torsdag 23. april 2015

Hurra! Eg kan knytta skoen igjen!

Ferdig knytta joggesko.
                     

Med eit slag blei eg uvenn med skosnorene mine. Det var kult umulig å få snurpa saman desse snor-endane til ei sløyfe med ei lamma venstre hand.

Som ganske ung mann lærte eg å plystra. Om eg kunne laga sløyfer på skosnorene på dette tidspumktet, har eg ikkje peiling på. Det er meir enn  60 år sidan.

I teorien er det lett å knytta skorne. Du tar skosnorene og lagar ein enkel knute, deretter lagar du ei sløyfa ved å laga to bukter med knute medan du trykker tommeltotten over første knuten. Omtrent slik virkar det i teorien. Men så var det dette med praksis.

Sjølv om eg var svinheldig då eg fyrst fekk hjerneslag, var venstrehanda lamma søndag 15. mars. Rask behandling på sjukehuset er sikkert årsaka til at eg alt dagen etterpå greidde å lea på fingrane mine.  Men det var lite hjelp i dei. Eg greidde ikkje å styra dei.  Dei var ikkje mine venner, akkurat.

I tida etterpå har eg trent for å få liv i denne kroppsdelen. Som høgrehendt har eg alltid sett litt skeivt på denne venstrå. Den har aldri vore så god som den andre. Hadde eg visst det eg veit nå, skulle eg i god tid notert ned koss eg brukte venstrå. Då ville eg visst når eg kunne slutta å trena.

I dag får eg til både det eine og andre, men eg tek for eksempel ikkje sjansen på å løfta opp ein gloheit kopp med kaffi med venstre hand og føra den mot munnen. Risikoen for å få den varme drykken i fanget, ville vera overhengande.

Denne skrivinga er også ein del av treninga. Skal du skriva touch, må du bruka begge hender. Du må nødvendigvis trykka på tastaturet med dei rette fingrane utan å sjå på dei. Det var ikkje lett i starten, men det kjem seg.

På sjukehuset fekk eg pålegg om å avstå frå bilkjøring fram til 15. juni. Men eg hadde lov til skifta hjul på bilen, forklarte kånå. - Eg lage middag, du fiksar hjula, sa ho i går.

Skifta hjul før eg knytte sko.
Då eg grapsa på med hjula, gløymde eg heilt at eg hadde ei dårleg hand. Det gjekk ikkje seinare med hjula enn det har gjort før. Eg fell lett i andre tankar når eg driv med så kjedeleg arbeid. Ein gong tok eg feil. Hjulet som eg nyss hadde fjerna, skrudde eg fast på bilen igjen. Den slags tabbar skar eg klar av i går.

Dette blir mellom oss, men eg kunne ikkje dy meg. Eg ropte ikkje på kånå for å få hjelp til å kjøra bilen ut og inn av garasjen.

Suksessen var eit faktum. Sommarhjula er på plass.

I dag var eg heilt aleine i huset. Då kom eg på dette med å prøva meg på å knytta skorne. Raude fine skosnorer på svarte skor.

Pinsett-grepet kallar fysioterapeutane det når du presser saman tommeltott og peikefing. Eg greier ikkje å pressa dei så hardt saman at eg kunna stramma skosnorene. Men det gjekk godt då eg surra snora rundt peikefingen. Skosnorene satt omtrent perfekt.

Sidan eg ikkje fekk prøvekjøra bilen etter hjulskiftet i går, prøvegjekk eg skorne etter knytting. 3,7 kilometer gjekk unna på 46 minutt. Det gjekk ikkje så fort. Eg hefta meg vekk med ein kvinneleg hunde-eigar på vegen.

23. april knytta eg sko igjen. Eg har notert det i kalenderen.

Veit du kaffor eg hugsar at eg lærte å plystra. Kry som eg var, fortalte eg dette til mi snille bestemor på Laugaland. Ho såg strengt på meg: - Du må ikkje plystra, Jone. Då kjem djevelen, sa ho.























Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar