mandag 30. oktober 2017

Full kaptein gjekk på grunn med "Strand"

Frå fyrstesida Stavanger Aftenbladet 3. juli 1956.


I panikk hoppa ei ung jente på sjøen og greidde å symja til lands. Eit par andre passasjerar sprang opp i styrehuset og fekk stoppa båten før den gjekk på land på Foldøy. Kapteinen på "Strand" var så full at han var ute av stand til å gjera jobben sin.

Skandalen var eit faktum i Ryfylke laurdagskvelden 30. juni 1956.

Rutebåten "Strand" gjekk i rute frå Stavanger i ruta si til Vatlandsvåg. Det var sommar og ferietid og forholdsvis mykje folk om bord.

Då båten var på veg mot Foldøy, var det folk om bord som undra seg. Kursen mot kaien var uvanleg. Plutseleg gjekk båten på grunn. Dei 50 - 60 passasjerane om bord forsto at noko var gale. Panikken breidde seg. Passasjerar tok seg inn i styrehuset og fekk bakka opp før båten rente på land.

Ei oppskakande hending i både Stavangerske og Rogaland. Denne saka let seg ikkje dyssa ned. I Aftenbladet sto det ikkje eit ord om saka på mandagen. Det sat langt inne i avisa å omtala skandalar i Stavangerske. Men tirsdag 3. juli blei saka slått opp på fyrstesida med tittelen: "Snarrådige passasjerer reddet rutebåten "Strand".

Lensmann Einar Thorsen i Jelsa hadde avhøyrt mannskap og passasjerar og han opplyste at årsaka til uhellet var at skipperen var berusa. Båten var ikkje skada. Det var ingen lekkasjer etter grunnstøytinga. Difor kunne båten fortsetja i ruta etter hendinga.

Rogaland politikammer skulle ta seg av den vidare etterforskninga.

Eg har søkt forgjeves i Aftenbladet etter meir stoff om denne hendinga. Det ser ikkje ut til at den blei omtala seinare.

I 2005 kom eg tilfeldigvis i prat med to eldre karar på Nedstrand. Den eine hadde reist med "Strand" på denne dagen.

- Saman med ein kamerat sat eg framme under bakken. Me hadde vore ein tur i byen og hadde kjøpt ei flaske med brennevin. Denne hadde me spretta og me tok oss eit par drammar på båten. Plutseleg sto skipperen på dekket framføre oss. Me stokk fordi me trudde han ville ta flaska frå oss. Men han spurte om å få ein dram og han kom fram til oss og fekk ein dram til seinare også.

Kan skjøna me tykte det sto til å spandera dram på skipperen, fortalde mannen som gjekk av på ein stoppestad før Foldøy.  Dei to kameratane fekk høyra kva som hadde skjedd seinare på kvelden. Om desse karane nokon gong blei avhøyrte av politiet veit eg ingenting om.

Mannskapssjef Rasmus
Kyvik i DSD.
Dette blei nok også ein sak for den legendariske mannskapssjefen i Stavangerske, Rasmus Kyvik. I årevis hadde han denne stillinga.  Han var ein brumlebass, men veldig godhjerta når det kom til stykket. Mannskapssjefen hadde nok eit ord med i laget når denne triste saka skulle få ei løysing.

Kapteinen på "Strand" hadde jo skjemt ut både seg sjølv og rederiet. Men Stavangerske-folk som hadde vore der i årevis, blei ikkje sett på gata utan vidare. Dei følte ansvar for sine i den tida. Kapteinen måtte gå på land. Han fekk ikkje vera skipsførar meir, men fekk andre oppgåver av meir underordna art i selskapet.



Eg tok kontakt med Statsarkivet i Stavanger. Der låg saksmappa frå Rogaland politikammer. Rett nok mangla alle dokumenta i saka, men saksgangen er notert. Ingenting tyder på at det var sjøforklaring etter denne hendinga.

15. oktober 1956 hadde Rogaland politikammer fastsett straffereaksjonen mot kapteinen. Han fekk ei bot på 400 kroner, subsidiært 21 dagars fengsel. Tre dagar seinare er det notert i saksmappa at kapteinen har vedteke bota.

400 kroner tilsvarar vel 5000 kroner i dagens pengeverdi.






onsdag 25. oktober 2017

Han gjekk frå gulmalt "Ekspress" til bak-fram "Strand"

Kaptein Kristoffer Asheim i styrehuset på "Fjorddrott" der
han var frå 1948 til 1952. Bilde: Ole Asheim Svindland.

Var det ei stor æra for jøsnesbuen Kristoffer Asheim å bli fyrste kapteinen på sjøbussen "Ekspress" i 1937? Stavangerske hadde vel ein handplukka mann på plass når nyskapninga skulle setjast i trafikk i Ryfylke-fjordane? Det finst ingen opplysningar om dette som eg kjenner til. Men det går an å lura på kor attraktiv denne jobben kunne vera. I Aftenbladet sto det mykje om dei nye sjøbussane, men navnet på kapteinen blei ikkje registrert i avisa.

Trangt i styrehuset på "Ekspress"  før krigen. 

50-åringen hadde mange år bak seg som kaptein på dei gamle dampbåtane. Der hadde han ein romsleg skipperlugar til å bu i og gjekk til dekka bord i offisersmessa til kvart måltid. I tillegg hadde han eit relativt mannsterkt mannskap til disposisjon.

På "Ekspress" skulle den store og omfangsrike mannen lirka seg inn i eit lite styrehus. Det var vel plass til to mann der, men det var trangt. Kapteinslugaren var ikkje store greiene. Den var plassert under passasjer-salongen. Når han skulle leggja seg, måtte han løfta vekk eit sete i salongen og klyva ned i lugaren der resten av mannskapet også hadde sine lugarar. Matstellet blei også enkelt. Mannskapet måtte koka og styra sjøl. Nokon kokk var det ikkje plass til her. Kummerleg med andre ord.

Då "Ekspress II" blei sett i drift i 1938, overtok Kristoffer Asheim som kaptein på den nye båten som var omtrent identisk med "Ekspress" frå 1937. Her var han fram til krigen då tyskarane tok begge "Ekspressane" og bruka dei heile krigen til sine føremål. Asheim gjekk tilbake til dampbåtane til Stavangerske.

Tyskarane herja fælt med "Ekspressane" under krigen. Her har du ein
dei med kamuflasjemaling. 


Då freden kom, var "Ekspressane" skamfarne og nedkjørte. Ei kraftig opprustning var nødvendig før båtane var i fullgod stand for etterkrigstida. Det blei betre å vera skipper. Begge "Ekspressane" fekk nytt styrehus med skipperlugar. Skipperen slapp å sova under passasjerseta i salongen. Dessutan blei dieselmotorane skifta ut. Nye amerikanske maskiner blei montert i begge båtane. Dei støya grasat, men var kraftige og driftsikre.

"Ekspress" og "Strand" slik dei såg ut etter krigen. Kvitmalte og med stort styrehus med skipperlugar. Bildet er frå Stavangerske si jubileumsbok frå 1955.


Då "Ekspress" var sett i drift etter opprustinga, var det ting å setja fingen på. Maskinhendelen i styrehuset sto i vegen for utgangsdøra når båten gjekk full fart forover. Og det var då båten gjekk i full fart at det ofte var aktuelt å gå ut og inn i styrehuset ved skifte av rormann og andre nødvendige ærend.

- Men dette er lett å ordna. Me berre snur denne hendelen. Når du skal gå full fart forover, skuar du hendelen bakover. Då er den av vegen, sa dei teknisk ansvarlege i Stavangerske. Og slik blei det.

For dei faste folka om bord, blei dette ein vane. Verre var det når nye folk skulle overta i styrehuset. Då hende det at det blei gitt full fart framover når det skulle bakkast opp ved kai. - Problemet var ikkje så veldig stort. Maskinane var så kraftige, at det gjekk fort å stoppa båten. Når du bakka, var det omtrent som når du sette horvå i åkeren, sa Sigurd Døskeland, seinare mangeårig styrmann og kaptein i DSD.

I 1948 gjekk i Kristoffer Asheim i land frå "Ekspress" som skifta navn til "Strand" i 1949.

Dei siste fire åra som yrkesaktiv, var Asheim på "Fjorddrott". Han slutta av i 1952, men var tilbake i styrehuset om somrane nokre år. Han blei 87 år gammal.

- Han var ein stillfarande mann som ikkje fortalde mykje om si tid på fjordabåtane. Men eg hugsar at han undra seg over kor stor pensjonen hans blei etterkvart som inflasjonen hadde herja med kroneverdien. Eg har mykje meir som pensjonist enn som skipper, sa han. Dette fortel barnebarnet Ola Asheim Svindland.

I Stavangerske si jubileumsbok frå 1955 står det at Kristoffer Asheim var kaptein i selskapet frå 1920 til 1952 på "Robert", "Øybuen", "Ekspress", "Strand", "Haukelid", "Fjordbuen" og "Fjorddrott".




søndag 22. oktober 2017

Andor arbeidsmann er død

Svigersonen, Ståle Julius Olsen, laga bok om 99-åringen Andor Andersen.
Då var han stadig i full vigør.
 

Den kjende saudabuen
Andor Andersen er død, 102 år gammal. Han var ein sprek mann som heldt det gåande til han var over 100 år. Eg skreiv ein blogg om han for tre år sidan då det blei laga bok om den spesielle mannen som var ein dyktig arbeidsmann og ein usedvanleg omtenksom arbeidsgivar. Forfattar var svigersonen, Ståle Julius Olsen. Eg har redigert litt i bloggen og legg den ut her som ein nekrolog om Andor Andersen:


- Nei. Du får ikkje ei krone i forskot før du er edru
og kjem deg i arbeid, svara Andor Andersen då ein av arbeidstakarane hans som var ute på ei langvarig fyllekule, kom på ustøe bein heim til sjefen og ville ha pengar.

Då blei han truga med juling.

- Det er greit. Eg må berre få på meg skorne først, svara Andor.

Det gjorde utslaget. Mannen tumla ned trappa med eidar og forbanningar over den lumpne arbeidsgjevaren.

Andor let ikkje saka liggja. Same kveld drog han heim til kona til mannen og fekk vita at han hadde vore ute på rangel i over ei veke.   Ho visste ikkje si arme råd. Mannen drakk opp heile løna. Ho hadde knapt pengar til mat.

Det forsto Andor og gav kona eit pengebeløp som forskot.

Neste måndag stilte mannen på jobb. Full av anger og unnskylda handlemåten sin.

Saudabuen Andor Andersen var ein ekte arbeidsmann i heile sitt yrkesaktive liv og dreiv sitt eige entreprenørfirma i bygda i mange år. Han var stadig frisk og oppegåande då han blei 100 år. Som 17-åring fekk han sin første jobb som anleggsslusk på Fivelandsvegen.

Boka med tittelen "Andor arbeidsmann" gav eit godt innblikk i ein tøff oppvekst i mellomkrigstida i Sauda med arbeidsløyse, tjukk røyk og  sjukdom i familien. Det var lite pengar i familien, men mykje kjærleik og omsorg for kvarandre. Mora Ingeborg blei enke i 1938 og satt åleine med ansvaret for fem born.

Året etterpå, i 1939, blei Andor gift med Agnes frå Imsland. Dei fekk tre ungar. Men lukka blei kortvarig. Ho var knapt kommen heim frå sjukehuset med det tredje barnet før ho blei sjuk og døydde i august 1943. Andor Andersen blei som 25-åring enkemann med tre små barn. Den unge mannen blei lamma av sorg.

Men det gjekk ikkje altfor lang tid før han fekk ny kone. I 1945 blei han gift med Ada. Dei fekk fem døtre.

Morbror Knut Fløgstad var betong-entreprenør. Her fekk Andor jobb. Etterkvart fekk han tilbod om å overta firmaet, men avslo. Han ville ikkje bli sjef. Først i 1959 blei han sjef i sitt eige firma. Samstundes blei han lokalpolitikar. Han sat i både kommunestyre og formannskap for Arbeiderpartiet. Han var trufast mot Arbeiderpartiet i heile sitt liv. Det blir fortalt at han for to år sidan var av garde og avgav forhåndsstemme første dagen der var mogeleg i tilfelle han ikkje levde til valdagen. 

På det meste hadde entreprenøren opptil tjue mann i arbeid. Omtrent halvparten av dei var folk som ikkje hadde vore i arbeid utan at Andor følte ansvar for dei som sto i fare for å falla utanom arbeidslivet. Opplevingane hans frå 1930-åra hadde sett sterke spor og han såg det som si oppgåve å få så mange som råd i arbeid. Han følte nok også eit visst press både frå arbeidskontoret og sosialkontoret for å få desse i arbeid. Han visste også at mange av dei var flinke arbeidsfolk viss dei heldt seg unna alkoholen.

Om alkohol-problema var spesielt store i Sauda enn i ein større by? Truleg ikkje. Men det var lett å sjå folk i eit gjennomsiktig industribygd-miljø.

