torsdag 7. desember 2017

Med trauste Trygve til rors



Matros Trygve Marvik trong ikkje mykje rettleiing av kaptein Nikolai Døskeland ved roret om bord i "Fjordsol".
Foto: Leif Berge.

Trygve Marvik var ein skikkeleg godgutt. Ein trufast arbeidsmann og familiemann som viste godt igjen både som matros om bord i "Fjordsol" og som lokalpolitikar frå Marvik i Suldal kommunestyre. Han hadde tid til å snakka med folk og høyrde etter kva dei sa og gav alle eit skikkeleg svar.

Kaptein Nikolai Døskeland trong ikkje seia eit ord til rormannen når han hadde Trygve Marvik med seg i styrehuset. Matrosen hadde vore på fjordabåtane i mange år og visste koss han skulle styra. Stavangerske-karrieren starta om bord i "Sauda". Seinare kom han om bord i "Fjordsol" og var innom Marvik to gonger til dagen på veg til eller frå Sauda med rutebåten. Trygve kunne vinka til kona, Solveig, som styrte heime i det store huset med to skorsteinar midt i Marvik.

Trygve fritidsfiskar på fyrstesida av Aftenbladet
7. mars 1980.


Det var ikkje mange båtafolk som var politikarar. Trygve var ein av dei. Han representerte Arbeiderpartiet. For han var det viktigast i politikken å passa på interessene til folket på Ropeid-halvøya der Marvik ligg.

- For meg har det ikkje vore noko problem å vera med i kommunestyret. Kollegene mine om bord har vore greie og stått om bord for meg når eg må ha fri, sa Trygve Marvik til meg i Afenblad-reportasjen frå 1. oktober 1977.

Ferjematros kunne han heilt sikkert blitt viss han ville. Marvik hadde ferjesamband på begge sider i Sandsfjorden. Sand - Ropeid lenger inne og Tverrsambandet mellom Jelsa. Foldøy, Hebnes og Nedstrand lenger ute. Då "Fjordsol" gjekk i opplag, heldt han fram i Sauda-ruta som matros på "Fjordlast.

Trygve tykte det var gildare er vera på fjordabåtane der det var lenger mellom kaiane. Det såg masete ut å vera på ferjene. Men han såg jo at dei som begynte på ferjene, blei gåande der år ut og år inn.

Trygve Marvik og andre DSD-pensjonistar fekk bilde i Aftenbladet i desember 1981.


Som så mange av folka på fjordabåtane var Trygve Marvik også flaska opp med båtar rundt seg. Han var med faren på skøyta hans før han gjekk om bord i Stavangerske-båtane. Då han runda 60 år, gjekk han i land frå "Fjordlast" som pensjonist.

Bror hans, Olav Marvik, var handelsmann i Marvik i fleire mannsaldrar og broren Arne var den siste tønnemakaren på Ropeid-halvøya.

Brørne til Trygve Marvik på kaien når "Stordøy" klappar til kai. Handelsmann Olav i lagerfrakke og tønnemakar Arne
i bakgrunnen. Matrosen på "Stordøy" er Per Nårstad.


Kommentarer frå Facebook:

Jørn Haugvaldstad Det var slik på fjordabåtene at alle måtte være allsidige og ha kjøkkentjeneste. Tryggve sin spesialitet var kokt makrell i kvit sos , kokte poteter m.m. Det var eit fint måltid


1 kommentar:

  1. Dette er storartet, du gjør en kjempejobb for vår maritime historie, bare fortsett Jone!

    SvarSlett