tirsdag 12. desember 2017

Då ordføraren drukna ved Jelsa-kaien

"Fjordsol" ved den lange Jelsa-kaien. Det var her ordførar Christoffer Thorsen ramla i sjøen og drukna i 1904.
Fotograf ukjent. 


"Bygdefolket sang de gamle ligvers inderlig og gribende. Begravelsen viste at den afdøde ikke alene havde mange Venner, men ogsaa at han var høit elsket og agtet."

Det kom som eit sjokk på Jelsa. Tidleg i oktober 1904 blei den 40 år gamle Christoffer Thorsen funnen død i sjøen ved rutebåtkaien. Han var skipsekspeditør, poståpnar og landhandlar. Ikkje berre det. Han var også ordførar på Jelsa.

Denne ulukka har jo strengt tatt ikkje mykje å gjera med sjøbussen "Fjordsol" som denne juleblogg-kalenderen handlar om, men det er lenge til jul. Derfor tek eg likevel med denne hendinga også. Det meste av opplysningane er henta frå Ernst Berge Drange si bok "Jelsa: Gardar og folk" frå 2010.

"Han faldt i mørket ud fra Kaien her paa Jelse og druknede", heiter det i ei avismelding frå 1904.
Dødsannonsa i Aftenbladet.


Den uforståelege ulukka inntraff veka før ungkaren skulle gifta seg med tremenningen sin, Anna Thorsen. - Den dagen han skulle stå brudgom i Jelsa-kyrkja, blei han gravlagd frå den same kyrkja som var fullsett av folk, fortel folk på Jelsa.

Men eg fann dødsannonsa hans i Aftenbladet. Der står det at gravferda skjedde på ein onsdag. Det var sikkert ikkje korrekt dato for det planlagde bryllupet.

Gravferda var den største på Jelsa i manns minne. Den blomstersmykka kista blei boren ut av medlemmer av heradstyret.

Fem månader etter ulukka fekk Anna Thorsen ein son som blei kalla Christoffer etter faren sin. Eldre jelsabuar hugsar han ennå som "Stoffen" som var ein populær og profilert mann i bygda. Han var formannsskapssekretær. Som faren var han ungkar lenge, men blei gift i godt vaksen alder. Han døde i 1984.

Jelsa-kaien i dampa-tida. DSD-båtane "Stavanger" og "Sand" er innom. 


Christoffer Thorsen og broren Thore hadde overteke post og landhandel etter far sin i  1880. Men i 1894 flytta til Sandeid og starta landhandel der. Dei to landhandlar-brørne var ei tid ordførarar i kvar sin kommune. Etter at broren døde, flytta Thore tilbake til Jelsa og overtok handelen på Jelsa.

Anna Thorsen blei seinare gift med Ola Hauge frå Sand. Så ho blei i godt vaksen alder mor til
Torger Hauge som eg omtala som ein nær slektning av meg i føregåande blogg.

I den neste bloggen skal me reisa vidare innover i Sandsfjorden. Bording av båten, også kalt båtstopp, blir eit tema då. Har du eit bilde av båtstopp på lur?












Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar