lørdag 2. desember 2017

DSD-historie i søkk og kav å sjå frå "Fjordsol"

Kaptein Nikolai Døskeland legg kursen forbi Klasaskjæret. Her er det
mange gamle kjenningar å sjå. Foto: Leif Berge. 



"Fjordsol" bakkar ut frå Børevigå i Stavanger og set baugen mot Sauda. Men hallo! Kaptein Nikolai Døskeland legg kursen i ein heilt annan retning enn det me hadde venta. "Fjordsol" går på nordsida av Klasaskjæret og skal tydelegvis under brua over Engøysundet. OK. Dei veit vel kva dei held på med i styrehuset. Døskeland gjekk om bord i "Fjordsol" då båten var ny i 1948 og han står støtt i styrehuset i 1977 då "Fjordsol" går sine siste turar til Sauda.

Men sjå her: Dette er jo eit syn for alle som er interessert i Stavangerske-historien. Skru tida tilbake til 1977. Me kan oppretta eit suverent maritimt museum. Dette bildet går me gjennom båt for båt.

Utsikt frå styrehuset på "Fjordsol" september 1977. Du kan mimra i timesvis når du ser båtane på Klasaskjæret.
Foto: Leif Berge.

Heilt til høgre står "Ekspressen" trygt på land. Slik sto dei tre hydrofoilane på land i vinteropplag på 1960-talet. Men dette er seinare. I 1975 var "Ekspressen" ferdig i Ryfylke. Då blei den erstatta av westamaranen "Mayflower" i Sandeid-ruta. I 1978 blei "Ekspressen" seldt til ein privatmann i Sarpsborg. Seinare havna den gamle hydrofoilen i Kristiansand. Men nå i sommar kom den tilbake til Stavanger for å bli pussa opp og bli veteranbåt.

Bak "Ekspressen" ligg "Kong Sverre", det tidlegare nattruteskipet "Stavanger", som mista navnet sitt då den gjekk i opplag i 1973. Same året blei "Kong Sverre" seldt til eit rederi på Mauritius for 1,3 millionar kroner, men dei nye eigarane kom aldri og henta båten.På eit eller anna tidspunkt blei navnet "Capricorne". Det kan vera rett navn i 1977. Den gamle nattruta blei liggjande på Kålatomtå på Sølyst i sju år før den blei taua til Finnland og hogd opp.  Dermed gjekk den i spikeren til slutt.

Nattruteskipet "Stavanger" var ein tidlegare amerikansk-bygd britisk ubåtjagar og eit systerskip av "Haugesund", "Sunnhordland", "Sognefjord", "Sunnfjord" og "Jylland".  Den blei ulik systrene etter ombygginga til rutebåt. Den blei forlenga med 25 fot og fekk innebygd akterskip. "Stavanger" blei sett inn i nattruta Stavanger - Bergen i 1950 samtidig som nybygget "Sandnes".

Til venstre for den gamle nattruta stikk baugen på verkstadbåten "Klas" fram. Den blei bygd i 1967 av Stavangerske og blei brukt til mannskapstransport, bunkring av båtane og andre oppdrag. På den tida var ikkje Klasaskjæret landfast. I dag skal den vidaregåane skulen på Rubbestadneset vera eigar av "Klas". Den blir brukt til undervisning der. Denne linken fortel om dette:
 http://www.bomlo-nytt.no/nyhende/manovrerte-bat-i-morket-gjennom-stokksundet-1.1751580

Masta og bommen på eit kystskip stikk opp bak taket på det gamle sjøhuset. "Fjordbris", systerskipet til  "Fjordsol", ligg truleg også i opplag bak sjøhusa. "Brisen" blei teken ut av drift i 1975. I 1980 blei den sett på land på Tømmerodden og brukt til å trena oljefolk i røykdykking.

Baugen på "Jøsenfjord" stikk fram til venstre for sjøhusa. Fjordabåten som blei bygd i Kristiansand i 1886 og havna i Stavanger i 1929, blei Stavangerske-båt i 1976. Den gjekk sin siste tur i Ryfylke, frå Foreneset til byen, 19. desember 1978. Den var nok reservebåt dei siste åra.  I 1981 blei "Jøsenfjord" seldt til tyske interessentar. I 2011 kom den heim til Ryfylke igjen for å setjast i stand og bli veteranbåt.

Vidare mot venstre ligg "Ternøy". Den blei bygd i 1957 og døypt "Skudenes". Båten var spesialbygd for å kryssa Skudefjorden. Den blei tidleg for liten i ruta og blei omdøypt til "Ternøy" i 1970 då den første Skudenes-ferja blei sett i drift. DSD brukte "Ternøy" som reservebåt fram til den blei solgt til Simon Møkster i 1984. I 1985 overtok Rødne-rederiet båten og gav den navnet "Rygerfjell". Nå ligg båten for salg i Kopervik med navnet "Gamle Skudenes".

Westamaranen "Sauda" eller "Mayflower" ligg i flytedokken. Dei var på litt avstand heilt like å sjå til. "Sauda" blei sett inn i Sauda-ruta sommaren 1972. Den blei seldt til Hellas i 1989. "Mayflower" blei også bygd i 1972 for Stavangerske Westamarin for å gå i Karibien. I 1975 kom "Mayflower"  til Ryfylke. Blei seldt tilbake til Karibia i 1991.

Dette bildet frå Klasaskjæret er litt nyare. Det blei lagt ut på Facebook av Steinar Warland. Fotografer er ukjent.

Klasaskjæret ein gong etter 1977. Her ligg alle dei tre Flaggrute-westaranane i opplag. Fotografen er ukjent.


Viss du har innspel, "Fjordsol"-bilde eller andre opplysningar, er eg interessert i det. Mailadressa mi: hjelmelandsfjord@gmail.com.


Kommentar på Facebook:

Torstein Randa 1977 ja. Det var på den tid det lå så mange tankbåter i opplag i Pinå. Vi ser baugen på Veni under brunå. Vi ser og Sjernarøy eller Rennesøy (senere Hidle) på vei ut "Sødehålet". Er der någen så har hørt dette navnet på Engøysundet? Gamle engøyfolk?















1 kommentar:

  1. Her var virkelig mye god DSD-historie, i tekst og bilder.
    Tusen takk Jone, jeg deler med glede videre!

    SvarSlett