tirsdag 21. april 2015

74-årig narko-smuglar skulle skaffa pengar til gravstein

Denne historien sto i Aftenbladet 25. september 1998. Bildet
 blei tatt av Egil Eriksson.


- Viss eg fortel kameratane mine på puben heime i London at eg har vore to veker i fengsel i Norge, vil dei tru at det har rabla for meg. Det er nok best å halda kjeft.

Som krimjournalist i Aftenbladet i nærare 15 år møtte er mange slags folk. Mange var både artige og kjekke å møta. Det blei mange besøk i fengslet. 74-årig Neville J. Andrews er vel den eg hugsar alle best av dei innsette.

 Engelskmannnen var ein av dei ytterst få som ville la seg fotografera og intervjua med fullt navn på trykk. Eg fekk eit klart inntrykk av han snakka sant sjølv om ein alltid skal vera litt skeptisk når ein møter straffedømte.

74-åringen smilte, men var ganske flau. Han hadde ikkje drøymt om å havna i fengsel på sine gamle dagar.

To veker før me møtte han i fengslet, blei han stoppa på Sola med 27,6 kilo khat-planter i kofferten. I England er det lovleg å omsetja khat. I Norge blir det rekna som narkotika. Dermed havna den britiske bestefaren i arresten hjå Stavanger-politiet.

Neste dag blei han dømt i Stavanger byrett til 14 dagars ubetinga fengsel og plassert i Stavanger kretsfengsel på Finnestad. Med sine 74 år var han den eldste innsette sidan fengslet sto ferdig i 1962.

Med ein pensjon på 62 pund i veka kunne ikkje mr. Andrews springa på pub kvar dag. Men på lørdagen kosta han på seg ein pint på stampuben like ved Crystal Palace i London. Der fortalde han  om sin mistrøstige økonomiske situasjon til ein gjest. - Eg skulle hatt meg ein liten jobb slik at kunne kjøpa ein stein til grava til kona mi, hadde han sagt.

Denne pubgjesten kunne lova han 300 pund viss han drog til Norge med ein kuffert med khat-planter. Då slo han til. Eit par dagar seinare sat han på flyet til Norge.

- Eg har alltid vore familiens Errol Flynn, fortalte Neville J. Andrews vidare. Han var fødd på New
Zealand og starta sin yrkeskarriere som sjømann i ung alder.

Under krigen var han sjømann. I 18 månader seilte han på det norske tankskipet "Seierstad" tilhøyrande Oslo-rederiet A.F Klaveness.  Seinare seilte han på britiske skip. Han hadde vore med i ein konvoi til Murmansk før det blei fred.

Etter krigen gifta han seg med ei engelsk kvinne, men slo seg ikkje til ro for det. Han verva seg til British Army og var med i Korea-krigen.

Til  slutt sette han aldersrekord på fengslet på Finnestad.

- Fengslet er bra det. Hadde du ikkje vore innelåst, ville det vore reine hotellet. Men det skal bli godt å komma seg på flyet til England. Heime ventar barn, barnebarn og katten på meg. Til naboane seier eg at eg har vore på ferie, sa Neville J. Andrews til oss.

Forresten måtte me lova at han fekk eit eksemplar av avisa med seg til London. Greit å ha noko å visa for seg viss han kom til å nevna turen til Stavanger på puben eller ein annan plass.



 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar