søndag 12. april 2015

Jobbar englane på sjukehuset?



- Hjertelig takk for all den godhet, omsorg og pleie jeg opplevde på sykehuset. De sykehus-ansatte er det nærmeste du kommer himmelens engler her i denne jammerdalen.

Frå tid til anna ser du lesarbrev i avisene som minner om det som eg smurde saman i full fart her. I dag vil eg drøfta dette englaspørsmålet. Er sjukepleiarar meir engelske enn andre yrkesgrupper?

Sjølv var eg journalist i Aftenbladet i meir enn 30 år. Journalist  er eit av dei yrka som sjeldnast blir assosiert med englar. Alle veit jo at avisjournalistar er notorisk upålitelege, berre opptekne av alt som er negativt, venstrevridde og kledde som fantar. Ein tenkjer meir på djevlungar enn englar, spør du meg. Bilseljarar er ei anna yrkesgruppe. Berre travar, alle som ein.

Før eg arbeider meg vidare inn i engla-materien, gjer eg merksam på ein ting. Eg ser heilt vekk frå at det er menn som jobbar på sjukehuset. Berre slik at det er heilt klart.

I 1981 blei eg innlagt på Stavanger sjukehus. Eg var veldig skeptisk då kånå absolutt skulle kjøra meg på sjukehuset og eg var direkte flau då eg besvimte då ein dokter skulle granska om eg skulle innleggjast. Då rauk eg rett inn. Natta etterpå hadde eg så vondt at eg tenkte at det kanskje hadde vore vel så godt å vera død.


Hjelpe meg som alle desse kvitkledde stelte med meg. Dei var rundt senga heile tida.  Som, eg hadde nesten sagt, englar. Eg begynte å lura på om eg var eit interessant tilfelle. Etter eit par-tre dagar begynte eg å komma meg.

Det var då eg  mista desse engla-illusjonane. Då eg etterkvart blei i stand til å tøysa med damene, mista dei meir og meir av interessa for meg. - Dei er ikkje snille, dei er profesjonelle. Jobben er å ta seg av dei som er sjuke og hjelpaslause. Ikkje halvfriske mannfolk som går rundt og ventar på å bli såpass at dei slepp ut av hospitalet, var min konklusjon.

Etter denne pasient-opplevinga har eg berre vore på besøk på sjukehuset. Eg hadde foreldre som begge var innom der fleire gonger. Det som slo meg då var koss travelt det såg ut å jobba på sjukehuset. For lite pleiarar og for mange sjuke.

For fire veker sidan var eg brått pasient igjen. Diagnosen var skræmande nok: Hjerneslag. Men eg forsto fort at eg hadde vore grisheldig. Venstrehanda mi var lamma. Men takka vera rask reaksjon frå ho som eg er gift med, kom eg fort under kyndig behandling. Neste dag var det merkbar betring. Fingrane begynte å lea på seg.

Behovet mitt for omsorg og pleie blei raskt minimalt. Det var mange pasientar som trong det meir enn meg. Derfor gjekk eg stilt i dørene og maste så lite som råd på dei kvitkledde i korridorane.

 Eg hatar jo å stå fram som positive, eg var jo journalist i mange år, men på meg virka det som om det var godt arbeidsmiljø på denne avdelinga der eg var. Dei kvitkledde såg ut til å ha det  kjekt på jobb!

Apropos englar: Eg har sett ein del bilde av englar i mi tid. Både på søndagsskulen og andre stader. Det ser jo ganske kjedeleg ut å vera engel!





















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar