mandag 6. mai 2024

Nazi-redaktøren sparka, "Rogaland" laga ekstra-utgave!

 

Ekstra-nummeret av Rogaland kom utpå ettermiddagen 7. mai 1945.



Hurra det er fred! Få nazi-grapset vekk! 


Ein alvorleg ministerpresident Quisling prega fyrstesida på Dagbladet Rogaland på føremiddagen 7. mai 1945. Han oppfordra det norske folk til å samla seg i kampen mot bolsjevismen. Utpå ettermiddagen var nazi-redaktøren frå Haugesund kasta på dør og avisa kom ut med ekstra-utgåve: FRED! Betingelsesløs tysk kapitulasjon på alle fronter, sto det med dei aller største bokstavane. I tillegg var det bilder av kong Haakon, den norske regjeringa og Churchill. I Stavanger var det vill jubel i gatene denne kvelden.


Rogaland som nazi-avis. Fyrsteutgåva 7.mai 1945.



Bondepartet si avis, Dagbladet Rogaland, var den einaste Stavanger-avisa som kom ut gjennom heile krigen. Arbeiderparti-avisa 1. Mai blei stansa av tyskarane etter at redaktør Trond Hegna skreiv ein leiar-artikkel med tittelen "Ingen nordmann til salgs". Høyre-avisa Stavangeren og Venstre-avisa Stavanger Aftenblad blei også stoppa. Det kom ut ei fellesavis med navnet Stavanger-pressen resten av krigen.


Nazisten Kristen Lindøe frå Haugesund blei i 1944 oppnevnt av det nazististiske Pressedirektoratet til redaktør i Dagbladet Rogaland fordi den lovleg oppnevnte redaktør Vangsnes var sjukmeldt. Han hadde denne stillinga fram til frigjeringa i mai 1945. Han skreiv ei rekkje med leiarartiklar der han agiterte for Nasjonal Samling (NS) og Tysklands seier. Han retta også angrep mot den norske motstandsbevegelsen.


Eit år tidlegare hadde Pressedirektoratet oppnevnt Lindøe til sjefredaktør i "Haugesundspressen" mot styret sine protestar. Dei lovleg tilsette redaktørane Osland og Valvik skulle avsetjast på grunn av sine politiske haldningar. Motstanden mot Lindøe var så heftig at han blei løyst frå stillinga i Haugesund. I 1943 fekk han jobb som kinosjef i Kristiansand.


I rettssaka mot Lindøe etter krigen blei redaktør Christian Anker Larsen ført som vitne. Han hadde fungert som redaksjonssekretær i Rogaland ein del av tida då Lindøe var redaktør.


Lindøe skreiv ein del leiarartiklar som tydeleg gav uttrykk for hans politiske oppfatning. Han leverte også nazistisk propaganda-stoff til avisa som Anker Larsen hadde underslått så godt han kunne. Av og til insisterte han på at artiklar måtte på, truleg etter påtrykk frå NS-folk som ikkje var nøgde med redaktøren.


Leiar-artiklane hans blei neppe lesne eller så blei dei lesne av folk som såg det komiske, meinte Anker Larsen. Fleire gonger kom dei tilbake i anonyme konvoluttar. Der var innhaldet retta med raudt blekk.


Så seint som 5, mai hadde Lindøe sagt til Christian Anker Larsen at han trudde på tysk seier. Dei ville ta i bruk eit nytt, hemmeleg våpen og vinna.  


I Rogaland hadde dei rekna redaktør Lindøe som ufarleg, meinte vitnet Christian Anker Larsen.


I 1947 blei Kristen Lindøe i Haugesund byrett dømt til fem års tvangsarbeid og ein inndragning på 6000 kroner. Inndragninga blei i 1949 redusert til 1000 kroner. Koss lang tid han var på tvangsarbeid, veit eg ikkje.


Kristen Lindøe blei dømt for å ha vore medlem i NS under heile krigen og for å ha vore medlem i Hirden. Ei kort tid var han studieleiar og propagandaleiar i Kristiansand krets av NS. Han blei også dømt for å ha anmeldt folk som hadde snakka nedsetjande om NS.


Kristen Lindøe, nummer tre frå venstre, på arkeologisk utgraving før krigen. 
Bildet frå Riss, arkeologisk tidsskrift.



Det arkeologiske tidsskriftet Riss hadde i 2012 ein større artikkel om Kristen Lindøe med tittelen: Arkeologen som skreiv NS-propaganda. Ei fortrengd faghistorie? Håkon Reiersen er forfattar.


Her går det fram at Kristen Lindøe, fødd 1904, studerte arkeologi i fleire år. Han fullførte ikkje studiene, men flytta heim til Haugesund og tok anna arbeid der. Lindøe deltok i mange utgravingar før krigen og har skrive mange artiklar med arkeologisk innhald. Han skreiv også ein del slike artiklar som passa inn i nazistane sin propaganda.


Denne boka med tittelen "Soga fortel" eller "Sagaen forteller" fekk 
alle norske konfirmantar i gåve frå ministerpresident Quisling.



Kristen Lindøe skreiv ei bok med tittelen "Soga fortel" i 1942. Denne boka blei gjeven som ei gåve til alle landets konfirmantar frå ministerpresident Vidkun Quisling.


Kristen Lindøe blei 90 år gammal.


(Eg har henta stoffet om Kristen Lindøe frå diverse aviser i Stavanger og Haugesund. Toralf Sandø har vore til god hjelp i søkearbeidet.)


Fyrstesida på Rogaland 8. mai 1945.