lørdag 29. desember 2018

Den jødiske distriktslegen og nazist-dyrlegen

Dyrlege Steinar Klevar, til venstre, og distriktslege Abram Ramson møtte
kvarandre på Sand før krigen og blei omgangsvenner. 


Den jødiske distriktslegen og den nazistiske dyrlegen blei omgangsvenner på Sand før krigen. Dei hadde felles interesser i musikk og litteratur og spela bridge saman.

Krigen kom og fekk dramatiske konsekvenser både for distriktslegen og dyrlegen. Abram Ramson blei teken av tyskarane i 1942 og heldt på å enda i dødsleirane som resten av slektningane. Men på mirakuløst vis blei han sett fri og var tilbake i legegjerninga si på Sand i 1943.

Dyrlegen, Steinar Klevar, overlevde ikkje krigen. 3. mars 1945 blei han skoten av ein tysk vaktsoldat på Drammensveien i Oslo då han ikkje stoppa på anrop. Klevar la ned mykje arbeid for å få Ramson fri frå fangeskapet. Han hadde mista det meste av trua på nazismen og såg kor det bar hen med krigen.

Den gripande historia om distriktslege Abram Ramson og familien hans var ukjent for meg like fram til denne jula då eg åpna «Gamalt frå Suldal», årsskriftet for Suldal sogelag som kom ut nå før jul. Ramson-artikkelen er laga av Tore Thorsen og Terje Bråtveit. Dette er ei grundig historie i tekst og bilete. 

Ramson-familien fotografert i 1948. Frå venstre: Ramson, Sidsel, Liv, Bara og Berit.


Abram Ramson var fødd i 1904 i Bodø. Foreldra var russiske jødar. Ramson-familien bygde opp ein stor forretning i Bodø. Men sonen Abram ville ikkje bli forretningsmann. Berre 25 år gammal var han ferdig utdanna lege i Oslo. Eit par år seinare møtte han ikkje-jødiske Bara Gulseth som han gifta seg med i 1932. Det unge ekteparet kom med ei dotter til Sand i 1935.

Dokter Ramson kom ikkje til nokon kvileheim på Sand. Distriktet omfatta kommunane Suldal, Sand og Imsland. Han måtte kjempa med meinsis på Suldalsvatnet når han skulle til Nesflaten og vassa i høg snø på heia når dei var sjuke i Ulladalen. At distriktslegen heldt ut i det store distriktet i 17 år, er utruleg når du ser det med dagens HMS-briller.

Hausten 1952 reiste familien Ramson, nå med tre døtre frå Sand til Froland. Dei fekk med gåver og takk på vegen. - Ramson og huslyden hadde vakse seg saman med folket, sto det i Aftenbladet.

Ei gripande historie. Takk for at eg fekk den til jul!

«Gamalt frå Suldal» er til salgs i dei fleste butikkane i Suldal kommune og fleire stader i nabokommunane også.




søndag 23. desember 2018

Då julanissen vinka bilane om bord!


På julafta har nissen laus på ferjer og hurtigbåtar. Du kan
kanskje treffa han i morgon.

Julanissen vinka bilane om bord på Foldøy. Ei leande dama sat bak rattet på ein av bilane som kjørte inn på bildekket. Ho lo endå meir då ferja var begynt å gå med kurs for Jelsa. Var det så løye med ein nisse på julafta? Jo, det var faktisk det.

For dama i bilen skulle ikkje kjørt om bord i ferja. Ho skulle parkera bilen på kaien og reisa med ferja. Men då nissen vinka, blei ho så altererte at ho kjørte rett om bord. Enden på visa var at «Foldøy» måtte returnera til Foldøy med bilen.

Denne damehistorien på «Foldøy» er åtte år gammal. I åra etterpå har nissen vore på farten på hurtigbåten «Fjord Molde» til Byøyane i 2011 og 2012, på «Ullensvang» i Tausambandet i 2013, på «Stord» i 2015, hurtigbåten «Fjorddrott» i 2016 og i fjor var det på gassferja «Hardanger» som går til Tau.
Ferjenissen om bord på Tau-ferja «Hardanger» i fjor. Her blir han varta opp av Andreas Tønnesen, til venstre, og Knut Vier.

Kor risikerer du å treffa fjorda-nissen dette året? Og kven i all verda er denne julanissen som fêr og vasar om bord?

Heldigvis er det berre seriøse folk som les så langt på denne bloggen. Dei røper ikkje det dei les til folk som trur på julanissen. Det reknar eg som sjølvsagt. Viss du er lauskjefta, må du slutta å lesa her.....

For nå kjem svaret: I år må reisande på Tau-ferjene vera på vakt på julafta. Før du veit ord av det, kan du sjå nissen med styrmannsstriper på armane på nissedrakten vandra rundt i salongen med billettaska full av godsaker.

- Viss ferjene går som planlagt, går eg om bord i «Ryfylke» på julafta. Viss reserve-ferja «Stord» må ut å gå, er eg om bord her, seier nissen som til kvardags heiter Bernt Arild Bertelsen og er styrmann på «Stord».

På julafta tek han på seg nissedrakten som er utstyrt med styrmannsstriper og gir seg ut på vandring i salongen med billettveska full av slikkepinnar og andre godsaker. Viss det er godt vêr, vil han vera å sjå på bildekket også.

Bernt Arild Bertelsen er styrmann på «Stord» når han ikkje er nisse.


48-årige Bernt Arild Bertelsen frå Vassøy har ein litt spesiell sjømannskarriere. Som guttunge på Vassøy drøymte han om å bli sjømann når han blei stor. Han låg og duppa i sin åtte fots Pioner om somrane og beundra dei flotte Tau-ferjene som passerte i Lindøysundet. Kanskje var dette tingen for meg, tenkte han.

Men då Vassøy-gutten var 16 år, peika pilene rett i dass for sjømannsyrket. Han tok ikkje sjansen. Dermed blei han elektriker på Rosenberg og jobba i Nordsjøen. Seinare jobba han som fiskar og krabbeseljar på Torget og dreiv ein periode Fisketorget saman med broren. I 2010 slutta brørne av på Fisketorget og Bernt Arild Bertelsen tenkte at nå skulle han bli elektriker igjen.

Men så reiste han og kona med Tau-ferja. Dei skulle ein tur til Jørpeland. På dei store skjermane oppe i salongen les han plutseleg følgande: Me søker styrmenn, maskinister og matroser.

Han søkte og fekk jobb.

Bernt Arild Bertelsen har gått gradene frå 2010. Han har tatt læretid, fagbrev og styrmannsutdanning. Nå er han styrmann på «Stord». I februar startar han i ny jobb som styrmann på hurtigbåten «Fjordlys».

På alle båtane har han vore julanisse viss han ikkje har hatt fri. Dermed blir han nok huritgbåt-nisse i 2019.

Framtida for ferjer og hurtigbåtar ser ut til å bli usikker på våre kanter av landet. Ferjenissen treng vel ikkje frykta arbeidsløyse. Julanisse-sesongen er rett nok kort, men når du kan vera elektrikar, krabbefiskar og krabbeseljar i tillegg, skulle framtida vera sikra.

God jul til alle som hadde tid til å lesa så langt!

torsdag 20. desember 2018

Skikkelige sjømann seilte til Lykkeland

Sverre Lofthus på seiltur i Limfjorden i 1999.


Ein skikkelige sjømann som elska å seila sjøl om han sleit med sjøsjuka kvar gong han drog ut etter ein friperiode på land. Sverre Lofthus, Stavanger, er død, 90 år gammal. Forteljinga om hans liv gir assosiasjonar til serien «Lykkeland» som har rulla over TV-skjermane våre dei siste vekene.

Aftenbladet 29. juni 1953.
Han blei fødd på Hinna og var nest eldst av sju sysken. Då krigen kom, flytta familien til Nedre Vats der faren hadde kjøpt gard. Det var tronge tider. Ungane måtte delta i arbeidet på garden så snart dei var store nok. Sverre arbeidde også på nabogardane for å spara pengar til utdanning. Han ville gått på gymnas, men såg seg ikkje råd til det. Som 17-åring reiste han rett etter krigen til Risør for å ta sjømannsutdanning.

Fred. Olsen i Oslo blei rederiet for unge Lofthus. Der steig han raskt i gradene. I 1953 tok han styrmannseksamen ved Stavanger styrmannskole. Som styrmann møtte han kvinna i sitt liv, Connie frå Råde reiste som passasjer på båten. Dei var gifte i 62 år og fekk fire barn. Ho var sjukepleiar, men tok seinare telegrafist-utdanning og seilte saman med mannen til sjøs då ungane var store nok til å klara seg sjøl. Sverre Lofthus tok høgare skipsførar-utdanning i 1959 og blei kaptein i 1963.

Aftenbladet 28. juli 1966.


Då Fred. Olsen gjekk inn i oljebransjen, blei Sverre Lofthus med. Han deltok i arbeidet med å bygga om kvalkokeriet «Thorshøvdi» til «Drillship». Lofthus var ein av to kapteinar om bord då skipet drog ut i Nordsjøen på oljeboring. «Drillship» blei ingen stor suksess i Nordsjøen.

Aftenbladet 17. november 1967.


Nå gjekk kapteinen i land og inn i oljeindustrien. Han var på oljeleiting på Svalbard og var med på å etablera sitt boreselskap både i Stavanger og på Shetland. Sverre Lofthus blei sjef i Aker Drilling som seinare skifta navn til Dolphin. Nå flytta Lofthus-familien tilbake til Stavanger og kjøpte hus på Gausel. 

I 1985 slutta Sverre Lofthus brått i Dolphin. Med seg ut dørene fekk han ein avtale som gav han lønn frå selskapet fram til han blei pensjonist. Nå var han klar for å realisera sin store draum om å seila jorda rundt med eigen båt. To år brukte han på turen med den 38 fot store seilbåten «Connie». Kona, familiemedlemmer og venner alternerte som mannskap. På Kreta ble seilbåten pårent av ein fiskebåt medan han låg for anker. Det var det einaste alvorlege uhellet på heile turen. 

Aftenbladet 6. september 1990.

- Største opplevinga var etappen gjennom Europa på kanalar og elver frå Marseille til Amsterdam. Me hadde historien rundt oss heile vegen, sa Sverre Lofthus til Aftenbladet etterpå.

Tilbake i Stavanger i 1990 blei Sverre Lofthus hobbyseilar og pensjonist. Han engasjerte seg i Stavanger Søemandsforening og var formann i fleire år. Orden skulle det vera i sakene både på sjø og land. Han skreiv ein mengde lesarbrev i Aftenbladet og hadde meiningar om mangt, men mest om oljå. Ein smilande blid mann som alltid hadde tid til ein prat viss du møtte han i byen.

Sverre Lofthus 
Eg blei kjent med Sverre Lofthus då han dreiv å gjorde seilbåten klar for jordomseiling i Jåttåvågen. Medan han skulle ut i verden, skulle eg innover i Ryfylke med min båt. Då han kom heim igjen, skreiv eg om han i Aftenbladet. Seinare fekk eg låna kart over Limfjorden av han. Han blei invitert med på overfarten til Danmark og takka ja til det. Det var då det kom for dagen at den garva sjømannen kjente på sjøsjuka når han reiste på sjøen igjen. 

Den spreke mannen heldt eigedommen på Gausel fint i stand sjølv om han blei eldre. Han sykla fleire gonger i veka til golfbanen. Så seint som nå i august spela han golf. Då hadde han fylt 90 år.


Han døde etter kort tids sjukdom 12. desember med heile familien rundt seg.

fredag 14. desember 2018

Med «Fisterfjord» i fjordafart i førjulsmørket


«Fisterfjord» kom fram i mørket før jul lasta med appelsiner og  sekker av
alle slag. Foto: Stavanger Maritime Museum.

Du kjem garantert i førjulsstemning ved å lesa denne skildringa av ein tur gjennom Ryfylke med gamle «Fisterfjord» i desember 1954. Eg har etter beste evne skrive av reportasjen til Alf Olav Aadnøy i Aftenbladet. Han  hyrte seg inn som matros på båten for ein dag. Artikkelen sto på trykk julafta 1954.

Disponent Magnus Kalheim lo, men lot meg få hyre uten dikkedarer. Kaptein Knut Øye på «Fisterfjord» kikket lunt opp fra papirene da jeg meldte meg for han på broen, og spurte etter mønstringspapirene. Han slo seg smilende til tåls med min forsikring om at de ville komme, så snart Rederforbundet hadde behandlet saken.

- Stuerten har gjort klar en køy til deg, sa han. - Du får den gamle postlugaren.




Det har alltid vært min oppfatning av en stuerts plikter på en rutebåt, at det første bud lyder slik: Liflig kaffeduft skal til enhver tid på døgnet fylle skipets ganger med og derfra stige opp til broen for å stimulere skipperen i hans gjerning. Stuert Jonas Runestad fra Fogn skjøtter sin oppgave med all den glød en kan forlange av en mann som bruker oljefyrt bysse. Som passasjer har jeg alltid satt pris på den særlige duft som følger med en rutebåt av gamle «Fisterfjord»s støpning.

Det er en egenartet blanding av kaffe, plysjsalonger, messingpuss og fjøs, som tilsammen gir den hyggeligste duft i verden. På denne turen hadde den fått et lite stenk av julestemning, og jeg lurte på hva det kunne komme av, helt til jeg skulle hjelpe til med å lempe varer i land på første kai. En stor del av lasten var appelsinkasser.

For matrosen på dekk har byssen en ekstra tiltrekning i de sure mørke vinterkveldene. Han hiver landgangen på luken, lukker porten i rekken og bærer fram varene til neste kai, mens båten bakker langsomt ut fra siste stoppested. Så slokkes lysene på dekk og under bakken, og mens skipet svinger,  sklir han over det våte og skrånende dekket, river opp døren og berger seg fra sur og hylende vind og piskende regn inn til byssens varme og lyse hygge.

EIN GALEN DAG

- Du har valgt ein galen dag, sa mine kolleger i faget, matrosene Gunnar Roaldkvam og Hadle Lovra. - I går skulle du ha vore her, då va det heilt gale.

Ein galen dag i dette faget, forsto jeg, hang sammen med at byens leverandører av armeringsjern, trelast og kraftfôr slo seg sammen om å sende mest mulig om bort senest mulig på dagen. Det vil si at armeringsjernet som skal først på land, kommer først. I siste øyeblikk kommer så varene som skal lengst inn i fjorden, og dermed blir alt arbeid dobbelt vanskelig.

En passelig trelastforsendelse som nødvendigvis må hives ovenpå armeringsjernet, for at båten skal komme fra byen i tide, holder to matroser beskjeftiget en god stund utpå kvelden og skaper forsinkelser og andre fortredeligheter. Skulle jeg bringe noen særlig hilsen fra mine venner, matrosene, måtte det være en liten bønn til leverandørene om iallfall å gi melding om store varepartier i god tid før avgang, slik at lasten kan bli skikkelig stuet.

Min dag var god i så måte. Noen hiv med sekker, en del småpakker og pappesker, og ikke å forglemme et dusin appelsinkasser, ga oss passelig tidsfordriv på stoppestedene innover fjordene. Såpass måtte det være, hvis jeg skulle få et lite innblikk i jobbens spesielle finesser.

TROSSÅ, LANDGANGEN OG VARENE

De siste passasjerene kom om bord, og styrmann Nils Åserød ordnet opp i sine fraktbrev og ga meg en liten instruksjon i matrosens plikter. Han er en fåmælt mann. - Trosså, landgangen og varene ska i land, sa han. - Men så e det kaffi.

Vi drakk kaffe og spiste stomp i messen, mens «Fisterfjord» gjorde sitt ytterste i det alltid håpløse kappløpet med de moderne fjordebussene innover Hidlefjorden.

Dagslyset svant langsomt da vi i en stor bue svingte rundt den svarte strømstaken og blåste for Sør-Bokn. På de fredelige turer kan matrosen gi seg god tid til å henge over rekken og studere kaiene. Byre-kaien var den siste vi fikk se i dagslys. To hiv med sekker ble svingt over rekken, en kasse appelsiner fulgte etter, mens 12 kasser epler kom om bord.

MØRKE KAIER

Ei lykt kastar lys over arbeidet på kaien. Elektrisitet var det lite av på «Fisterfjord»-kaiane i 1954.


Fra nå av rekker utsynet til baugen. Bare hver gang vi nærmer oss en kai, skjærer lyskasteren en liten åpning i mørket og viser oss den samme scenen hver gang. En våt kai, en flaggermuslykt og noen regnkledde personer i live bak et kaiskur. Kanskje en hest og en kjerre, noen brødkasser, en hund som svinser rundt lykten og kaster flakkende skygger over et glinsende svaberg. Trossen går i land, landgangen kommer ramlende på plass og passasjererene kommer halvblinde ut av den lyse salongen, belesset med pakker, matrosene begynner  å lempe lasten inn på kaien.

Enkelte steder kjenner folk meg igjen, og kommer bortom for å høre kaslags galskaper Aftenbladet nå er ute på. De fleste steder kikker de litt undersøkende på den nye karen, når han kommer inn i lykteskinnet. De kjenner selskapets folk, og merker seg at her er en de ikke har sett før.

Vi passerer Atlatveit, Vestersjø, Skår og Tuftene på Ombo. Mørkt er det alle steder, men folk trøster seg med at nå går det mot lysere tider. En sjøkabel er strukket over Garsundet, folk er i full gang med innkjøp av elektrisk utstyr for å kunne ta mot Lyse-kraften. Underlig er det også å stå om bord og se en sykkellykt skjære seg gjennom mørket oppe i fjellsiden aust for Skår. Bare for noen år siden var det bratt og uveisomt fjell her. Nå har veien til Tuftene begynt å strekke seg innover.

Etter hva jeg skjønte på praten om bord, har Tuftene fått et problem i forbindelse med denne veien. Det har vært snakket om å spare pengene til ny kai og legge dem i veien. Meningen skal være at Tuftene vil kunne klare seg med veiforbindelse med kaien på Skår. Det høres etter min forstand ut til å være en urimelig løsning. Særlig i frukttiden vil det være tungvint å være uten kai på Tuftene, men også resten av året vil den lange kai-veien skape problemer.

Men spørsmålet er brennende aktuelt. Den gamle tre-kaien på Tuftene har neppe lenge igjen. Hver eneste skikkelige søraust-storm betyr en alvorlig trusel for det morkne tømmeret.

HAVN FOR NATTEN

Blei det julatrefest i Ulladalen for Hadle Lovra og Gunnar Roaldkvam i 1954. Kven veit. Her er «Fisterfjord»
ved Vadlakaien i 1960-åra. Foto: Olav R. Hauge.

Bogsund var siste stoppested og havn for natten. «Fisterfjord» kom inn Erfjorden i stupende mørke, og fanget inn i lyskasteren en liten kai, et vareskur og en veistump som svingte opp fra kaien. Flaggermuslykten var på plass og en håndkjerre. Appelsinkassene kom på kjerren, noen melsekker forsvant i vareskuret. Så rullet håndkjerren og flaggermuslykten opp veien og forsvant rundt svingen. Vi lå tilbake i mørket og ensomheten uten å se et lys.

Fortøyningene for natten kom på plass, lysene på dekk ble slokket, så klemtet det for siste gang i maskintelegrafen, og motoren stoppet. En forvillet kulingbøye plystret i riggen, i stillheten kunne en høre ventilene surre på promenadedekket. Det slamret i døren da sistemann kom inn fra dekk, og så satt vi på den lange benken i gangen utenfor byssen, skipperen, styrmannen, stuerten, maskinisten Arthur Øye, maskinassistenten Erik Hagen og vi tre matroser. Det var tidlig kveld, og slutt på jobben.

Underholdningsmulighetene var begrenset. I matrosenes lugar forut var det et trekkspill og en reisegrammafon. Vi hadde radio og noe lesestoff. Slik ligger fjordebåtene våre i bunnen av fjordene kveld etter kveld året rundt.

- Blir dere aldri inviterte i land, spurte jeg.

- Ånei, sa de, det var sjelden. Men det skulle være juletrefest i Ulladalen dagen etter. Hvis de kom tidsnok til Vadla, ville de gå dit.

Noen stykker av oss spilte whist en times tid i en av salongene. Så krøp til køys. Vi skulle tidlig opp neste morgen.

SEKKENE PÅ KAIEN

Alf Olav Aadnøy var journalist og seinare
kulturredaktør  i Aftenbladet frå 1945
til han blei pensjonist i 1984. Han døde i 2007, 87 år
gammal.
Jeg sto til rors ut fjorden og kjente «Fisterfjord» dirre under føttene. Regndrevet pisket på rutene, mørket utenfor var totalt. På hele strekningen her er det ingen fyr, og ingen lysglimt var å se langs fjorden. Knut Øye gikk rolig frem og tilbake, kontrollerte kursen og klokken, kikket av og til ut i svarte natten. Et svakt lys dukket opp på babord.

- Hjelmeland, sa skipperen. Så blaffet det i et lite glimt over baugen. Det skulle være Tuftene.

Og det var Tuftene, og «Fisterfjord» la siden mot den sleipe tømmerkaien og trykket den nesten under vann. Noen kraftfôrsekker vi hadde lempet i land dagen før lå ennå ute.

- Dei sekkene, ropte styrmannen, har dei låge ute heila nåttå, dei?

J- a, svarte det fra land.

- Ken e dei sine?

- Alf Olsen

- Vil han ikkje henta dei?

- Han gifte seg.

- Ja, smilte styrmannen, så har han vel sitt å tenkja på.

KRISTTORN OMBORD

«Fisterfjord» går samme ruten ut igjen som den dagen før gikk inn. Det er mye de samme folkene på kaien, de samme lyktene, de samme, våte svabergene. Det begynner såvidt å komme lys i husene langs fjorden, konturene av fjell kommer fram mot himmelen og forteller at dagen er i anmarsj. Folk som skal på julehandel, kommer om bord, det blir lunt og godt i salongene. En del eplekasser finner veien under bakken, og et sted kommer det ombord en veldig kurv med kristtorn. Den vokser vilt i fjellskrentene på enkelte av øyene her inne, men er vanskelig å få tak i, for den trivest best på de bratteste stedene.

----------------

Vi får værmelding klokken åtte mens vi ligger ved Skartveitkaien.

- Stiv kuling, regnbøyer. Det er snart det vanlege, sier skipperen. Ei råd så lenge det ikkje er full storm.

Så vasker vi over Hidlefjorden i følge med fjordebåter fra mange steder fylket.

Matrosene tar fatt på jobben med lasten under bakken. Det er den daglige rutine, ensformig, stundimellom slitsom, oftest kald og kjedelig. Det får være en trøst at det av og til vanker en juletrefest i Ulladalen. 


Alf Aadnøy var godt kjend på Ombo. Der hadde han vore på sommarferie mange gonger.  Inga Aukland, kona til handelsmann Per Aukland på Skår, var fødd Aadnøy og tanta til Aftenblad-journalisten.  Ho kom til Ombo som lærar på Vestersjø skule. Eg hadde gleda av å vera kollega med  Aadnøy frå eg begynte i Aftenbladet i 1977 til han blei pensjonist i 1984.













mandag 10. desember 2018

Kaos på kaien då nye «Stavanger» kom til Tau

7-800 frammøtte på Tau-kaien då nye «Stavanger» kom på
jomfrutur 4. april 1990. Foto:Stavangerske.


Kaoset på kaien var komplett då nye «Stavanger» kom til Tau onsdag 4. april 1990 på jomfruturen. Ferjeselskapet rekna ikkje med eit slikt overveldande frammøte då dei hadde gått ut og invitert alle interesserte til å vera med på gratistur frå Tau til Stavanger. Mellom 7 – 800 sto og venta på kaien. 

Barnehagar, skuleklassar, pendlarar, transportkunder og forvetne pensjonister, mine eigne svigerforeldre frå Jørpeland inkludert. var klar til å gå om bord. I tillegg kom bondekvinnelaga i Hjelmeland, Fister og Strand som serverte heimabaka lappar og lefser til dei 650 passasjerane som fekk vera med på «Stavanger» tilbake til byen.

Aftenblad-reportasjen 5. april 1990.

Det var så fullt i hovedsalongen, går det fram av Aftenblad-reportasjen, at det blei problem med å få avvikla dei planlagde kulturinnslaga på turen til byen. Men Hjelmeland Teaterlag fekk framføra deler av sin Evert Taube-kabaret «Så lenge skuta kan gå» og Strand kristelige juniorkorps fekk spela for passasjerane. Resten av kulturinnslaga blei framførte på de neste turane utover dagen.

Resten av dei frammøtte fekk gratis tur med hurtigbåt til Stavanger og reiste så heim igjen til Tau med «Stavanger».

Ikkje rart at frammøtet var stort. Aftenbladet hadde piska opp stemninga med sin reportasjen frå ferjedåpen nokre dagar tidlegare. Ifølge avisa var dette ei vanleg ferje utvendig, men på innsida var dette ei heilt ny oppleving med store lyse salongar med flotte sittegrupper, store vindu, stor kafeteria og eige leikerom for barn. Og i 1990 var det også røykesalong, må vita.

Kafeteriaen var stor og flott på nye «Stavanger». Her er det Arne Tjensvold frå Stavangerske som blir
servert av Reidun Nesvik. Foto: Stavangerske.

Framskrittet var også stort for dei som jobba om bord. På dei gamle ferjene hadde mannskapet lugarar og messe under dekk. På den nye «Stavanger» var mannskapet flytta opp i lyset med lugarar og opphaldsrom i overbygget.

Mannskapet gjekk på fire skift med sju mann om bord når ferja var i fart. Kaptein, styrmann, tre matrosar, maskinist og ein kombinert matros og motormann. Restaurasjonspersonalet kom i tillegg.

Det var bildekk i to etasjar. Dei store bilane sto på hoveddekket medan småbilane havna i «kjellaren».

«Stavanger» hadde ein Wichmann hovudmotor 8V28B på 3020 KW som gav ein marsjfart på nærare 15 knop som ny i Tau-sambandet. Ferja kunne gå frå kai til kai på 34 minutt.

(Dersom nokon har kjekke bilder frå den store jomfrututen, kan eg leggja dei inn i bloggen.)

fredag 7. desember 2018

Den hardhendte gudmora laga merke i nymalte «Stavanger»

Gudmor Solveig Nessa  og direktør Egil Nylund
etter dåpen av «Stavanger» i 1990. Foto: Gunnar
Bøe, Aftenbladet.


- Skrekkhistoriane om tidlegare gudmødre som ikkje greidde å knusa sjampanje-flaska, gjorde inntrykk på meg. Som gammal håndballspelar bestemte eg meg for å visa meg gudmor-tilliten verdig. Eg la all mi kraft bak flaskekastet som var så hardt at flaska laga merke i skutesida på «Stavanger».

Gudmor Solveig Nessa gjorde jobben som planlagt då ferja blei døypt lørdag 31. mars 1990. Men det hadde vore ei stressande tid på Myklebust mekaniske verksted i Gurskebotn på Sunnmøre før dåpsfesten. Nybygget var grått som eit krigsskip kort tid før overleveringa.

«Stavanger» var grått som eit krigsskip kort tid før dåp og overlevering. Ikkje rart dei ansvarlege for ferja ser
alvorlege ut. Frå venstre: Kaptein Gudmund Haug, verftssjef  Odd Borgund og maskinsjef Einar Hummervoll.
Foto: Gunnar Bøe, Aftenbladet.
Vinteren 1990 hadde det regna i eit bankande på Sunnmøre. Ikkje ein dag var det opplett slik at ein fekk starta malar-arbeidet. Då sola endeleg viste seg, blei alle som kunne krypa og gå sett inn i malearbeidet. Elektrikarane hang i masta med malarpøsen og sjefane måtte også svinga malarkosten. Malinga var knapt tørka då dåpsgjestene kom og regnet begynte å pøsa igjen.

Som ektefellen til dåverande Stavanger-ordførar Tore Nordtun hadde Solveig Nessa fått oppdraget som gudmor. Berre så det er nevnt: Dette ekteparet er foreldra til Arbeiderpartiet sin ordførarkandidat i Stavanger til kommunevalet neste år: Kari Nessa Nordtun.

Gudmora fekk armbånd og smykke i sølv og restene av den maltrakterte sjampanje-flaska som takk for innsatsen som gudmor.

- Det hasta med å få den nye Tau-ferja på plass. For å spara tid fekk me låna teikningane som HSD hadde brukt tidlegare for å byggja systerskipa «Stord» og «Ullensvang», fortel Egil Nylund som var toppsjef i selskapet i den tida.

 I 2001 blei «Stavanger» seldt til HSD som gav ferja navnet «Bjørnefjord» og sette den inn på strekninga Sandvikvåg - Halhjem,  Men frå 2010 til 2013 gjekk den tidlegare «Stavanger» igjen i Tau-sambandet som «Bjørnefjord» saman med systrene «Stord» og «Ullensvang».

«Stavanger» som «Bjørnefjord» i HSD si jubileumsbok frå 2005. Teikninga er laga av forfattar Bård Kolltveit.


Det Stavangerske Dampskibsselskab hadde nettopp laga eit datterselskap som skulle driva med lokal rutetrafikk: Rogaland Trafikkselskap. På denne tida hadde DSD kjøpt Høle og Forsand billag, Østerhus bilruter og hadde ein stor aksjepost i Stavanger og Omegn Trafikkselskap. Ein såg for seg ei framtid der det også skulle bli aktuelt å engasjera seg i busstrafikk. 

«Stavanger» var det fyrste fartyet med RT-logo og berre to raude ringar i skorsteinen. 

Den nye ferja var også tiltenkt viktige oppgåver viss det blei krig i verda. Den var klar for rask ombygging til mineleggjar i krigstid. Krigsutstyret blei teke om bord i Gurskebotn og frakta ned til det dåverande Nato-anlegget på Rennesøy. 

Onsdag 4. april 1990  blei den nye «Stavanger» presenterte for dei reisande i Ryfylke.



onsdag 5. desember 2018

Tauferje-fjes på veg til Ombo



Matros Geir Helge Berge har meldt overgang frå «Hardanger» i
Tau-ruta til «Vannes» som går frå Hjelmeland til Nesvik
og Ombo.

Hei, er eg kommen på feil ferje? Høyrer ikkje denne mannen til på Tau-ferjene? Ikkje her på ferja «Vannes» som går frå Hjelmeland til Ombo og Nesvik.

Når du har reist mykje med ferjene så veit du omtrent koss folka på dei ulike båtane ser ut. Eg måtte jo finna ut av dette. Eg hadde sett denne mannen mange gonger mellom Tau og Stavanger.

Geir Helge Berge frå Forsand er 58 år og har jobba på ferjene sidan 1996. Det aller meste av tida på Tau-ferjene.

«Vannes» går mellom Hjelmeland, Nesvik og Ombo. Her ligg ferja
ved ferjekaien i Skipavik på Ombo.
Før han gjekk om bord i ferjene, hadde han jobba på condeepane og vore litt på fiske.

Så søkte han som ferjemann og starta om bord i Ropeid-ferja. Seinare var han på turistferja «Lysefjord» før han begynte på Tau-ferjene. Han starta på dei to gamle pendelferjene «Tau» og «Strand» og har vore på alle, men var nå fast på «Hardanger», ei av dei nye gassferjene i Tau-sambandet, før han nå søkte seg vekk.

Polskbygde «Hardanger» blei sett inn i Tau-ruta i februar 2014. Søsterferja «Ryfylke» kom eit par månader før. 

Når Ryfast åpnar om eit års tid, er det slutt for Tau-ferjene. Mange ferjefolk må sjå seg om etter ny jobb når Tau-ferjene sluttar å gå. Koss det går med Høgsfjord-ferja, er det vel ingen som veit heilt sikkert ennå.

- Då eg såg at det var ledig plass på «Vannes» som går mellom Hjelmeland, Nesvik og Ombo, søkte eg og fekk den jobben. Her begynte eg for ein månads tid sidan og likar meg godt, seier Berge.


Gassferja «Hardanger» var ny i 2014.


- Eg treivs kjempegodt på Tau-ferja. Veldig kjekke reisande.Arbeidsmiljøet om bord har vore kjempegodt på «Hardanger». Hadde det ikkje vore for Ryfast, hadde eg aldri slutta der.

Hans faste makker om bord, Knut Vier, skal seila i Tau-sambandet heilt fram til det blir nedlagt.

Trafikken på Hjelmelandsfjorden er berre ein brøkdel av trafikken på Tau. Dei er seks mann om bord på ein gong. Kaptein, styrmann, maskinsjef, fyrstemaskinist og to matrosar på dekk. På «Hardanger»  er det alltid ni-ti mann om bord.

mandag 3. desember 2018

«Stavanger» til Finnmark i Jøsenfjord-fargar

«Stavanger» skifta fargar og navn før den forlet Stavanger i juli 1982.
Bildet tilhøyrer Steinar Warland.


Nymalt i fargar veldig like dei som Jøsenfjord-båtane hadde i si tid, snudde den tidlegare ferja «Stavanger» akterenden til heimbyen og sette kursen nordover fredag 9. juli 1982. Finnmark fylkesrederi hadde kjøpt ferja av Stavangerske for 11,5 millionar kroner.

Nå hadde den fått nytt og for oss ganske eksotisk navn: «Porsangerfjord». Hammerfest blei den nye heimbyen.

«Porsangerfjord» var i dokk i Stavanger i forbindelse med eigarskiftet og den skulle innom Harstad på vegen nordover for litt ombygging.

- I og med at «Stavanger» nå omdøpes blir Stavangerske uten båt med navn etter «residensbyen». Skip med navnet «Stavanger» med eller uten romertall, har selskapet hatt i 104 år, helt siden 1867. Stavanger-navnet har de båret, både kystbåter, nattruter og nå sist Tau-ferja, skreiv Aftenbladet 8. juli 1982. Det gjekk åtte år før neste «Stavanger» kom seilande over Hidlefjorden.

I andre halvdelen av juli 1982 blei «Porsangerfjord» sett inn i si nye rute mellom Honningsvåg og Kåfjord.

«Nordkappferja» kom til Stavanger og omdøypt til
«Vollsøy» og sett inn i Kvitsøy-ruta.
Den tidlegare «Stavanger» erstatta den betydeleg mindre ferja «Nordkappferja». Den hadde plass til 18 bilar og 167 passasjerar. Og nettopp denne ferja kom nå sørover til Rogaland og Stavangerske. Her blei navnet til «Vollsøy» og den blei sett inn i Kvitsøy-ruta. Ferja blei gåande mellom Kvitsøy og Mekjarvik til 1996, før den blei seldt til Afrika.

«Porsangerfjord» blei i Finnmark fram til 1992. Då bar det sørover igjen til Danmark. Ny eigar var Langelandsfærgen, Lohals og navnet blei «Lundeborg». Ferja blei sett inn på strekninga Lohals – Korsør. I 1996 blei ferja seldt vidare til Scandlines Danmark og skifta navn til «Tranekær». Rutestrekninga var uforandra.

I 2000 blei tidlegare «Stavanger» italiensk. Livorno blei ny heimby. Rederiet var Maregiglio di Navigazione. Nytt navn: «Isola del Giglio» som oversett til norsk ville bli Liljeøya. Nå blei ferja sett inn i rute mellom Porto Santo Stefano og Isola del Giglio.

Den gamle Tau-ferja deltok i redningsarbeidet etter at det italienske cruiseskipet «Costa Concordia»
grunnstøytte utanfor øya Giglio i januar 2012 med 3206 passasjerar og eit mannskap på 1023 om bord. 32 personar omkom i denne ulukka.

 «Isola del Giglio», tidlegare «Stavanger»,  skal stadig vera i fart i Italia. 


«Isola del Giglio» skal fortsatt vera i fart i Italia.

Fakta: «Stavanger» 1973

Historikk: Bygd i 1973 ved Smedvik Mekaniske Verksted, Tjørvåg, for Stavangerske og sett inn i Tau-ruta. Seldt til Finnmark fylkesrederi i 1982 og omdøypt til «Porsangerfjord».. Seldt vidare til Danmark i 1992 der den gjekk med navna «Lundeborg» og «Tranekær» fram til 2000. Det italienske rederiet Maregiglio di Navigazione i Livorno kjøpte skipet og sette det inn på strekninga Porto Santo Stefano - Isola del Giglio. Stadig i fart det.

Kapasitet: Var som ny sertifisert for 399 passasjerar og 55 bilar.

Maskineri: Hovedmotorar: 2 stk. Wichmann 4 AX, kvar på 1000 hk. Gav marsjfart på 14 knop.

Mål: Lengde 61,8 meter. Breidde: 11 meter.


(Kjelder: Wikipedia og Skipshistorie.no)