tirsdag 2. januar 2018

Kamp på kniven! "Ombofjord" mot "Haukelid"

"Ombofjord" i isen i Jøsenfjord. Då var den ikkje dampbåt lenger.
Foto: Johannes Østvold.

Kven kom fyrst? Stavangerske sin "Haukelid" eller "Ombofjord" frå Jøsenfjord-selskapet? Spaninga var stor på Sørvåg-kaien på Fogn ein sommardag i 1924.

Dette var i den tida då Stavangerske og det nystarta Jøsenfjord-selskapet konkurrerte på kniven om å koma fyrst til dei ulike stoppestadene innover i fjordane.

Når fognabuane skulle til byen, tok dei som oftast båten som kom fyrst. Til vanleg var det "Fisterfjord" som konkurrerte mot den gamle dampbåten "Haukelid" som var snøggbåten til Stavangerske. "Fisterfjord" var ny og hadde ein 160 hestar Rubb. Den greidde ikkje "Haukelid" gå i frå.

Dampbåten "Haukelid" dampa i fjordane for DSD frå 1869 til 1950.


Men akkurat denne dagen var "Fisterfjord" sendt av garde til England med bær. "Ombofjord" var sett inn som reserve. Ville den greia å hamla opp med "Haukelid" utover fjorden til Fogn? Begge båtane gjekk om Hjelmeland, og kappsprang ut fjordane om Ølesund, Fister og Sørvåg til byen.

Johan Hovda var ein flittig skribent i
Aftenbladet.
Kamphanane fyrte begge med kol. Og som dei fyrte! Kven trur du kjem fyrst? Der ser me ei røykstripe over Selvågneset og der ei til. Der ser me mastetoppen og baugen på ein – og så brølet frå gutane på haugen. - "Ombofjord" er fyste!

Ein kontormann i Selskapet var synleg irritert og sa: "Haukeli" har'ke vært på slipp ennå, så den er sjidden i bunnen, derfor kommer "Ombofjord" først!
Men ein gutunge på kaien retta tunga til mannen og sa: - Æ, bæ! "Ombofjord" e' beste. Mannen langa ut og ville gje den vesle gapkjeften eit rapp, men guten hoppa glosvint over grøfta og kvein: - Det e' du så e' sjidden på bunnen.
Dette dramaet utspant seg på Sørvåg på Fogn for over 90 år sidan. Det blei skildra av Johan Hovda i eit lesarbrev til Aftenbladet 2. februar 1981.'

Johan Hovda var ein flittig skribent i Aftenbladet i mange år. Han var fognabu, men var lærar, kyrkjesongar og 17. mai-talar på Fogn i 34 år. Han var ein lærar av den gamle typen. Hagla hadde han ofte med seg på skulen om dagane. Ikkje for å skræma ungane. Å nei du.

Geværet brukte han til å skyta hønsehauk i friminutta!





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar