torsdag 9. april 2015

Bordbønn for intravenøse


Dette stativet var mitt faste følge dei fyrste dagane
 som sjukehus-pasient.
Ein tidlegare norsk biskop låg på sjukehus. Han fekk besøk av ein av sine yrkesbrør. Dei snakka om koss det var å vera pasient. - Eg er litt usikker på når eg skal be bordbønn. All næring får eg intravenøst, sa pasienten.

Hausten 1981 kom eg for fyrste gong i kontakt med intravenøs næring på gamle Stavanger sjukehus. Også den gongen var eg kjempeflau over at kona mi hadde trua meg inn på eit alt då overbelasta helsevesen. På den tida var eg skikkeleg tynn. Match-vekta låg på rundt 60 kilo. Sjukepleiarane sleit med å finna brukande årer til intravenøs-nåla på dei tynne armane mine. Dei fekk det ikkje til. Ein ekte afrikanar blei tilkalla.

Denne sjukepleiaren hadde vore borti slanke folk før. Snart bobla det i slangen og den gjennomsiktige plastposen med næring i væskeform. Eg hugsar ennå at det var ein laurdag. Pils og tippekamp var ikkje aktuelt den dagen. For å vera heilt ærleg: Så sjuk som eg var den helga trur eg ikkje eg har vore nokon gong.

Tilbake til nåtida og mine røynsler som slagpasient.

Mandag 16. mars ved middagstider blei eg mobilisert, som det blir kalla på sjukehusspråket. Dagen før var eg beordra i seng med forbod mot å reisa meg. Etter å ha blitt sjekka av sjeflegen på nevrologisk, kjekk nok han, blei eg flytta opp i sjette etasje på sengepost.

 Eit trangt tre-mannsrom var mitt nye stopp. Det blei meir og meir klart for meg at eg hadde vore svinheldig når eg fyrst blei ramma av slag. Dei to romkameratane mine hadde det verre: Den eine, mykje yngre enn meg, kunne verken snakka eller gå. Den andra snakka, men det var ikkje råd å forstå kva han sa. Eg hadde ei skada venstrehand.

Å bli mobilisert, betyr på sjukehusspråk at du får lov å stå opp. To sjukepleiarar måtte sjå på medan eg kom meg ut av senga på forsvarleg vis. Det skulle teke seg ut at eg ordna meg sjøl. Eg  kunne ha blitt liggjande på alle endar på eit hardt, flatt golv. Alt gjekk godt. Eg var sjølvgåande igjen, men stadig intravenøs.

Dei kommande dagane hadde eg fast "følge" med eit stativ med hjul. I toppen hang det ein pose med itravenøst fludium. Det sutla og rann inn i armen min.

Nå gidde eg ikkje skriva meir i dag. Berre litt om sjukeshusspråk. Ordet pasient kjem av verbet pati på latin. Det betyr å li eller lida. Pasient er presens partisipp; den lidande.

Dei andre faguttrykka får dei tilsette på sjukehusa ta seg av. Dei har betaling for det.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar