søndag 24. desember 2017

"Fjordsol" den fjerde i farten

Hurtigbåten "Fjordsol" slik den ser ut i dag med Kolumbus-dekor.
Foto: Aftenbladet.

Sjølv om gamle "Fjordsol" var ferdig som fjordabåt i 1977, kan du stadig reisa med "Fjordsol" frå Stavanger. Ikkje til Sand, men til Hommersand (Hommersåk offisielt). Dagens "Fjordsol" er fjerde båten med dette tradisjonsrike navnet.

Den 10 år gamle hurtigbåten har gått på byøyane og over Riska-havet til Uskekalven, Usken og Hommersand sidan den var ny. Den har skifta litt fargar og fått eit påbygg bak styrehuset.

I 2009 heitte Stavangerske sitt ferje- og lokalbåt-rederi Tide Sjø. Men eg tippar "Fjordsol" blei levert til Stavangerske i 2006. Så blei DSD og HSD til eit selskap som fekk navnet Tide. Nå er navnet Norled, men det gamle Stavangerske-flagget vaiar framleis over alle desse båtane som nå går i mange slags ruter langs heile norskekysten.

"Fjordsol"-reportasje i Aftenbladet frå mai 2009. Overskrifta seier at Rødne skal overta ruta. Men dette blei påklaga og
Tide (Norled - Stavangerske) fekk gå vidare i ruta. 


"Fjordsol" går nå i ei lokalbåtrute som er ein del av Kolumbus-systemet. Dermed er det Kolumbus-dekor på båten som også har tre raude Stavangerske-striper på skutesida. Viss du studerer båtane som går for Kolumbus i Ryfylke, ser du skilnad på kva som er Norled- , Rødne- og Helgøy-båtar. Ikkje lett å vera båtnerd i dag.

I mai 2009, medan eg stadig var yrkesaktiv i Aftenbladet, laga eg ein reportasje om "Fjordsol" saman med fotograf Fredrik Refvem. Me var med på ein tur til byøyane. Den tidlegare agurk-dyrkaren på Kalvøy, Bjarne Middelthon, var kaptein om bord. Robert Øpsen var kombinert matros og motormann.

Av denne reportasjen går det fram at Kolumbus hadde hatt ruta til Hommersåk og byøyane ute på anbud. Her hadde Rødne-rederiet gått av med sigeren. Men Tide klaga på denne avgjerda og fekk til slutt anbudet.

Dermed blei "Fjordsol" gåande i same ruta etter litt ombygging for å få plass til fleire passasjerar. Den synlege forandringa er eit tilbygg bak på styrehuset. "Fjord Molde" er navnet på den andre båten som går i same ruta.

Westamaranen "Fjordsol" blei sett inn i Saudaruta i 1986.
Foto: Jon Ingemundsen.


I juni 1986 kom den fyrste hurtigbåten som fekk navnet "Fjordsol". Dette var ein westamaran som blei sett inn i Sauda-ruta. Forgjengaren "Fjorddrott", bygd i 1976, blei flytta over i Sandeid-ruta.

Denne båten fekk ikkje vera "Fjordsol" i meir enn fire år. Då blei den omdøypt til "Ryfylke". I 2000 blei denne båten seldt til OVDS-rederiet i Nord-Norge. Nå skifta den navn til "Tjeldsund". Båten stoppa ikkje i Nord-Norge. Seinare gjekk den ei tid i ruta Askøy – Bergen med navnet "Kyst Ekspress".

Tredje "Fjordsol" var ein av trillingane frå 1990. Her saman med
trillingsyster "Fjordbris". Foto: Johannes Østvold.


Den tredje "Fjordsol" var ein av trillingane som blei levert til Rogaland Trafikkselskap (Stavangerske) i 1990 og sett inn i Hjelmelandsruta. Den blei seldt til OVDS då Rogaland Trafikkselskap mista denne ruta i ein anbudskonkurranse. Nå fekk denne båten navnet "Nordfolda".
Den er seldt til utlandet for eit pår år sidan.

Dette var den siste epistelen i denne "Fjordsol"-kalenderen.

Takk til alle som orka å lesa alt dette og takk til alle som har delt den med andre.

GOD JUL!

lørdag 23. desember 2017

Nådde "Fjordsol"-folka heim til jul?


Carstein Mortensen - mangeårig motormann på "Fjordsol" -
avslutta sin karriere som billettør på Ropeid-ferja.


Carstein og Anton på "Fjordsol. Anton var
passasjer den dagen. 
Kom Carstein og Anton Mortensen seg heim til familien på Sand på julafta? Eller måtte den eine av brørne sitja åleine på jula om bord i "Fjordsol" ved Ryfylkekaien i Stavanger?

Dei to motormennene på "Fjordsol" var brør. I mange år jobba dei om bord. To dagar jobb og to dagar fri. Dei løyste kvarandre av på Sand. Enkelt og greit. Dei sparte reisetid. Mange av kollegene måtte reisa til byen for å gå om bord i båten sin. Dei brukte aldri så mange timar på å reisa til og frå.

Brørne Mortensen var så lenge på "Fjordsol" at vittige sjeler hadde døypt hjelpemotorane "Carstein" og "Anton". Navna var malte på skottet bak motorane.

På julafta snudde Stavangerske-båtane nasen mot byen igjen når dei hadde frakta dei siste julereisande med tilhøyrande pakkenellikar til dei innerste fjordabotnane. Folka om bord skulle heim til sine og feira jul.

Det ville ikkje vera lett for Mortensen-karane å komma seg heim til Sand frå byen i kveldinga på julafta. Blei det ei råd, monn tru?

Då dei siste passasjerane hadde skreva seg på land, blei det nok førjulsstemning om bord. Viss vêret var bra og alt fungerte om bord, såg ein litt gjennom fingrane med bemanningskrav og den slags.

På veg frå Sauda svinga "Fjordsol" innom på Sand. Broder Mortensen fekk hoppa på land og maskinisten ordna opp i maskinrommet på veg ut til byen. Det var ikkje så stivt. Oppseiling kalla dei slike turar.

Andre juledags føremidddag seilte dei opp i motsett retning. Då sto Carstein eller Anton klar på Sand og hoppa om bord igjen. Bemanninga var korrekt når julegjestene reiste ut fjorden frå Sauda om ettermiddagen.

Alle mann på plass då "Fjordsol" gjekk frå Sauda andre juledag.


Ein rask ringerunde i går ettermiddag og vips hadde eg fleire slike julahistorier:

Jostein Aske
Jostein Aske, Mosterøy: Bror min og far låg og venta på meg med motorbåten ute i Byfjorden, ved Bru. Eg var skipper på rutebåten "Sand" som kom fra Haugesund seint på ettermiddagen på ei julafta. Dermed hoppa eg i motorbåten. Styrmann Arthur Haugvaldstad tok over i styrehuset og førte "Sand" inn til byen. Styrmannen budde på Hundvåg og kom seg greitt heim.

Jan Eie, mangeårig ferje-ekspeditør på Tau, hadde ein svoger, Olav Høyvik, som var matros på "Fjordbris" som kom innante på julafta på veg mot byen.

Båten sakta på etter å ha passert Talgje. Dermed kunne Olav Høyvik hoppa oppi båten som låg klar til bording.  Svograne Osvald og Jan Eie sytte for at Olav kom heim til Kjølevik på julafta.

Båtafolka frå Mosterøy og Rennesøy slo seg saman og leigde båtar.

Tomas Gangenes hadde motorbåten "Pan" og var i byen og henta sambygdingar på julafta. Bjarne Nylund som var matros på "Sjernarøy" kom heim til Østhusvik med Gangenes-båten, hugsar sonen Egil.

Ei julafta i 1980-åra kom "Sjernarøy" frå Lysebotn og svinga innom Oanes og sette på land matros Arve Joa slik at han kom seg heim til Jørpeland, Kaptein Oddvar Fosen og maskinist Jan Skaar var dei einaste om bord ut fjorden til byen.

Jan Samuelsen
Julafta 1974 hadde eg belaga meg på å vera om bord i ferja "Ulsnes" der eg hadde vakt som motormann, Men maskinsjefen, Johannes Vika, ville ikkje ha noko av det. Han gjekk motormann for meg. Dermed kom eg heim til Sjernarøy og fekk feira jul, fortel Jan Samuelsen.

Faren, John Samuelsen, fekk ikkje fri ei jul på Tau-ferja. Dei låg i beredskap på Tau. Det var ferja som frakta sjukebilen til byen på den tida. Dermed måtte heile mannskapet liggja om bord på Tau.

Tou Bryggeri spanderte ein ølkasse til kvar og ein av alle dei sju som hadde vakt om bord. Frå rederiet fekk dei ingenting, seier Jan Samuelsen.




Johannes Vika
"Fjorddrott" var på veg til byen ei julafta på 1950-talet. Maskinene blei pressa litt for at alle skulle komma seg heim til sine.

I Lindøysundet smalt det. Den eine motoren stoppa. "Fjorddrott" kom seg inn til kai i byen på ein motor.

Det var maskinsjef Johannes Vika som fortalde meg historia i 2005.

Henrik Selvåg
- Nå går me heim og feirar jul, sa eg til min faste motormann, Henrik Selvåg, Så
møtes me her i morgon føremiddag og fiksar opp. Slik blei det. Me mekka på maskinen heile første juledag. Ein og annan kaivandrar gjorde store auer når dei såg dei svarte mennene som var oppe og hadde fem minutt på akterdekket.

På andre juledag seilte me opp til Åmsosen på vanleg måte med begge maskinene i godt gjenge.

Det blei jul før i tida også.


















fredag 22. desember 2017

Dyrlege-sprit og postpengar til styrmannen på "Fjordsol"


"Fjordsol" hadde eige poststempel. Det gjekk tidleg ut av bruk.


"Fjordsol" førte mykje post gjennom sine 30 år i Sauda-ruta.
Foto: Leif Berge.

Eit lita brun flaske med tre-fire koppar dyrlegesprit fekk styrmannen på "Fjordsol" i handa av og til. Dette som takk frå apotekeren i Sauda for at han hadde med seg mindre sendingar med medisiner til apoteket. Pakken blei levert om bord til styrmannen i Stavanger og henta av apotekeren personleg i Sauda. 

Ein kuriositet, men likevel slikt som ein ikkje gløymer så lett når ein mimrar om det gamle fjordabåt-livet. Ikkje uvanleg at det vanka ei belønning for ein vel utført tjeneste. 

Men den daglege posten var ein mykje viktigare del av jobben for styrmannen og dei andre om bord i båtane. På nesten kvar kai var det post i begge retningar, både til og frå byen. Styrmannen og poståpnaren kvitterte for verdiposten.  Postsekkene med aviser og brev blei lempa i land utan formaliteter.

For styrmannen om bord var postpengene ein viktig del av hyra. På dei beste rutene kunne det dreia seg om 20 - 30 prosent påplussing av inntekta.

Her har handelsmann og poståpnar Knut Gil henta
posten om bord i båten på Vadla i 1976.
Foto: Stein Erik Giljel.
- Eg hugsar at eg hadde opptil 300 kroner i månaden i postpenger. Det var godt med pengar på slutten av 1950-talet. Styrmannshyra låg vel på rundt 1000 kroner i månaden på den tida, seier Anders Leirvik frå Tau.

Som ung styrmann i Stavangerske seilte han på dei fleste fjordabåtane til Stavangerske. På "Fjordsol" var han også.

Eit eige poststempel med "Fjordsol"-navnet på, kan han ikkje hugsa at det var om bord i hans tid.

- Rett som det var kom det folk med brev som me tok med oss. Men dei blei ikkje stempla. Breva leverte me vidare til postfolka som henta posten. Dei ordna med stempel, fortel Leirvik.

Då "Fjordsol" var ny, var det heilt sikkert eigen postmann om bord når båten gjekk i Sauda-ruta eller til Haugesund. Postmennene forsvann på fjordabåtane i Ryfylke på 1950-talet.

Billettkontoret på "Fjordsol" blei kalla for postlugaren. Det låg midtskips på dekket mellom nedre salong og nedgangen til maskinrommet. Der var postmannen plassert. Styrmannen hadde nok sitt kontor på ein annan plass så lenge det var eigen postmann. Ved sida av postlugaren var det plassert låsbare, skyvegrindar der postsekkene låg.

Styrmannen fekk postpenger for kvart postkontor på ruta. Dermed blei Sauda-ruta innbringande: Her var det post til Jelsa, Foldøy, Hebnes, Marvik, Sand, Vasshus, Suldalsosen, Nesflaten, Saudasjøen, Sauda, Hellandsbygd og sikkert endå fleire poststader i området. Postmengden hadde ingen ting å bety. Det var talet på poststader som var avgjerande.

På nattruta til Bergen var det postfolk om bord i alle år.  











torsdag 21. desember 2017

Hestahandlaren fekk "Fjordlast"-sjokk!


«Fjordlast» fekk ein kort historie i Ryfylke. Foto: Georg Hoff. 


Litt av ein båt! Den nye «Fjordlast» kan ikkje frakta levande dyr. Eg kom på kaien og skulle senda ein hest til Finnøy med den nye båten. Hadde du høyrt det verre før?

Ein hissig hestahandlar, Ola Djuv, kom eins ærend på Sauda-kontoret til Aftenbladet for å klaga si naud. Ein trufast Stavangerske-kunde gjennom mange år, var plutseleg skjersett.

Hissig hestahandlar i Aftenbladet.


Me er komne til desember 1978. Den nye «Fjordlast» var sett i drift nokre veker tidlegare. Ein ny epoke i fjordabåttrafikken var nå starta i Ryfylke. Folk skulle reisa med hurtigbåt. Lasta skulle gå med ein ny, moderne lastebåt. 

 Den gamle, gode innleigde «Stordøy» blei avløyst i lasteruta til Sauda av «Fjordlast». Samtidig blei det slutt med at det gjekk gammaldags rutebåt til Sauda. Gamle «Fjordsol»  gjekk sin siste tur i 1977. Den konvensjoneller rutebåten "Hidle" gjekk i Sauda-rutå frå hausten 1977 og fram til den nye «Fjordlast» blei sett i drift i desember 1978.

I løpet av vinteren blei problemet med dyratransport løyst. Ein oransje-malt container blei plassert på akterdekket. Der blei levande dyr plassert.

Men den nye lastebåten «Fjordlast» blei ein økonomisk fiasko. Altfor mykje av godtransporten til Sand og Sauda var borte frå båtane. Lastebilane hadde teke over tyngden. Sand handelslag som låg like på kaikanten, fekk aldri eit kolli med «Fjordlast» så lenge båten gjekk. Sanninga var at «Fjordlast» kom mange år for seint i trafikk i Ryfylke.

Dei gamle båtane hadde gått smikkfulle med last til Sauda. På «Fjordlast» var det nesten alltid god plass. Einaste gongene båten var lasta ned til lastemerket, var når dei fekk med mangan frå smelteverket.

 
«Stordøy» i Sauda i 1978.
Alt for mykje av lasta var overteken av bilgodsruter. Det var ikkje rekningssvarande med ein så dyr båt. «Fjordlast» gjekk i opplag og blei erstatta med den gamle rutebåten «Hidle» i lasteruta til Sauda.

I 1985 selde Stavangerske «Fjordlast» til Nord-Norge.  Der gjekk den vidare under same navnet med ulike eigarar fram til 2001. Så bar det til Hellas der båten fekk  nytt navn og gresk flagg. Seinare etter nok eit navneskifte og Panama-flagg, blei båten stoppa av eit fransk marinefartøy, fullasta med kokain. Nå var navnet «Junior»,

Etter det blei båten liggjande i fleire år i arrest i Brest. Men båten var ikkje gløymt i Nord-Norge. Den blei kjøpt tilbake til Norge av Finn Olsen Rederi i Bodø.
Sommaren for tre år sidan var me på ferie i Nord-Norge. Då oppdaga eg ein båt med kjente linjer. Eg stussa litt på navnet «Fjordlast II», men det var same båten, viste det seg. Nå gjekk den tidlegare Stavangerske-båten i lasterute mellom Bodø og Nesna på oppdrag frå Nordland fylkeskommune. Om båten går i same farten ennå, har eg ikkje fått sjekka nå.
Det mangla ikkje på last då «Fjordsol» gjekk i Sauda-rutå. 

Kommentarer på Facebook;


Oddvar Kleivvik Går i Bodø den dag i dag....Bodø-Helgeland....to turer for uka...

onsdag 20. desember 2017

Hestehandlar Ola Djuv var ein trufast "Fjordsol"-brukar


Hestehandlar Ola Djuv og styrmann Johannes Yrke med følet som
skulle til Marvik. Foto: Leif Berge.

Syrgjeleg at "Fjordsol" skal vekk. Den har vore uvanleg god å senda dyr med. Dei har fått stå så godt og turt her på akterdekket. God passasjerbåt også. Eg har hatt mange gilde turar ut og inn fjorden. Nei, dette var trist. Eg kjem til å sakna båten.

Plutseleg sto den kjende hestehandlaren om bord i "Fjordsol". Heile Ryfylke og halve Rogaland hadde høyrt om Ola Djuv frå Svandalen i Sauda og mange hadde handla hest med han.

Du trur kanskje at dette var avtalt spel. At me hadde ringt til Djuven og bede han om å komma ned på kaien med ein hest. Eit hestebilde ville jo gjera seg godt i ein heilsides laurdagsreportasje.

Nei. Dette var heilt tilfeldig. Før me gjekk om bord i westarmaranen om morgonen for å reisa i full fart til byen, gjekk fotograf Leif Berge og eg bort om "Fjordsol" for å seia takk for i går til folka om bord. Me hadde jo reist med dei i timavis dagen før. Den gamle fjordabåten og den nesten heilt nye "Fjorddrott" låg ved same kaien og skulle gå klokka sju, begge to.

Der var Ola Djuv på plass på "Fjordsol" med eit føl som han skulle senda til Marvik. På den tida hadde han handla hest i 40 år og var i full aktivitet i september 1977. - Nå er det ikkje lenge til det skal vera Marken i Stavanger. Der er eg som alltid på plass, sa han.

- Skriv i bildeteksten at hesten står i midten, ropte fotograf Leif Berge. Då fekk dei lattedøra på vid vegg. Hestehandlar
Ola Djuv og styrmann Johannes Yrke.

Fotografen var rask med å få opp apparatet for å ta bilde av hestehandlaren og styrmann Johannes Yrke. Han tok fleire bilde. Pressefotografar har alltid trykt i veg utan å tenkja på koss mykje film dei brukar. Dei to karane som sto og heldt i følet, var kanskje litt reserverte. Fotografar har alltid småtriks for å få liv i folk dei skal ta bilde av.

- I bildeteksten må du skriva at hesten står i midten, ropte Leif Berge til meg.

Då lo karane godt. Dermed var det beste bildet i boks. 

Ola Djuv på Marken i 1953.
Du får mange treff viss du søkjer på Ola Djuv i Aftenblad-arkivet. Ein allsidig hestamann. Han handla hest og bruka hest til alle slags føremål. På garden i Svandalen nytta han hesten. Med kløvhest frakta han utstyr til kraftanlegg i Saudafjella og leverte proviant til byfolk på hytteferie i påskehelgene. Kanefart i Sauda sentrum var han også med på.

Laurdag 29. mai 1965 var det ein stor reportasje om Ola Djuv i avisa. - Trass i at han ikkje har runda dei 50 ennå, er han mellom dei best kjende hestehandlarane i fylket, med om lag 30 års røynsle i faget, står det i reportasjen som er laga av Fredrik Koch som var Aftenbladet sin mann i Sauda på den tida.

Interessa for hest hadde han hatt så lenge han kunne minnast. Bestefaren, Ola Aarthun Djuv, som kom frå Hellandsbygd og kjøpte garden i Svandalen, var ein kjend hestehandlar som hadde mykje å fortelja.

I 1965 hadde Ola Djuv åtte-ni mjølkekyr på båsen, 15 slaktegriser og ein del sauer. Ikkje nok med hestehandel og gardsdriften. Fabrikkarbeidar var han også.

Ola Djuv skrytte av "Fjordsol" og folka om bord. Han kom til å sakna dei sårt nokre år seinare. Bloggen i morgon handlar om det. Du må ikkje gløyma å skrua på datamaskinen i morgon. Det blir sterkt!

Kommentarar på Facebook:

Erling Hoftun Ola hadde utruleg godt lag med hestane, og han hadde ein fantastisk teknikk i å få dei ombord i båten hvis dei slo seg litt vrange fram mot langgangen. Ein runde eller to på i god fart på kaien og så rett ombord før hesten fekk sukk for seg

Jan Skaar Styrmann Johs Yrke....Ein støvanes gjille kar var han.....Avslutta sin karriere på Hidle,etter Fjordlast var tatt ut or lasteruta til Sauda.

Erik Falkeid Asbjørnsen Husker Johannes Yrke som styrmann da han var på "Bokn" som gikk til Steinnesvåg på Finnøy.
Foreldrene mine var omgangsvenner med familien, så jeg kjente han godt og fikk meg noen turer opp i styrehuset på Bokn..fine barndomsminner!


Harry Breiland Siste hesten i Gåsdalen kom frå Ola Djuv, ca 1960. Ei gilde merr som eg kjørte mykje med






tirsdag 19. desember 2017

Rutt var reine "Fjordsol"-rypa

"Fjordsol" ligg på Sand ein sommarkveld. Men dette bildet er teke etter at Rutt Herabakka hadde gifta seg og flytta til
Suldal. Ferja "Ropeid",  delvis gøymt bak greinene, var ny i 1965. Den gamle ferja ligg mellom "Ropeid" og "Fjordsol".
Foto: Ruth Nielsen.


"Fjordsol" var snar i snuen på Jelsa. På Marvik gjekk det også fort unna. Men då båten kom til Sand, gjekk tida. Her kunne det vera mykje folk som skulle på land. Og last i lange banar. Matrosane halte og drog. Tida gjekk. Saudabuane måtte ta det med ro. Lenge til dei var heime.


- Me blei godt kjende med folka om bord. Nesten omgangsvenner med familien. Når far min feira runde tal eller det var andre store dagar i familien, var "Fjordsol"-folka oppe i stova vår og fekk kaffi og kaker. Ser ennå for meg restauratør Kaj Nilsen som åt kake og likte den, fortel Rutt Herabakka som kan navn på dei fleste styrmenn og kapteinar den dag i dag: Nikolai og Sigurd Døskeland, Arnt Søllesvik, Martin Hodnefjell og Enok Dalaker.

- Og du som skreiv i Jonebloggen i går at Søllesviken var sint. Han var jo verdens blidaste mann, slår Rutt fast.

Rutt Sverresdotter Herabakka.
Faren hennar, Sverre Underbakke, dreiv Sand Skipsekspedisjon i mange år. Seinare overtok sonen Fridtjof og kona hans, Solveig, familiebedrifta. Underbakke-familien hadde ekspedisjonen i kjellaretasjen.

Rutt var sju år då "Fjordsol" kom som ny i 1948. Ho vaks opp med båten som kom og gjekk kvar dag, morgon og kveld.

Mens mannfolka i familien tok seg av arbeidet på kaien og i pakkhuset, var det den kvinneleg delen av familien som ordna arbeidet med følgebrev og lastekart og avkryssing av last frå byen som blei henta. Mor Astrid, syster mi, Margreta og meg hadde ansvaret for dette.

Rutt fortel at ho lengta heim då ho gjekk på gymnaset i Sauda frå 1958 til 1961. Rett som det var, haika ho til Ropeid og for å komma seg over fjorden til Sand. Langt utpå kvelden tok ho "Fjordsol" inn til Sauda igjen.  Som regel var ho oppe i styrehuset innover Saudafjorden.

- Eg fekk æra av å sy den tredje stjerna på jakkeslaga til Nikolai Døskeland då han overtok som  kaptein i 1960.

Vinteren 1962 - 1963 var ho lærar på Jelsa. Men ho reiste like ivrig heim til Sand. Kvar helg pluss ei natt midt i veka var ho heime.

Kva var det som drog, Var det mannskapet på "Fjordsol"  eller mora heime på Sand?

Begge deler er feil.

Den fyrste vinteren ho gjekk på gymnaset, møtte ho Johannes frå Suldal. Han var det som drog henne heim til alle tider.

I 1964 gifta ho seg og flytta til Suldal. Ho fekk fire sønner saman med Johannes.

Sonen Sverre overtok garden i 1995. Då flytta "gamlingane" til Sand.

Rutt Herabakka arbeidde i årevis som lærar og lærarvikar. Frå 1987 var ho tilsett ved skulekontoret i Suldal og seinare var ho personalsjef i Suldal kommune. Ho mista Johannes for fem år sidan.

Men Rutt er stadig full av energi og stadig på farten. Berre prøv å få tak i henne. Det er ikkje lett.

Kommentarer på Facebook:

Anne Marie Wetteland Var d noe min far (Kaj Nilsen) var glad i, så var det kake. Særlig fløtekake 

Britt Wiliams Husker godt Rutt Underbakke som var I samme klasse som Gunn Brekke. Jeg var I klassen under, Britt Lunde Johannesen.


Reidar Aanensen Morro å lese "Fjordsol" bloggen. Min mor Eva Aanensen hadde æren av å være gudmor for båten på Rosenberg i 1948. Senere var hun gudmor for "Ryfylke" bygget i Lemwerder ved Bremen i 1953 og den første hydrofoilen "Vingtor" i Messina, Sicilia 1960.





















mandag 18. desember 2017

Stressa "Fjordsol"-styrmann og hissig grisebonde på Jelsa-kaien.

Griser skal om bord i fjordabåten. Grisebonden på landgangen med følgebrev-boka i baklomma. Matrosane og styrmannen er klare til aksjon på fjordabåten "Sand". Bildet er frå kaien på Hjelmeland på 1950-talet. Foto: Finn Johannesen.

Dette er ein unntaksblogg. Audun Skryten, utflytta jelsabu, fortel her med eigne ord om då han og faren skulle senda slaktegriser med "Fjordsol" til slaktar Marvik på Sand. 
I oppveksten min på Jelsa på 1950-60-talet var rutebåten, eller dampen som han heitte i dei fleste sin munn, mellom Stavanger og Sauda eit viktig og fast haldepunkt både i kvardag og helg. Og i minnet mitt er det alltid «Fjordsol» det er snakk om.
Audun Skryten fortel om då han og faren
skulle senda griser med "Fjordsol".
Båten la til kai to gonger om dagen, til byen om morgonen og frå byen i kveldinga. Den frakta folk, og den frakta varer av alle slag, frå margarin til kraftfor til dyra på gardane. Og ikkje minst var me avhengige av båten når dyr skulle sendast til slakt.
På det vesle bureisingsbruket der eg voks opp, var me nøydde til å utnytta kvar ein kvadratmeter både ute og i driftsbygninga skulle me få endane til å møtast. Far min var svært nevedyktig og snekra saman båsar og bingar i alle krokar i fjøset. Det resulterte blant anna i at me kunne fora fram om lag 20 griser til slakt om gongen.
Nokre griser slakta far heime og selde til folk som hadde bestilt, men dei fleste måtte sendast til slaktar Marvik på Sand. Og då var «Fjordsol» god å ha.


Ganske stressande å bakka ein traktor-tilhengar full av slaktegriser ut over den smale Jelsa-kaien som er full  av ferdafolk.
Ikkje rart at kjenslene hjå dei involverte kom i sving før grisene var trygt om bord. 

Når grisene var slakteferdige, rundt 65-75 kg, var det å ringja Stavangerske i byen og bestilla plass til 15-20 griser. Båten til Sand la til kai på Jelsa om lag klokka fem på ettermiddagen, og då måtte me vera på plass.
Då traktor kom til gards på slutten av 1950-talet, vart transporten til kaien nokså grei. Me jaga grisene frå fjøset og inn på traktortilhengaren, og så bar det til Jelsa-kaien. Det var eit heilt kunststykke å rygga traktor med hengar ut på den smale, lange kaien på Jelsa.
«Fjordsol» var som regel nokså presis på tida, det verka som om mannskapet om bord sette æra si i å halda tida. Vel fortøya ved kaien skulle folk av båten og på båten, varer skulle lossast, og så var det grisene sin tur. Me rygga traktoren med hengar tett inn til landgangen som vart brukt når dyr skulle om bord.
Mannskapet gjorde i stand eit rom på dekket der grisene skulle vera, avgjerda med trelemmar. Og så begynte moroa. Me fekk ein og ein gris frå hengaren ned på kaien, drog og skuva han bort til landgangen, og der stod som regel eit par av mannskapet og greip tak i kvart sitt øyre og drog mens me stod bak og skuva. Grisene hylte og skreik som griser skal gjera, men ned landgangen måtte dei. Dei pissa og skeit slik at både landgang og dekk vart heller vått, sleipt og frykteleg skittent.
Ikkje mindre skitne og tilreidde var mannskapet som deltok i innlastinga. Hender og klede lukta nok griseskit resten av turen inn til Sand der grisene fekk sin siste opphaldsplass. Nokre av mannskapet grylte og kjefta over det fæle arbeidet dei vart sette til, mens andre hoia og lo og slo av den eine vitsen etter den andre.
Styrmann Arnt Søllesvik, til venstre, og på kaptein Nikolai Døskeland på
"Fjordsol".  Bildet tilhøyrer Solveig Søllesvik. 
Alt dette tok lang tid, og det var i alle fall ein som verken lo eller vitsa mens dette pågjekk. Og det var styrmannen. Eg hugsar særleg styrmann Arnt Søllesvik som var nokså fersk og ung den gongen. Han ville ha fortgang i arbeidet, og ropte opp til far min som stod på kaien at han fekk sjå til å få lastinga unnagjort. Og det måtte kunna gå an å få grisene til å lensa seg før dei skulle om bord, det var trass i alt eit passasjerbåt.
Far min var kokt i hovudet av alt grisehyl og arbeid og hytta med neven mot styrmannen og meinte at den der spirrevippen med høg huve, dress, slips og blanke knappar i trøya burde finna seg eit anna arbeid. Det eine ordet tok det andre. Sjølv stod eg som 13-14-åring på kaien og skjemdest fælt av far min som kunne få seg til å stå slik og skrika og kjefta. Men kven brydde seg om ein skamfull gut i framslengsalderen.

Endeleg kunne styrmannen gå til skipsklokka og ringja båten frå kai, dualeg forsinka. Etter kvart roa nok gemytta seg. I alle fall til neste gong griser skulle sendast til slakt.

Takk til Audun Skryten for ei levande skildring. Arnt Søllesvik var ein både kjekk og blid mann. Men han hadde ord på seg for å kunna hissa seg fort opp. Som kaptein på westamaranen "Fjorddrott" sa han ein gong opp matrosen om bord fordi han hadde gløymt å spyla dekket før avgang frå Sauda om morgonen. Oppseiinga blei trekt tilbake då matrosen seververte kaffi i styrehuset før ankomst Marvik ein time seinare. Dette har Arne Søllesvik fortalt meg. Han er son til den omtalte styrmann og kaptein i denne bloggen. Fort sint, fort blid igjen.

søndag 17. desember 2017

Merethe matros med fjordafart i blodet

22-årige Merethe Samuelsen er matros og billettør på ferja "Vannes" som går i sambandet Hjelmeland, Nesvik, Ombo.

- Merethe er over middels interessert og engasjert i ferjedrift, kan du seia. Ei jenta som gjerne diskar opp i byssa med god mat på laurdagskvelden og lagar framifrå salatar, fortel ein kollega.

Ikkje løye at 22-åringen er interessert i jobben og det som skjer rundt henne. Etternavnet er Samuelsen. Oldefaren, farfaren, faren, Arne, og to onklar og to brør er også sjøfolk. Dessuten har både mora, Gunvor, og fleire tanter jobba med reinhold og kioskdrift på ferjer og hurtigbåtar.

 Ho har det i blodet kan du trygt seia.

- 1. juli i  fjor begynte eg som vikar i Norled, fortel Merethe som er matros med fagbrev som det heiter i dag. I år fekk ho fast jobb i selskapet.

Ferja "Vannes" er ny av året. Den tilhøyrer Boreal Transport, men er utleigd til Norled og går i
Hjelmelandsruta. 


Nå er ho kombinert matros og billettør om bord i "Vannes" som går i ferjeruta Hjelmeland - Nesvik - Ombo. Denne ferja er ny av året og tilhøyrer Boreal Transport, men er utleigd til Norled for å gå på
Hjelmelandsfjorden.

Ho har funne seg godt til rette om bord. Her jobbar dei ei veke og har to veker fri. Dei er i alt sju om bord på ein gong og har 13 timars arbeidsdag.

"Vannes" ved ferjekaien på Skipavik, Ombo, i dag 17. desember 2017.
Sjernarøy-jenta gjekk fyrst to år på skuleskipet "Gann" for å få grunn-utdanning som sjømann. Deretter hadde ho læretida si på brønnbåten "Tauranga" som høyrer til på Langevåg på Bømlo, men går mykje i Ryfylke. Der var ho også i to år.

Folka som jobbar på fjordabåtar og ferjer, er vant med å skifta båtar rett som det er. Merethe har alt vore  på "Hjelmeland", "Sjernarøy", "Stallovarre", "Foldøy", Bjørnefjord" og "Sigrid".

- Kvifor blei du matros?

- Ved middagsbordet heime blei det snakka så mykje om ferjer og fjordabåtar at eg knapt visste om andre yrke, seier Merethe og smiler.

Tre av fire søsken er sjøfolk: Andreas (27) er stuert på Møkster-båten "Strilborg", Jostein (25) er matros på "Foldøy". Lillesøstera, Stine (21) er utskuddet i familien. Ho utdannar seg til sjukepleiar i Kristiansand. Faren, Arne, er matros på ferja "Sjernarøy" i Midtsambandet.

Gamle "Fjordsol" er jo utgangspunktet for denne adventkalenderen. Me kom litt ut av kurs då eg begynte å skriva om motormann John Samuelsen og hans familie. Men det var jo interessant.  Tydeleg at Samuelsen-folka har likt seg godt på båtane og er stolte over bakgrunnen sin.

Lovar å vera tilbake i "Fjordsol"- ruta i morgon. Hald ut!










lørdag 16. desember 2017

Samuelsen-sjøfolk på alle fjordabåtar

 Samuelsen-familien i 2010: Kaptein Svein Magne Samuelsen, til venstre, maskinsjef Jan Henrik Samuelsen,
matros Arne Samuelsen og matroslærling Jostein Samuelsen. Bildet er teke bloggaren personleg.


Ikkje nok med at han var ein trufast motormann i Stavangerske. I tillegg sørga han for at tre sønner begynte på båtane i tur og orden. Samuelsen-navnet er blitt eit fast innslag i fjordafarten. 

Kållempar John Samuelsen frå Sjernarøy måtte gå i land frå dampbåten «Rogaland» i Odda i slutten av april. Stavangerske-båten hadde gått inn i Hardangerfjorden etter krigsutbrotet 9. april og enda opp i inst i Sørfjorden. Der gjekk Samuelsen og resten av mannskapet i land. 
John Samuelsen i maskinrommet på "Fjordsol".

Men John Samuelsen kom sterkt tilbake. Han seilte på fjordabåtane i aldri så mange år etter krigen. Som eg fortalde i går: I 1977, to år etter at han hadde gått i land som pensjonist, var han henta inn som motormann på "Fjordsol". Dette var ikkje siste gongen han var tilbake på båtane. 

Dessutan sørga han for at Stavangerske har hatt rikeleg med Samuelsen-folk å velja i når dei skulle bemanna båtane sine.

Tre av sønnene hans har jobba på ferjer og fjordabåtar i alle år. I tillegg har dei vore ivrige til å stilla opp når veteranskipet «Rogaland» treng mannskap.

- 8 kroner og 20 øre fekk far utbetalt då han mønstra av i april 1940, fortel sønene. Seinare under krigen tjenestegjorde Samuelsen på «Øybuen». Han blei verande i Stavangerske i mange år etter at dampbåtane slutta å gå. Han døydde i 1995, 80 år gammal. 

Hausten 1951 gjekk han i land frå dampbåten «Sandeid». Denne båten forliste 5. desember same året. Fjordbussen «Fjorddrott» blei hans nye arbeidsplass. Der var han motormann i 13 år. Deretter skifta han til ferja «Tau» der han blei fram til han kunne gå av med pensjon i 1975. I åra etterpå var han om bord i fjordbåtane som vikar mange gonger. Mellom anna tjenestegjorde han på gamle «Fjordsol» siste tida den var i drift hausten 1977.

John Samuelsen om bord i "Tau" saman med matros Magne Hansen og
maskinist Bjarne Idsø. Fotograf ukjent.
 - Då eg var maskinist på «Årdalsfjord», hadde eg far med som motormann, fortel Jan Henrik Samuelsen som var den fyrste av sønnene som begynte i «Selskapet». Jan Henrik gjekk på yrkesskule i Stavanger og hadde bruk for sommarjobb. Då gjekk faren på til mannskapssjefen Rasmus Kyvik, sjefen over alle sjefar for dei om bord i båtane, og spurte etter jobb for sonen. Sidan tok Jan Henrik maskinistskulane og blei verande i Stavangerske i alle år. Nå er han pensjonist, men tek ein og anna ekstra-jobb på ferjene når dei manglar maskinist.

- Såg arbeidet til faren din så spennande ut at du og brørne måtte kopiera han?

- For oss som vaks opp på Sjernarøyane og gjerne ville bu der, var der ikkje så mange alternativ. Derfor blei det naturleg å begynna i Stavangerske.

- Fekk du mange råd av faren din? 

- Eit einaste. Då eg drog ut på ein Stavangerske-båt som gjekk på Raudehavet og Middelhavet, sa han ein ting: Hald deg vekke frå tatoveringar! 

Mange brør har seilt på Stavangerske-båtane. Tre brør hos same arbeidsgivar er sjeldan i dag. Tidlegare var det meir vanleg. Til og med eg kan rekna opp fleire slike broder-flokkar.

Alle Samuelsen-brørne har vore tillitsvalde i sine tre ulike fagforbund. Eldstemann, Svein Magne, 59, var kaptein på «Sjernarøy». Nå er han pensjonist, men er innom som vikar av og til. Tidlegare var han tillitsvalt i Norsk Sjøoffisersforbund. Jan Henriks var maskinsjef på «Foldøy». Han var tillitssvald i Det Norske Maskinistforbund. Arne, 57, er matros på «Sjernarøy». Han har nå over 40 års teneste og har vore tillitsvald i Norsk Sjømannsforbund. Sonen til Arne, Jostein, er nå matros på "Foldøy". 

Forresten er det meir Stavangerske-historie i familien: Bestefaren til Samuelsen-brørne, Sven Mandius Samuelsen, var i si tid fyrbøtar på Stavangerske-båtane «Kronprinsesse Martha» og «Bergen». 

Dagens spørsmål: Er det ikkje jenter i Samuelsen-familien? Du får svaret når du åpnar søndagsluka. Vart du spent no?