mandag 6. april 2015

Hjerneslag er ingen spøk!

Handa mi slik den ser ut i dag. Omtrent som før med andre ord.


Fingrane mine på venstre hand stoppa plutseleg å virka. Sjøl om eg gav beskjed om kva dei skulle gjera. Du forstår kva eg meiner. Du ser på fingrane og dei oppfører slik dei skal.Nå var det bom stopp. Aldri opplevd maken!

Dette skjedde søndag 15. mars klokka 9 på hytta vår på Hjelmeland. Eg hadde tutla på og laga frokost i ein halv times tid. Koka kaffi og egg og høyrt gamle sangar frå barndom og ungdom på NRK P1. "Min båt er så liten", typisk søndagsskule, og "Oldefar" med Johannes Kleppevik, ikkje fullt så religiøs. I tillegg hadde eg  purra ho som eg bur saman med.

Me skulle setja oss til bords. Eg skulle berre flytta eit glas med venstrå. Det fiksa eg ikkje!

Etter beste evne åt eg frokost medan me drøfta handa mi. Det er ikkje lett å eta blautkokt egg utan hjelp av venstrå. Bare prøv.

Kunne eg ha hatt handa under min store kropp om natta slik at den "sov"?  Nei. Eg hadde laga frokost og dekka bordet med begge hender.

 
- Jaja, sa eg. Me får sjå det an utover dagen.

Kvinnfolk. Du, kva dei kan masa. Dei har høyrt program i radioen. Dei har lese i avisa. Her var det noko som ikkje stemte.

- Kan du ikkje  ringja til ein dokter du kjenne?

- Ein ringjer ikkje til doktrar som eg kjenner på søndags føremiddagar for å høyra kva dei meiner om hender som streikar.

Klokka 9.30 kapitulerte eg. Eg ringte ein venn, Emil Mohr, som  er pensjonert dokter og bur på Hjelmeland nå.

Han kom som eit olja lyn på sykkel. Me hadde fått ekspertise i hus.

Eg  stoppar her, inntil vidare. Fram til for tre veker sidan var eg ein kløppar i å skriva maskin ved hjelp av touch-metoden. Den lærte eg av Margot Vanvik på Sand i 1975. Nå treng eg å trena opp venstrå igjen. Det går uhyre seint å finna dei rette tastane. Eg har brukt all verdens tid på å skriva dette her, men det var god trening.

I morgon kjem det meir av denne egosentriske sjukdomsskildringa.
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar