i gamle dagar. Dei berykta Østhusvik-dansane høyrte me jo om i alle år. Nå har me sett plassen kor dei dansa, drakk og slåst. Ingen spor etter dette i dag.


Nå er det mange flotte og velstelte hus på Østhusvik. Men dette må jo kunna kallast ein utkant i Stavanger uansett koss me snur og vender på det. Bussturen tek jo nesten ein time frå Stavanger sentrum til den er framme.


Ka har dei å by på for ein tilreisande buss-turist? Her er det berre ein butikk, men to skjenkestader. Ja, det er ikkje berre drikka. Du kan eta også. Og overnatta. Fjordbris og Sjøberg er navna på desse etablissementa som er respektable i aller høgaste grad.


Me var litt tidleg ute. På Fjordbris såg me verken gjester eller betjening. På Sjøberg var det også stille. Men det var ei åpen dør og me fekk kontakt.


Før me visste ordet av det hadde me gamlingar fått plass ute i sola ved eit bord med flott utsikt til båthavn og fjord. Lunt var det også.


Kontakten med dei innfødde blei overraskande god. Kai Risa, innehavaren av Sjøberg, kom og slo av ein prat. Folka som kom og sette seg ved nabobordet var kjenningar: Lars Sokn, Rennesøy-ordførar då eg var fersk journalist i Aftenbladet i 1977. Saman med broren Håkon og eit par andre hadde dei tatt turen frå Mosterøy til Østhusvik for å slå seg passelegt laus i det fina veret. Vår gamle kjenning Daniel Nordbø kom også innom. Han er forresten frå Vikevåg, men har flytta innakleivs.


Vår gamle kjenning frå gymnasåra på Bryne, Oddgeir Nordhus, var ute på tur
med sin Massey Ferguson frå 1975.


Mette og utyrste tok me oss opp til bussholdeplassen i god tid. Mens me sto der og venta, kom det ein Massey Ferguson-traktor durande. Trur du ikkje at mannen bak rattet var ein gammal kjenning frå gymnas-tida på Bryne på 1960-talet. Oddgeir Nordhus er blitt vaksen han også. 1950-modell. Traktoren var frå 1975.


Då me gjekk av bussen på Tasta, var me samde om at det hadde vore ein gild tur. Bussturen var gratis, men det rauk ein del hundrelappar på Østhusvik.


Velkommen etter!