torsdag 31. desember 2015

2015 - Det året eg fekk slag!


2015 er på veg ut fjorden nå. Her går nattruteskipet "Stavanger" frå
Sandnes for siste gong i 1973.


- Godt nyttår, sa eg til min polske sjåfør-kollega då eg gjekk av den grønne buss nr. 9 på Revheim i føremiddag. - Takk. God jul, smilte mannen bak rattet før han lukka døra etter meg og kjørte vidare på ruta mot Tananger. Eg likar godt polakkar, men dei er vonde å snakka med.

Eg sto opp klokka halv fire i dag for å komma tidsnok på buss-jobb. Dermed var eg ferdig utkjørt rett over klokka ti og heime igjen i elleve-tida og fekk tatt igjen litt forsømt nattesøvn før nyttårsfeiringa.

Nattruteskipet "Stavanger" gjekk ut fjorden frå Sandnese for siste gong ein dag i 1973. Nå er 2015 på veg ut fjorden for siste gong. Og koss gjekk dette året?

Når ein har dreve på og levd i så mange år som meg, går det mykje på rutine og gammal vane. Tida går berre fortare og fortare, seier me. - Eg hugsar det som om det var i går, sjølv om det er 20 år sidan, seier me. Men når eg ser framover, føler eg ofte at det er lenge til mandag og til bollesøndag og påskeafta. Har ikkje du det slik?

Eg blei 66 i år. Wenche Myhre syng jo så kjekk om koss kjekt det skal bli, men eg må innrømma at eg fekk meg ein på snuten som 66-åring. Hjerneslag hadde eg ikkje ønskt meg og det kom veldig uventa. Eg forsto ikkje kva som hadde skjedd då handa mi plutseleg ikkje virka.

Flaks og ei pågåande kåna førte til at eg fekk rask legehjelp. Eg blei heilt paff då legen sa at eg hadde fått slag. Sjølv om eg har langt framskreden flyskrekk, gløymde eg heilt å vera redd då eg blei send med luftambulanse-helikopter frå Hjelmeland til sykehuset i byen. Eg dreit i alt og studerte Ryfylke frå lufta. Tanken på at helikopteret kunne detta ned, den streifa meg ikkje.

For å gjera ein lang historie kort: Eg hadde flaks som så mange gonger før. Handa mi livna til igjen og er nesten like god som før. For å trena opp fingrane på venstrehanda, begynte eg å blogga. Som gammal skrivemaskinslærar, brukar eg alle fingrane på venstrå når eg tastar i veg.

Vel tre månader etter slaget fekk eg kjøra buss igjen. Eg føler meg i fin form, men det er klart at du gjer deg dine tankar etter ei slik hending.

Veit du kva ein kamerat av meg sa i vår ungdom?

- Beste du går der friske og raske, så er du gifte.

Det gjekk troll i ord for hans del.

Takk for det gamla!









mandag 7. desember 2015

Ein buss å stilla klokka etter!

Klokka manglar berre sekund før åtte over halv
 når bussen  passerer her ved lyktastolpen.


Du høyrer duren av kjøretøy ned i Byhaugveien. Ei mild dieselbrumming på toppen av Solandsbakken. Så høyrer du sjåføren gassar opp i svingen inn i Lindeveien. Du treng ikkje sjå på klokka. Den er åtte over halv. Det er vår eigen buss nummer 25, Byhaugbussen som passerer.

Frå min plass ved kjøkkenbordet har eg full kontrollen over Lindeveien. Av og til kikkar sjåføren inn til meg når han passerer og helsar med handa i vêret. - Såg du. Sjåføren helste på meg, seier eg til ho på andre sida av bordet.

Me er fantastisk heldige på Byhaugen som har denne bussen som du kan stilla klokka etter. Halv går den frå holdeplassen ved Breiavatnet, tvers over Atlantic. Åtte minutt seinare står eg på Byhaugen utfor huset vårt. Tilbake til byen går bussruta litt i krusedull i trange gater nedover på Tasta. Men den kjem alltid fram.

Resten av timen har den litle bussen eit sidesprang over Storhaug, men klokka halv er den tilbake ved Breiavatnet og klar for Byhaug-tur igjen. Som om ingenting skulle ha hendt.

Viss sjåføren ser meg ved kjøkkenbordet, vinkar han til meg. 


Skal du reisa med bussar, må dei vera til å stola på. Det er Byhaugbussen. Du veit kor du har den. Då passar du på å vera klar til klokka er halv eller så må du venta ein time. Viss du ikkje har ein slik på minuttet-buss, må det vera ein som kjem heile tida. Du går på holdeplassen og ventar ei stund og vips: Der er bussen.

Buss nr. 2 går Misjonsveien til og frå Vardeneset. Den brukar eg ein del. Men den er eg ikkje begeistra for. Den har altfor lang rute. Heilt frå Vardeneset til Sandnes. Sjølv om det er ein heil haug med bussar som går på denne ruta, kan du bli ståande å venta på den aldri så lenge i rush-tida. Når bussen har så lang rute, kjører dei seg garantert inn i køar ein eller annan plass mellom Stavanger og Sandnes. Jo seinare bussen blir, jo fullare blir den. Bussen bak tek den igjen og då har du det gåande.

Meir enn ein gong har eg stått og surna ved Byterminalen og venta på Toen. Ingen buss å sjå. Men så kjem den full av folk, med ein tynt befolka Toer rett bak. Av og til kjem det tre Toarar på ein gong. Viss Vardenes-bussane hadde snudd i sentrum, hadde eg sikkert vore glad i den og. For då hadde den heilt sikkert vore i ruta heile dagen.

Heldige me som har vår eigen litle buss. Og dei kjekke sjåførane.

Når eg er veldig glad og tilfreds, blir eg alltid redd for at denne sinnstilstanden skal bli endra. Tenk om 25-bussen vår blir nedlagt. Det må ikkje skje.

Då kan me ikkje reisa meir med fly til Syden eller tog til Oslo. Skal me på langtur i dag, låser me døra på Byhaugen når klokka passerer halv og så står der med reisefeberen vår når bussen kjem åtte minutt over halv. Ti minutt seinare er me på Byterminalen der Flybussen og Oslo-toget tek oss vidare ut den store verda.

Buss nr. 25 derimot, brummar vidare mot Storhaug og Ramsvik. Ka vil han der?







 

 

torsdag 3. desember 2015

Skyt ein nabo! Bomb eit land! Snart jul igjen!

Snart jul i Gamle Stavanger


- Ein dag nærmare evigheden, sa min gamle Aftenblad-kollega Lasse (Lars Torleiv Øye) når han kom på jobb om morgonen. Han var pessimistisk av natur og grua seg til mykje, men han spreidde mykje glede og varme rundt seg gjennom sine drøs i avisa og sin omtanke for alle rundt seg på jobben.

Eg tenkte på Lasse då eg sto opp i dag. Heile natta låg eg og grua meg til å gå til min tannkjøt-spesialist klokka åtte i dag tidleg. Grusomt. Stå opp sju økter før dag for å bli trakasserte i gummane av folk  med mange års spesialist-utdanning, kvit frakk og munnbind. - Spytt ut, skyll munnen. Tast pin-koden din her. Versågod neste! Så går du heim og tykker synd på deg sjøl resten av dagen.

I NRK-Dagsnytt sto glad-sakene i kø:

Royal Air Force har slept sine fyrste bomber over Syria i natt. Det britiske parlamentet gav grønt lys for bombing i går. Berre få timar seinare var bombeflya på vingene. Død over IS og alle som måtte vera der bombene fell. Ikkje klag om du overlevde. Me har fleire bomber på lager.

Klart det hjelper å bomba. Berre sjå på Afghanistan. Der var russararane og bomba og kriga i åravis. Så kom amerikanarane, Til og med norske krigsfly blei vinka entusiastisk av garde av statsminister Kjell Magne Bondevik til oppdrag i lufta over Langtvekkistan. Sjå koss flott det blitt der nå! Eg kjenner berre ein afghanar. Det er ein ung kjekk mann som jobbar på Seven-Eleven-butikken på flyplassen på Sola.

I USA var det ein ny skyte-massakre i går. Kvite folk går inn skyt rundt seg. Årsaka til skytinga er visst ikkje heilt klar ennå. Nå ser det ut til at dette kan vera ei form for islamist-terror. Akkurat islamist-terror er dei gloredde for i USA.

Amerikanarane opplever skyting rett som det er. Folk som skyt naboen, sjefen eller kollegene sine. Eit problem. Men mange amerikanarar har løysinga på dette. Meir våpen til folket. Viss alle er bevæpna, kan dei skyta tilbake med ein gong. Genialt.

Eg grudde meg ennå meir til tannpinå etter å ha høyrt på Dagsnytt. Grusomt å gå i mørket ned mot byen. Eg visste kva så venta.

Så viste det seg at det ikkje var så gale. Ingen operasjon, berre litt hardhendt pussing og gnikking på tannstubbane mine. Eg er så redd for tannlegar at eg klarer ikkje å høyra etter når dei fortel kva dei skal gjera.

Lett til sinns gjekk eg heim gjennom gamle Stavanger. Der førjulstemninga rår. Herligt.

Godt det ikkje er bombing og skyting her i steinrøyså. Eit fredeligt land er mykje verdt.

Veit du kva kollega Lasse sa ein gong? Me diskuterte eit av våre samtidige verdensproblem ein gong på tidleg 1980-tal. - Når eg blir så gammale som du er nå, er dette problemet ute av verda, sa eg. - Når du er så gammal som eg er nå, eksisterer ikkje verda lenger, svara Lasse.

Lasse tok feil. Nå er eg så gammal som han var då.

Ikkje miss motet. Stå på folk. Dette kan fort gå godt. Men for Guds skuld: Slutt med bombing og skyting!




















tirsdag 1. desember 2015

I 1948 kom "Fjordsol" og "Fjordbris" og eg blei unnfanga!


Aftenblad-reportasjen frå prøveturen med "Fjordsol" 30. april 1948.


1948 var meir enn vinterolympiaden i St. Moritz og sommarleikane i London. DSD sette to flunkande nye fjordbussar, "Fjordsol" og "Fjordbris", i fart på Ryfylkefjordane. Mindre viktig, men likevel: Eg blei unnfanga dette året.

Du kan bada deg i nostalgi i Aftenblad-arkivet. Er du abonnent, kan du klikka deg inn på nettavisa og vidare inn i arkivet. Då har du fri tilgang til alt som Aftenbladet har skrive opp gjennom åra. Det er berre å søka i veg.

Aftenbladet 10. februar 1948.

Gjenreising og modernisering var viktige i 1948. Norge ristar krigen av seg og står på spranget inn i framtida. I Aftenbladet står det om mange landssviksaker. Men den nye tida er på veg. Stavangerske byggjer sin  "Hvite flåte". Dette er viktig for både byen og distriktet. To viktige rutebåtar blir laga på Rosenberg. Dei skal bli med oss som ennå ikkje er fødde, i nærare 30 år framover.

- "Fjordbris" og"Fjordsol"   skal være ferdig i god tid før sommerferien tar til i år, skriv Aftenbladet 10. februar. Arbeidet med innredningen er kommet temmelig langt og det går godt framover.

Det vil bli en ganske betydelig forbedring av materiellet på fjordene når disse hypermoderne båtene kan settes inn. Det er nok bestemt hvilke ruter de skal trafikere, men dette vil en foreløpig ikke ut med.

Søsterskipet til "Haugesund" blir det dessverre ikke høve til å få ferdig i år. Selskapets verksted har hendene fulle av arbeid og kan ikke overkomme mer. For dei som ikkje kjenner til søsterskipet til "Haugesund", er det snakk om nattruteskipet "Stavanger" som var ferdig våren 1950 og sett i trafikk på same tid som "Sandnes".

Aftenbladet sparte ikkje på lovorda etter at "Fjordsol" hadde gått prøvetur fredag 30.april: - På ny har Stavangerske fått et fartøy som er en pryd for rederiet og byen, skreiv Aftenbladet og konkluderte: Make til fartøy finnes ikke i landet, bortsett fra kollegene "Haugesund" og "Fjorddrott" og den nye "Fjordbris" som blir ferdig om ikke så lenge.

På prøveturen blei avgåande toppsjef Johansen takka av som administrerande direktør i DSD. Fornavn er ein sparsame med, I jubileumsboka til Stavangerske frå 1955 blir han omtala som Johs. Johansen.

Eg føler eg må skriva av litt av den oppstemte skildringa: "Fjordsol" er av "Fjorddrott"-typen med en del forbedringer. Serveringsforholdene er bedret meget ved at det er bar i røkesalongen med heis ned til sterrisen. Livbåtene er plassert høyere enn på "Fjorddrott" og dette gjør at det blir større dekkplass. Begge salongene er meget smakfullt utstyrt med vakre farger og bekvemme møbler.

Skipets lengde er 134 fot og bredden 22 fot. Skipet tar 405 passasjerer og 12-13 biler. Motorene er to 8-sylindrede svenske dieselmotorer fra Nuquist & Holm, og de yter 360 hesterkrefter hver. På prøveturen var farten mellom 15 og 16 mil.

Og til slutt: Fører er kaptein Risanger, som tidligere har ført "Fjorddrott".

Aftenbladet har meir spennande lesnad for oss som er litt meir enn gjennomsnittleg interesserte i fjordabåtar. 5. juni skriva avisa om DSD sine sommarruter:

- Sauda får forbindelse med Stavanger alle dager. Det er "Fjordsol" som skal gå alle hverdager. Om søndagen går "Sand" der. 

"Fjordbris" går de fem første dagene i uken i ruten Stavanger - Tau - Fister - Hjelmeland - Jelsa - Sand og retur samme veien om ettermidddagen. Båten korresponderer på Sand med bussen til Suldal og med ferja til Ropeid. 

Sandeid får rutesamband med Stavanger alle hverdager. "Fjorddrott" går fra Sandeid til Stavanger om morgenen og returnerer til de samme stedene om ettermiddagen. I Sandeid blir det korrespondanse med rutebilene til Ølen, Etne og Skånevik. 

Med dei nye sommarrutene i 1948 gjekk "Fjordsol" og "Fjorddrott" inn i dei rutene dei blei gåande i mange år. "Fjordsol" gjekk til Sauda i all si tid fram til 1977.

Eg tek med eit avsnitt til:

                         



"Forra" og "Fjordbuen" som har trafikert rutene på øyane og Jørpeland og Tau legges nå opp. Det blir nyere båter i de rutene. 

Og litt personalia til slutt:

"Solbris" (skrivefeil) føres av kaptein Alfred Risanger som hadde "Fjorddrott" før. "Fjordsol"s fører er kaptein A. Andersen som tidligere var førstestyrmann på "Haugesund". Kristoffer Asheim fører "Fjorddrott". Kr. Pallesen som tidligere var på "Sand" er blitt førstestyrmann på "Haugesund". 




Journalistane rota ein del i dei tider også. Eg meiner at A. Andersen var kaptein på "Fjordbris".  Risanger var nest til Vårherre på "Fjordsol". Han sov når båten gjekk frå Sauda om morgonen. Då båten kom til Jelsa, blei han purra, er eg blitt fortald.


3. juni 1948 skriv Aftenbladet om presentasjonsturen for "Fjordbris" Dei to søsterskipa "Fjordbris" og "Fjordsol" er så like at berre dei aller mest interesserte og informerte greier å skjelna dei to båtane frå kvarandre på detaljer i akterskipet.


Aftenbladet har tatt bilde av skipsredar Sigval Bergesen som røykte langpipe på prøveturen som gjekk heilt til Sand.


Sjøl var ikkje avislesar i 1948. Lesekunsten meistra eg fyrst ti år seinare. Eg blei unnfanga dette året. Foreldra mine gifta seg 8. mai i 1948. Dette er registert i Aftenbladet 5. mai. 27. februar 1949 blei eg fødd. På ein søndag.

Aftenbladet 5. mai 1948.