Ein måndag på 1970-talet mangla "Raymond". Rykta gjekk om at han hadde rava rundt i Sauda i helga. Andor tok affære:

Ein av dei andre karane fekk ordre: Gå og kjøp to flasker øl. Dra heim til "Raymond" og få han på beina. Me treng han på jobb.

"Medisinen" gjorde nytta. Mannen kvikna til og kom seg på jobb same dag og var edru resten av veka.

Slik var Andor, fortalde svigersonen Ståle Julius Olsen i boka. 












onsdag 18. oktober 2017

Då silda stakk, blei bygda blakk

Brislingflåten i Vikevåg i 1953. Bilete frå boka. 


I 1960 kom katastrofen, silda seig ikkje lenger sør enn til Øygarden utanfor Bergen. Ikkje ei einaste sild blei fiska i Rogaland. Svikten i sildefisket slo beina under økonomien til 300 rennesøybuar og familiane deira.

Ved inngangen til 1950-åra var fisket den nest viktigaste inntektskjelda og arbeidsplassen i Rennesøy. Av 700 yrkesaktive menn, var nær 300 fiskarar. Flåten var heller ikkje å kimsa av. 40 dekka fiskeskøyter høyrde til i Rennesøy og Mosterøy kommunar. Attåt var det 50 motorbåtar. På land sto det 67 sjøhus som romma garn, nøter og anna fiskeutstyr: 1300 sildegarn var den dominerande fiskereiskapen.

I Vikevåg låg det 20 - 30 fartøy i bøyane.

"Mosterøy", R - 3 -M, På brislingfisket i Høgsfjorden på 1930-talet. Biletet er frå boka. 


Vintersildfisket hadde frå gammalt av vore den økonomiske bærebjelken. Utover på 1950-talet seig silda rimeleg regelmessig inn Skudefjorden og Boknafjorden. Stort sett svinga den oppfiska vintersild-mengda mellom 400.000 og 700.000 hektoliter. Det aller meste i farvatna nord for Rennesøy. Toppåret blei 1957 med 1,2 millionar hektoliter. Deretter gjekk det nedover.

Kommunen vedtok hjelpearbeid til naudstette fiskarar, men problemet var at sildasvikten også ramma kommuneøkonomien. Rennesøy kommune måtte låna pengar for å halda drifta si i gang. Mykje av pengane gjekk til naudsarbeid. Medan offentleg arbeid utgjorde 9 prosent av 1959-budsjettet, tok det 22 prosent i 1961.

Rykande ferske farty-historie frå Rennesøy.

Den dramatiske historia om då Rennesøy-fiskarane kom tomhendte heim frå fisket står å lesa i innleiingsartikkel til den rykande ferske boka "Rennesøy fartøyhistorie. Frå dei eldste tider til i dag". Denne artikkelen er skriven av faghistorikar Birger Lindanger, men  sjølve boka på nesten 400 sider er eit omfattande dugnadsarbeid av medlemmer i Rennesøy historielag med hjelp av eksperten over alle på gamle fiskebåtar: Kjell B. Sønstabø. Det er over 20 år sidan arbeidet med fartøyhistoria blei starta av Jostein Hellevik, Nikolai Edland og Peder Raugstad (død).

Dei ansvarlege for boka: Jon Tore Helland, Jostein Hellevik, Kjell Birger
Sønstabø, Anny Hatlen, Nils Magnus Heggland og Nikolai Edland.


For sjølv om det meste av fiskeflåten er borte og storparten av yrkesfiskarane også, lever minna og historiane mellom folk. Men med åra er mange av gamlekarane borte og stadig færre kan fortelja om folk og farty. Derfor er det sikkert på høg tid at det kom ei slik bok der ein fortel om totalt 405 farty frå Mosterøy, Rennesøy og Åmøy. Her er alt med, både gammalt og nytt.

Målgruppa for denne boka er sjølvsagt fyrst og fremst rennesøybuar, såvel fastbuande som utflytta og innflytta. Men mannfolk!! med interesse for dei gamle fiskebåtane frå distriktet, vil finna mange kjenningar her. Båtar som blei innleigde til fiskeriføremål folk frå Rennesøy kommune, er også med her. Og alle båtane har fått si komplette historie frå "vogge til grav". Potetfarten til Bergen har også fått sin plass.

- Boka er trykt i 850 eksemplar og prisen er 450 kroner, opplyser leiar i Rennesøy historielag, Anny Hatlen.

Boka blir seld på Rennesøy folkebibliotek og i netthandelen til Rogaland historielag. Men folk som er interessert, kan også kjøpa boka frå leiaren av historielag. Ho har mailadresse: annhatle@online.no.

Taretrålaren "Blåmann" R - 178 - R med last. Bilde fra boka. 



















fredag 6. oktober 2017

Han var skipper på begge "Ekspressane"

"Ekspress II", seinare "Strand" på Talgje. Var kaptein Asheim
 på brua den dagen? Foto: Bjarne V. Stangeland.


Visste du kven som fekk æra av å vera skipper på den nye "Ekspress" som blei sett i fart 15. juni 1937? Båten var ein sensasjon i si tid.  Skipperen var vel handplukka til jobben. Kor finst det opplysningar om han?

Min gamle kollega Magnus Torgersen laga boka "Fjordabådane" i 1980. Der fann eg navnet: Kristoffer Asheim.

Så søkte eg i Aftenbladet på Kristoffer Asheim. Der fann eg han.

Kaptein Kristoffer Asheim
Kaptein Kristoffer Asheim fylte 60 år mandag 21. juli 1947. Aftenbladet skriv: Han har vært knyttet til DSD i 39 år, derav 31 som kaptein. Først var han om bord i dampskipet "Øybuen" og gikk i Rennesøyruten i samfulle 17 år. Seinere ble han flytter over til dampskipet "Haukeli".

Da den første sjøbussen var ferdig i 1937, ble Asheim satt til fører. Året etter var "Ekspress II" ferdig, og igjen var det Asheim som ble satt til å føre den nye bussen. Han hadde da 30 års virke i DSD bak seg.

Så kom krigen, og begge sjøbussene ble beslaglagt. Asheim gikk tilbake til dampskipet "Haukeli", men straks krigen var slutt, var han igjen å se på brua på "Ekspress II".  Og "Ekspress II" fører han når han mandag er 60 år.

Kaptein Asheim er en staut og livsfrisk mann som fører sin båt med stø hånd fra kai til kai. Han er godt likt av passasjerer og blant sine kolleger.

Dette er alt eg fann om "Ekspress"-kapteinen i Aftenbladet. Er det nokon som kan fortelja oss litt meir om mannen. Kor kom han frå? Kvifor var det akkurat han som fekk føra dei nye båtane?

Flott viss nokon kan fylla ut bildet av mannen.

Kristoffer Asheim hadde 17 samfulle år på "Øybuen".
Foto: Stavanger sjøfartsmuseum.


Nå skal du høyra kor langt me er kommen nå:

Kirstoffer Asheim blei fødd 21. juli 1887 på garden Asheim på Jøsneset i Hjelmeland kommune. Kona Jakobine Cecilie var frå Foreneset i nåverande Suldal kommune. Sikre kjelder opplyser at den unge jøsnesbuen rodde til Foreneset mang ein sommarkveld for å sjå om kjærasten sin.

Den unge mannen skaffa seg si eiga jekt, men i 1908 begynte han i Stavangerske.

- "Robert" var den fyrste båten han var skipper på, fortel barnebarnet Ole Asheim Svindland som vaks opp hjå besteforeldra på Buøy. Han bur stadig i dette huset der skippersertifikatet til bestefaren heng i glass og ramme på veggen.

Ikkje mykje plass for ein omfangsrik skipper i styrehuset på "Ekspress".

Ole Asheim fortel at morfaren var ein stor og omfangsrik mann. Der var ikkje mykje plass til overs i det trange styrehuset på "Ekspress". Han likte seg betre då han fekk skipperjobben på "Ekspress II" i 1938. Der var styrehuset større.

Var det kamp om skipperjobben på den fyrste "Ekspress" i 1937? Det kan godt vera at dei etablerte kapteinane på dei gamle dampbåtane ikkje hadde lyst til å bli "sjåfør" på den nye fjordbussen. Det var trangt og relativt kummerlege lugarforhold.

 Årsaka til at det blei Asheim som fekk jobben, veit me ingenting om. Men det var Alfred Risanger som blei kaptein på den nye, store og flotte "Fjorddrott" i 1939 med Anders Andersen som avløysar-kaptein. Asheim blei på "Ekspress II" fram til krigen.

I 1948 kom dei nye fjordbussane "Fjordsol" og "Fjordbris". Risanger og Andersen overtok kvar sin av dei nye båtane. Nå overtok Asheim "  Fjorddrott". Der var han til han blei pensjonist.

Kristoffe Asheim bygde seg hus på Buøy og budde der i alle år. Aftenblad-journalist Magnus Torgersen som skreiv boka "Fjordabådane" i 1980, var næraste nabo.

Er det nokon der ute som har fleire opplysningar?





onsdag 4. oktober 2017

Ein gul sensasjon i fjordafarten!

"Ekspressane" kom i 1937 og 1938. Dette er "Ekspress II" som blei omdøypt
til "Strand" i 1949.

Folk sperra opp auene både på Rennesøy og i Vindafjorden. Men det gjorde dei i Sverige, Tyskland og England også. Til og med i USA skapte den flettande nye, gulmalte fjordbussen til Stavangerske store overskrifter. "Ekspress" med ein salong som tok det meste av hoveddekket, snudde opp ned på alle forestillingar om ein fjordabåt.

Nyskapningen blei bygd på Stavangerske sitt verksted på Klasaskjæret. Den blei sjøsett med Rosenberg sin store flytekran 16. april 1937 og sett i rute på Sandeid og Åmsosen frå 15. juni same året. Stavangerske-ingeniøren Ludvig Thorsen hadde konstruert fartyet og fekk overbevist sjefane i rederiet om at dette var framtida. Og det blei det. Thorsen blei seinare teknisk direktør i DSD.

Den gulmalte "Ekspress" før krigen. Eg kjenner ikkje navnet på fotografen.


Så i sommar var det 80 år sidan dampbåtane mista monopolet i fjordafarten. Framtida og dei nye, forbetra dieselmotorane var her.

Dei gamle dampbåtane gjekk 8 - 9 knop. "Ekspress" hadde ein rutefart på 13,5 knop. Fra Judaberg til Stavanger brukte nyskapningen ein time. 20 minutt mindre enn dåtidas dampbåtar. I tillegg var båten sikker og økonomisk i drift.

Stavangerske tenkte at "Ekspress" ville passa godt i Rennesøy-ruta, men postmeisteren i Stavanger, Erik Emmanuel Erichsen, var ikkje enig i det. Posten skulle raskast mulig fram og derfor burde den nye sjøbussen inn i Sandeid-ruta, meinte han. Stavangerske-leiinga bøyde seg for ynskjet. Sjølv om båten var relativt liten, var den ein god sjøbåt.  Denne båten hadde heller ikkje plass til last. Dermed var den rask ved kaiane. Snart stilte halve Ryfylke klokka etter "Ekspress", skreiv Magnus Torgersen i boka "Fjordabådane".

Fyrstesida på Aftenbladet 23. september 1937.


Det gjekk ikkje mange vekene etter at båten var sett i rute, før rykta begynte å gå: Stavangerske ville byggja endå ein fjordbuss. Og det viste seg å halda stikk. Sommaren 1938 blei "Ekspress II" sjøsett og sett inn i rutefart. Same året starta bygginga av den store fjordbussen "Fjorddrott" på Rosenberg. Den blei sett i rutefart sommaren 1939.

Med "Fjorddrott" var den optimale fjordbussen på plass. Den snudde opp ned på alle førestillingar om kva ein rutebåt kunne prestera på ein dag.

Med ein rutefart på 15 knop gjekk den fra Sauda klokka 7 om morgonen innom Sand og Jelsa til Stavanger klokka 10.45. Deretter gjekk "Fjorddrott" vidare til Haugesund der den var framme klokka 13.25. Etter 10 minutts liggetid gjekk den tilbake til Stavanger klokka 15.45 og så tilbake til Sauda klokka 16.30. Ved 20.30-tida var den tilbake i Sauda igjen. "Fjorddrott" hadde gått 164 nautiske mil på 13 og ein halv time. Det tilsvarar strekninga Tungenes - Arendal.

Gulmalte "Fjorddrott" låg 10 minutt i Haugesund før den returnerte til Stavanger og vidare til Sauda. Ukjent fotograf. 


Dei nye fjordbussane var gulmalte før krigen. Stavangerske sin "Hvite flåte" var ikkje realisert på den tida. Kvitmalte "Haugesund" kom i 1947 og med dei nye fjordbussane "Fjordsol" og "Fjordbris" i 1948 kom dei gulmalte skorsteinane. Dette blei kjennemerke på Stavangerske sin kvite flåte i etterkrigstida.

Frå fyrstkommande mandags kveld og seks kveldar etterpå skal eg rundt i Ryfylke og snakka om gamle båtar. Nå driv og gjer heimeleksa. Finnøy, Forsand, Jørpeland, Sand, Sauda, Hjelmeland og Rennesøy. Kan bli nervøs av mindre enn dette.