fredag 30. juni 2023

Då shopping-trollet kom til Hjelmeland

 


Bestyrar Olav Skjæveland og betjent Birger Jørmeland hadde det travel bak
kassa-apparata på åpningsdagen.  


Ballongar i taket, sjokk-prisar på alt frå kaffi til camping-stolar. Stappfullt av folk i den nye butikken og lang kø framfor kassa-apparatet. Selvbetjening og greier, akkurat som på dei nyaste butikkane i byen.


Torsdag 1. juni 1967 skjedde butikk-revolusjonen i Hjelmelandsvågen. I mange år hadde dei to butikkane, Sigv. Tomstad og Hjelmeland handelslag, levd i fred og ro med kvarandre med sine faste kunder. Tradisjonelt og greit med kunder på ein sida av disken og butikkfolk på andre. Nå sprengde handelslaget alle grenser. Alt var laust. Det var sett opp ekstrabussar til butikk-åpninga både frå Vormedalen og Ingvaldstad.


Butikk-kundar kosar seg i sola utanfor handelslaget. Kjenner du nokon?


Den nye tida kom til Hjelmeland med den nye handelslagsbestyraren, Olav Skjæveland. Han avløyste Johannes Sæbø i 1965. Det over 100 år gamle, tidlegare bustadhuset i Vågen var ikkje brukande til butikklokale lenger. Nå skulle det byggjast nytt. 180.000 kroner skulle det kosta, melde Aftenbladet i 1966. Men fyrst måtte ein riva huset som Ryfylke fruktlag disponerte. Det sto i vegen for nybygget og utviklinga.


Svær annonse i Aftenbladet dagen før åpninga.


- Smikkfull butikk heilt frå me åpna og travelt for oss som var på jobb, seier Birger Jørmeland (80) som opplevde dagen som handelslagsbetjent. Kooperasjonen (NKL) hadde sendt inn støttespelarar som visste korleis ein skulle driva ein moderne butikk og i tillegg kom det demonstrasjonsdamer som frista kundene med vareprøver.


Ei tilreisande demonstrasjonsdame har fått plass mellom høygaflar og brusflaskar. 
Trygve Laugaland får smaka kaffi. 


- Konkurransen om kundane blei mykje hardare etter denne dagen. Hjelmeland hadde alltid hatt ein god del ihuga kooperatørar som aldri sette sin fot i vår butikk. Nå kapra dei kundar frå oss også. Bestyrar Skjæveland jobba hardt og dreiv opp handelslaget, seier Per Kvame (79) som arbeidde hjå Sigv. Tomstad i alle år. Denne butikken er det folk i dag kjenner som Spar-butikken på Hjelmeland.


Kvinnene handla, mennene drøste. Til høgre står Tore T. Breiland og Anton Breiland.



Shopping-suksessen var eit faktum på Hjelmeland. Omsetninga i handelslaget auka med 357.000 kroner eller 26 prosent i 1967. Det aller meste av auken kom etter at den nye butikken blei åpna 1. juni sto det i avis-referatet frå årsmøtet.


Men det var ein post i rekneskapet som uroa bestyrar Skjæveland. Uteståande fordringar hadde auka med 72 000 kroner eller 81,8 prosent.


Tidlegare ordførar i Hjelmeland, Georg Vika, blei vald til ny formann i Hjelmeland handelslag. Med seg i styret fekk han Magnus Hetland, Henrik Lerstøl og Jakop Kleppa.


Eldre menn blir trøytte av hektiske butikk-åpningar. Her kviler 80-årige Ludvig Johnsen
Munthe på ei camping-seng som var på tilbud for kr. 53,90.


På åpningsdagen 1. juni hadde Georg Vika med seg foto-apparatet. Mykje kjekt å sjå. Viss ein ser på bilda, kan ein lett få inntrykk av at det var mannfolka som dominerte på denne dagen. Eg tvilar på at det er rett. Det var heilt sikkert eit massivt kvinne-innslag.


Viss det er folk som har innspel til denne bloggen, er det berre å ta kontakt. Eg kan legga inn rettingar og utfyllingar. På førehand takk.


(Desse bilda etter Georg Vika er det Morten Hetland som har digitalisert.)


Hjelmelandsvågen før shoppingrevolusjonen i 1967. Bygningen ved sida av det gamle
handelslaget, midt i bildet, måtte rivast for å få plass til det nye
bygget til handelslaget. Det var i dette vesle bygget handelslaget starta 50 år før.
Foto: Endre Nordbø.



tirsdag 20. juni 2023

Sangerinna og skøyteløparen

Solfrid og Torstein Vika gifta seg jonsok-afta 1962. 

 


Solfrid Hagalid blei aldri sangstjerna. Torstein Vika blei aldri skøytemeister. Men dei to frå Hjelmeland fann kvarandre og gifta seg i 1962. Og ein ting er sikkert. Sjølv om Torstein Vika aldri blei verdensmeister på skøyter, ville han gjort det skarpt i ei kåring av verdens beste ektemann. 


"Midtsommer. Lyse netter og ungdom som møtes til dans på ungdomshuset. En av dem var Torstein Vika, 25 år og murerlærling i Oslo. Han var fra Hjelmeland, men hadde bodd på Østlandet i noen år for å dyrke sin store interesse: skøytesporten. Han hadde til og med gjort det så godt i junior-NM at bildet hans hadde kommet i Stavanger-avisene.


Solfrid hadde klippet det ut, stolt over at en sambygding hadde gjort det så godt, men uten anelse om at de en gang skulle komme til å stå hverandre nær.


Blikk møtes, og med ett vet to mennesker at noe er i ferd med å skje. De to avtaler i all hemmelighet å møtes neste lørdag – i dansefestens betryggende anonymitet.


Det ble flere møter denne sommeren. Særlig hadde de glede av å gå turer i fjellet sammen. Torstein var veltrent idrettsmann, men han ble likevel imponert over Solfrid som holdt godt følge.


Hele våren på Finnøy hadde hun stått opp ved seks-tiden for å ta en tur sammen med en venninne før skoletid. Da hun kom hjem på ferie, ble det utearbeid på Hagalid. Aldri har hun vært så frisk og sprek – verken før eller siden."


(Fra boka «Takk for livet» av Elise Seip Tønnesen og Solfrid Vika. Oslo, 1983. Luther Forlag.)


Torstein og Solfrid Vika var dei fyrste vinnarane av Aftenbladets sommarstatuett,
"Markblomster", i 1981. Elise Seip Tønnesen, forfattar og freelance-journalist, overrekte
prisen frå Aftenbladet. Foto: Leif Sirevåg. 



Solfrid gav opp den kommersielle sangkarrieren, men var mykje med på religiøse arrangement både i bedehus og kyrkjer. 


På jonsok-afta 1962 blei Solfrid og Torstein Vika gifte. Dei busette seg etterkvart på Hjelmeland og dei fekk tre barn: Johanne Karin, Svein og Jostein. Dei var aktive og deltok  i bygdelivet på mange slags vis. 


Då Solfrid venta sitt tredje barn, merka ho at det var noko som ikkje stemte. Fyrste var det ein fing som dovna bort, men etterkvar spreidde dette seg til heile kroppen. Det viste seg å vera den alvorlege nerve-sjukdommen ALS ho hadde fått. Den braut henne ned og lenka henne til rullestolen. Aktive Solfrid måtte ha hjelp til omtrent alt.


Men ho gav ikkje opp. Ho skreiv dikt, prologar og stubbar om gamle ord og uttrykk og skildra også kva ho hadde lært av sitt liv i rullestolen. Solfrid og Torstein var også aktivt med i foreningsarbeid, i kyrkje og på  bedehuset. Ikkje eit einaste forsamlingshus i Hjelmeland på den tida var bygd med tanke på rullestolbrukarar. Men ho var liten og lett så med hjelp frå andre, ikkje minst ektemannen, kom ho seg inn. 


Sommaren 1981 var det eit stort oppslag og bilde av Solfrid og Torstein Vika på fyrstesida på Aftenbladet. Solfrid og Torstein var dei fyrste som blei tildelt Aftenbladets sommarstatuett, "Markblomster". Biskop Sigurd Lunde var ein av fleire forslagsstillarar som meinte at ekteparet måtte få den gleda på grunn av måten dei hadde takla motgangen på. Solfrid hadde då vore sjuk i 13 år. 

- Dette har blitt eit naturleg liv for oss, sa Torstein til Aftenbladet om livet dei to då hadde saman med tre born og hushjelp.

 

- Folk seier ofte at eg er tapper, men det er få som tenkjer på Torstein. Dei skulle sett oss når me førebur oss til å gå ut ein kveld så ville dei skjøna innsatsen han gjer. Han er ingen egoist, sa Solfrid. 


I septembert 1982, døydde Solfrid Vika, 42 år gammal. I nekrologen i Aftenbladet sto  det at ettermælet hennar er vakkert, lyst og ei påminning til friske om kva dei har å vera takksnemlige for.


Mange hugsar stadig Torstein Vika for hans aldri sviktande omsorg for Solfrid. Torstein Vika var ein lovande skøyteløpar, ein flink murar og ein strålande ektemann og far. 


Torstein Vika døydde i 2019, 86 år gammal.  


Dette diktet av Solfrid Vika blei publisert i Aftenbladet 25. juni 1981 saman med artikkelen
om Solfrid og Torstein Vika.


(Viss du vil dela denne bloggen med andre, kan du trykka på facebook-logoen nederst på bloggen. Då kan du dela med kven du vil)





torsdag 15. juni 2023

Ryfylke-jentene som takka nei til platekontrakt og konge-konsert

 

Finnøy-jentene kalla dei seg. Søstrne Målfrid  og Bjørg Mjølsnes pluss Solfrid Hagalid frå 
Hjelmeland.  Målfrid med gitar og Solfrid på trekkspel. Her fotografert på eit 
NBU-arrangement på Jæren sommaren 1958. Ukjent fotograf.


Dei tre jentene tok publikum i Stavanger med storm og vann amatør-konkurransen på pressefesten 7. juni 1958. Søstrene Bjørg og Målfrid Mjølsnes frå Finnøy pluss Solfrid Hagalid frå Hjelmeland framførte "Ekornsang" i beste Alice Babs-stil og jodla i tillegg på scenen framfor 8000 begeistra tilskuarar.


"Syngende jenter fra Judaberg ble de beste på pressefesten", sto det på fyrstesida på Aftenbladet mandag 9 juni 1958. Kjell Haave kom på andreplass med ein rockemelodi og Øystein Helleviks blåsetrio nummer tre.


Folkehavet i Bjergsted. Rogalands Avis 9. juni 1958.



- Då me skulle reisa heim frå byen til Finnøy med rutebåten "Fjordbris", kom den seinare så kjente impressario Gunnar Eide stormande om bord. Han tilbaud oss tur til Oslo for plate-innspeling og ville ha oss til å syngja for kong Olav når han kom til Stavanger på signingsferd seinare denne sommaren, fortel den nå 85 år gamle Målfrid Mjølsnes Hanson.


Jentene blei heilt overrumpla av Gunnar Eide. Dei takka nei der og då.


- Me hadde andre planar. Eg skulle starta på gymnaset i Stavanger til hausten, Bjørg skulle begynna i sjukepleien og Målfrid hadde søkt på meieriskulen på Bryne.


Aftenbladet 9. juni 1958.



Dei to Mjølsnes-systrene sin tidlegare artist-erfaring begrensa seg til å syngja i yngreslaget på Finnøy. Målfrid Hagalid kom frå Hjelmeland til Finnøy for å jobba på meieriet. Musikkinteressa førte dei saman og dei laga trioen "Finnøy-jentene".


- Solfrid var utruleg musikalsk, flink til å syngja og hadde ein sjelden scene-sjarm i tillegg, seier Målfrid.


Vesle Solfrid fotografert i den tida ho spela på det gebrekkelege orgelet
 i folgehuset på Hagalid. Bildet tilhøyrer sonen Jostein Vika.



Solfrid var ganske liten då ho ble levande opptatt av musikk. Det fyrste instrumentet som ho fekk prøva seg på var det gamle, gebrekkelege husorgelet i folgehuset på den då veglause garden Hagalid. Ho gløymte seg heilt vekk der ho sat og spelte den eine melodien etter den andre i staden for å gjera sine ærend.


- Solfrid! Sit du her og drøymer deg vekk!


(Dei siste to avsnitta er henta frå boka «Takk for livet» av Elise Seip Tønnesen og Solfrid Vika. Oslo, 1983. Luther Forlag.)


Jone Hagalid, faren til Solfrid, var ikkje interessert i å kosta dyre skular på døtrene sine. Den kristlege folkehøgskulen Solborg og husmorskule var utdanninga dei trong. Dei skulle jo gifta seg og vera heime, meinte han. Slik hadde det seg at Solfrid ikkje gjekk på realskule eller musikkutdanning, men havna på meieriet på Finnøy.


Då Finnøy-jentene kom heim til Finnøy, blei det raskt klart at dei heime meinte sangerinnene hadde vore litt for raske då dei avviste Gunnar Eide. Ikkje minst bonden på Hagalid fekk hakeslepp.


- Faren til Solfrid meinte det var for gale å seia nei til å syngja for kong Olav. Det fanst jo ikkje mobiltelefonar i den tida og dermed gjekk det ikkje så raskt med kontakten. Men Jone Hagalid heiv seg over sveivetelefonen og fekk far til Mjølsnes-jentene på tråden. Han meinte dei måtte retta opp i dette, men det skjedde ikkje, fortel Målfrid Mjølsnes Hanson.


"Finnøy-jentene" var med på fleire arrangement i Norges Bygdeungdomslag sommaren 1958. Men då hausten kom, skilde dei lag. Dei blei ikkje norgesberømte sangartistar.

(Neste blogg får tittelen: Sangerinna og skøyeløparen. På grunn av sommarvarmen kan det ta litt tid før den kjem.)




fredag 9. juni 2023

Torstein Vika - vårt lokale skøytehåp mot Fred A. Maier og Gontsjarenko!

 

Torstein Vika var vårt store lokale håp i den tida då skøytesporten dominerte i heile Norge.
Folk sat klistra framføre radioapparata då skøyteløparane kjempa om laurbærkransar
og medaljer. Bildet tilhøyrer Jostein Vika.


Heile Norge sat klistra rundt radio-apparata i 1950-åra når det var store skøyte-meisterskap. Skøyteheltane var nesten berre austlendingar eller trønderar. Likevel var også me sør-vestlendingar ramma av skøytefeberen.


Håpet om nye tider kom då Torstein Vika dukka opp på skøytebanen. Smilande, blid og lovande junior. Kanskje det nå var tid for ein vestlending i toppen?


Torstein Vika var den beste på eit lokalt stevne på Stokkelandsvatnet i januar 1961.
Bildet sto i Aftenbladet . 



Det er heva over all tvil at det lokale skøytehåpet var frå Hjelmeland. Når han dukkar opp i avisspaltene som 19-åring i 1951, er han likevel saudabu. Han dreiv både friidrett, ski og skøyteløp som representant for Sauda Idrettslag. Koss kunne dette hengja saman?


Jo, du forstår at foreldra hans, Ingeborg og Syvert Vika, dreiv med stølsliv i Slettedalen ovanom Hellandsbygd i mange år. Ingeborg var frå Hellandsbygd og ungane deira gjekk litt på skulen i Hellandsbygd og då Torstein blei med i Sauda-idretten dreiv han  ein kort periode som anleggsarbeidar. Han skal ha vore med på vegarbeid for entreprenør Janson.


Mandagsavisene var spekka med resultat frå lokale idrettsstevne i dei åra. Ingen blei særleg oppglødde fordi om ein oppdaga ein ung hjelmelandsbu som hadde gått på ski eller vore med i eit friidrettsstevne.


Haugesunds Dagblad 2. mars 1955.



Men då Torstein Vika gjekk 5000-meteren på 9,15,0 i mars 1955 under eit stevne på Austlandet, blei det skikkeleg fasong på overskriftene. - De kan gå på skøyter, vestlendingene også. Det er bare det at her vest er det så liten anledning til trening, skreiv Haugesunds Dagblad. 


Austlandet var nå ikkje heilt ukjent terreng for den unge ryfylkingen. Vinteren 1953 – 1954 var Torstein Vika elev ved Gudbrandsdal Fylkesskule på Ringebu. Der var det ei idrettslinje som skulen dreiv i samarbeid med Norges Idrettsforbund. Ikkje rart at han forbetra resultata i tida etterpå.


På 5000-meteren i juniormesterskapet i Trondheim i 1956 fekk Torstein Vika notert betre tid enn den seinare langdistansekongen Fred Anton Maier. Vika gjekk på 8,59,1, Maier på 9,00,00.




Nå var han ein mann som blei rekna med i skøyte-Norge. I 1956 blei han tatt ut til ein treningsleir for aktuelle kandidatar til skøytelandslaget på Fagernes. To kjende skøytenavn, Finn Helgesen og Hans Egnestangen, var trenarar.


På eit stevne i Vågå i mars 1957 gjekk Torstein Vika 1500 meter på tida 2,29,2. Dette var den raskaste 1500-meteren prestert av ein rogalending, men dette kunne ikkje godkjennast som fylkesrekord sidan vår mann nå representerte Lillehammer.


