lørdag 23. desember 2017

Nådde "Fjordsol"-folka heim til jul?


Carstein Mortensen - mangeårig motormann på "Fjordsol" -
avslutta sin karriere som billettør på Ropeid-ferja.


Carstein og Anton på "Fjordsol. Anton var
passasjer den dagen. 
Kom Carstein og Anton Mortensen seg heim til familien på Sand på julafta? Eller måtte den eine av brørne sitja åleine på jula om bord i "Fjordsol" ved Ryfylkekaien i Stavanger?

Dei to motormennene på "Fjordsol" var brør. I mange år jobba dei om bord. To dagar jobb og to dagar fri. Dei løyste kvarandre av på Sand. Enkelt og greit. Dei sparte reisetid. Mange av kollegene måtte reisa til byen for å gå om bord i båten sin. Dei brukte aldri så mange timar på å reisa til og frå.

Brørne Mortensen var så lenge på "Fjordsol" at vittige sjeler hadde døypt hjelpemotorane "Carstein" og "Anton". Navna var malte på skottet bak motorane.

På julafta snudde Stavangerske-båtane nasen mot byen igjen når dei hadde frakta dei siste julereisande med tilhøyrande pakkenellikar til dei innerste fjordabotnane. Folka om bord skulle heim til sine og feira jul.

Det ville ikkje vera lett for Mortensen-karane å komma seg heim til Sand frå byen i kveldinga på julafta. Blei det ei råd, monn tru?

Då dei siste passasjerane hadde skreva seg på land, blei det nok førjulsstemning om bord. Viss vêret var bra og alt fungerte om bord, såg ein litt gjennom fingrane med bemanningskrav og den slags.

På veg frå Sauda svinga "Fjordsol" innom på Sand. Broder Mortensen fekk hoppa på land og maskinisten ordna opp i maskinrommet på veg ut til byen. Det var ikkje så stivt. Oppseiling kalla dei slike turar.

Andre juledags føremidddag seilte dei opp i motsett retning. Då sto Carstein eller Anton klar på Sand og hoppa om bord igjen. Bemanninga var korrekt når julegjestene reiste ut fjorden frå Sauda om ettermiddagen.

Alle mann på plass då "Fjordsol" gjekk frå Sauda andre juledag.


Ein rask ringerunde i går ettermiddag og vips hadde eg fleire slike julahistorier:

Jostein Aske
Jostein Aske, Mosterøy: Bror min og far låg og venta på meg med motorbåten ute i Byfjorden, ved Bru. Eg var skipper på rutebåten "Sand" som kom fra Haugesund seint på ettermiddagen på ei julafta. Dermed hoppa eg i motorbåten. Styrmann Arthur Haugvaldstad tok over i styrehuset og førte "Sand" inn til byen. Styrmannen budde på Hundvåg og kom seg greitt heim.

Jan Eie, mangeårig ferje-ekspeditør på Tau, hadde ein svoger, Olav Høyvik, som var matros på "Fjordbris" som kom innante på julafta på veg mot byen.

Båten sakta på etter å ha passert Talgje. Dermed kunne Olav Høyvik hoppa oppi båten som låg klar til bording.  Svograne Osvald og Jan Eie sytte for at Olav kom heim til Kjølevik på julafta.

Båtafolka frå Mosterøy og Rennesøy slo seg saman og leigde båtar.

Tomas Gangenes hadde motorbåten "Pan" og var i byen og henta sambygdingar på julafta. Bjarne Nylund som var matros på "Sjernarøy" kom heim til Østhusvik med Gangenes-båten, hugsar sonen Egil.

Ei julafta i 1980-åra kom "Sjernarøy" frå Lysebotn og svinga innom Oanes og sette på land matros Arve Joa slik at han kom seg heim til Jørpeland, Kaptein Oddvar Fosen og maskinist Jan Skaar var dei einaste om bord ut fjorden til byen.

Jan Samuelsen
Julafta 1974 hadde eg belaga meg på å vera om bord i ferja "Ulsnes" der eg hadde vakt som motormann, Men maskinsjefen, Johannes Vika, ville ikkje ha noko av det. Han gjekk motormann for meg. Dermed kom eg heim til Sjernarøy og fekk feira jul, fortel Jan Samuelsen.

Faren, John Samuelsen, fekk ikkje fri ei jul på Tau-ferja. Dei låg i beredskap på Tau. Det var ferja som frakta sjukebilen til byen på den tida. Dermed måtte heile mannskapet liggja om bord på Tau.

Tou Bryggeri spanderte ein ølkasse til kvar og ein av alle dei sju som hadde vakt om bord. Frå rederiet fekk dei ingenting, seier Jan Samuelsen.




Johannes Vika
"Fjorddrott" var på veg til byen ei julafta på 1950-talet. Maskinene blei pressa litt for at alle skulle komma seg heim til sine.

I Lindøysundet smalt det. Den eine motoren stoppa. "Fjorddrott" kom seg inn til kai i byen på ein motor.

Det var maskinsjef Johannes Vika som fortalde meg historia i 2005.

Henrik Selvåg
- Nå går me heim og feirar jul, sa eg til min faste motormann, Henrik Selvåg, Så
møtes me her i morgon føremiddag og fiksar opp. Slik blei det. Me mekka på maskinen heile første juledag. Ein og annan kaivandrar gjorde store auer når dei såg dei svarte mennene som var oppe og hadde fem minutt på akterdekket.

På andre juledag seilte me opp til Åmsosen på vanleg måte med begge maskinene i godt gjenge.

Det blei jul før i tida også.


















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar