tirsdag 7. april 2015

Død hand i gult legehelikopter

 Lett å føla seg flau når du blir sendt med legehelikopter til byen.


- Eg kan godt kjøra til byen og få ein sjekk av handa mi på  legevakt eller sykehus. Men helikopter? Er du galen? Folk på Hjelmeland vil tru det har rabla for oss.

Det blei ein ganske opprivande diskusjon i hytta vår i Hjelmelandsvågen etter at vår doktervenn var kommen på plass og fekk sjå på den lamma venstrehanda mi. Den hang som ein visna gulrot-bunt  framføre oss. Vår nabo i Vågen, Emil Mohr har vore dokter i aldri så mange år. Han ringte til vakthavande nevrolog på Universitetssjukehuset i Stavanger og rådførte seg med han. 

- Kategori rødt. Ring etter helikopter, sa den vakthavande.

Før me kom så langt, hadde den erfarne dokteren studert meg frå alle baugar og kanter på denne søndagsføremiddagen.

- Er han ikkje litt skeiv i ansiktet, spurte legen.

- Han har vore skeive i fjeset så lenge eg har kjent han, svara kona mi.

Tenk det. Sjøl min største beundrar gjennom 45 år finn feil på meg.

Dei fredselskande blant oss mannfolk gir oss når det blir litt oppheta stemning i heimen. Det blei helikopter til byen. Eg fekk ikkje ein gong kjøra bilen opp til ungdomsskulen der helikopteret skulle landa.

Men det landa ikkje der. Den gule fykemaskinen fauk rett forbi og landa på ei ekra utanfor huset der han Åsmund Tuntland bur. Han hadde vakt som ambulansesjåfør og hadde sjukebilen parkert rett utanfor huset sitt.

Det såg litt komisk ut: Eg småsprang på ei gang- og sykkelsti i retning helikopteret på Tuntland der Åsmund sto som eit spørsmålsteikn og snakka med helikoptermannskapet. Kånå mi kom kjørande etter meg på den same sykkelstien. Ho har stadig lov å kjøra bil.

- Det er han som skal ha helikopter, huja kånå og peika på meg.

Tunge tankar kom sigande då helikopteret letta. Før eg tapte Hjelmelandsvågen av syne, hadde eg bestemt at båten, hytta på landet og huset på Byhaugen skulle seljast.

Eg fekk fint sete på turen til byen. Både Askvik, Fister, Helgøy, Strandastøa og Horje fekk eg studera ovanfrå i det fine vêret. Av og til blei eg vekkhefta av ein ytterst høfleg helikopter-lege som ville sjå meg djupt inn i augene.

Vostervatnet  har eg aldri sett frå lufta før. Her var det nokre by-ungar i si tid som gjekk rundt og selde lodd til hyttefolket til inntekt for sitt eige lotteri.

- Kva kan me vinna, spurte ein av loddkjøparane.

- Gåtur for to rundt Vostervannet,var svaret.

Då helikopteret landa på sjukehuset, sto det ein kvinneleg ambulansesjåfør og venta på meg. Ho geleida meg inn på pasientmottaket.

- Er det han som er pasienten, spurte sjukehusfolka og peika på meg.

Nå bar det opp i ei sjukehusseng med jul på. Eg var blitt pasient me forbod mot å forlata senga dei neste 24 timane.

I løpet av to og ein halv time var eg gått frå frokost-lagande ektemann til strekk ut-pasient.

(Nok for i dag. Eg brukar nesten alle musklane i kroppen når eg praktiserer touch-metoden på PC-en. Koss greidde folk seg før i tida. Før venstrehanda var oppfunnen.

Meir sjukdom i morgon)




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar