tirsdag 28. april 2015

Mobilen er for smart for meg

Ein stor torsk og bra med lyr og sei. 27. april 2015.


Mobilen min er smart. Eg føler meg dum. Den nye teknologien med alle sine finesser er til å bli sprø av. Eg misforstår det som skjer i den litle dåsen og trur andre har gjort store mistak. Sanninga er at det er vanskeleg å ta inn over seg alt dette nye.

I bloggen i går skulda eg min venn, Andreas Hauge frå Jøsenfjorden, for å ha tabba seg grovt ut ved å senda meg eit fjorgammalt bilde som han hadde på mobilen sin. Ein kasse full av fisk sto og skein i displayet på mobilen min. Eg trudde det var et ferskt bilde. Dermed drog eg av garde mot fjordane for å fiska. Eg fekk ikkje tak i Andreas før garnet var i sjøen. Då kom det for dagen at dette var eit gammalt bilde. 

Som den inkompetente mobilbrukaren eg er, var eg sikker på at det var mannen i Jøsenfjorden som hadde tutla med mobilen og sendt eit gammalt bilde til meg. Han hadde endeleg fått reparert og sjøsett gavlabåten sin.

Nyreparert i fart på fjorden. 25. april 2015.
Han tok eit bilde frå båten i fart og sende det til meg for å muntra meg opp.  Då eg tok opp bildet av gavlabåten i fart på fjorden, sto det at eg hadde fått to bilde av Andreas. Eg klikka på neste. Då kom fisken fram. Ein flott fiskefangst som eg trudde var fersk.  

Eg blogga i veg og hadde det morosamt på Andreas sin bekostning. Tenk han forsto ikkje kva han heldt på med. Ikkje lett for vaksne folk med lesebriller og store arbeidsnevar å handtera nymotens mini-teknologi. He-he. Trur du ikkje han sende eit gammalt bilde til meg. 

 Nå veit eg betre.

Den fire år gamle telefonen min er mykje smartare enn eg var klar over. Eg har jo mistenkt den for å begynna å bli for gammale og klar for utskiftning. Det spørst om det ikkje er eigaren som er det.

Då eg fekk bildet frå fjorden på laurdag, prøvde mobilen min å seia: Heisan! Du har fått et bilde frå Andreas i fjorden. Det har berre skjedd ein gong før. 21. januar 2012! Slik hang dette saman. Nei og nei. Sveivetelefonen var mye greiare å ha med å gjera. 

Men forresten var det ein Guds styrelse at eg misforsto. Det var rikeleg meg fisk å få. Sjå bildet på toppen av bloggen.

Andreas fekk ei koka av meg, han også.














Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar