fredag 15. desember 2017

Han fekk fart i dei gamle svenske hestane



Gamle, lunefulle svenske dieselmotorar var ikkje lette å halda i gang. Motormann John Samuelsen kunne dei fleste
triksa som måtte til når ein skulle få opp farten på "Fjordsol". 


Vårherre må ha sett i nåde til "Fjordsol" og mannskapet om bord i mange år. Den skulle forlengst vore på skraphaugen den gongen då me reiste på den siste turen med båten i 1977. På den tida brukte maskinfolka Reodor Felgen-metodar for å halda båten i fart.

Min gamle kjenning frå "Tau"-ferja, John Samuelsen frå Sjernarøy, var hyra inn som motormann på "Fjordsol" i 1977. Då var han 62 år og pensjonist. Men det var ikkje lett for han å svara nei når ein gammal kjenning frå mannskapskontoret til Stavangerske ringde med skjelvande røyst og bad han om å hjelpa dei nokre veker i Sauda-ruta.

I Stavangerske hadde han vore sidan før krigen. Kålalempar på "Rogaland" før krigen. Seinare var han både på "Sandeid" og "Fjorddrott" før han begynte på "Tau" i 1963. Der blei han til han gjekk av i 1975.

Torstein Randa, her i maskinrommet på "Jøsenfjord", har skrudd mykje
på "Fjordsol"-maskinene. Foto: Jone Laugaland.
Den godslege sjernarøybuen klaga ikkje på den gamle "Fjordsol" eller maskinane om bord.  Me kom vel ikke på spørja han heller.

Då søsterskipa "Fjordsol" og "Fjordbris "blei bygde rett etter krigen, var ikkje dieselmotorar for bruk i raske rutebåtar hyllevare nokon plass. Stavangerske var sikkert sjeleglade då dei fekk fatt i dei fire, svenske Nohab-motorane til dei to båtane. Motorane var åttesylindra og var på 375 hk. Når dei blei kjørte hardt som nye, fekk "Brisane" ein fart på 15-16 knop. Marsjfarten var 14 knop som var storarta i 1950-åra.

Hardkjøret røynte på. Då tilgangen på dieselmotorar blei betre utover på 1950-talet burde svenskane vore skifta ut med betre kvalitet.

- Stavangerske var heldige. Dei hadde dyktige maskinistar på "Brisane" og flinke reparatørar på verkstedet på Klasaskjæret. Dei klarte å halda Nohabbane i gang i alle desse åra, fortel Torstein Randa som arbeidde på verkstedet til Brødrene Bjørnevik i mange år. Dei var ofte utleigde til Stavangerke. Då fekk dei høyra mange historiar om Nohab-maskinene.

- Ein gong hadde eg jobben med å overhala hovedmotoren på "Fjordsol". Då fekk eg sjå kreative ombygningar og forbetringar som var gjort opp gjennom tidene, fortel Torstein Randa som var kamerat med Arild Skjørvestad som var maskinist på "Fjordbris" då båten fekk maskinhavari. Dei låg ved Fiskapiren og hadde nettopp starta opp. Då kom det stygge lyder frå babord hovedmotor.

- Då eg sto ved sida av motoren og prøvde å finna ut kor lydane kom frå, fekk eg ein veivstake ut mellom beina mine, fortalde maskinisten. Dermed var "Fjordbris" ferdig i rutefarten.

Sommaren 1977 var Ståle Jøtne, til venstre, motormann på "Fjordsol". Her
på akterdekket med styrmann Sverre Wiik, fører Martin Hodnefjell og matros
Johan Brimse.


Jørn Haugvaldstad og Ståle Jøtne var begge i maskinen på "Fjordsol" dei siste åra den var i fart.

- Foringane på maskinen var så utslitne at vatnet begynte å renna frå kjølekappane og ned i veivsumpen når maskinene blei kalde om kvelden. Ved hjelp av manuell sugepumpe blei det pumpa opp 30 - 40 liter vatn før oppstart om morgonen, fortel Jørn Haugvaldstad.

Viss det var kraftig vind når "Fjordsol" skulle gå fra kai, brukte maskinfolka ei fjøl på brennstoffpumpene for at maskinene skulle få meir drivstoff. Kraftig svart røyk i skorsteinen var eit teikn på at trefjøl-trikset blei brukt.

"Fjordsol" hadde ikkje reversering. Når båten skulle bakka, måtte maskinene stoppast og startast opp andre vegen. For at ikkje maskinene skulle bli for nedkjøla mens dei sto stille mens båten seig inn mot kaien, reduserte Ståle Jøtne inntaket av kjølevatn. Viss maskinene var for kalde, var dei vanskelegare å starta igjen.

Mykje å halda styr på når ein skulle halda gamle, utslitne svenskar i live.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar