søndag 24. desember 2017

"Fjordsol" den fjerde i farten

Hurtigbåten "Fjordsol" slik den ser ut i dag med Kolumbus-dekor.
Foto: Aftenbladet.

Sjølv om gamle "Fjordsol" var ferdig som fjordabåt i 1977, kan du stadig reisa med "Fjordsol" frå Stavanger. Ikkje til Sand, men til Hommersand (Hommersåk offisielt). Dagens "Fjordsol" er fjerde båten med dette tradisjonsrike navnet.

Den 10 år gamle hurtigbåten har gått på byøyane og over Riska-havet til Uskekalven, Usken og Hommersand sidan den var ny. Den har skifta litt fargar og fått eit påbygg bak styrehuset.

I 2009 heitte Stavangerske sitt ferje- og lokalbåt-rederi Tide Sjø. Men eg tippar "Fjordsol" blei levert til Stavangerske i 2006. Så blei DSD og HSD til eit selskap som fekk navnet Tide. Nå er navnet Norled, men det gamle Stavangerske-flagget vaiar framleis over alle desse båtane som nå går i mange slags ruter langs heile norskekysten.

"Fjordsol"-reportasje i Aftenbladet frå mai 2009. Overskrifta seier at Rødne skal overta ruta. Men dette blei påklaga og
Tide (Norled - Stavangerske) fekk gå vidare i ruta. 


"Fjordsol" går nå i ei lokalbåtrute som er ein del av Kolumbus-systemet. Dermed er det Kolumbus-dekor på båten som også har tre raude Stavangerske-striper på skutesida. Viss du studerer båtane som går for Kolumbus i Ryfylke, ser du skilnad på kva som er Norled- , Rødne- og Helgøy-båtar. Ikkje lett å vera båtnerd i dag.

I mai 2009, medan eg stadig var yrkesaktiv i Aftenbladet, laga eg ein reportasje om "Fjordsol" saman med fotograf Fredrik Refvem. Me var med på ein tur til byøyane. Den tidlegare agurk-dyrkaren på Kalvøy, Bjarne Middelthon, var kaptein om bord. Robert Øpsen var kombinert matros og motormann.

Av denne reportasjen går det fram at Kolumbus hadde hatt ruta til Hommersåk og byøyane ute på anbud. Her hadde Rødne-rederiet gått av med sigeren. Men Tide klaga på denne avgjerda og fekk til slutt anbudet.

Dermed blei "Fjordsol" gåande i same ruta etter litt ombygging for å få plass til fleire passasjerar. Den synlege forandringa er eit tilbygg bak på styrehuset. "Fjord Molde" er navnet på den andre båten som går i same ruta.

Westamaranen "Fjordsol" blei sett inn i Saudaruta i 1986.
Foto: Jon Ingemundsen.


I juni 1986 kom den fyrste hurtigbåten som fekk navnet "Fjordsol". Dette var ein westamaran som blei sett inn i Sauda-ruta. Forgjengaren "Fjorddrott", bygd i 1976, blei flytta over i Sandeid-ruta.

Denne båten fekk ikkje vera "Fjordsol" i meir enn fire år. Då blei den omdøypt til "Ryfylke". I 2000 blei denne båten seldt til OVDS-rederiet i Nord-Norge. Nå skifta den navn til "Tjeldsund". Båten stoppa ikkje i Nord-Norge. Seinare gjekk den ei tid i ruta Askøy – Bergen med navnet "Kyst Ekspress".

Tredje "Fjordsol" var ein av trillingane frå 1990. Her saman med
trillingsyster "Fjordbris". Foto: Johannes Østvold.


Den tredje "Fjordsol" var ein av trillingane som blei levert til Rogaland Trafikkselskap (Stavangerske) i 1990 og sett inn i Hjelmelandsruta. Den blei seldt til OVDS då Rogaland Trafikkselskap mista denne ruta i ein anbudskonkurranse. Nå fekk denne båten navnet "Nordfolda".
Den er seldt til utlandet for eit pår år sidan.

Dette var den siste epistelen i denne "Fjordsol"-kalenderen.

Takk til alle som orka å lesa alt dette og takk til alle som har delt den med andre.

GOD JUL!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar