lørdag 15. februar 2020

Hei kjøttmeis! Eg er på hytta!

Fuglabrettet vårt på Hjelmeland står ute frå 14.oktober til 14. april.



Småfuglane og fuglabrettet er aller fremst i tankane mine når eg kjem til Hjelmeland på denne årstida. Eg vrengjer av meg ryggsekken og triv påsen med fuglafrå og spring ned på plenen for å fylla opp brettet med solsikkefrø.

Kjøttmeisen har eg henta frå boka Norges Fugleliv.
Eg skal vera heilt ærlege. Hadde det ikkje vore andre fuglavenner i Hjelmelandsvågen, hadde småfuglane daua ut for lenge sidan. Det kan gå opp til fleire veker mellom kvar gong me er på hytta og dermed er tilgangen på fôr til dei fykande små altfor uregelmessig til at dei kan leva av det.

14. april og 14. oktober var viktige dagar i det gamle bondesamfunnet. Desse datoane skilde sommar- og vinterhalvår. Eg har gjort dette til mine merkedagar. 14. oktober tek eg fram fuglabrettet og plasserer det på plenen utanfor hytta. 14. april hiv     eg det inn i kjellaren igjen.


Fuglabrettet fekk me av svigerfaren min på Jørpeland for mange år sidan. Det var utkrota og forseggjort på alle måtar. Og han tok det tilbake for ombygging då eg klaga over at kråka og skjor fortrengde småfuglane på brettet. Då sette han på ei list som blei eit gjerde som hindra dei glupske store fuglane frå å eta opp maten for småfuglane.

Når fuglamaten er på plass på brettet, riggar eg meg til for opphaldet på hytta. For småfuglane er ikkje på plass med ein gong. Eg har skuffa dei for mange gonger til det. Det er berre å smørja seg med tålmodighet og venta.

Plutseleg sit ein eller to kjøttmeisar og vippar på ei grein oppe i det gamle pæretreet hjå naboen. Dei er forsiktige. Brått kjem ein av dei stupande ned mot brettet for å forsyna seg. Dei riggar seg ikkje til for eit større måltid. Eit eller muligens to frø tek dei med seg opp til greina i pæretreet. Der tek dei for seg av maten trygge for kattar og andre agressive konkurrentar. 

For av og til må kjøttmeisane overlata plassen på fuglabrettet til ein aggressiv blåmeis eller spettmeis, les eg i den gamle fugleboka - Norges Fugleliv - som eg har plukka fram frå bokhylla. Forstår ikkje at dei kan vera så frekke. Det er mat nok til alle når eg er på hytta. Eg kan fylla på seinare på dagen.

- Mange matar fuglane heile året, sa dei til meg sist gong då eg var på butikken. - Eg er ikkje der ennå, svara eg. 

Kjøttmeisene som overlever vinteren er fulle av optimisme i mars-april. Dei jublar "ti-ti-tu, ti-ti-tu" og formeirar seg i rikt monn, står det i fuglaboka. Me får sjå til våren.