Torstein Vika var med eit Lillehammer-lag til Oslo. Her saman med skilegenden 
Håkon Brusveen. 


I desse åra hadde Torstein Vika stadig framgang. Koss god var han? Svaret fekk med aldri. Ein stygg skade i 1958 sette ein stoppar for den vidare karrieren.


- Han trena på Frogner stadion i Oslo. Då fall han og kolliderte med ein trestokk som markerte skiljet mellom indre bane (publikumsbanen) og han skamslo eine låret, står det i Bygdaposten for Hjelmeland (januar 1994).


På dette tidspunktet var Torstein Vika og treningskameraten Nils Aanes omtrent jamgode. Begge aspirerte til å bli med i elitegruppa. I 1963 blei Aanes europameister i Gøteborg.


- Eg hadde ambisjonar på denne tida, sa Torstein til Bygdaposten. Men eg kom aldri over den lårskaden. Straks eg røynde meg litt hardt, blei låret stivt. Det nytta ikkje.


Me som var unge hjelmelandsbuar og følgde med så godt me var i stand til på sportssidene i Aftenbladet, hadde ikkje fått med oss at vårt lokale idol hadde fått karrieren meir eller mindre øydelagt på Frogner stadion i 1958. Håpet var levande for oss i åravis etterpå.


25 januar 1961 kom heile den norske skøyte-eliten med Knut Johannesen og Roald Aas pluss Fred A. Maier, til Vestbanen i Stavanger. Her var det også lokale profiler med. "Av de lokale krefter kan vi i første rekke merke oss Egil Næsheim som laget fine løp på Jordal for 14 dager siden. Ellers blir det et annet Rogalands-innslag av interesse i Torstein Vika. Han representerer riktignok BUL, Oslo, nå. Men han er jo hjelmelandsbu, så vi kan godt spandere litt lokal begeistring på han", sto det i forhåndsomtalen i Aftenbladet.


Det blei sett opp ekstrabuss frå Hjelmeland til dette stevnet. Far min kjørte bussen og eg fekk vera med. Ein heilt spesiell dag. Vestbanen var fullpakka av publikum. Kan ikkje hugsa at me fekk sjå noko særleg. Torstein Vika greidde ikkje å markera seg slik me frå Hjelmeland hadde håpa. Men ligavel. Eit minne for livet.


14 februar 1963 var Torstein Vika tilbake på isen på Vestbanen. Den vidgjetne russiske skøyteløparen Oleg Gontsjarenko stilte opp i eit skøyteløp som blei arrangert av Jarl. Fleire kjende norsk løparar var med. Gontsjarenko stilte ikkje i eliteklassen. Men gjekk to oppvisningsløp mot Torstein Vika på 500 meter og 1500 meter. Russeren slo hjelmelandsbuen på begge distansar.


Koss god skøyteløpar var Torstein Vika? Eldfinn Austigard har hjelpt meg med å finna fram til Torstein Vika sine tider i den nasjonale statistikken: 500 meter: 45,6. 1000 meter: 1,52,8. 1500 meter: 2,24,2. 3000 meter: 5,05,9. 5000 meter: 8,44,5. 10 000 meter: 18.28,4. I si tid som registerte skøyteløpar, 1953 - 1975, representerte han Sauda, Lillehammer, BUL Oslo, Jarl og Hjelm. Bestetidene til Torstein Vika virkar jo ikkje imponerande i dag. Men han hadde sine beste år før 1960, lenge før nylontrikoten og skøyterevolusjonen. På den tida gjekk idrettsfolk på jobb som vanlege folk.


På Hjelmeland måtte me etterkvart innsjå at det ikkje blei nokon lokal norgesmeister på skøyter. Sørgjeleg nok, men håpet om eit meisterskap var levande heile tida.


Då fem hjelmelandsbuar blei kåra til norgesmeistrar i kudømming på landsstevnet til Norges bygdeungdomslag i Steinkjer i 1961, blei det stor begeistring på Hjelmeland. Kommunen inviterte til festleg samankomst på Nøkling gjestgiveri der dei heimkomne norgesmeistrane fekk teskeier i sølv som eit minnet om bragda. Vinnarane var: Ludvig Kvame, Sigurd Mjølhus, Olav Espeland, Peder Kleppa og Magne Espeland.


Heia Hjelmeland! 



(Toralf Sandø har hjelpt meg med kildesøk i Nasjonalbiblioteket.)