onsdag 29. juli 2020

Hoggorm, mannvond elg og farleg bjørn i moltemyra!


Etter 20 minutt var eg omtrent ferdig med molteplukkinga
for i år. 


Når molta kan hentast, blir det sett allslags farlege dyr på bygdene. Avisene er fulle av meldingar om observasjonar om hoggorm, mannvonde elgar og bjørn, seier dei i byen. Reint oppspinn for å skræma byfolka bort medan molte-hentarane frå bygdene plukkar dei gjeve, gule bæra og kosar seg med molte-syltetøy og molte-krem heile vinteren.


På bygdene er det blitt påstått at det er spesielle folk i bygda som spring rundt i heiane og plukkar med seg alt som finst av moltekart. Når me er komne så langt på sommaren at molta er gul og blaut og klar til å hentast, er den for lengst borte.


Slike løgne påstandar har versert i årevis. Men det er berre tull. Iallfall i dag. Sanninga er at dei fleste åra er det molta nok til dei som orkar å komma seg ut i marka og leita. Det er rett nok ganske viktig å vita kor du skal leita, men dei fleste åra finn du ein del av desse bæra som er så store at til og med vaksne mannfolk gidd å henta litt før dei er leie.


Eg for min del hentar ikkje andre bær. Det går altfor for seint å skjula botn i spannet. Men molta er stor og du skal ikkje driva på lenge før du føler at du har funne litt molta.


I Nord-Norge veks det molta heilt ned i fjæra. Det har eg personleg sett. I Ryfylke, derimot, må du opp i fjella, hundrevis av meter over havet, for å finna den. Her er våren ofte sein og lunefull. Det kan vera sommarvarme i to-tre dagar og molte-blomen stikk opp av myra og trur på sommaren, men så kjem det ei frostnatt og øydelegg alt. Dermed er det spolert for det året.

Blir det litt sol og varme blir desse kartane også blaut molte.


Molta kan vera øydelagt enkelte stader der nattefrosten fekk sjansen. Men høgare oppe kan det vera molteblom som ikkje hadde titta fram så tidleg. Dei stikk opp litt seinare og får sjansen til å bli ferdige utpå sommaren. Men så kan det bli for vått eller tørt utover sommaren. Dermed dauar molte-blomen vekk av den grunn. Det varierer, forstår du.


Enkelte år kan det vera mykje. Du ser dei overalt når du kjem deg opp i heia. Sjølv folk utan lokalkunnskap, kan henta meir enn nok til å kosa seg med molta heile vinteren. Men dei fleste åra må du leita litt og vita kor du skal gå.


Før måtte det blir august før molta blei blaut. Men for eit par år sidan var sommaren så fin at du kunne henta molta i juli. Då eg var på plass i august, fanst det ikkje meir igjen.


I år var det jo ein fin juni. Lovande for molte-blomen. Seinare har vêret vore meir varierande. Eg har spurt etter om folk har sett molte-kart og fått ulike svar. For nokon dagar sidan greidde eg ikkje venta lenger. Fekk med meg kånå og drog til fjells til trosss for heller dårleg vêrmelding. Då me var framme ved hytta, sette eg ryggsekken frå meg og gjekk oppover bakkane for å sjå. Jo, der sto moltene mine og venta på meg. Etter 40 minutt hadde eg eit beger fullt av brukande molte. Det var ein god del som ikkje var langt nok komne til å bli henta. Dei let eg stå.


Så kom regnet som meldt. Dermed blei det slutt på molteplukkinga for min del. Det står molta nok igjen for dei som orkar å komma seg opp i molte-bakkane for å få seg ein smak. Tvilar på at det blir meir med meg. 


Velkommen etter, men ikkje gå rundt og sei at eg hentar heiane tomme for molta!

tirsdag 21. juli 2020

Tor Næss er død


Tor Næss var både kaptein og redar på «Bakkenæss». I over 40 år dreiv han
 fraktfart Ryfylke. Foto: Jonas Haarr Friestad,


 Tor Næss frå Strand er død, 89 år gammal. Alle med interesse for fjordafart i Ryfylke hugsar med glede både Tor Næss og båten hans, lastebåten «Bakkenæss». Næss kjøpte denne båten i 1961 og dreiv fraktefart med den frå 1961 til 2003, det aller meste av tida i Ryfylke.


Tor Næss var fødd på Heia i Strand og han blei engasjert i fiskerier og fraktefart frå han var ganske ung. I ein del år dreiv han lastefart med båten «Strandnæss» saman med ein bror. Men i 1961 kjøpte han den tidligare damptrålaren «Blackbird» som var bygd i England i 1894. Denne båten blei kjøpt i 1913 av Stavanger-mannen Martin Egeland som gav den navnet «Hillevaag».


Seinare blei båten overteken av Chr. Bjelland & Co og skifta navn til «Sardinen». Båten blei brukt både som fiskefartøy og lastebåt. I 1944 gjekk allierte fly til åtak på «Sardinen» i Gulen i Sogn. Ein mann blei drepen og båten blei senka. Men den blei heva etter krigen og sett i fart igjen. Dampmaskinen blei i 1946 erstatta av Wichmann-maskin på 370 hk.


«Bakkenæss» slik den såg ut i dei siste åra i fraktfart mellom Stavanger og Sandeid.
Foto: Jonas Haar Friestad.


I 1961 kjøpte Tor Næss den 67 år gamle båten av Brødrene Bjørnevik i Stavanger og gav den navnet «Bakkenæss». Mannen og båten heldt det så gåande saman i 42 år.


Dei tre fyrste åra gjekk Tor Næss i lausfart på kysten med «Bakkenæss». Men i 1964 fekk han tilbod frå Stavangerske om å gå i fast lasterute i Ryfylke.


- Dette tilbodet kunne eg ikkje seia nei til. Nå fekk eg liggja roleg kvar helg og vera heime med familien på Solbakk i helgene, sa Tor Næss. Nå fekk  «Bakkenæss» fast kaiplass på Tau i helgene.


Frå 1964 til 2003 var «Bakkenæss» eit fast innslag i fjordatrafikken. Judaberg, Nedstrand, Foldøy, Hebnes, Vormestrand, Sandeid, Imsland, Finnvik, Kvaløy og Åmsosen var faste kaiar for den svartmalte båten som hadde tre raude ringar så lenge den gjekk for Stavangerske.


På den tida hadde «Bakkenæss» med seg passasjerar. Inntil sju passasjerar var det lov å ha med i ruta.


Etter ti år i Stavangerske-fart inngjekk Tor Næss avtale om å frakta mjøl for Felleskjøpet frå Kvaleberg til Sandeid. I denne farten heldt dei det gåande fram til 2003.


Dei fleste hugsar nok best «Bakkenæss» frå den tida den gjekk for Stavangerske. Seinare blei den meir anonym som mjølbåt som førte mjølet i tankar. I 1998 blei både mast og bom fjerna.


Tor Næss pensjonerte seg i 2001, men tok enkelte turar som avløysar etter dette.


Som pensjonist fekk Tor Næss og kona Jorunn mange gode år saman. Dei fekk tre døtre og har mange barn og barnebarn.


mandag 13. juli 2020

Tankelause båt-turistar med nesten tom tank i Lysebotn!



Uff! Her var det lite drivstoff igjen!


Krise! Nesten tom for diesel i Lysebotn! Koss skal dette gå? Må me ta rutebåten til Forsand og kjøpa oss ei kanna med drivstoff og så reisa inn igjen og fylla opp? Då kan det lett gå ein dag eller to før me er ute i sivilisasjonen igjen.


Iveren vår etter å oppleva Lysefjorden og Lysebotn hadde vore så stor at det gjekk ut over dei vanlege rutinene som skikkelege båtfolk nyttar seg av. Du skal jo sjølvsagt ha full tank når du legg ut på langtur.


Flott båthavn i Lysebotn. Turistferja ligg i ferjestøa. 


Slik var status sist fredag då me var trygt fortøyde i den nye båthavna i Lysebotn. Verdens dyraste båthavn, var det ein som hadde sagt til oss. Men i Lyse er det ikkje nokon marina med drivstoff-pumper. Her må du forsyna deg av det du har medbrakt.


I mange år har me snakka om å ta ein tur til Lysebotn igjen. For snart 20 år sidan, i eit strålande sommarvêr, sat me på uterestaurant på campingplassen og såg på desse galne basehopparane som kasta utføre det stupbratte Kjerag-fjellet. På denne varme ettermiddagen var det ein kraftig solgangsbris innover fjorden. Vinden tok tak i fallskjermane og bles dei like inn til gras-sletta like ved campingplassen. Dei dumdristige var frå seg av emosjonar då dei hadde landa trygt mens me tilskodarar pusta letta ut når det gjekk godt.

Lang kø for å komma ser vidare ut over Lysefjorden.


Me kunne ikkje la drivstoff-krisa tyna oss. Det var tid for å gå på land og studera Lysebotn.


På vinterstid er Lysebotn avstengt og stilt med ein handfull fastbuande igjen. Nå midt på sommaren yrer det av turistar. På campingplassen var det fullt av bubilar og andre slags kjørety og folk. Det var også lang kø av bilar som ville reisa utover fjorden med turistferja eller den hurtiggåande rutebåten «Lysefjord». Begge gjekk fullasta med bilar utover på fredagskvelden.


Basehopparane hadde fri denne dagen, såg det ut til.


Den hurtiggåande rutebåten «Lysefjord» ved Kalleli-kai. 


Sjølv om me hadde gløymt å kjøpa drivstoff, var det rikeleg med proviant om bord i tilfelle det ikkje var åpne restaurantar i Lysebotn. Restaurantar? Om dette var rette navnet veit eg ikkje, men det var råd å kjøpa varm mat på begge sider av vegen rett opp frå ferjekaien.


Me bestemte oss for å kjøpa middag på turiststasjonen. Men det var ikkje berre å gå til bords. Det var fullt opp av svultne folk. Om halvannan time kunne me få mat. Me gjekk over vegen til campingplassen og tok ein aperitiff, som det heiter på fint. Her også var det mykje folk. Og dei aller fleste høyrtest ut til å vera like norske som oss.


Då det var vår tur til å gå til bords, måtte me dela bort med eit ektepar frå Oslo-traktene. Dei hadde kjørt gjennom Telemark og over Suleskar og vidare til Lysebotn og var skikkeleg begeistra over turen i det fine vêret. Dei skulle overnatta i Lyse og ta turistferja ut fjorden neste dag. Etter ei natt mellom stupbratte fjell, hadde dei bestilt neste overnatting på Sola Strand Hotel før turen gjekk vidare til Bergen på familiebesøk.


Laurdag var det regn. Drivstoff-krisa vår hadde me ikkje lagt bak oss. Skulle me ta ein tur i Lysebygda og spør om nokon hadde diesel til salgs. Du veit aldri kva slags tilbod du kan får her inne. Ein gong for mange år sidan, då eg jobba i Aftenbladet, skulle me laga reportasje om folkelivet i kraftstasjonsbygda. Då kom det ein mann som heitte Lenes, kjørande. Han blei så overraska over å sjå at det kom vaksne folk gåande etter vegen, at han stoppa og tilbaud oss å låna hans bil. Slik var det i Lyse på 1980-talet.


Kan ein stola fullt og heilt på slike drivstoff-målarar? Dei er vel kanskje justerte med tanke på skremma båt-eigarar til å fylla tanken tidsnok. Kanskje var det meir i tanken enn me frykta. Viss me går seint ut over fjorden og studerer det me ser grundig på vegen, går det gjerne. Og viss det ser kritisk ut, fekk me heller stoppa på Songesand og få hjelp der. Slik tenkte me og heiv laust og gjekk utover.


Flørli har ein ærverdig kraftstasjon og aldri så mange trapper å gå i.


Håheller, Flørlil, Kalleli, Kallestein, Songesand og ikkje minst Preikestolen blei grundig studert. Tankmålaren var utruleg passiv. Det minka ikkje så fort på drivstoffet som frykta.


Motoren sveiv fortsatt som ei klokka då me fortøyde ved drivstoff-pumpa ved Jokerbutikken på Forsand. Nå skulle tanken fyllast. Den tok 300 liter. Etter å ha pumpa 230 liter om bord, var det fullt. Altså var det 70 liter diesel igjen på tanken før fylling. Me kunne gått tilbake til Lysebotn utan å fylla diesel.


Alltid skal me menneske gå rundt og engsta oss for eit eller anna unødvendig!


onsdag 1. juli 2020

Med Ombo som prikk over i-en

Lun gjestehavn ved ferjekaien og landhandelen på Eidssund, Ombo.


Var turen vår slutt alt?


Me var i full sving med å bera i land saker og ting på Hjelmeland etter tre netters båttur i det flotte sommarvêret. Brått skifta me meining. Ei natt til bør me kunna unna oss. Ka med ein tur til Eidssund på Ombo? Der sette med prikken over i-en.

Sjå sjøkartet. Ikkje lurt å gå midt i sundet inn til Eidssund.

 Her er det ein godt utstyrt landhandel, ei grei gjestehavn og ein heller travel kai med både ferjer og hurtigbåtar. Mykje å sjå på for oss som interesserer oss for likt og ulikt på sjøen.


Ombo er den nest største øya i Rogaland, berre Karmøy er større. Det er mykje haug og hammar, men få naturlege, lune havner rundt øya. Søylå, bukta på Eidsholmen, er ei gammal naturhavn der sjøfarande har søkt ly for natta i alle år. Båtfolket fann også vegen dit, men i dag ligg nok dei fleste i gjestehavna ved ferjekaien og butikken. Her er det dusjar, toalett, vatn og drivstoff for båtturistar.


Grunt i Eidssundet. Her tok Jøsenfjord-båtane snarvegen. Kjølstripa viste i sanden på botnen.


Den store øya er tynt befolka. I 2016 var det 236 innbyggjarar på Ombo som på den tida var delt mellom Hjelmeland og Finnøy kommunar. Frå siste årsskifte blei øya slått inn under Stavanger og er dermed blitt byøy. Tenk det du!


På Eidssund ligg skulen der ungane frå heile øya er elevar. Åtte nye fyrsteklassingar starta karrieren sin som skuleelevar på Ombo i fjor. Det var ny rekord. Grendehuset for Ombo ligg også på Eidssund som i tillegg har planteskule som trekkjer kunder frå heile Ryfylkem og vel så det.


På Ombo levde dei av jorda og sjøen. Sjøhuset står i Tingvik like ved gjestehavna.


Ferjer og hurtigbåtar går ut og inn til Eidsund gjennom det breie sundet mellom Eidsholmen og Eidssneset. Viktig å velja ei av sidene her. For midt i sundet er det ein grunne, men det er godt merka for sjøfarande.


Dei gamle Jøsenfjord-båtane prøvde å spara tid der det var råd. Dei gjekk ofte gjennom det grunne Eidssundet. Når ungane på Eidssund bada, såg dei spora etter rutebåt-kjølane på sandbotnen i sundet. Så grunt er det her.


Aftenbladet dekka «Fisterfjord»-forliset grundig.


Den gamle, legendariske Jøsenfjord-båten «Fisterfjord» gjekk på grunn i innløpet til Eidssund søndag 15. september 1968. Det var begynt å mørkna då båten kom frå Stavanger og skulle inn til Eidssund. Då var den borti skjeret i innløpet og begynte å ta inn vatn. Kapteinen greidde å ta seg inn til rutebåtkaien der den sokk og blei liggjande. Men etter eit par dagar blei den heva, buksert til verkstad, reparert og sett i fart igjen.


Men to år seinare ble det sett punktum for Fisterfjord». Då brann den opp ved kai på Foreneset natt til 17. februar 1970. Vraket blei senka i Nedstrandsfjorden.


Me hadde ei fin natt på Eidssund. Dagen etterpå putla me oss inn fjorden til Hjelmeland og stålsette oss for vêromslag med regn og torevêr.


Takk for turen!