lørdag 29. april 2023

Kjærlighetsbruene - ekta kjærleik og solide betongbruer i Ryfylke

 

Bodhild og Karluf Bråtveit feirar diamantbryllup til 
sommaren.


Tenkte han på jenter der han sto, 14-årige Karluf Bråtveit? Han hadde fått sin fyrste skikkelege jobb. God betaling fekk han også. 27 kroner veka. Ikkje rart han var blid.


Karluf retta ut på spiker som var brukt då dei laga forskalinga til Kjerrli bru i Vormedalen, eit par-tre kilometer frå Tøtlandsvik. Då betongen hadde tørka, blei forskalingsfjølene plukka ned og spikrane trekte ut og retta opp så dei blei fine og beine igjen.


Tunglandsbrua i dag.


Gjenbruk var sjølvsagt i 1952. Spikeren og fjølene skulle brukast til å laga ei akkurat lik bru på Jørpeland. Ånen Mæland og Johan Tytlandsvik, dei to lastebileigarane i bygda, lasta opp og kjørte den lange, smale, svingete vegen heilt frå Vormedalen innerst i Hjelmeland til Jørpeland der det skulle byggjast ny bru over Tunglandselva.


Den unge Karluf fekk vera med på ein av desse turane med lastebil og fekk sjå Jørpeland for fyrste gong.


Kjerrlibrua i dag. Foto: Njål Hetlelid.


Arbeidslaget som bygde brua besto stort sett av lokale mannfolk som tok dei jobbane som det var råd å få i bygda på den tida. Lars Bråtveit, far til Karluf, var ein av brubyggjarane. Desse karane hadde gjort ein god jobb og fekk tilbod om å vera med til Jørpeland og byggja brua der også.


Dei fleste takka ja til tilbodet og reiste til Jørpeland der dei bygde brua som sto ferdig i 1953.


Arbeidsfolk på Tunglandsbrua. Frå venstre: Lars Jøssang, Lars Bråtveit, Knut Jøssang, 
Guttorm Normann, Ole Førland, Torger Jøssang og Ole Voll. Bildet tilhøyrer
Karluf Bråtveit.



Ein del jørpelandsbuar fekk også jobb med å byggja bru. Kan du tenkja deg der fekk Lars Bråtveit ein ny kollega, Ole Voll. Dei sto side om side på stilaset høgt over Tunglandselva og slo inn spikeren som unge Karluf hadde retta opp.


Nå skal eg ikkje lyga og påstå at dei to snakka om ungane sine og at det kom fram at det var ei Voll-jenta på Tungland som var i passande alder for Karluf. Langt i frå. Men Ole Voll var den framtidige svigerfaren til Karluf Bråtveit.


Dei to bruene var kjærkomne i kvar sine bygder. Kjerrlibrua erstatta ei provisorisk bru over Vormedalselva. Den gamle brua blei teken av ein svær flaum under krigen. Den midlertidige brua var så skrøpelig at passasjerane måtte ut av bilane når dei skulle over brua. Nå kunne dei kjøra sutalaust til Tøtlandsvik.


Arbeidsfolk frå¨Vormedalen og Jørpeland. Framme frå venstre: Maurits Jøssang, Olav
Fossane, Lars Jøssang, Bjørn Langeland, Oliver Åsland og Guttorm Normann. Bak frå venstre: 
Oppsynsmann Manfred Fransson, Torger Jøssang, Ånen K. Mæland, Ole Førland, Knut
Jøssang, Lars Bråtveit og Jone Fossane.  


Då Tunglandsbrua blei åpna våren 1953, kunne Ola Buss starta med bussrute til Jøssang, sto det i Aftenbladet. Røyrgata til kraftstasjonen nede på Jørpeland kryssa den gamle brua. Bussane kom ikkje under røyrgata. Men nå var dette problemet løyst. Begge desse bruene blei ein del av Ryfylkevegen. Alle som har kjørte mellom Tytlandsvik og Oanes har kjørt over desse bruene.


Unge Karluf Bråtveit var interessert i bilar og bilkjøring. Han fekk tidleg førarkort og var ikkje sein med å utvida førarkortet slik at han kunne kjøra både lastebil og buss.


Ola Buss som dreiv Østerhus bilruter hadde bruk for sjåførar og den unge vormedalsbuen flytta til Bjørheimsbygda og  blei bussjåfør. Då møtte han kontordama Bodhild Voll frå Tungland. Dei blei kjærastar og gifta seg sommaren 1963. Det blei feira dobbelt bryllup på Folkets Hus. Steinar Voll, bror til Bodhild, gifta seg med Else Marie. Seinare blei Karluf bilmekaniker på Jørpeland. 


Frå Aftenbladet juli 1963.



Bodhild og Karluf busette seg på Tungland og fekk tre barn. Dei bur ennå der og er friske og raske. Til sommaren har dei diamantbryllup.


Arbeidskarane møtte Krokhølsmeden på Tungland. Frå venstre: Jone Fossane, Lars Bråtveit,
Krokhølsmeden Bernhard Karlsen og Guttorm Normann. Bildet tilhøyrer Bjørg Mæland.


For meg har også desse bruene vore viktige. Kjerrlibrua som eg i min barndom trudde hette Kjærligbrua, var ei stor flott, brei bru på vegen mellom Laugaland og Tøtlandsvik. Me guttane sykla ned til brua av og til og beundra den. For her var det til og med fortau, nett som i byen.


Som 20-åring møtte eg Berit frå Tungland på dansen på Heiå. Det gjekk med meg som med an Karluf. Eg blei gift med ei Tunglandsjenta. Ikkje nok med det: Kona til Karluf hadde vore passejenta for ho som eg fekk tak i. Som små jentungar balanserte Berit og tvillingssystera Venke ofte på røyrgata då dei skulle ned til Jørpeland.


Bygdeoriginalen Krokhølsmeden såg ka slags galskap småjentene dreiv med. Han visste sjøl at han såg litt rusjen ut. Derfor tok han ikkje sjansen på å skremma jentene slik at dei datt i elva. Han gjekk til mora til tvillingane og gav beskjed. Som takk for at Krokhølsmeden heldt oppsyn med ungane, gjekk jentene kvar julafta med julemat-presang til smeden.


Litt meir om brua. Aftenbladet skreiv at den kosta mellom 80 000 og 90 000 kroner. Hovedspennet er 24 meter.


Viss du vil ha deg ein biltur på arbeidarane sin dag på mandag, kan du ta deg ein tur å sjå kva arbeidsfolk bala med for 70 år sidan. God helg!


Berit og dei andre Tunglandsungane på veg mot Tunglandsbrua og sentrum for å kjøpa 
melk i april 1955. Ho som ledar flokken er Berit, kona mi. Bildet sto på 
fyrstesida på Aftenbladet 16. april 1955.




onsdag 26. april 2023

Rekord-lam på 9,3 kilo

 

Blenda-kartongen tålte ikkje rekordlammet frå Sauda. Foto: Oddvar Lavold.



Oopps! Pappkartongen tålte ikkje det svære lammet. Lamme-eigaren Arne Rød, skulle vega lammet til ære for Aftenbladet sine lesarar. Men dette blei for mykje for emballasje som var laga for vaskepulver.


Journalist Oddvar Lavold rykte ut til Rød i Sauda for å laga reportasje på det store lammet til Arne Rød.


Rett før var det proklamert at det var sett norsk lammerekord i Bjerkreim. Nyfødd lam på ni kilo. Men dalalammet i Sauda var på 9,3 kilo då det blei fødd. Då Aftenbladet kom på besøk i andre halvdel av mai 1962, var vekta fordobla. 18,7 kilo.


Arne Rød med rekordlammet. Foto Oddvar Lavold.



Sjølv om det ikkje blei eit bilde av lammet på vekta, blei det forsikra at truverdige naboar på Rød hadde vore med sist dei vog lammet. Det var ingen tvil om vekta.


Arne Rød var på denne tida handelsmann i Sauda og gardbrukar og sauespesialist i tillegg. Våren 1962 hadde han 23 sauer som lemmde. Dei fekk til saman 45 lam og alle levde opp. Dei var så spreke og fine at det var ein lyst å sjå dei, sto det å lesa på Gard og Grend-sida i avisa.


Den unge Sauda-bonden var ein engasjert sauemann. Eit raskt søk i Aftenblad-arkivet viser at han stakk av med mange premiar på sauesjå i 1960-åra.


Konlusjonen frå journalist Lavold: Det var nesten umulig å melda om rekordar frå resten av verda. I Sauda overgjekk dei det meste. Kom det ei sensasjonsmelding om ein Guarnerius-fiolin i Argentina, var det to – tre slike i Sauda. Var det ein syskenflokk i Nord-Norge som sette norgesrekord i samla alder, var det ingenting i mot rekorden i Sauda.


Som du forstår: Eineståande!

tirsdag 25. april 2023

Tøffe tider då Andor Andersen lærte bort forskalingskunsten

 

Kursleiar Andor Andersen med elevane sine. Deltakarar frå venstre: Geir Amdal, Torstein Årthun. Andre på bildet: Ivar Svandal, Istvan Farkas. Deltakar-navna er henta får facebook. Vil gjerne
ha innspel. Desse navna sto nemleg ikkje i avisa. Foto: Oddvar Lavold.



Stri jobb å bli spesialist som forskalingssnekker. Kurset startar ved halv åtte-tida på morgonen og er ikkje ferdig før ved åtte-tida på kvelden. Slik kunne kvardagen vera. I alle fall i Sauda vinteren 1962.


Dette var vaksne arbeidskarar som anten var arbeidsledige for vinteren eller hadde teke permisjon frå sitt vanlege arbeid for vera med på kurset. Dette var eit tiltak for å hindra arbeidsløyse.


Eg fann bildet av den smilande instruktøren og elevane hans i bildesamlinga etter tidlegare Aftenblad-journalist, avdøde Oddvar Lavold. Han var ved Aftenblad-kontoret i Sauda frå 1961 til 1963. Ei svær samling med negativ-film fekk me låna av enka Doris Lavold. Terje Bråtveit på Sand har digitalisert samlinga og eg har fått kikka på bilda.


Ingen opplysningar om kor dette bildet var frå, men eg la det ut på diverse facebook-grupper. Masse respons frå "Gamle Sauda"-gruppa. Dei kjende den blide instruktøren, Andor Andersen, sjølvsagt. Og det hagla med navn på kursdeltakarane.


Med Andor-navnet på plass var det berre å søka i Aftenblad-arkivet. Bildet og medfølgande artikkel sto i avisa 22. februar 1962.


13 arbeidskarar hadde forskansa seg i eit tilfluktsrom i Sauda for å læra alle finesser i forskalingsfaget. Dette var eit åtte vekers kurs med deltakararar frå Sauda, Imsland, Vikedal og ein einsleg frå Stavanger.


Dei starta dagen med praktisk arbeid i tilfluktsrommet ved Øgreid-svingen. Her fekk deltakarane læra å konstruera ulike forskalingar og prøva seg på arbeid av det meir innvikla slaget. På kveldstid var det teori i lokala til Sauda yrkesskule i Saudasjøen.


Det blei seine kvelden før dei fekk traska heim. Men dei kunne trøsta seg med fri på laurdagen.


Kursleiar Andor Andersen var ein legendarisk saudabu som hadde sitt eige entreprenørfirma i bygda i mange år. Han var kjend både som ein dyktig arbeidsmann og ein svært omtenksom arbeidsgivar. På det meste hadde han 20 mann i arbeid. Mange som sleit med å tilpassa seg arbeidslivet, fekk jobb hjå han.


Andor Andersen blei ein gammal mann. Han døde i 2021, 102 år gammal.


Heile sitt liv var han ein ihuga Arbeiderparti-mann. Ved kommunevalet i 2015 brukte han røysteretten fyrste dagen ein kunne forhåndsstemma i tilfelle han døde før valgdagen.


Eg laga ein blogg om Andor Andersen for fleire år sidan. Du finn den ved å søka på jonebloggen.

fredag 21. april 2023

Risørskøyta «Anglis» - fiskeskøyta blei skyssbåt og så tysk lystbåt

«Anglis» som skuleskyss i Lysefjorden i 1966. Foto: Oddvar Lavold. 




Risørskøyta «Anglis» seilte ut Høgsfjorden ein vakker dag for om lag 50 år sidan. Marius Stangeland på Forsand hadde seldt den vakre kvitmalte skøyta til tyske entusiastar som skulle bruka den som lystbåt. Koss det gjekk med «Anglis» i Tyskland veit eg ingenting om.


Grunnen til at eg skriv om den, er at «Anglis» kom seilande då Terje Bråtveit og eg gjekk gjennom gamle svart-kvitt-filmar etter Aftenblad-journalist Oddvar Lavold.


Bildet av «Anglis» blei lagt ut på diverse grupper på Facebook og der fekk me napp. - Dette er «Anglis». Denne skøyta hadde bestefaren min, Marius Stangeland, i over 20 år, meldte Kjell Magnar Stangeland, kjent hurtigbåt-skipper på Lysefjorden gjennom aldri så mange år.


"Anglis" i si fyrste heimehavn, Ramsøya. Bildet tilhøyrer Kay Georg Arntsen.



Kay Georg Arntsen frå Sørlandet gav oss også viktig informasjon: Min far hadde ei skøyte som hette «Anglis». Den var 37 fot og det sto ein 20 hestars Rubb om bord da den var ny i 1930. Ramsøya i Aust-Agder var den fyrste heimehavna.


Marius Stangeland frå Forsand blei ny eigar i 1957. Han hadde planar om å driva med reketråling i fjordane med «Anglis». Eg veit ikkje om skøyta blei brukt til tråling. Men den blei eit kjent farty i fjordane.


Då Oddvar Lavold tok bildet av «Anglis» var lasta skuleungar. Den gjekk som skuleskyss frå Havn, Eiane og Høllesli ytterst i Lysefjorden til skulen på Forsand.


"Anglis"fekk nytt styrehus på 1970-talet. Heilt til høgre eigar Marius Stangeland på tur med 
barnebarna. Frå venstre: Rune, Kirsten og Arild. Kjell Magnar i styrehuset. Bildet tilhøyrer
Kjell Magnar Stangeland.


Ei tid på fyrste halvdel på 1960-talet var «Anglis» eit kjent syn i Jøsenfjorden. Då gjekk Marius Stangeland for Vassdragsvesenet som dreiv med anleggsarbeid i Førrebotn. Mellom anna gjekk dei med arbeidsfolk frå Tøtlandsvik og Vadla til Førre.


Marius Stangeland passa godt på skøyta si. Han likte ikkje last som kunne setja merke av ulike slag på dekk eller skrog. Oljefat, til dømes, ville han ikkje ha om bord. Desse blei frakta med gavlabåten «Hauaen» frå Vadla til Førre.


- Eg tjente som guttunge mine fyrste pengar då eg fekk vera med bestefar på å taua den gamle rutebåten «Høgsfjord 1» til Forsand. Jan Berge og far, Rudolf Stangeland, hadde kjøpt båten. Dei tok ut mykje av utstyret frå den gamle rutebåten og selde den vidare til Oslo. Eg fekk 600 kroner for jobben, fortel Kjell Magnar Stangeland.


I 1972 kom det nytt styrehus på skøyta. Ikkje så lenge etter blei den seldt. Marius Stangeland var blitt pensjonist.


- Dei tyske kjøparane henta skøyta på Forsand. Seljarane, Marius og sonen Rudolf Stangeland, tilbaud seg å visa kjøparane Preikestolen før dei drog sørover. Dei var ein tur inne i fjorden.


- Men far og bestefar var opptekne av fisken i fjorden i all si tid. Fjelltoppane innover hadde dei mindre greie på. Tyskarane blei viste ein fjellknaus, men det var ikkje Preikestolen, fortel tredje generasjon Stangeland, Kjell Magnar.


Fiskeskøyter i Bergevik, Forsand. "Anglis" heilt til høgre. Bildet tilhøyrer Kjell Magnar
Stangeland. 


onsdag 19. april 2023

Matrosen frå Afrika som fall pladask for butikkdama i Sauda

 

Dennis frå Afrika og Astrid frå Sauda gifta
seg i sjømannskyrkja i London.



Matrosen frå Afrika gjekk ein tur i land frå Haugesundsbåten «Sneland 1» mens båten låg og lossa manganmalm ved fabrikken i Sauda i mars 1953. Denne landloven endra livet hans for alltid.


Han fall pladask for den smilande butikkdama på Skorpe kolonial. Astrid Johansen blei ikkje mindre begeistra for 32-årige Dennis Greentree. Dei blei kjærastar, var på dans på Folkets Hus og gjekk turar på byn desse dagane medan «Sneland 1» låg der inne i Ryfylke. Før året var omme, var dei blitt eit ektepar. Dei gifta seg i sjøpmannskyrkja i London 28. november 1953 og heldt saman til døden skilte dei ad i 2012.


Dennis Greentree som skreddar i Sauda.



Bildet av Dennis Greentree dukka opp i ei gammal avis frå 1962. Ein smilande skreddar med eigen butikk i Rådhusgata i Sauda. Her sto det om Dennis sjømann som hadde gått i land i Sauda og møtt kvinna i sitt liv. Dette fanga mi interesse og nå har eg samla på opplysningar om skreddaren.


Men hallo! Skreddar? Dennis Greentree fortel til journalist Oddvar Lavold i Stavanger Aftenblad at han jobba som skreddar i Cape Town i Sør-Afrika. Då krigen kom, fekk arbeidsgivaren problem med å skaffa tøy og måtte seia opp Dennis Greentree. Han var arbeidsledig.


"Sneland 1" av Haugesund kom til Sauda med manganmalm.
 På bildet er det trelast om bord.


Den unge skreddaren gjekk då til det norske konsulatet i Cape Town. Der fekk han hjelp til å skaffa seg nytt arbeid. I oktober 1942  mønstra Dennis Greentree på tankbåten «Nordanger» som messegutt. Han mønstra av i 1943 i Baltimore, USA. Resten av krigen seilte han på dekk som lettmatros. Han var på desse båtane under krigen: MT «Egerø», MT «Peik», MS «Dagrun» og DS «Ole Bull». Denne siste båten mønstra han av i juni 1945.


Dennis Greentree fekk seinare medalje for sin innsats som norsk krigsseilar.


Etter krigen seilte han som matros på DS «Fritjof Nansen», smørar på MS «Thorscape» og så lettmatros på «Sneland 1». Dette var båten som gjekk frå Takoradi til Sauda der det oppsto søt musikk mellom Dennis og Astrid.


Etter at han var blitt gift og busett i Sauda, fortsatte han som sjømann i fleire år til. Han var matros på MS «Kosmos III», DS «Vistafjord» og så til slutt MT «Anna Knudsen»der han mønstra av i april 1955.


Seinare jobba han på fabrikken i Sauda før han etablerte eigen skreddarbutikk. Men han slo seg ikkje til ro i Sauda. I 1964 drog Astrid og Dennis til Canada. Der prøvde han seg igjen som skreddar, men enda som jernbanemann fram til han blei pensjonist.


Etter det eg har forstått, er det ikkje lett å skaffa seg foto og meir opplysningar om sjømannen Dennis Greentree gjennom åpne kilder på nettet. Håpet er derfor at det kan vera nokon som kan ha foto frå eit av skipa der han var om bord og kanskje andre opplysningar om livet om bord. I så tilfelle er eg svært interessert.


søndag 16. april 2023

Tre menn omkom og tre alvorleg skada i Bratlandsdalen

 

Båra med den skadde Udmund Håra på veg frå helikopteret til ambulansen som tok han til
Sauda sjukehus. Mannen med slips og hatt er Einar Eidsvåg. Foto: Oddvar Lavold. 



Tre menn omkom og tre blei alvorleg skada i Bratlandsdalen då ei svær steinblokk fall frå taket i ein halvtunnel over bilen. Det var ni vegarbeidarar på veg ned til Nesflaten etter at arbeidsdagen var ferdig mandag 2. april 1962.


Den fæle ulukka gjorde sterkt inntrykk både i Suldal og resten av Rogaland. Redningsarbeidet starta straks. Fyrst i Brattlandsdalen og så på Nesflaten Seinare på dagen blei det også stor oppstand i Sauda då to små helikopter frå Sola gjekk i skytteltrafikk med tilskadekomne arbeidarar som skulle til behandling på Sauda sjukehus.


Fyrstesida på Aftenbladet 3. april 1962.



Den opprinnelege planen var å frakta dei skadde til sjukehus i Stavanger, men kraftig snøvêr over Suldal førte til at helikoptera måtte gå til Sauda.


Det var ikkje lege tilgjengeleg. Vegen gjennom Brattlandsdalen var stengd og dermed kom ikkje legen i Røldal fram til Nesflaten. Det var to sykepleiersker på plass. Fru Herrem, kona til anleggsleiaren, og Elisa Hårenes, tilsett på sjukehuset i Stavanger, som tilfeldigvis var heime på familiebesøk. Dei to kvinnene starta med førstehjelp etterkvart som dei skadde kom til ungdomsherberget på Nesflaten.


Det store Sikorsky-helikopteret på Sola var til reparasjon og ikkje tilgjengelig. Dermed var det to små helikopter, ført av løytnantane, Herstad og Tjetland, som drog til Nesflaten. Dei var på plass ved 20-tida. Vakthavande stasjonslege på Sola, løytnant Gjerulfsen, var også med til Suldal.


Rogalands Avis 3. april 1962.



Flygarane var alvorleg bekymra for kulden sidan pasientane låg på bårer plassert ute i ein beholdar utan oppvarming på helikopter-flottøren.


I Sauda var det stort oppløp på kaien då helikopteret kom. Mannsterke karar trakka veg i den djupe snøen ut til maskinene som landa på den  nedsnødde parkeringsplassen på kaien. Herifrå blei pasientane kjørte til sjukehuset med ambulanse.


Det fyrste helikopteret kom med Einar Århus frå Nesflaten, Han var så skada at han var død då han kom fram til sjukehuset. Neste helikopter kom med Udmund Håra som var lettare skada og overlevde ulukka.


Håra var frå Røldal, men budde med familien sin på Fløgstad i Sauda på den tida. Dottera Hildegunn var på kaien saman med mora då helikopteret med faren landa. Ho såg faren på båra. Dette gjorde eit sterkt inntrykk.


- Far fekk øydelagt tærne på den eine foten. Han sleit med balansen etterpå. Seinare flytta familien tilbake til Røldal. Då kjørte Udmund Håra buss fram til han måtte slutta på grunn av sjukdom, fortel dottera Hildegunn Sandstå.


"Ulykken har gjort et dypt inntrykk på folk på Nesflaten og i bygdene omkring. I Sauda ble de nærmere enkeltheter om ulykken kjent etter hvert da helikopterne var kommet og folk sto tause eller snakket bare lavt sammen i gatene ut over kvelden", skreiv Aftenbladet sin mann, Oddvar Lavold.


Suldalslensmannen, Rasmus Vasshus, kom fyrst fram til ulukkesstaden seint på kvelden. Han fortalde til Rogalands Avis at ein fullsett drosje frå Nesflaten hadde passert ulukkesstaden kort tid før hendinga.


Dei som omkom i ulukka: G. Nilsen frå Oslo, Einar Aarhus frå Bråtveit i Suldal og John Johnsen frå Røldal. Dei tre skadde var: Hallvard Bråtveit, Suldal, Nils Espeland, Nedstrand og Udmund Håra frå Røldal.


Bildet som viser båra som kjem til Sauda tilhøyrer Doris Lavold, enka etter journalist Oddvar Lavold. Det blei ikkje brukt i Aftenbladet, men blei funne på ein negativ-film som er digitalisert av Terje Bråtveit på Sand nå i år.  



onsdag 5. april 2023

På påskaferie med god, gammaldags dampbåt



«Austri» fullasta med påskaturistar på veg til Mollatveit og Sauda. Foto: Johan Lundbø



PLASK, sa det. Der låg den påsketuristen frå Stavanger i sjøen. Han hadde reist i lystig lag innover i Ryfylkefjordane og skulle tilbringa påskaferien i Maldalsheia mellom Sauda og Hylsfjorden. Ikkje var han klar over kor smal og liten kaien var på Mollatveit i Saudafjorden. Han gjekk av landgangen og tok to-tre steg og plask i sjøen. Ryggsekken, ski og stavar og ein dyvåt påskaturist blei fiska opp or sjøen og sett om bord i båten igjen til tørk. Det blei bypåske på den karen.


Mollatveit. Kor er det? Heile Stavanger-fiffen visste det utpå vinteren før i tiå. Denne litla bygda mellom Sand og Sauda var eit populært påskamål frå Stavanger før krigen. Alle hadde høyrt om den plassen. Omtrent som Donsen i Sirdal i dag.


Skituristar på veg om bord i «Austri». Avisgutten ved landgangen har lite salg.



Mollatveit var ikkje mykje omtalt i avisene, men før kvar påske kom den faste annonsa frå Stavangerske på trykk i avisa: - Alle som skal reise fra Stavanger til Sand, Mollatveit, Saudasjøen og Sauda, må løse billetter på forhånd. Her kunne ein ikkje reisa på impuls!


Dei fleste påskagjestene som steig i land på Mollatveit etter mange timars reise frå Stavanger, skulle vidare opp dei lange bakkane til ventande stølar i Maldalsheia. Ikkje kven som helst hadde råd til den slags luksus.


- Overklassen og dei betre stilte drog til Sand og Sauda. For middelklassen var Ulladalen opp frå Jøsenfjorden eller plassar i Høgsfjorden eller Lysefjorden meir naturlege mål, fortalde 81-årige Martin Tønnesen til Aftenbladet i 1993. Han drog til Jøsenfjorden.



God tur! «Austri» på veg mot Ryfylke.




«Austri» var ingen fjordabåt. Til vanleg gjekk den i kystruta mellom Oslo og Bergen. Men når påskatrafikken krevde det tok også kystbåtane turar til Ryfylke søkklasta med feriesugne byfolk.


Dei reisande var ikkje alltid like begeistra for Stavangerske-servicen: - «Kong Olaf» gikk fra Stavanger en kveld med mange påskereisende, og kom til Mollatveit kl. 23.30. Her blev det bare slengt ut en losleider, og det var alt annet enn hyggelig for de damene som skulde i land å klatre i leideren. Det gikk godt, men det må ikke hende en gang til, skreiv ein turist irritert turist i eit lesarbrev publisert i Aftenbladet.


I dag slengjer me oss i bilen og freser til fjells!