torsdag 31. desember 2015

2015 - Det året eg fekk slag!


2015 er på veg ut fjorden nå. Her går nattruteskipet "Stavanger" frå
Sandnes for siste gong i 1973.


- Godt nyttår, sa eg til min polske sjåfør-kollega då eg gjekk av den grønne buss nr. 9 på Revheim i føremiddag. - Takk. God jul, smilte mannen bak rattet før han lukka døra etter meg og kjørte vidare på ruta mot Tananger. Eg likar godt polakkar, men dei er vonde å snakka med.

Eg sto opp klokka halv fire i dag for å komma tidsnok på buss-jobb. Dermed var eg ferdig utkjørt rett over klokka ti og heime igjen i elleve-tida og fekk tatt igjen litt forsømt nattesøvn før nyttårsfeiringa.

Nattruteskipet "Stavanger" gjekk ut fjorden frå Sandnese for siste gong ein dag i 1973. Nå er 2015 på veg ut fjorden for siste gong. Og koss gjekk dette året?

Når ein har dreve på og levd i så mange år som meg, går det mykje på rutine og gammal vane. Tida går berre fortare og fortare, seier me. - Eg hugsar det som om det var i går, sjølv om det er 20 år sidan, seier me. Men når eg ser framover, føler eg ofte at det er lenge til mandag og til bollesøndag og påskeafta. Har ikkje du det slik?

Eg blei 66 i år. Wenche Myhre syng jo så kjekk om koss kjekt det skal bli, men eg må innrømma at eg fekk meg ein på snuten som 66-åring. Hjerneslag hadde eg ikkje ønskt meg og det kom veldig uventa. Eg forsto ikkje kva som hadde skjedd då handa mi plutseleg ikkje virka.

Flaks og ei pågåande kåna førte til at eg fekk rask legehjelp. Eg blei heilt paff då legen sa at eg hadde fått slag. Sjølv om eg har langt framskreden flyskrekk, gløymde eg heilt å vera redd då eg blei send med luftambulanse-helikopter frå Hjelmeland til sykehuset i byen. Eg dreit i alt og studerte Ryfylke frå lufta. Tanken på at helikopteret kunne detta ned, den streifa meg ikkje.

For å gjera ein lang historie kort: Eg hadde flaks som så mange gonger før. Handa mi livna til igjen og er nesten like god som før. For å trena opp fingrane på venstrehanda, begynte eg å blogga. Som gammal skrivemaskinslærar, brukar eg alle fingrane på venstrå når eg tastar i veg.

Vel tre månader etter slaget fekk eg kjøra buss igjen. Eg føler meg i fin form, men det er klart at du gjer deg dine tankar etter ei slik hending.

Veit du kva ein kamerat av meg sa i vår ungdom?

- Beste du går der friske og raske, så er du gifte.

Det gjekk troll i ord for hans del.

Takk for det gamla!









mandag 7. desember 2015

Ein buss å stilla klokka etter!

Klokka manglar berre sekund før åtte over halv
 når bussen  passerer her ved lyktastolpen.


Du høyrer duren av kjøretøy ned i Byhaugveien. Ei mild dieselbrumming på toppen av Solandsbakken. Så høyrer du sjåføren gassar opp i svingen inn i Lindeveien. Du treng ikkje sjå på klokka. Den er åtte over halv. Det er vår eigen buss nummer 25, Byhaugbussen som passerer.

Frå min plass ved kjøkkenbordet har eg full kontrollen over Lindeveien. Av og til kikkar sjåføren inn til meg når han passerer og helsar med handa i vêret. - Såg du. Sjåføren helste på meg, seier eg til ho på andre sida av bordet.

Me er fantastisk heldige på Byhaugen som har denne bussen som du kan stilla klokka etter. Halv går den frå holdeplassen ved Breiavatnet, tvers over Atlantic. Åtte minutt seinare står eg på Byhaugen utfor huset vårt. Tilbake til byen går bussruta litt i krusedull i trange gater nedover på Tasta. Men den kjem alltid fram.

Resten av timen har den litle bussen eit sidesprang over Storhaug, men klokka halv er den tilbake ved Breiavatnet og klar for Byhaug-tur igjen. Som om ingenting skulle ha hendt.

Viss sjåføren ser meg ved kjøkkenbordet, vinkar han til meg. 


Skal du reisa med bussar, må dei vera til å stola på. Det er Byhaugbussen. Du veit kor du har den. Då passar du på å vera klar til klokka er halv eller så må du venta ein time. Viss du ikkje har ein slik på minuttet-buss, må det vera ein som kjem heile tida. Du går på holdeplassen og ventar ei stund og vips: Der er bussen.

Buss nr. 2 går Misjonsveien til og frå Vardeneset. Den brukar eg ein del. Men den er eg ikkje begeistra for. Den har altfor lang rute. Heilt frå Vardeneset til Sandnes. Sjølv om det er ein heil haug med bussar som går på denne ruta, kan du bli ståande å venta på den aldri så lenge i rush-tida. Når bussen har så lang rute, kjører dei seg garantert inn i køar ein eller annan plass mellom Stavanger og Sandnes. Jo seinare bussen blir, jo fullare blir den. Bussen bak tek den igjen og då har du det gåande.

Meir enn ein gong har eg stått og surna ved Byterminalen og venta på Toen. Ingen buss å sjå. Men så kjem den full av folk, med ein tynt befolka Toer rett bak. Av og til kjem det tre Toarar på ein gong. Viss Vardenes-bussane hadde snudd i sentrum, hadde eg sikkert vore glad i den og. For då hadde den heilt sikkert vore i ruta heile dagen.

Heldige me som har vår eigen litle buss. Og dei kjekke sjåførane.

Når eg er veldig glad og tilfreds, blir eg alltid redd for at denne sinnstilstanden skal bli endra. Tenk om 25-bussen vår blir nedlagt. Det må ikkje skje.

Då kan me ikkje reisa meir med fly til Syden eller tog til Oslo. Skal me på langtur i dag, låser me døra på Byhaugen når klokka passerer halv og så står der med reisefeberen vår når bussen kjem åtte minutt over halv. Ti minutt seinare er me på Byterminalen der Flybussen og Oslo-toget tek oss vidare ut den store verda.

Buss nr. 25 derimot, brummar vidare mot Storhaug og Ramsvik. Ka vil han der?







 

 

torsdag 3. desember 2015

Skyt ein nabo! Bomb eit land! Snart jul igjen!

Snart jul i Gamle Stavanger


- Ein dag nærmare evigheden, sa min gamle Aftenblad-kollega Lasse (Lars Torleiv Øye) når han kom på jobb om morgonen. Han var pessimistisk av natur og grua seg til mykje, men han spreidde mykje glede og varme rundt seg gjennom sine drøs i avisa og sin omtanke for alle rundt seg på jobben.

Eg tenkte på Lasse då eg sto opp i dag. Heile natta låg eg og grua meg til å gå til min tannkjøt-spesialist klokka åtte i dag tidleg. Grusomt. Stå opp sju økter før dag for å bli trakasserte i gummane av folk  med mange års spesialist-utdanning, kvit frakk og munnbind. - Spytt ut, skyll munnen. Tast pin-koden din her. Versågod neste! Så går du heim og tykker synd på deg sjøl resten av dagen.

I NRK-Dagsnytt sto glad-sakene i kø:

Royal Air Force har slept sine fyrste bomber over Syria i natt. Det britiske parlamentet gav grønt lys for bombing i går. Berre få timar seinare var bombeflya på vingene. Død over IS og alle som måtte vera der bombene fell. Ikkje klag om du overlevde. Me har fleire bomber på lager.

Klart det hjelper å bomba. Berre sjå på Afghanistan. Der var russararane og bomba og kriga i åravis. Så kom amerikanarane, Til og med norske krigsfly blei vinka entusiastisk av garde av statsminister Kjell Magne Bondevik til oppdrag i lufta over Langtvekkistan. Sjå koss flott det blitt der nå! Eg kjenner berre ein afghanar. Det er ein ung kjekk mann som jobbar på Seven-Eleven-butikken på flyplassen på Sola.

I USA var det ein ny skyte-massakre i går. Kvite folk går inn skyt rundt seg. Årsaka til skytinga er visst ikkje heilt klar ennå. Nå ser det ut til at dette kan vera ei form for islamist-terror. Akkurat islamist-terror er dei gloredde for i USA.

Amerikanarane opplever skyting rett som det er. Folk som skyt naboen, sjefen eller kollegene sine. Eit problem. Men mange amerikanarar har løysinga på dette. Meir våpen til folket. Viss alle er bevæpna, kan dei skyta tilbake med ein gong. Genialt.

Eg grudde meg ennå meir til tannpinå etter å ha høyrt på Dagsnytt. Grusomt å gå i mørket ned mot byen. Eg visste kva så venta.

Så viste det seg at det ikkje var så gale. Ingen operasjon, berre litt hardhendt pussing og gnikking på tannstubbane mine. Eg er så redd for tannlegar at eg klarer ikkje å høyra etter når dei fortel kva dei skal gjera.

Lett til sinns gjekk eg heim gjennom gamle Stavanger. Der førjulstemninga rår. Herligt.

Godt det ikkje er bombing og skyting her i steinrøyså. Eit fredeligt land er mykje verdt.

Veit du kva kollega Lasse sa ein gong? Me diskuterte eit av våre samtidige verdensproblem ein gong på tidleg 1980-tal. - Når eg blir så gammale som du er nå, er dette problemet ute av verda, sa eg. - Når du er så gammal som eg er nå, eksisterer ikkje verda lenger, svara Lasse.

Lasse tok feil. Nå er eg så gammal som han var då.

Ikkje miss motet. Stå på folk. Dette kan fort gå godt. Men for Guds skuld: Slutt med bombing og skyting!




















tirsdag 1. desember 2015

I 1948 kom "Fjordsol" og "Fjordbris" og eg blei unnfanga!


Aftenblad-reportasjen frå prøveturen med "Fjordsol" 30. april 1948.


1948 var meir enn vinterolympiaden i St. Moritz og sommarleikane i London. DSD sette to flunkande nye fjordbussar, "Fjordsol" og "Fjordbris", i fart på Ryfylkefjordane. Mindre viktig, men likevel: Eg blei unnfanga dette året.

Du kan bada deg i nostalgi i Aftenblad-arkivet. Er du abonnent, kan du klikka deg inn på nettavisa og vidare inn i arkivet. Då har du fri tilgang til alt som Aftenbladet har skrive opp gjennom åra. Det er berre å søka i veg.

Aftenbladet 10. februar 1948.

Gjenreising og modernisering var viktige i 1948. Norge ristar krigen av seg og står på spranget inn i framtida. I Aftenbladet står det om mange landssviksaker. Men den nye tida er på veg. Stavangerske byggjer sin  "Hvite flåte". Dette er viktig for både byen og distriktet. To viktige rutebåtar blir laga på Rosenberg. Dei skal bli med oss som ennå ikkje er fødde, i nærare 30 år framover.

- "Fjordbris" og"Fjordsol"   skal være ferdig i god tid før sommerferien tar til i år, skriv Aftenbladet 10. februar. Arbeidet med innredningen er kommet temmelig langt og det går godt framover.

Det vil bli en ganske betydelig forbedring av materiellet på fjordene når disse hypermoderne båtene kan settes inn. Det er nok bestemt hvilke ruter de skal trafikere, men dette vil en foreløpig ikke ut med.

Søsterskipet til "Haugesund" blir det dessverre ikke høve til å få ferdig i år. Selskapets verksted har hendene fulle av arbeid og kan ikke overkomme mer. For dei som ikkje kjenner til søsterskipet til "Haugesund", er det snakk om nattruteskipet "Stavanger" som var ferdig våren 1950 og sett i trafikk på same tid som "Sandnes".

Aftenbladet sparte ikkje på lovorda etter at "Fjordsol" hadde gått prøvetur fredag 30.april: - På ny har Stavangerske fått et fartøy som er en pryd for rederiet og byen, skreiv Aftenbladet og konkluderte: Make til fartøy finnes ikke i landet, bortsett fra kollegene "Haugesund" og "Fjorddrott" og den nye "Fjordbris" som blir ferdig om ikke så lenge.

På prøveturen blei avgåande toppsjef Johansen takka av som administrerande direktør i DSD. Fornavn er ein sparsame med, I jubileumsboka til Stavangerske frå 1955 blir han omtala som Johs. Johansen.

Eg føler eg må skriva av litt av den oppstemte skildringa: "Fjordsol" er av "Fjorddrott"-typen med en del forbedringer. Serveringsforholdene er bedret meget ved at det er bar i røkesalongen med heis ned til sterrisen. Livbåtene er plassert høyere enn på "Fjorddrott" og dette gjør at det blir større dekkplass. Begge salongene er meget smakfullt utstyrt med vakre farger og bekvemme møbler.

Skipets lengde er 134 fot og bredden 22 fot. Skipet tar 405 passasjerer og 12-13 biler. Motorene er to 8-sylindrede svenske dieselmotorer fra Nuquist & Holm, og de yter 360 hesterkrefter hver. På prøveturen var farten mellom 15 og 16 mil.

Og til slutt: Fører er kaptein Risanger, som tidligere har ført "Fjorddrott".

Aftenbladet har meir spennande lesnad for oss som er litt meir enn gjennomsnittleg interesserte i fjordabåtar. 5. juni skriva avisa om DSD sine sommarruter:

- Sauda får forbindelse med Stavanger alle dager. Det er "Fjordsol" som skal gå alle hverdager. Om søndagen går "Sand" der. 

"Fjordbris" går de fem første dagene i uken i ruten Stavanger - Tau - Fister - Hjelmeland - Jelsa - Sand og retur samme veien om ettermidddagen. Båten korresponderer på Sand med bussen til Suldal og med ferja til Ropeid. 

Sandeid får rutesamband med Stavanger alle hverdager. "Fjorddrott" går fra Sandeid til Stavanger om morgenen og returnerer til de samme stedene om ettermiddagen. I Sandeid blir det korrespondanse med rutebilene til Ølen, Etne og Skånevik. 

Med dei nye sommarrutene i 1948 gjekk "Fjordsol" og "Fjorddrott" inn i dei rutene dei blei gåande i mange år. "Fjordsol" gjekk til Sauda i all si tid fram til 1977.

Eg tek med eit avsnitt til:

                         



"Forra" og "Fjordbuen" som har trafikert rutene på øyane og Jørpeland og Tau legges nå opp. Det blir nyere båter i de rutene. 

Og litt personalia til slutt:

"Solbris" (skrivefeil) føres av kaptein Alfred Risanger som hadde "Fjorddrott" før. "Fjordsol"s fører er kaptein A. Andersen som tidligere var førstestyrmann på "Haugesund". Kristoffer Asheim fører "Fjorddrott". Kr. Pallesen som tidligere var på "Sand" er blitt førstestyrmann på "Haugesund". 




Journalistane rota ein del i dei tider også. Eg meiner at A. Andersen var kaptein på "Fjordbris".  Risanger var nest til Vårherre på "Fjordsol". Han sov når båten gjekk frå Sauda om morgonen. Då båten kom til Jelsa, blei han purra, er eg blitt fortald.


3. juni 1948 skriv Aftenbladet om presentasjonsturen for "Fjordbris" Dei to søsterskipa "Fjordbris" og "Fjordsol" er så like at berre dei aller mest interesserte og informerte greier å skjelna dei to båtane frå kvarandre på detaljer i akterskipet.


Aftenbladet har tatt bilde av skipsredar Sigval Bergesen som røykte langpipe på prøveturen som gjekk heilt til Sand.


Sjøl var ikkje avislesar i 1948. Lesekunsten meistra eg fyrst ti år seinare. Eg blei unnfanga dette året. Foreldra mine gifta seg 8. mai i 1948. Dette er registert i Aftenbladet 5. mai. 27. februar 1949 blei eg fødd. På ein søndag.

Aftenbladet 5. mai 1948.















torsdag 26. november 2015

Dei leid lenge på Rennesøy i dampatida!

Ingen oppegåande rennesøybu har nokon gong klaga på "Øybuen".


Rennesøybuar leid mykje då dei måtte betala bompengar for Rennfast. Dei har hatt det vondt seinare også med kolonnekjøring i dei undersjøiske tunnellane sine og så bortetter. Men desse plagene er for ingenting å rekna når ein grev seg lenger ned i historia frå Rennesøy.

I Aftenbladet frå fredag 5. mars 1948 fann eg i kveld fylgjande lesarbrev med den nokså blodfattige tittelen "Rennesøy-ruten":

Lesarbrev i Aftenbladet 5.mars 1948.


For lenge siden hette "Forra" "Øybuen" og trafikerte Rennesøy-ruten. Da var det gromme greier, inntil den brant opp ved bryggen på Sørbø i 1912. Etter dette ble den solgt av D.S.D. Vi fikk så d/s "Sotra" som ble omdøpt til den nåværende "Øybuen" - en etter omstendighetene ganske bra båt, når en ikke klager, men noen stor fremtid i Rennesøy-ruten har den ikke.

Så gikk år etter år. "Øybuen" kom og gikk - til vi i dag skriver 1948. Det er mange passasjerer og meget last den har transportert i alle disse år, og "Øybuen" er kjær for oss alle i denne rute. En tid før siste verdenskrig hadde den sin konkurrent, m/k "Askøy" og som et mottrekk fikk vi en moderne "Ekspress".

Men så kom krigen. "Ekspress" uteble, og plutselig dukket "Forra" på nytt fram. Nå var den atter kommet i DSDs eie. Vi måtte da være glade for hva vi fikk, og ingen klaget. Vi i Rennesøy-ruten er et rolig folkeferd. Det er sjelden at noe har vært skrevet om vår rute.

En lite historie som hendte forleden er her passende. "Forra" skulle gå til Jørpeland i steden for en annen båt. Men så kom forandringen. "Øybuen" ble tatt ut av Rennesøy-ruten og "Forra" satt inn. Det var altfor risikabelt å sende "Forra" til Jørpeland.

Da krigen var over, trodde vi selvfølgelig at vi skulle få en bra båt. Men i 1948 dukket atter "Forra" fram og nå er det snart slutt på vår tålmodighet. La oss få en hurtiggående "Ekspress" for passasjerer parallelt med "Øybuen" for last.Det må være et rimelig krav. Nå har vi her på Rennesøy fått en flott buss som trafikkerer ruten Vikevåg - Sørbø. Det er i stil med tiden for det reisende publikum.

Så leser vi i pressen om "Haugesund", "Fjorddrott", "Fjordsol" og "Fjordbris", og hver gang tenker vi trafikkanter i Rennesøy-ruten: Nå må det bli en forandring for oss, men da må "Forra" bort.

Klagebrevet er underteikna med Rennesøybu.

Stavangerske registrerte kritikken. 10 år seinare kom den nybygde rutebåten "Rennesøy". Den kjære "Øybuen" blei spiker.

Ein rask historie til slutt: Ein fjordabu møtte i retten tiltala i ei straffesak. Han blei spurt om han var tidlegare straffa. - Ikkje anna enn eit år som matros i Rennesøy-ruta, svara han.

Etter at dette var publisert skreiv Ottar Sandanger følgjande kommentar på Facebook:

Ottar Sandanger Forra hadde Sæbøvåg som overnattingshavn i ganske mange år. Lilleland var kaptein og "Forra-Sven" var styrmann. Og Johannes Østhus var matros, trur eg. Everdine dreiv med reinhald.

Ståle Randa:  Kommentar te slutten: Det va så kort mellom kaiane at der va aldri fred å få.




torsdag 19. november 2015

Min kamp med tomater mot prostata-kreft

Steikte tomater til frokost kvar dag frå nå av. 


Steikte tomater til frokost kvar einaste morgon er mitt nye våpen mot prostatakreft. Dette blir ganske godt når du strør litt timian på. Trur eg skal kutta ut det kokte egget til fordel for tomatene.

Ei agressiv variant av prostatakreft tok livet av far min då han var 77 år gammal. Denne kreften utvikla seg relativt raskt og blei vond og smertefull for pasienten. For å seia det rett ut: Det var godt for far min å få døy.

Slik som eg kjente far som eit ekte mannfolk, reknar eg med at eventuelle sjukdomsplager heldt han for seg sjøl. Han sa ingenting til sine næraste og kom sikkert til lege altfor seint. Då var det lite å gjera utover strålebehandling for å forsinka sjukdommen då den begynte å angripa skjelettet.

Som son av far min kan det kanskje vera fare for at eg får denne forferdelege sjukdommen. Det står klart for meg at sjølv eg skal døy ein gong. Men ein så smertefull sjukdom som far min fekk, det, vil eg helst sleppa.

Derfor tok eg opp spørsmålet om prostatakreft med fastlegen min for fleire år sidan. Eg avla både urin- og blodprøve. Prøvane var negative. Det betyr at dei var positive for meg, Ingen teikn på kreft.

Eg har ein filleonkel som nå er 99 år. Han er åndsfrisk, men ikkje like sprek som før. - Åra mellom 80 og 90 var dei beste i mitt liv. Men etter 90 har det gått nedover, seier han.

Far til filleonkel blei 105 år. - Ein legetabbe tok livet av han, seier filleonkel. Hadde det ikkje vore for denne klønete legen hadde den gamle vore mellom oss levande den dag i dag, frisk og rørig, nærare 200 år gammal.

Både far og son var adventistar. Om adventistane er det sagt: Dei levde som ville dyr. Dei verken røykte eller drakk.

Dette siste stemmer på filleonkel. Han har levd som ein asket. Når han har vore på middagsbesøk, har han forsynt seg med saus og poteter, men unngått både kjøt og fisk. Søte dessertar av ulike slag har han derimot meska seg med. Kosthaldet til denne mannen har i hovudsak vore brokkoli og andre grønnsaker, nøtter og druer. Slik eg ser det, har han levde eit langt, men uendeleg kjedeleg liv.

Sist eg avla prøver hos fastlegen hadde PSA-verdien gått opp. Eit lite fareteikn, men foreløpig er det ingen grunn til panikk, forsikrar fastlegen min. Eg skal inn og avleggja prøver igjen om ein månads tid for å sjå om verdiane er på veg opp. (Grunnen til at eg hugsar PSA, er at eg alt i min barndom lærte om motorsykkelmerket BSA.)

Google og filleonkel fortalde akkurat same soga-


Etter det siste legesøket kom eg på noko som filleonkel sa: Du unngår prostatkreft med å eta tomater. Men hugs: Dei må vera varmebehandla.

Eit raskt Google-søk avslørte at filleonkel ikkje var heilt bort i skoddå slik eg ofte har tenkt. Det kom opp ein masse om tomater og prostatakreft.

- En ny undersøkelse tyder på at tomater og brokkoli i kosten kan hemme utviklinga av prostatakreft. Særlig hvis du spiser de to grønnsakene sammen, sto det i ingresse på den første sida eg klikka meg inn på.

Han er kjent for sine brokkoli-orgier, denne filleonkelen min.

Derfor hiver eg nå inn på brokkoli og steikte tomater og reknar med at PSA-verdiane har begynt å rasa nedover igjen.

Frå før et eg bananer mot høgt blodtrykk.
























tirsdag 17. november 2015

Misnøye med Suldalsdampen og klaging på DSD

Oppslag i Aftenbladet 14. november 1950.


Finst det meir underhaldande lesnad enn ei godt skrive kommunestyre-referat? Svaret mitt er nei. Når livsviktige båtruter står på sakslista, gløda dei gamle bygdepolitikarane skikkeleg. Denne perla frå Suldal heradstyre sto i Aftenbladet 14. november 1950. Opplysande også. Visste du at det ikkje gjekk å reisa frå Stavanger til Nesflaten på ein og same dag?

9. november 1950 styrte ordførar Erling Ritland møtet der båtrutene på Suldalsvatnet blei drøfta. Eg har ein sterk mistanke om at det er Johan Veka, kjend lærar i Bråtveit-krinsen og Aftenblad-skribent som har skrive referatet. Deretter er det heilt sikkert kvalitetssikra av dåverande redaksjonssekretær i Aftenbladet, Jon Moe. Han var jo også frå Suldal.

- Rutene må vera slik at folk frå Øvre Suldal kan komma heim frå Stavanger på ein dag, krev mennene i Suldal kommunestyre. Stavangerske får på pukkelen for å ha motarbeidd planen om å erstatta dampmaskinen i D/S "Suldal" med motor. Eg gjer merksam på at dette er  Suldal kommune før den store kommunesamanslåinga i 1965.  Les og lær!

D/S "Suldal" blei sett i fart i 1885. Suldalsporten og dampen var
vore eit ynda fotomotiv  i mange år. 


Ruteordninga på Suldalsvatnet.

Ordføraren tok opp spørsmålet om betre båtruter på Suldalsvatnet, og las opp det som har vore skrive i Aftenbladet om rutene.

Leiv Haugen ville ha ein skipnad slik at det vart råd å koma frå Stavanger til Øvre Suldal same dagen.

Tormod Mehus meinte det var ikkje greitt å få det til i tida 15. november - 15. februar. Men frå 15. februar måtte det kunna la seg gjera. Han er med i Turisttrafikknemnda, og hadde der teke opp spørsmålet om direkte rute Stavanger - Sand i sommarhalvåret. Og likeeins dette om rutesamband ein dag i veka Stavanger - Øvre Suldal og Røldal om vinteren. Han  meinte at bygdene måtte takast meir med på råd når rutene vert sette opp. Han ville og ha søndagsrute på Suldalsvatnet.

I samband med det om søndagsrute opplyste Kleng Vårvik at heile billettsalet i kyrkjeruta bededagen var på 22 kroner!

Gabriel Roaldkvam: Ein kan ikkje byggja berre på det. Og han han heldt fram at DSD la seg på tverke for ei rasjonell rutedrift på Suldalsvatnet. Det var mykje DSD å takka at ein ikkje hadde fått motor installert i D/S "Suldal", endå ein då ville fått stuttare reisetid og spart mange pengar.

Tormod Mehus: Etter dei opplysningar er har, ville ein då spart 100 kr. pr. tur.

Ola Vetrhus kritiserte dei gamle rutene. Han hadde den tokken at det var byfolk som dirigerte bygdene her.

Åke Herabakke totte og rutene på Suldalsvatnet var lite tidhøvelege.

Ordføraren var klår over dei økonomiske vanskane som Suldal Dampskipsselskap hadde, men han totte selskapet tok lite omsyn til folk i Øvre Suldal t.d. når det galdt kommunale møte på Osen, og han kom med dette framlegget til ei oppmoding til Suldal Dampskipsselskap:

"Det vil vera ei stor føremun for folket i Øvre Suldal om ruta vert brigda slik at ein sløyfa ruta frå Osen fredagskvelden og at ein i staden får ruta frå og til Osen laurdag. Ein bed om at dette brigde vert gjort straks."

Framlegget vart vedteke samrøystes. Eit framlegg frå ordføraren om at rutene på Suldalsvatnet fra 1. mars vart ordna slik at ein kunne koma fram på Suldalsvatnet same dagen frå Stavanger, vart vedteke mot ei røyst, Kleng Vårvik. Han ville ikje vera med på noko tidfesting.

D/S "Suldal" slik den såg ut etter 1953.


Heradstyret sa samstundes frå at det ville vera til stor økonomisk vinning for D.S. "Suldal" om ein bytte ut dampmaskinen med motor, og attpå ville får betre ruter.
Til opplysning: D.S. "Suldal" blei ombygd til motorskip i 1953. Prøveturen gjekk 29. oktober 1953. Båten var då kvitmalt og såg ut som den var ny, blei det meldt. Rutebåten blei sett i fart alt i 1885.
Rutetrafikken på Suldalsvatnet tok slutt 31. desember 1978. Då var Suldalsvegen teken i bruk.

I nyare tid er "Suldal" restaurert og omgjort til veteranbåt igjen.













søndag 15. november 2015

Sjølkoka graut og mykje skryt om "Sauda"

"Sauda" gjekk i Sauda-ruta som ny, men seinare blei den
 bruka i mange Stavangerske-ruter.  


Når akterdekket på rutebåten er fullt av kyr og mannskapet om bord lagar maten sjøl. Då gir svaret seg sjøl. Matrosane mjølkar kyrne. Nok mjølk til å koka graut til heile mannskapet.

Då rutebåten "Sauda" gjekk i lasterute frå Stavanger til Sandeid sommaren 1965, frakta dei i vekesvis på NRF-kyr. Dei kom fra Austlandet  med tog og så vidare med båt til Sandeid. Matros Sverre Vik frå Sjernarøy sørga både for at kyrne blei mjølka og grauten blei kokt. Dette fortalte Malvin Langvik, mangeårig Stavangerske-skipper, til meg i 2005 før eg skreiv bok om fjordabåtane i Ryfylke. Langvik var ein av dei som åt seg mett på grauten.

Grunnen til at eg bloggar om dette i dag: Eg kom over ein panegyrisk, overstadig begeistra artikkel om den nye fjordabåten "Sauda". Den sto i Aftenbladet fredag 30. juni 1950. Sjølv om journalisten som skreiv reportasjen ikkje er kreditert, tippar eg at det er Johan Lundbø som var fast rutebåt-journalist i avisa på den tida.

Aftenbladet fredag 30. juni 1950.


Eg har skreve av reportasjen ord for ord. Håpar det er til glede for dei som er like sære som meg sjøl. Til slutt tek eg ein rask historikk på "Sauda":

Det Stavangerske Dampskibsselskab satte i går et foreløpig punktum for utvidelsen av flåten med motorskipet "Sauda" som fikk sin offisielle innvielse ved en mottakelse ombord. Og D.S.D. kan være godt bekjent av å ta et lite pust i bakken nå, selv om vi håper at pausen ikke blir for lang. Den moderniseringen av flåten som tok til straks krigen var over, har resultert i seks nye skip. De er blant de ypperste i Norge i dag og Stavangerske har med disse skipene fått Norges mest moderne lokalflåte - The White Fleet - som ikke uten grunn er blitt et eksempel til etterfølgelse for de øvrige ruteselskapene i landet.

"Sauda" er et kombinert passasjer- og lasteskip som er bygd etter sjøbuss-prinsippet med de tillempninger som en god plass til lasten gjorde nødvendig. Skroget er et britisk landgangsfartøy som ble kjøpt i 1946. Bruttotonnasjen er 295 tonn. Skipets lengde er 158 fot, bredde 22 fot og dybde i riss 11 fot. En del av stålarbeidene er utført ved Haugesund Mekaniske Verksted, men all innredning, maskinarbeid og noe av stålarbeidet er utført ved D.S.D.s verksted på Klasaskjæret.

Maskineriet er to Paxman Richardo motorer på 300 hk. hver. Skipet har to propeller og farten er 12 mil. For lasting og lossing er "Sauda" utstyrt med en 5-tonns, en 2-tonns og 1 1/2 tonns vinsj. Alle disse er elektriske. Lasterommene og den store åpne bakken måler 10 750 kubikkfot. Det er innkjørsel for biler både akterut og på sidene forut og det er plass til 10 biler.

For passasjerene er det utmerkede bekvemmeligheter. På promenadedekket er det en stor og vakker røkesalong, kanskje den vakreste som er på noen av sjøbussene.  - Innredning og farger gjør oppholdet trivelig og store vinduer gir god utsikt. Denne salongen har 45 sitteplasser. På hoveddekk er det en mindre salong med 28 sitteplasser. Skipet har fem lugarer og en sykelugar. Hele innredningen er gjennomført vakker og praktisk og tjener såvel ingeniører , arkitekekt som arbeidere til ære. Skipet har sertifikat for 428 passasjerer.

Mannskapet har sine lugarer forut. Det er dels en-manns og to-manns og alle er store med pen innredning. - Mannskapet har egen dusj, vaskerom og messe.

Offiserenes lugarer er akterut og er rommelige og vakkert innredet med gode farger.

"Sauda" i Sauda. Bildet er henta frå Stavangerske si jubileumsbok
frå 1955.

Under mottakelsen ønsket direktør Aanensen velkommen ombord og nevnte at "Sauda" er det tredje nye skipet til D.S.D. i 1950. De to første var "Stavanger" og "Sanct Svithun". Selskapet er tilfreds med resultat som er oppnådd med det nye skipet og som vesentlig skyldes det gode arbeid som er utført ved selskapets verksted. Uten å gå teknisk direktør Thorsens ære for nær ville han framheve ingeniørene Endresens og Thorsen og arkitekt Johansens arbeid. Kontinuiteten i Klasaskjærets arbeid opprettholdes av den unge garde under direktør Thorsens faderlige oppsyn. Men resultatet skyldes også at en har en trofast stab av gode fagfolk som ligger på et meget høyt nivå.

Det nye skipet skal fortrinnsvis betjene Sauda-ruten, der det er stort behov for et slikt skip. Men det vil også få rute andre steder og vil avhjelpe et lenge følt savn. Direktøren håper at skipet vil svare til de forventningene en stiller til det, både fra selskapets og distriktenes side.

En kan slå fast at "Sauda" er en betydelig vinning for de distrikter som vil få nyte godt av skipet. Det er praktisk innredet både for last og kanskje ikke minst for kreaturer. Linjene er vakre og skipet er en verdifull og verdig tilvekst til Stavangerskes hvite flåte.

"Sauda" føres av A. Andersen, maskinsjef er Fagerland, 1. styrmann G. Nesvig og restauratør Nils Nilsen.

Klokka 13 i går gikk skipet på representasjonstur til Sauda. I dag går det først en tur til Jørpeland og i kveld skal det til Utstein Kloster på Aftenbladets tur. - I morgen går skipet sin første tur i ruten til Sauda .

Referat fra "Sauda"s besøk i Sauda kommer i morgen. (Avskrift slutt)

"Sauda" på veg ut frå Jørpeland 1. juni 1954.
 Foto frå Widerøes Flyveselskap.


I 2005 snakka eg med Josef Røgenes som var styrmann og seinare kaptein på "Sauda" i tilsaman sju år. - Det var ein koseleg båt sjøl om den var litt tungvint i lasteruta sidan den mangla bomsving i mange år. Radar var det heller ikkje før ut i 1960-åra. Me navigerte med klokke og kompass i dårleg sikt. Det hende meir enn ein gong at med måtte stoppa i Saudafjorden for å finna ut kor me var henne, fortalde Josef Røgenes.

Som ny gjekk "Sauda"i lasteruta til Sauda, men den gjekk også på Sjernarøyane og Vatlandsvågen. Frå 1953 gjekk "Sauda" mellom Stavanger og Haugesund. Båten gjekk frå Haugesund kvar morgon og returnerte på kvelden. Den var også ein hyppig gjest på Jørpeland.

I 1968 gjekk "Sauda" i opplag og året etterpå blei fjordabåten kjøpt av Brødrene Sørensens mekaniske verksted i Stathelle. Nå blei den omdøypt til "Findøla" og brukt til losjiskip. I 1977  havna den tidlegare "Sauda" på skraphaugen.

Etter at denne bloggen blei publisert, skreiv Torstein Randa denne kommentaren på Facebook. Eg limer den inn her for å ha den med:

Torstein Randa Jeg leste en plass at "Hjelmelandsfjord" blei ombygd på betydelig kortere tid på Jøsenfjordselskapets eget verksted på Buøy, enn "Sauda" og "Sand", på de anerkjente verkstedene som Stavangeske brukte. Ja, det var nå far min som sto for mye av snekkerarbeidet då. Han var krye av den båten. Han var med å hentet den i Southampton. "Hundretoånitti" hette den da. Da arbeidet nærmet seg slutten betrodde Kalheimen Far at båten skulle hete "HJELMELANDSFJORD". "bevaross", sa Far, "vel e båten longe, men får me plass te det navnet?





















torsdag 12. november 2015

Endar veteranbåten "Øybuen" som vrak for dykkarar?

I 12 år gjekk "Øybuen" på byøyane. 

Vil "Kontrari", tidlegare "Øybuen", "Riskafjord", "Schleswig Holstein", enda sine dagar som dykkarmål for Egersund Dykkeklubb? Spørsmålet er brennande aktuelt nå etter at Dalane Tidende hadde ei to siders oppslag om saka sist fredag.

Egersunderen Henrik Einar Seglem har vore eigar av den tidlegare rutebåten sidan 1999. Han har brukt "Kontrari" som turbåt i mange år. Men nå er ikkje dette aktuelt lenger, seier Seglem til Dalane Tidende.

"Kontrari" slik den ser ut i dag. (Foto: Johan Aakre)


Tor Inge Leidland, leiar i dykkeklubben, lanserte forslaget om å bruka "Kontrari" som dykkarmål. Klubben ynskjer å senka eit farty på 20 - 25 meters djup mellom Skarvøy og Auglend rett utanfor Egersund.

- Eit kjekt prosjekt, seier Henrik Einar Seglem til Dalane Tidende. Han steila rett nok då han fyrst blei spurt om han kunne tenka seg å senka "Kontrari", men etter å ha tenkt seg om, har han skifta meining. Nå stiller han skuta til disposisjon for dykkarklubben. Nå blir det ein lang prosessen  med å få løyve til å senka båten. Mange i Stavanger hugsar den som byferja "Øybuen".  Den gjekk i rute mellom byøyane som var ein del av Hetland kommune fram til 1965.

- Viss seriøse folk fra Stavanger-området tek kontakt med tanke på å ta vare på "Kontrari", må vi tenka oss om, seier Johan  Aakre som også har vore med på planane om å senka veteranbåten.

Oppslaget i Dalane Tidende sist fredag. 


"Kontrari" blei bygd i Danzig som slepebåt i 1933. Fram til andre verdenskrig blei den brukt som slepebåt i Kielkanalen med navnet "Schleswig Holstein". Den kom til Norge under krigen. I 1949 blei den kjøpt av AS Riskafjord som krigsbytte for 50.000 kroner. På Sigurd Sagens båtbyggeri på Hommersåk blei den ombygd til rutebåt og fekk navnet "Riskafjord".

 Berre for ordens skuld: Den forrektige "Riskafjord" har i alle år hatt navnet "Riskafjord II". Den seilte på Riskahavet i mange år både før og etter den litle "Riskafjord".

Sommaren 1950 blei "Riskafjord" sett inn i rutefarten mellom Hommersåk og Stavanger. Den tok 120 passasjerar. Ein tysk dieselmotor gav båten ein topp-fart på 11 knop.

1. april 1963 blei AS Øyane ny eigar av "Riskafjord" som nå fekk eit nytt tradisjonsrikt navn: "Øybuen". Nå var det tid for ny ombygging og nytt styrehus. Denne gongen ved Brødrene Bjørnevik. Den gamle dieselmotoren blei erstatta av ein tre-sylindra 150 hestars Wichmann som gav 10 knops fart.

Eg har eit personleg minne frå den perioden. Sommaren 1966 var eg sommarmatros på "Hjelmelandsfjord". Då sto me og beundra "Øybuen" som snudde på femøringen etter å ha bakka ut frå sin faste plass innerst ved Steinkarkaien. Den snudde innerst i hålet og dunka ut mellom Høgsfjord-båtar ved Steinkarkaien og Jøsenfjord-båtar ved Jorenholmskaien. Gløymer aldri det flotte ekkoet av Wichmann-lyden frå veggen på det kommunale fryseanlegget.

"Øybuen" heldt det gåande som øyaferja fram til 1975 då den blei erstatta av dei nybygde båtane "Vassøy" og "Roaldsøy". Den gamle slitaren gjekk i opplag.

Styrehuset fra fiskebåten "Sola" står i dag på "Kontrari".
 Kilde: Hans Georg Knutsvik.


I 1978 kjøpte Stavanger-mannen Reidar Christensen båten og gav den navnet "Primavera". Seinare blei den seldt til Masfjorden og vidare til Trondheim før den enda opp i Egersund. Etter  "Øybuen"-epoken er styrehuset skifta ut. Dette sto, ifølge Hans Georg Knutsvik, tidlegare på fiskebåten "Sola" som tilhøyrte Christian Bjelland.

Eg skreiv om "Kontrari", tidlegare "Øybuen", "Riskafjord", "Schleswig Holstein" i boka Fjordabåtene som kom ut i 2005. Har du boka kan du slå opp på side 60.



















mandag 9. november 2015

Ny DSD-sjef, dødsulukke med sirkelsag og ein tysk villmann

Mykje spennande lesestoff på ei slik førsteside
 frå april 1949.
- Det vil alltid være behov for skip mellom Stavanger og Oslo, fastslo den nye Stavangerske-direktøren i eit intervju med Aftenbladet lørdag 24. april 1949. Sørlendingen hadde nettopp avløyst direktør Johansen og hadde tydelegvis funne seg vel til rette i Stavanger. - Her håper jeg å bli riktig lenge, sa Aanensen og det blei han.

DSD-sjefen teikna av Henry Imsland
Han var ein autoritær sjef av den gamle skulen. Med han som sjef gjekk Stavangerske frå damp til diesel og vidare til hydrofoil og westamaranar. Ikkje før westamaranen "Sauda" blei sett i trafikk sommaren 1972, blei Aanensen takka av etter 23 år.

På ein mørk og våt novemberdag kan ein trygt klikka seg inn på nettet og lesa i gamle aviser. Kan henda eg finn noko spennande.

- Det høres lett at den nye Stavangerske-direktøren er sørlending, selv om han ikke taler sørlandsdialekten purt og rent lenger, heiter det i Aftenbladet.

- Alt er ved det beste i Stavangerske, blei hans standardsvar når journalistane ringte til han og hadde kritiske spørsmål.

Ikkje alltid så lett å konsentrera seg om eit langt, audmjukt direktør-intervju. Andre overskrifter på fyrstesida lokka meg vekk frå kjedelege næringslivsspørsmål.

Dødsulukke i Saudafjorden. Osmund Hylen datt over sirkelsaga og vart drepen. Osmund Hylen var fiskar. Han hadde teke seg ein tur til sagbruket på Ås i Saudafjorden. Under arbeidet sto han på ein avsats over saga. På ein eller anna måte mista han jamvekta og fall over saga. Han vart stygt skada og døydde straks.

Fiskar Osmund Hylen omkom på tragisk vis


Lensmann Rasmussen på Sand opplyser at saga var skjerma på vanleg måte, men skjermen blei bøygd til sides under fallet.

Ommund Hylen var i 45-årsalderen og var ikkje gift. Førre valperiode var han med i Sand kommunestyre, står det til slutt i avis-meldinga.

Den tyske soldaten overgav seg fyrst i 1949


Den siste villmann. Eg har høyrt om japanske soldatar som gøymde seg vekk ulike stader i Asia etter krigen og først mange år etterpå våga å komma fram. Men at det gjekk tyske soldatar rundt i den norske fjellheimen i dei fyrste åra etter krigen, var ukjent for meg. I Ytre Namdal blei ein skinnkledd mann overmanna av lokale fjellfolk. Den skinnkledde mannen viste seg å vera ein tidlegare tysk soldat, melder Aftenbladet.

Alle som er abonnentar på Aftenbladet kan gå inn i arkivet via e-avisa til Aftenbladet. Mykje spanande å lesa!









tirsdag 27. oktober 2015

Eg hatar å gå til tannlegen!



Livet passerer revy når eg går opp trappa til tannlegen.
 (Teikning: Åsne Håland Laugaland)

- Heile mitt liv passerer i revy kvar gong er går opp trappa til tannlegen. Akkurat der og då føler eg at det er dette  livet mitt har dreia seg rundt: Dei siste minutta før du går inn for å setja deg i tannlegestolen. Eg hatar dette like mykje som å reisa med fly.

Mandag var eg hjå fastlegen. Neste dag gjekk eg til tannlegen. Reparasjonsalderen kallar ein det stadiet av livet der eg held til nå. Livskvelden som dei kalla det heime på bedehuset då eg var guttunge.

Fire år gammal velta eg med trihjul-sykkelen i krossen heime på Laugaland. Ei framståande mjølketann blei slegen laus og ille medfaren. Ein rask rikstelefon til Hjelmelandsvågen og dermed kom doktor Røe kjørande i sin grøne bil med ei svær, blank tang i kofferten. Du kan seia at eg har hatt tannlege-skrekk heilt sidan distriktslege Knut Røe trakk tanna mi for 65 år sidan. Han var ikkje tannlege ein gong, stakkars mann.

Tannlege Nessler i Stavanger var skuletannlege for ungane frå Hjelmeland då eg var i småskule-alder. Han hadde kontor i Kannikgata med flotte bilde av seilbåtar på veggene i venterommet. Kan godt vera at eg hugsar feil, men i minne står han ikkje for meg som ein mann som var spesielt glad i landsens ungar med fulle kjeften av ei blanding av mjølketenner og meir permanente framtenner og 12 års-jeksler også vidare. Du må hotta på at dette var på 1950-talet. Tannkosten var berre i liten grad introdusert i dei usentrale deler av Ryfylke. Gebiss var det ikkje uvanleg å få til konfirmasjonen.

Opp gjennom tenåra blei det mykje boring og herjing. Den eine tannlege-mannen etter den andre tok seg til rette. - Gap opp, spytt ut. Betal her. Takk for i dag. Neste gong skal me bora meir.

 Eg har trukke visdomstennene også. Du hendelse!

Mitt forhold til mannlege tannlegar opphøyrte i 1981. Denne siste tannlegen i kvit frakk hadde sett på ein debatt mellom Gro Harlem Brundtland og Kåre Willoch kvelden før. Han hadde stappa kjeften min full av bomull og allslags marakkel og deiv på med boren inne i tanngarden min medan han opphissa preika intenst om kor dum Gro var og smart Willoch var. Eg var heilt ute av stand til å snakka. Før han avslutta jobben i munnen min, kikka han over tilstanden. - Her er det mange gamle fyllingar som bør skiftast ut, sa han.

- Du skal ikkje få tjena ei krona meir på meg. Din tulling! Det sa eg inni meg i det eg gjekk ut dørene hans.

Etter det har det berre vore kvinnelege tannlegar for meg. Eg hadde eit langvarig forhold til ei som stort sett snakka om Italia. Ho hadde lese ein djupsindig Italia-reportasje eg laga ein sommar. Der slo eg fast at gatene i Venezia var fulle av vatn. Det hadde gjort inntrykk. Kvinnelege tannlegar er akkurat som andre damer. Dei likar godt å snakka og syns det er meir enn godt nok med eit grynt frå meg med jamne mellomrom.

Dei siste åra har eg sjangla mellom tannlegar, tannpleiarar og opptil fleire spesialistar. Bare damer.

I motsetning til legane som eg har møtt, høyrer tannlegane på radio. Fram til dei siste åra var det jo sjølsagt at radioen sto på NRK. For meg med tannlegeskrekk var det eit sjokk å komma på eit tannlegekontor der radioen sto på P4. Det gjorde ikkje godt på mine tannlege-nerver.

 Eg trudde det berre var taxisjåførar som høyrde på slikt.







mandag 26. oktober 2015

Fastlegen er for friske folk!

Fastlege er for folk som har helsa til å stå
 i kø og venta på tur.

Folk som er sjuke, bør ringa 113 og bli henta av ambulanse eller legehelikopter. Fastlegen er ingenting for slike tilfelle. Dei sjuke bør ikkje sitja og sukka på eit venterom. Dette er veldig ubehagelig for oss friske som sit på stolen ved sida av.

Eg kjem akkurat frå fastlegen. Der sat eg rett overfor ei kvinne som var så pass slakke at ho måtte kvila hovudet på skulderen til mannen sin. Eg måtte høyra på at han trøysta henne. For meg som har eit følsomt sinn, er ikke slikt bra.

Eit gammaldags fastlege-kontor gir deg eit gufs frå 1960-talet. Slike kontor skrik etter litt styling og kvikkas-dekor.

Mi manglande konsentrasjonsevne førte meg til legekontoret i dag. Det er ikkje meir enn eit par veker sidan eg var der sist. Då gløymde eg å be om å få rekvisjon til fysioterapeut. Etter at eg fekk slag tidlegare i år, har eg fått fysikalsk behandling. Rekvisisjonen eg fekk med frå sjukehuset, er i ferd med å gå ut. Eg gløymde å spørja legen om å få ny.

I sist veke var eg innom på legekontoret og spurte om betjeningen bak glass og skranke kunne be legen om å skriva ut ein rekvisjon til meg.

- Nei, svara dama bak skranken. - Legen er borte. Du må komma igjen mandag morgon halv åtte og stilla deg i kø. Då får du kontakt med legen når det blir din tur.

I dag sto eg opp halv sju og var på legekontoret halv åtta. Det vil seia at eg sto i trappa utanfor døra til legekontoret i 20 minutt først. Forresten: Det aller først eg måtte ordna med, var ein kølapp. Alle i trappa pinnheldt på ein kølapp fram til kontoret blei åpna.

Deretter sto me i kø for å få melda våre behov til folka bak glass og skranke. Det var raskt gjort. Klokka var akkurat åtte då eg var vel registrert og kunne starta med å venta på legen.

Eg var ikkje fyrst i køen. Og som nevnt tidlegare. Fleire av dei som sat rundt meg, virka rett og slett sjuke. Dei fleste av dei slapp inn til legen før meg unntatt ho dama som såg dårlegast ut.  Det varte og rakk før eg endeleg kom inn til legen og fekk rekvisjonen.

Frykteleg kjedeleg å sitja å venta. Til slutt greidde eg ikkje å la vera å ta for meg av den kulørte vekepressa på bordet i venterommet.

 82 år gamle Kuppern er blitt oldefar.

Der les eg i eit blad med navnet Her og Nå at Knut Kuppern Johannessen var blitt oldefar. Velskapte tvillingar. Kupperen er fødd i 1933. Gammal mann i dag.

Gufs av 1960-talet skreiv eg her tidlegare. Kuppern blei verdensmeister på skøyter første gong i 1957 i Østersund. Han såg godt ut på bildet.

God bedring til alle andre!










lørdag 24. oktober 2015

Her er det bensin-krig!

Har Tasta billegaste bensinen i byen akkurat nå?


- Hei! Se den bensin-prisen. Den var lav, gitt!

To kjekke austlendingar mista nesten munn og mæle då dei såg koss billeg bensinen var på Løkkeveien i Stavanger i går føremiddag. Eg hadde dei med på flybussen frå Sola og inn til byen. Dei var pratsomme og hyggelege. Dei skvatt til då dei såg at bensinprisen var under 12 kroner på Hydro-stasjonen tvers over Frimurarlosjen.

Sant å seia hadde eg kjørt forbi bensinstasjonen fleire gonger utan å merka koss rasande billeg det var blitt.

Problemet mitt er at eg kjører altfor lite bil. Det blir maksimalt ein tank i veka for meg. Eg fyller kanskje 25 liter ein gong i veka. Nå skal eg skjerpa meg. Viss bensinprisen plutseleg blir slått ned med to kroner ein søndagskveld, ville eg med mitt forbruk spara 50 kroner. Tenk på det. 50 kroner spart 50 gonger i året ville utgjera 2500 kroner. Eg kunne reist til Syden for pengane.

I den bydelen der eg bur er det tydelegvis priskrig på bensin akkurat nå. Viss du kjører forbi bensinstasjonen på Løkkeveien og heller fyller på Tanken i Tanke Svilands gate, får du bensinen minst 10 øre billegare. Og på XY-stasjonen på Randabergveien på Tasta er prisen endå litt lågare. På dei to sist-nevnte stasjonane var det fullt opp av priskyndige bilistar som tanka opp.

På Madlaveien er det hola tapet å kjøpa bensin nå. Derfor må alle som snur på kronene, komma til oss. Her kan du gjera eit kupp for tida.

Men koss billig blir bensinen her hjå oss i morgon kveld. Det blir kanskje ei krone meir å spara. For det er jo på søndagskveldane det pleier å vera aller billegast. Spennande greier.

Rett før det lønner seg å trø på gassen.






tirsdag 20. oktober 2015

Du skal ottast og elska Gud - leksa




Å læra store deler av denne boka utanåt var obligatorisk
lekse då eg gjekk på skulen.


Opprivade nytt i dag. Ein foreldre-aksjon i Rogaland vil setja ein stoppar for heimelekser. Elevane skal læra det dei treng på skulen. Ikkje sitja å streva heime og plaga travle foreldre med mas om hjelp. Eg veit ikkje kor dette skal enda, men har mimra ein del om alle mine lekseplager for over 50 år sidan.

Det har vore større skulelys enn meg. Sjøl i dei meir grisgrendte deler av Hjelmeland var dei som presterte langt betre enn meg. Men eg hadde vel mine lyse stunder eg også sjølv om det er lettare å hugsa dei meir trasige dagane på Vormedalen skule.

To-delt skule, annankvar dag i sju år, blei me pålagde av  styresmaktene og Hjelmeland kommune. I småskulen var tysdag, torsdag og laurdag våre skuledagar. I storskulen gjekk me måndag, onsdag og fredag.

Utanåt-leksa var ein pest og ei plage. Alt frå andre klasse måtte me sitja heime og pugga bibelsoge på rams. Mor mi og eg dreiv på heile dagen med Jesus og læresveinane. Om morgonen før eg gjekk på skullen kunne eg alt på rams. Det var jo viktig å hugsa på vendingar som "Jesus svara" og "Jesus sa". Eg var redd for eg skulle seia "Jesus svara" viss det sto "Jesus sa" i boka.

Då Grete Østerhus høyrde oss i leksa, gjekk det heilt i stå. Du ser me hadde Grete Østerhus då eg gjekk andre året. Ho var dotter til læraren me hadde året før. Men han døydde i sommarferien. Dermed blei det dottera som nyss var ferdig med gymnaset som tok jobben med å skula oss vidare. Eg veit ikkje kvifor eg fekk jernteppe av Grete Østerhus. For ho var jo kjekk. Eg trefte henne igjen i Hulen då eg begynte å studera i Bergen mange år seinare. Trudde eg så syner då eg drog kjensel på lærarinna frå andre klasse på folkeskulen i Hulen, festplassen for studentane i Bergen. Men det var Grete Østerhus, ho studerte hovedfag.

Dette med leksepugging er jo litt rutine det også. I storskulen hadde me kristenlæra.  Då var eg blitt betre i utanåtlekser, heldigvis. Det var ikkje nok å kunna dei ti boda, viste det seg. For kvart einaste eit av boda var det laga ei forklaring som kom i tillegg til det som Moses fekk på direkten på steintavler på Sinai.

Forklaringane måtte me kunna på rams. Dei starta alltid med: Me skal ottast og elska Gud. Det fjerde hugsar eg slik: Du skal heidra din far og di mor så det må gå deg godt og då får leva lengje i landet. Forklaringa var slik:  Me skal ottast og elska Gud så vi ikkje vanvyrder eller sårar foreldra våre eller andre som Gud har sett over oss, men tenar og lyder dei, elsker og vyrder dei.

Bestefar min på Laugaland var riksmålsmann. Han ville ikkje ha nokon bibel på landsmål. Jesus og læresveinane snakka gammaldags norsk-dansk i hans hovud. For meg blei det omvendt etter å ha herja med bibelsoge, kyrkjesoge og kristenlæra i sju år på folkeskulen. Alt anna enn gammaldags nynorsk i kristne samanhangar er eg svært skeptisk til. Når me kjem til salmevers, finst det ein del unntak.

Eit spørsmål: Er desse antilekse-foreldra mot at ein skal pugga salmevers også?

Eg for min del likar svært godt: Himmelske Fader, herleg utan like. Til alle stader når ditt store rike.

Den likte mor mi også.
















torsdag 1. oktober 2015

Han sa det med ein tulipan-bukett frå Sjernarøy

Kaptein Tormod Gjøse på "Sjernarøy" ble
 møtt av barn, blomar og norske flagg. 
 


Den flunkande nye fjordabåten "Sjernarøy" kom på presentasjonstur til øyane båten hadde fått navnet sitt frå den 20 april 1959. Då kom Sjernarøy-ordførar Ola Hauge med blomar til Stavangerske-direktør Erling Aanensen. Dette var kortreiste tulipaner. Ikkje frå Amsterdam, nei. Dei kom frå Nord-Hidle, ei av Sjernarøyane.

Akkurat desse tulipanene frå Nord-Hidle er også gjort til hovedpoenget i overskrifta på Aftenbladet sin reportasje frå turen. Den sto på trykk dagen etterpå.

Ola Hauge var ikkje berre ordførar i Sjernarøy kommune. Han var også handelsmann på Eik på Kyrkjøy. Eg trur at han var litt av ein spøkefugl. Då den sjølvlærte elektrikeren Arne Høyvik reiste rundt på Sjernarøyane og la inn elektriske anlegg i husa til folk, blei han utsett for skøyaren på Eik.
Ola Hauge ringte til dei som skulle husa elektrikaren og gjorde dei merksame på at Arne Høyvik hadde ein ømfintlege mage. Han tålte ikkje allslags middagsmat. Det resulterte i at Arne Høyvik fekk fiskeboller i kvit saus til middag 14 dagar i trekk. Dette har Arne Høyvik sjølv fortalt meg i si tid. Herr Høyvik var full av påhitt og marakkel sjølv også. Ola Hauge hadde sikkert noko å ta igjen.

Prominensar på "Sjernarøy": Finnøy-ordførar Kaspar Mjølsnes,
 Sjernarøy-ordførar Ola Hauge, kystfartssjef Aage Marthinsen
 og DSD-direktør Erling Aanensen.


I sin tale til prominensane om bord i "Sjernarøy" beklaga ordførar Hauge at vêret var så fint denne dagen at folk inne på øyane ikkje såg seg tid til vera med på presentasjonsturen. Dette var midt i vårvinna, må vita.

På presentasjonsturen var "Sjernarøy" innom Sjernarøy (Ramsvik), Eik, Helgøysund, Judaberg, Reilstad, Talgje og Sør-Hidle for å visa seg fram.

Som den lokalkjende ser, var kkje den nye, gromme båten innom Nord-Hidle. For Stavangerske-båtane gjekk ikkje til denne øya. Dette var Jøsenfjord Rutelag si øy. Kan tru dei på Nord-Hidle var avindsjuke på dei som fekk ny rutebåt medan dei måtte slita med gamle "Erfjord". Den var dei ikkje glad i lenger.

 Aftenbladet sitt kommunestyrereferat frå¨ 6. juni 1963.


Misnøya med "Erfjord" kom klart til uttrykk i Sjernarøy kommunestyre i juni 1963. Eg siterer frå Aftenbladet sitt referat frå møtet:

Det var framsett dette forslaget: Då her har vore mykje klager frå folk på rutebåten "Erfjord" vil heradstyret i Sjernarøy be om at denne båten vert teken ut av ruta snarast. Vi meiner at denne rutebåten ikkje stettar dei krav ein lyt setja til ein rutebåt i dag, den er og i mange tilhøve for liten. Samferdselsnemnda i heradet har tidlegare oppmoda til å setja inn ein annan båt, men utan noko resultat. Dersom rutelaget ikkje vil vera med på dette, ser kommunestyret det turvande å gå andre vegar med saka. Dette vart vedteke. 

Eg føler meg heilt sikker på at Aftenblad-lesarane på Nord-Hidle merka seg at Sjernarøy-ordføraren helsa den nye rutebåten med tulipaner frå øya deira. Ola Hauge fekk nok høyra dette etterpå.






























søndag 27. september 2015

Kvitsøy-ungar med notisbøker og fjordabåtar fulle av bilar


Sommardagane var både hektiske og stressande for Kvitsøy-ungane som hadde som hobby å samla bilnummer i 1960-åra. Det var ikkje mange bilar på øya. Dei som ville skaffe seg mange eksotiske nummer, måtte vera på plass når rutebåten "Sjernarøy" var innom Ydstebøhavn og Leiasundet eit par-tre gonger til dagen  i ruta mellom Stavanger og Skudeneshavn.

 Eit stress av ei anna verd, kan du skjøna, å stå på tå hev for å få med seg nummera på bilane på akterdekket før båten gjekk vidare.

Lørdag 21. juli 1962 dokumenterte Aftenbladet den vanskelege arbeidssituasjonen for bilnummer-noterande  ungar på Kvitsøy.

Førsteside-sak sommaren 1962.

Alle som har levd ei stund, hugsar ungar som sat i vegkanten og noterte bilnummer. Eit svært utbreidd, men totalt meiningslaust tidsfordriv. Trur ikkje at eg nokon gong let meg smitta av denne feberen. Eg samla derimot på tomme fyrsikk-øskjer og klippte ut bilde i avisa av staute idrettsmenn. Desse bilda limte eg inn i ein gammal telefon-katalog. Like meiningslaust dette og, sjølvsagt.

I timavis har eg nå stirt inn i PC-en på leiting etter ein spesiell sommar-reportasje i Aftenbladet. Eg ser for meg ei heilside om rutebåten "Sjernarøy" som gjekk i ruta Stavanger - Kvitsøy - Skudeneshavn ein del somrar på 1960-talet.

"Sjernarøy" blei bygd i 1959. Den gjekk i sommarruta mellom
 Skudenes og Stavanger i fleire år. 

Rutebåten "Skudenes" som var ny i 1957 og spesialbygd for ruta over den tøffe Skudefjorden, blei raskt for liten i sommartrafikken. Her var det berre plass for fem bilar. Alt for lite etter at talet på bilar eksploderte utover på 1960-talet. Dermed kom "Sjernarøy" inn som vikar i sommarruta. Den hadde plass til 14 personbilar. Dette blei ei populær rute for bilturistane når vêret var godt.

I denne lørdagsavisa frå 1962 sto det ein reportasje som liknar på den eg er på jakt etter. Aftenblad-journalisten med signaturen Peik (Svend Eilif Peersen) og fotograf Leif Berge reiste med "Sjernarøy" frå Stavanger til Skudeneshavn. "I Ydstebøhavn har ungene det travelt - bare fem-seks minutter å skrive opp bilnummer på", står i det i bildeteksten.

Reportasjen er grei nok, men det er ikkje den eg er på jakt etter. Men det var likevel ikkje forgjeves å gå gjennom denne avisa. For her er det meir av interesse:

Aftenblad-teamet har tydelegvis kjørt frå Skudenes til Kopervik. Der var det eit slags bilkaos. Stavangerske sitt flaggskip, rutebåten "Haugesund", greidde ikkje å ta unna biltrafikken lenger i 1962. Ferjene "Tre Måker" (1964) og "Tungenes" (1966) var ikkje bygde på denne tida.

Bilturismen eksploderte på 1960-talet. "Haugesund" fekk
 hjelp  av "Tau" rett som det var.

Men "Tau" var jo ei kjempeferje på den tida. Med plass til 30 personbilar tok den eit år gamle ferja godt unna. Den tok turar over Boknafjorden på kveldstid når det var tid til det mellom Tau-turane.

Bildet frå Kopervik fortel mykje. Bildeteksten resten: Kopervik er blitt rene transitthavnen for biler nå i sommertravelheten og hver dag går flere ekstrabåter med billass til byen ved Karmsundet. Andre skal sørover til Stavanger, så det er litt av et kjør for dem ombord.

Som om ikkje alt dette var nok. I same avis er det også ei skildring av ein tur med rutebåten "Snøgg", Den hadde navnet "Ekspress" i mange år, men mista det til Ryfylke-hydrofoilen "Ekspressen" i 1961. Signaturen Fabian (kjenner ikkje navnet hans) slår fast at folk er trygge med kaptein Arne Aske i styrehuset. Han kjenner hver holme i leia.

Livet på rutebåten "Snøgg" blei også dokumentert
i Aftenbladet laurdag 21. juli 1962.

Alt dette fann eg i ei og same avis frå juli 1962.

Eg er stadig på leit etter den rette "Sjernarøy"-reportasjen. Berre vent!































søndag 13. september 2015

Komle-sugen siddis på flybussen

Alle dei kjekke passasjerane gjer det til ein fest å kjøra flybuss.


- Kjører du forbi Madla? Då vil gå av der og kjøpa komla på handelslaget. Eg bur i Skåne i Sverige. Der er det ikkje komler å oppdriva.

Ein smørblid 80 år gammal utflytta siddis kom om bord i flybussen på Sola i går føremiddag. Sprek og ytterst talefør. Han hadde Stavanger-tonen blanda godt opp med svenske ord. Nå var han på veg til sin barndoms by og skulle ta inn på hotell, men han begynte brått å snakka om komla og Madla handelslag.

- Du får ikkje komla på Madla på ein lørdag. Det må jo du vita som er gammale siddis, sa eg.

- Eg skal kjøpa Fjordland-komler. Har du ikkje prøvd dei?

- Jo, bevare oss. Men du kan kjøpa alt du Fjordland-komla du vil ha inne i byen, innvende eg.

- Nei, det finst ikkje slike butikkar inne i sentrum lenger. Forresten skal eg kjøpa potetkaker også og lappar. Klarer ikkje å halda meg lenger enn til Madla.

Mannen hadde bestemt seg. Han gjekk av i Madlakrossen for å kjøpa komla og potetkaker. Koss han innretta seg etter å ha proviantert, veit eg ingenting om. Kanskje fekk han hotell-betjeningen til å varma opp Fjordland-komlene for seg eller så skulle han ta dei med seg tilbake til Sverige. Kven veit. Men nå veit me at viss komla, potetkaker og lappar er ein viktig del av livet, er det ikkje lurt å flytta til Sverige.

Alle dei kjekke folka som eg møter, gjer det til ein fest å kjøra flybuss. Så sant eg har tid, snakkar eg med passasjerane. Eg har ikkje tal på koss mange kinesiske ungdommar eg har drøst med i sommar. Halve Kina har snart vore på Preikestolen og tatt selfie og lagt ut på nettet.

- Eg var på Preikestolen både i går og i dag. Det var skodd i går, men eg hadde tid til gå opp igjen i dag, smilte ein ung kineser som hadde gangsperr då han kom på bussen på Fiskepiren.

Eit amerikansk ektepar reiste med meg frå Sola til sentrum i går. Dei var komne med direkte-flyet frå Houston,Texas og hadde teke inn på hotellet som ligg vegg i vegg med flyplass-bygget. I dag skulle dei reisa vidare til Tyskland og så vidare til Italia.

- Me har aldri vore i Norge før. Her er det så vakkert. Reint og fint. Neste sommar kjem me tilbake og skal ta for oss heile landet, sa mannen frå Texas som takka meg for å ha hjelpt dei med litt bussruter og holdeplasser i sentrum og dessutan vist dei varemagasina in the main street.

- I'm paid for it, sa eg.