søndag 26. april 2015

Ta mobilen frå gamle menner

Flott fiske-fangst. Fekk bildet på mobil.

Gamle mannfolk burde ikkje hatt mobiltelefon. Sveivetelefon med ei service-innstilt telefonsentral-dame som mellomledd hadde absolutt vore å anbefala når slike skapningar skal ha kontakt med omverda. Alle, i alle fall mannfolk, hadde vore vel så godt tjente med at den tekniske utviklinga på telefon-området hadde stoppa på slutten av 1950-åra.

Hadde desse gubbane begrensa seg til å telefonera. Nei, nå skal dei fotografera også. Og senda bilde vidare til vener og kjende. Dette fører ingenting godt med seg. Eg er personleg blitt eit offer for den slags uønska aktivitet.

Eg kjenner ein gammal mann i Jøsenfjorden. Han heiter Andreas Hauge og er eit halvt år eldre enn meg og fekk seg mobil i fjor eller kva tid det var.

Den fæle stormen i fjor haust gjorde stor skade hjå Andreas. Sjøen gjekk inn i naustet hans. Naustdørene blei letta av hengslene. Den gamle, fine gavlabåten som har gått i arv i generasjonar, blei skada. Garna som låg oppgjorde og klare til bruk til vinteren, forsvann på fjorden. Dette lova ikkje godt for fisket av ferdatorsk og lyr på seinvinteren og våren i år.

Prøvetur med reparert gavlabåt.
Tida har gått med til opprydding og reparasjon i naustet. Båten skulle reparerast. Jamt og trutt har den gamle streva på. Omtrent som ei litt eldre utgåve av han Severin som me har sett på i fjernsynet kvar einaste veke i den seinare tid. Men eg meiner at Andreas jobbar vel så raskt som denne fjernsynsfiguren.

Min venn i fjorden har vore rørande interessert i min skjebne etter at eg havna på sjukehuset for ei tid sidan. Fleire gonger har han ringt og drøst. Av desse samtalane har eg forstått at nå var det meste i orden både med båt og naust.

Lørdag rista det faretruande i mobilen min. Det kom tekst og bilde frå fjorden. - Stabelavløpning, forkynte SMS-en frå fjorden med tilhøyrande bilde. Eg trykte meg inn på meldinga. Flott bilde av gavlabåten i fart. Men det var to bilde.

Det neste viste en plastikkbalje full av fisk. Andreas hadde fått fisk! Eg takka for meldinga: Flott, svara eg.

Men eg fekk jo fiskafeber. Søndag morgon var eg på veg til fjorden med lyragarnet mitt. I går ettermiddag var det i sjøen.

Då ringde eg min venn. Han svara ikkje dagen før-

- Eg skal seia du fisk, sa eg-

- Fisk? Andreas forsto ingenting.

- Du sende jo bilde av fangsten.

Han forsto ingenting. Eit bilde hadde han sendt, påsto han.

For å gjera dette litt kort. Bildet var frå i fjor. Men når ein eldre mann med lesebriller sit på ei tofte i ein tøff-tøff-gavlabåt og skal fotografera og senda bilda ut i verda, kan det gå litt på skeiva.

Hadde det ikkje vore for det fjorgamle fiskabildet, hadde eg sete ved kjøkkenbordet på Byhaugen nå. Ikkje kava på langt inne i fjordane i ein båt på leit etter garnet mitt.

Dette er både vondt og godt.





















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar